POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Det skulle ikke overraske:

I USA økes toleransgrensen for hjertefunksjon for at piloter skal få fly.

3 kommentarer

Luftfartstilsynet i USA innrømmer indirekte unormale EKG-målingar hos pilotar

Etter vaksineutrullinga har USAs luftfartstilsyn FAA i løynd utvida referanseverdi-grensene for EKG-parametrane (elektrokardiogram måler korleis hjartet fungerer, mrk), slik at pilotane slepp å bli sette på bakken. Det ser ut til at vaxinen gav minst 50 millionar amerikanarar hjarte-skade.

Steve Kirsch

den 17. januar, 2023

FAA (Federal Aviation Administration) har nett, indirekte, telegrafert om at eit betydeleg tal flyselskapspilotar har fått alvorlege skadar på hjartet av COVID-vaksinen ved at dei har utvida EKG-parametrane for pilotar.

I oktober 2022-versjonen av FAA sine retningslinjer for legar som skal eksaminere luftfartspilotar (FAA Guide for Aviation Medical Examiners), har FAA i det stille utvida EKG-parametrane til over normalt spenn.

Dette er høgst uvanleg. Dei håpa ingen ville oppdage det, og det virka ei stund. Ingen fanga det opp. Men ein kan ikkje skjule slike ting lenge. Dette er ei uuttalt innrømming frå USAs styresmakter om at COVID-vaksinen har skadd hjarta til pilotane våre. Ikkje berre nokre få pilotar. Mange pilotar og mykje skade. 

Det er sjølvsagt ikkje berre pilotar som får hjarteskadar. Eg vil tru at over 50 millionar US-amerikanarartil no har fått større eller mindre skadar av (sprøyte)skotet.

Det er mange folk, som vil bli svært oppskaka når dei innser at vaksinen dei tok for å redusere sjansen for å døy av COVID, faktisk hadde motsett effekt. «Vaksinen» auka sjansen for:

  1. å få COVID
  2. å bli innlagt på sjukehus med COVID og andre sjukdommar
  3. å døy av COVID (og andre sjukdommar)
  4. å få kroniske hjarteskadar.

Men berre slapp av; du kan ikkje trekke dei for retten. Dei fiksa lova slik at ingen av dei har ansvaret (legane, farmasi-selskapa, regjeringa). Du tok jo vaksinen av eigen, fri vilje. Det var ikkje slik at du blei tvinga med makt til å ta den. Og det var plenty av folk som åtvara deg mot å ta skota (sjølv om dei sensurerte dei fleste av dei).

I denne artikkelen vil eg forklare bevisa og vurderingane bak påstandane mine.

Når eg får vite meir, vil eg finjustere estimata.

Introduksjon

Den 24. oktober, 2022, utvida FAA – utan noko som helst slags kunngjering – EKG-krava for at pilotar skal få lov å flyge.

PR (eit mål for hjartefunksjonen) var tidlegare innanfor grenseverdiane 0,12 til 0,20.

Den er no: 0,12 til 0,30 og potensielt endå høgare.

Dette er eit svært stort spenn. Kardiologen Thomas Levy er forferda over denne endringa:

Korfor gjorde dei denne endringa?

Korfor gjorde dei det?

Eg skal gjere ei kvalifisert gjetting om korfor dei gjorde det. Eg trur det var fordi dei visste at viss dei skulle behalde dei opprinnelege grenseverdiane, så ville altfor mange pilotar ha måtta slutte å fly. Det hadde blitt ekstremt problematisk. Den kommersielle luftfarten i USA ville ha blitt alvorleg forstyrra.

Og korfor gjorde dei det så fordekt, utan å seie ifrå til folk eller media?

Eg er temmeleg sikker på at dei ikkje vil fortelle meg korfor, så eg vil spekulere: det var fordi dei ikkje ville at nokon skulle vite om det.

Med andre ord: COVID-vaksinen har skada mange pilotar alvorleg, og FAA veit det, men seier ingenting, for det ville ha tipsa landet om at vaksinane er utrygge. Og det har ein ikkje lov til å gjere.

Korfor vi er sikre på at det var vaksinane som gjorde det

Det er mykje som tyder på at «det var vaksinen, og ikkje COVID»:

  1. Dei heldt stille om det. Om det hadde vore COVID, kunne ein gått ut med det. Men vaksinen skal liksom vere trygg.
  1. Timinga. Oktober 2022 er seint for COVID. Om det hadde vore på grunn av COVID, ville det ha skjedd for lenge sidan. Dei kan gjere endringar kvar månad.
  2. Vaksinen gjer mykje større skade på hjartet enn COVID (som skapar NULL ekstra risk ifølge denne israelske storskala-studien av 196 992 unvaksinertevaksne etter Covid infeksjon).
  3. Kardiologane byrja merke skadane først etter vaksinestart.
  4. Alle dei brå dødsfall starta etter at vaksinane vart utrulla. 

Dataa som støttar skadeestimatet mitt på 20%

Eg veit utifrå ein studie med 177 personar i Puerto Rico (97% av dei var vaksinerte) i alderen 8 til 84, at 70% av dei viste objektive teikn på hjarteskade med FDA-godkjent test-utstyr (frå Heart Care Corp).

Det er gjort ein studie på pilotar. Den vil bli publisert på The Epoch Times seinare denne veka. Studien indikerte hjarteskade hos over 20% av pilotane som vart screena (The Epoch Times vil kome med det nøyaktige talet).

Thailand-studien viste at nær 30% av barn var skadde. Men barn går ikkje å øydelegge, så ein skade-rate på 30% for barn betyr ein mykje høgare rate for vaksne.

VAERS [database med innrapporterte vaksineskadar, mrk.] viser at hjarteskade oppstår i alle aldrar, ikkje berre hos dei unge:

Ergo: den mest logiske konklusjonen er at FAA veit at hjarta til pilotane i landet vårt har blitt skadde av COVID-vaksinen dei vart tvinga til å ta, at talet på pilotar det vedrører er svært høgt, at hjarteskaden er omfattande, og at passasjertryggleiken er blitt kompromittert av denne senkinga av standardane som skal la pilotar fly.

Den rette og reale tingen å gjere, hadde vore om FAA hadde innrømt for folket i USA at COVID-vaksinen har skadd 20% eller fleire av pilotane (basert på deira avgrensa EKG-screening), men det tvilar eg på at dei nokon gong kjem til å gjere.

Endringa: frå 200 millisekund til 300 millisekund og over

Endringane i GUIDE FOR AVIATION MEDICAL EXAMINERS var gjort den 24. oktober, 2022.

Her er endringsloggen der du kan sjå ei liste over alle endringane som er gjort (sjå side 4):

Her er retningslinjene som var før endringa:

Herer slik det såg ut den 24. okt. 2022:

For meir informasjon om endringa, sjå Myocarditis: Once Rare, Now Common.

Thailand-studien

I USA har vi ikkje lov til å ta laboratorietestar på folk før og etter vaksinen.

Grunnen til det er enkel: det hadde gjort det krystallklart at vaksinane er utrygge. Det er difor vi ikkje har nokre før/etter-studiar i USA. Det vil aldri kome nokon.

Korfor? Fordi det er slik vitskapen fungerer i USA i dag: det er uetisk å designe ein studie som kan avsløre at COVID-vaksinane dei tvinga oss til å ta forårsakar skade.

Trur du eg tullar om korleis dei riggar forsøka? Skaff deg ein kopi av Turtles All the Way Down og berre les det første kapittelet. Det er ein augeopnar.

Sjølv om vi ikkje kan gjere før/etter-studiar i USA, så har dei gjort ein slik studie i Thailand på 300 barn. Dei fann at 29,24% av deltakarane utvikla hjarteskadar innan få dagar etter andre skotet:

Men her er den viktigaste delen av studien, som ingen snakkar om:

Ingen av testane som vart gjort i den thailandske studien inkluderte MRI-scan av hjartet med kontrastvæske av alle deltakarane, då det ville ha vore for dyrt og inngripande. Den testen er gullstandarden for hjarteskade.

Med andre ord: skaderaten på 29% var ei nedre grense for skade.

Om ein hadde tatt ein hjarte-MRI på alle desse barna, ville ein finne ting ein ikkje finn når ein bruker dei billige og lette testane. Kanskje mange ting.

Oppsummering

Eg trur at den reelle raten for hjarteskade av desse vaksinane vil finnast å vere langt større enn raten på 29,7% hjarteskade i Thailand-studien.

Med ein meir moderat skaderate på 20%, har vi at 50 millionar menneske i USA har hjarteskadar forårsaka av sprøyta.

Etterkvart som fleire studiar blir gjennomførde, vil det bli krystallklart korfor så mange døyr brått, særleg ungar. Det vil også forklare korfor pleieheimar har mista oppimot 33% av sine pleietrengande på 12 månadar, der dei før mista berre 1 eller 2% i året. Det vil forklare korfor eg ikkje greidde finne ein einaste pleiheim med fallande rate for dødsfall av alle årsaker etter at vaksinane rulla ut. Og det vil forklare korfor ingen av pleieheimane var villige til å snakke med meg om kva som skjedde med folk etter at skota rulla ut.

Tilliten til CDC og helsevesenet bør søkke til botns når det blir avslørt kor utbreidd skade desse vaksinane har forårsaka.

Den kjensgjerninga at Thailand-studien vart publisert i eit fagfellevurdert tidsskrift, at dei berre gjorde den enkle vurderinga (som berre fann delar av skaden), og at FAA i det stille endra på retningslinjene sine for EKG-tolking, bør i det minste opne sinnet ditt for at det er mogleg eg har rett.

Dette narrativet vil byrje falle i bitar stadig raskare.

Shald deg oppdatert. Det beste har enno ikkje skjedd. Og det vil bli episk.

Fritt omsett og avkorta: Monica Sortland

https://stevekirsch.substack.com/p/the-faa-has-very-quietly-tacitly

Redaksjonen har lagt inn et eget diagram.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 213 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Jeg har reist verden rundt med fly, nå ser det ut til at jeg allerede har tatt min siste flytur. Beklager til Spania, Italia, Hellas, Thailand osv. Dere vil aldri igjen se meg igjen som turist i deres land, da det blir for tungvint å reise dit. Har man god tid kan man selvfølgelig besøke europeiske land med bil, men som sagt blir nok også det vanskelig fremover, da bensin og diesel skal «vekk», og radiobil blir det nok vanskelig å lade når alt har blitt «grønt», og jeg nekter å kjøre radiobil, det ble jeg ferdig med i ungdommen.
    Det blir nevnt mange «årsaker» til at VX står for skadene, et annet «bevis» er jo kravet fra WEF topper om å få kun uvaksinerte piloter til sine fly på reisene til Davos (og sikkert overalt ellers også).

    Svar
  • Har norske luftfartsmyndigheter også svekket kravene til norske piloter? Kan Derimot få undersøkt dette?

    Svar
  • […] I USA økes toleransgrensen for hjertefunksjon for at piloter skal få fly. […]

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Vi skal «vaksineres» okke som:

Den amerikanske kjøttforsyningen kan snart være infisert med mRNA-proteiner fra «vaksiner»

Previous Post

Helikopterstyrten i Ukraina.

Kannibalisme i den ukrainske ledelsen?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.