Paul Craig Roberts: Alle vestlege statar er i ferd med å bli tyranniske regime
Paul Craig Roberts publiserte 30.oktober 2023 ein meiningsartikkel på heimesida si der han konstaterer at det ikkje lenger er korrekt å referere til vestlege statar som demokrati. I staden er dei i ferd med å bli tyranni. Framveksten av totalitarisme har vore ein sterk tendens i lengre tid, men det var fyrst under den påståtte «pandemien» at vi verkeleg såg dei sanne ansikta til dei som krev å få herske over oss. All sensuren og tendensen til å straffe motstridande meiningar er ein klar indikator på at vi nærmar oss orwellianske tilstandar, spesielt såg vi dette nyleg, då advokat Reiner Füllmich vart kidnappa av tyske styresmakter medan han og kona var på ferie i Mexico.
«Det høyrest latterleg ut å seie, men det er eit faktum: fridommens æra i Vesten er over. Falsk-flagg-åtaket, 11.september, vart brukt til å lansere dei nykonservative sin krig på Israels vegner i Midtausten. Viktigare, vart frykt for ‘muslimske terroristar’ brukt for å setje til side grunnlovsfesta vern slik som habeas corpus[at ein fengsla tiltalt skal bli stilt for retten etter ei viss tid] og rettferdig rettsgang, og å innføre andre vegar utanom fridom slik som Patriot Act og den massive, rettsordrelause spioneringa NSA [National Security Agency] driv med på amerikanske borgarar. I dag kan du bli arrestert i Tyskland, Frankrike og Storbritannia for å vifte med eit palestinsk flagg. I USA kan det å utøve ytringsfridom få deg kansellert og oppsagt. Berre godkjende meiningar kan trygt ytrast. Fakta speler rett og slett inga rolle. Offisielle forteljingar har vunne over sanning.
Denne øydelegginga av fridom byrja for lenge sidan. Eg [Paul Craig Roberts] publiserte ei bok for 23 år sidan om forvandlinga av lova frå eit skjold for folket, til eit våpen i hendene til staten som det tydeleg er, noko ein ser utifrå dei falske tiltalane mot Trump og fengslinga av 1000 menneske som brukte sine First Amendment-rettar [grunnlovstillegget som regulerer mellom anna ytringsfridom; oms.an.] til å protestere tjuveriet av 2020-valet frå president Trump. Knapt nokon trur på tiltalane mot Trump, ikkje eingong Demokrat-aktorane, dommarane, Justisdepartementet og medlemmer av Kongressen. Det som er viktig for dei, er å øydeleggje sitt hatobjekt. Fakta bryr dei lite. USA opplever i dag stalinistiske utreinskingsrettssaker. Stalin visste at bolsjevikane ikkje var kapitalistiske spionar, og det same visste det sovjetiske rettssystemet, men Stalin fekk likevel bolsjevik-leiarane avretta.»
Stoda er meir eller mindre den same i dagens USA. Både Republikanarar og Demokratar ser ut til å vere fullstendig framandgjorde frå fridom, og dei ber alle om meir sensur og avgrensing av ytringsfridom – mellom anna som ein måte å undertrykkje den palestinske versjonen av Midtausten-krigen. Begge dei to partia meiner ytringsfridom må avgrensast fordi den kan få enkelte til å føle seg ukomfortable og truga, og ikkje minst spreie «feilinformasjon» som avvik frå offisielle forklaringar. Undertrykking av ytringsfridommen er i tråd med både venstre- og høgresida sine agendaer.
iStockfoto
Han skriv vidare:
«Dei noverande restriksjonane på First Amendment byrja med ‘politisk korrektheit’ på universiteta. Somme ting kunne ein seie og andre kunne ein ikkje seie. Enkelte rasar og kjønn kunne seie dei, og andre kunne ikkje. Menn kunne bli verbalt overfalne, men ikkje kvinner. Kvite kunne bli kalla ting, men ikkje svarte.
Den orkestrerte covid-pandemien førde med seg nasjonal sensur. Covid-narrativet kunne ikkje bli utfordra, til og med ikkje av distingverte medisinske vitskapsfolk. Ei heller kunne vaksinen. Fakta spelte inga rolle. Billege føre-var-medisinar og kurar – ivermectin og HCQ [hydroksyklorokin] – vart forbodne å bruke. Som ein konsekvens tente Big Pharma milliardar av dollar på ein ‘vaksine’ som ikkje hindra covid, men som hadde alvorlege biverknader – død og permanent helseskade for millionar av menneske.
Dr. Reiner Füllmich, den distingverte tyske menneskerettsaktivisten, har leia ei diger gruppe av medisinske vitskapsfolk og advokatar i fleire år, der dei har førebudd eit søksmål på vegner av dei millionar av menneske som døydde eller vart skadde som eit resultat av covid-‘vaksinen’. Dette har irritert Big Pharma og deira medløparar i regjeringar, som er medskuldige i brotsverket som var å injisere milliardar av menneske med ein substans som er kjent for å vere farleg og livstrugande.
Forsøk på å diskreditere dr. Füllmich var snart undervegs. Ein dommar dømte han i mai for å fornærme folk, og gav han ordre om å betale ein stor sum som vart redusert til 2100 euro. Altso etablerte den tyske retten prinsippet om at ytringsfridom kan vere fornærmande, og bli straffa.
Medan han reiste med kona si i Mexico, vart passa deira miste eller stolne. 13.oktober drog dei til den tyske ambassaden i Mexico for å få dei erstatta, uvetande om at ein rettsordre hadde blitt utstada i Tyskland på Füllmich, på det som ser ut til å vere falske anklagar om svindel. Ifølgje nyheitsreportasjar ligg Mexico utanfor jurisdiksjonen til EU, og rettsordren kunne ikkje bli handheva, so Füllmich vart kidnappa av den tyske regjeringa, flogen til Tyskland og fengsla. Advokatane hans har undersøkt skuldingane om svindel, som ser ut til å utgjere tjuveri av pengane frå organisasjonen hans, og dei ser på anklagane som absurde. I skrivande stund består bevismaterialet berre av ei skulding, moglegvis som resultat av tvang eller bestikkelse.
Men vestlege regjeringar kan ikkje lenger ansvarleggjerast og kan kome med so mange falske stemningar som dei ønskjer, til og med mot presidenten i USA. Føremålet med dette ser ut til å vere å diskreditere Füllmich og hindre at søksmålet hans går vidare. Etter å ha vore frustrerte over det at domstolar i Vesten nekta å prøve covid-saka basert på det oppsamla bevismaterialet, gjekk ein domstol endeleg med på det. Etter mi meining, for å hindre ansvarleggjering av Big Pharma og deira allierte i regjeringar, vart ein arrestordre utstada og Füllmich vart fengsla.
Det ser ut til at i dagens Tyskland er lova eit våpen mot sanning, akkurat som ein meiner det var i Nazi-Tyskland. Den tyske regjeringa med si ekstraordinære undertrykking av frie førespurnader, ytringsfridom og protest tek raskt til seg karakteristikkane av Nazi-Tyskland, akkurat som Storbritannia med si uendelege fengsling av Julian Assange i strid med habeas corpus.»
Forsidebilde: iStock
1 har lest innlegget i dag. Innlegget er lest totalt 913 ganger.
Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.
Så vidt jeg husker hadde Christiane Fischer både finansielle og psykiske problemer. Har hun dolket Fuellmich i ryggen med falske anklager for en passende godtgjørelse fra makthaverne? Bare en antagelse selvfølgelig, men en eller annen motivasjon er der for hennes svik. At Fuellmich skulle ha underslått midler i en sak han har gitt så mye av sine krefter til? Det tror jeg ikke så mye som et øyeblikk.
«I dag kan du bli arrestert i Tyskland, Frankrike og Storbritannia for å vifte med eit palestinsk flagg. I USA kan det å utøve ytringsfridom få deg kansellert og oppsagt. Berre godkjende meiningar kan trygt ytrast. Fakta speler rett og slett inga rolle. Offisielle forteljingar har vunne over sanning. «
Samme hvis du er så frekk at du vil diskutere ‘Holocaust’-narrativet. Og vil vite. – Istedet for å tro på propagandaen og løgnene. Inn i fengsel med deg. Du er farlig.
‘ Hvis du vil vite hvem som sitter med makta, – så se hva som er forbudt å diskutere.’
Vi har valgt å være reklamefri, men det har en pris nå når nettavisen leses av stadig flere – også av noen med andre hensikter enn å skaffe seg informasjon. Vi er derfor avhengig av økonomiske tilskudd fra de av dere som setter pris på virksomheten vår. Mange bidrar allerede og det er vi svært glade for.
For de som vil støtte derimot.no økonomisk, men ikke bruker VIPPS kan evt. bidrag overføres til følgende kto. nr. 97224126437. VIPPS-kontonen ligger i rubrikken under.
3 kommentarer. Leave new
Så vidt jeg husker hadde Christiane Fischer både finansielle og psykiske problemer. Har hun dolket Fuellmich i ryggen med falske anklager for en passende godtgjørelse fra makthaverne? Bare en antagelse selvfølgelig, men en eller annen motivasjon er der for hennes svik. At Fuellmich skulle ha underslått midler i en sak han har gitt så mye av sine krefter til? Det tror jeg ikke så mye som et øyeblikk.
«I dag kan du bli arrestert i Tyskland, Frankrike og Storbritannia for å vifte med eit palestinsk flagg. I USA kan det å utøve ytringsfridom få deg kansellert og oppsagt. Berre godkjende meiningar kan trygt ytrast. Fakta speler rett og slett inga rolle. Offisielle forteljingar har vunne over sanning. «
Samme hvis du er så frekk at du vil diskutere ‘Holocaust’-narrativet. Og vil vite.
– Istedet for å tro på propagandaen og løgnene. Inn i fengsel med deg. Du er farlig.
‘ Hvis du vil vite hvem som sitter med makta, – så se hva som er forbudt å diskutere.’
Frikar, du skriver:
«I dag kan du bli arrestert i Tyskland, Frankrike og
Storbritannia for å vifte med eit palestinsk flagg …»
Jeg vil tilføye: Du kan også bli arrestert for
å mislike «palestinske» flagg i Storbritannias gater.
Folk tror ikke det de ser: Mann arrestert i England etter å ha ytret seg kritisk til palestinske flagg (inyheter.no)