POSTED IN Diverse

Det skjer mye i verden selv om vi ikke hører noe om det i Norge.

Kortnyheter fra hele verden.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Noreg tener på sabotasjen av Nord Stream 

Noreg har tredobla sine oljeinntekter sidan sabotasjen mot dei russisk/tysk/fransk/nederlandske Nord Stream-røyrleidningane. I 2022 tente dei 1457 milliardar kroner. Seymour Hersh avslørte at Det kvite hus hadde brukt Noreg til sabotasjeaksjonen.

Falske US-amerikanske våpenleveransar til Ukraina

Ifølge talsmann for Russlands Duma Vyacheslav Volodin, får Washington sine allierte til å finansiere krigen i Ukraina. USA har berre tolvteplassen på lista over økonomiske støttespelarar, med 0,37% av sitt BNP. Først ligg Polen med 2,1% av sitt BNP.

Dessutan er EU-landa dei som betaler den største prisen for sine unilaterale tvangstiltak (såkalla «sanksjonar») mot Den russiske føderasjonen.

USA vil ikkje sende Abrams-tanksa dei hadde lova Ukraina. Stridsvognene er, ifølge National Security Advisor Jacob Sullivan, ueigna for landets terreng. Sullivan seier og at Washington berre kunngjorde desse leveransane for å overtale sine allierte til å gjere det same. Då desse hadde samtykt, kunne lovnaden bli annullert.

EU og produksjon av 155mm- ammunisjon

European Commissioner for Internal Market, franskmannen Thierry Breton, vurderer ein plan for å støtte produsentar av 155mm ammunisjon. Føremålet er å både støtte Ukraina og bygge opp lagera i EU-landa. På grunn av utkontrakteringsproblem (outsourcing), vil dei ikkje kunne gjennomføre det før om eit år.

«Russiske Frivillige korps i Ukraina» angrip på russisk jord

Brjansk er en by vest i Russland med 419 967 innbyggere. Byen ble i 1944 administrativt senter i Brjansk oblast. Brjansk ligger ved elven Desna cirka 450 kilometer sørvest for Moskva. Byen ble grunnlagt i 985. Wikipedia

Den 2. mars vart to sivile drepne og eitt barn skadd i Bryansk, Russland. Styresmaktene fordømmer ukrainske terroristar for streiftoga, men Kiev nektar for det og hevdar at det er russarane som prøver å skremme sine eigne innbyggarar. Det russiske utanriksdepartementet skulda deretter angriparane for å ha brukt «NATO-våpen», og reiste dermed spørsmålet om rolla til Atlanterhavsalliansen i terrorist-operasjonen. Men den 3. mars gav avisa Financial Times spalteplass til den tyske nynazistiske aktivisten Denis Kapustin (russisk-fødd), medlem av Det russiske frivillige korpset (KDR) i Ukraina, som tok på seg ansvaret for angrepet, og sa dei hadde utført det i samråd med Kyiv. Dette er same gruppa som tok på seg ansvaret for mordet på Darya Dugina (dottera til Alexander Dugin), i august 2022 i Moskva. 

FSB seier dei har opna straffesak mot Det frivillige korpset for eit drapsforsøk på milliardæren Konstantin Malofejev i august 2022. Rett etter 2014-kuppet i Kiev finansierte Konstantin Malofeev ei kosakk-gruppe i Donbas. Men han stoppa alt engasjement i ukrainske saker etter signeringa av Minsk-avtalane.

Relasjonen mellom Volodymyr Zelensky og sjefen for dei væpna styrkane

Ifølge det tyske magasinet Bild ønska sjefskommandanten for dei ukrainske hærstyrkane, general Valery Zaluzhny, å trekke tilbake styrkane sine frå Artemovsk/Bakhmut for tre veker sidan, då Krasna Hora fall. Men president Zelensky beordra han til å halde dei der same kor store tap dei måtte få.

Sør-Korea eksporterer våpen

Sør-Korea sin våpeneksport auka med 140% i 2022 til rekordstore $17.3 milliardar. Seoul gir ikkje våpen til Ukraina, men fyller på underskotslagera til Vesten, særleg ammunisjon.

Rapport om Manchester Arena-bombinga

Den offentlege granskinga av bombinga av Manchester Arena (22. mai, 2017) har publisert ein tredje rapport om hendinga. Rapporten set fokus på manglane til MI5, som visstnok kunne ha hindra at tusen folk vart skadde. Terroristen Salman Abedi var son av MI6-agent Ramadan Abedi, som spelte ei viktig rolle i Den arabiske våren og styrtinga av Libyas Arabiske Jamahiriya. Verken den gong statsminister David Cameron eller MI6-direktør Sir Alex Younger har vore høyrde i granskinga som ikkje gir svar på nokon av dei viktige spørsmåla som var stilde.

Det franske folket er imot Macrons reform

Mellom 1,5 og 3 millionar franskmenn demonstrerte denne veka mot president Macrons pensjonsreform. Dei massive demonstrasjonane rysta ikkje Élysée-palasset, som tenker gå vidare med reformen sin som om ingenting har hendt. 82% av det franske folket er imot reformen og seier dei er «svært sinte».

Europeiske statar og utviklinga i Israel

Israel har okkupert palestinsk og arabisk områder i mer enn 50 år, men blir ikke boikotta i f.eks. idretten av den grunn

I ei fellesserklæring kjem utanriksministrane til Frankrike, Tyskland, Italia, Polen, Spania og Storbritannia med kraftig fordømming av «den omsynlause valden til israelske busettarar mot palestinske sivile, inkludert øydelegginga av heimane og eigedommane deira.» Dei ber Israel stille gjerningsmennene til ansvar. Dei minner om at israelske busetnadar på palestinsk territorium er ulovlege etter Folkeretten. Det gjeld no 750 000 kolonistar (settlarar, busettarar). På den andre sida har Ungarn, som nyleg inviterte sonen til Benjamin Netanyahu til ein konferanse, starta førebuingar for flytting av ambassaden sin frå Tel Aviv til Jerusalem. Dei blir då det femte landet som gjer det, etter USA, Guatemala, Honduras og Kosovo. 

Sveits lettar på dei anti-syriske «sanksjonane»

Sveits, hovudkvarter for Den internasjonale Raude krossen, har bestemt seg for å oppheve sine unilaterale tvangstiltak mot Syria for å lette arbeidet til humanitære organisasjonar med overlevande etter jordskjelvet (som råka landet den 6. februar).

Leiaren for US Joint Chiefs of Staff vitjar Syria ulovleg

Syria har på det kraftigste fordømd general Mark Milley sitt illegale besøk på landets suverene territorium. USA okkuperer den nordaustre fjerdedelen av landet, der dei har 900 soldatar. Dei kontrollerer kurdiske leigesoldatar som har erklært ein autonom stat, Rojava. Saman utnyttar dei syriske oljefelt. Halvparten av inntektene går til leigesoldatane og den andre halvparten til CIA. Det utgjer såleis eit fond som blir brukt til å finansiere operasjonar over heile verda, utan at ein lyt rapportere om det til Kongressen.

USA okkuperer ulovlig en stor del av Syria og stjeler for milliarder av kroner av syrisk olje, men blir ikke boikottet i f.eks. idretten av den grunn.

 

Den totale verdien på olja som USA har stole frå Syria har no kome opp i 107 milliardar dollar.

Tyrkia har og reagert på denne kraftige støtta til kurdiske terroristar. Utanriksdepartementet kalla inn USAs ambassadør til Ankara, Jeff Flake, for å be om ei forklaring.

EU vil erklære Irans Revolusjonsgarde som terroristar

Ifølge Litauens utanriksminister Gabrielius Landsbergis, sitert av Axios, førebur EU å stemple den iranske Revolusjonsgarden (IRGC) som «terroristorganisasjon» på grunn av «støtta deira til Russland i landets krig i Ukraina».

IAEA signerer avtale med Iran

Sjefen for Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) Rafael Grossi møtte Irans president Ebrahim Raisi i Teheran. Dei to mennene vart samde om ein avtale om vilkår for byråets tilsyn med Iran. 

Etterforskning av forgiftinga av unge iranske kvinner

Etter at Irans leiar Ayatollah Ali Khamenei kalla forgiftinga av skulejenter eit «stort, utilgiveleg brotsverk», arresterte politiet fem personar. Ifølge ein parlamentarikar vart over 5000 elevar på jenteskular rundt om i landet forgifta. 900 av dei vart sende til sjukehus, men ingen døydde.

Kviterussisk presidentkandidat dømd in absentia

Tidlegare presidentkandidat Svetlana Tikhanovskaïa vart dømd til 15 år i fengsel etter ei rettssak in absentia for komplott om å styrte regjeringa. Ho fekk 10% av stemmene og flykta til Litauen medan ho skreik om konspirasjon.

Royal Navy beslagla våpen som skulle til Jemen

Storbritannias marine stoppa ein liten båt på veg frå Iran til Jemen. Om bord hadde den iransk-produserte 9M133 Kornet anti-tank styrte missil og Dehlavieh’ar for hutiane. Utstyret vart lagt beslag på.

Amerikanske urinnvånarar omgår Bureau of Indian Affairs

Ein indianarstamme på kring 600 menneske, Muwekma Ohlone-folket i California, prøver å bli anerkjend føderalt som eigen stamme etter at den vart erklært «utrydda» i 1927. Men i staden for å ta vegen om Byrået for indianarsaker, drog denne stammen direkte til Kongressen, noko som har ergra andre indianarar. Ei føderal anerkjenning opnar opp for alle slags rettar, inkludert retten til å drive skattefrie kasino. Berre 574 stammar er anerkjende. Fleire indianargrupper har skild lag med stammane sine for å dra nytte av fordelane. Derfor må ein først søke godkjenning hos Byrået for indianarsaker og prove at gruppa har eksistert som eit åtskilt samfunn samanhengande sidan 1900, at den har hatt politisk påverknad eller makt, og at medlemmane av gruppa er ætlingar etter ein historisk indianarstamme, og ikkje tilhøyrer nokon annan stamme. Med sitt konstitusjonelle privilegium kan Kongressen overstyre denne prosedyren.

Argentina stiller spørsmål ved Leonidas-avtalane etter Falklandskrigen

Santiago Cafiero

På sidelinja av G20-landas utanriksministermøte i New Delhi, informerte Argentinas utanriksminister Santiago Cafiero sin britiske motpart James Cleverly om at dei hadde suspendert 2016-avtalen. På slutten av Falklandskrigen påførte Storbritannia Argentina ein Leonidas-fred. Det inkluderte ein uhøyrd avtale som forbaud det argentinske luftvåpenet å fly over landets sørlege delar, og overlet luftforsvaret for dette svære området til Royal Air Force. Det betyr at London tok kontrollen over store delar av Antarktis og havområda. Santiago Cafiero sa at «Argentina har prøvd å samarbeide om konkrete saker som flygingar, vitskapeleg aktivitet i Antarktis og bevaring og sikkerheit for fiskeressursane, utan at godviljen Argentina har vist har blitt gjengjeldt [av den britiske regjeringa]». 

Den sentral-afrikanske republikken fordømmer Vestens plyndring

I ein tale under FN-toppmøtet i Qatar sa presidenten for Den sentral-afrikanske republikken, Faustin-Archange Touadéra: «Heilt sidan landets uavhengigheit, har Den sentral-afrikanske republikken vore offer for systematisk plyndring underletta av den politiske ustabiliteten som blir oppretthalden av visse Vestlege land [og] av væpna terroristgrupper som er leidde av utlandske leigesoldatar […] Dei gjentatte angrepa har til hensikt å gjere landet uregjerleg, hindre staten i å utøve den legitime sjølvråderetten og retten til suverenitet over naturreservane». Han fordømde også «den urettvise og illegitime embargoen på våpen til dei sentral-afrikanske væpna styrkane og på sentral-afrikanske diamantar, og også «visse utlandske mediums desinformasjons- og demoniseringskampanjar som blir brukt til å skremme bort investorar.»

Japan forhandlar om kompensasjon til koreanske ’komfort-kvinner’ og tvangsarbeidarar 

I 1965 introduserte ein avtale mellom Japan og Sør-Korea rundt $800 millionar i subsidiar og subsidierte lån til Sør-Korea etter fleire år med forhandlingar om kor mykje ein skulda prostituerte og tvangsarbeidarar. Regjeringa i Seoul tok imot dei japanske pengane, men betalde ikkje offera. I staden vart pengane brukte som kapital til å bygge opp Sør-Koreas økonomi. I ein avtale i 2015 tilbaud Shinzo Abe kompensasjon til koreanske «komfort-kvinner» som tente i japanske militærbordell. 

Japan og Sør-Korea er begge allierte med USA men krangler om erstatninger fra 2. verdenskrig da Japan okkuperte Korea.

Dei fleste av dei overlevande kvinnene gjekk med på avtalen, men Moon-administrasjonen fraus midla på grunn av opposisjon frå ei lita gruppe offer. I 2018 hadde desse langvarige disputtane gått frå å vere ein historisk disputt til å bli ein endå meir kaotisk kamp på juridiske, økonomiske og sikkerheitsmessige område. Sør-koreanske domstolar har beordra to japanske selskap Mitsubishi Heavy Industries og Nippon Steel, til å kompensere koreanarar som var tvinga til å arbeide for dei under Andre verdskrig. Då selskapa ikkje samtykte, beslagla retten deira koreansk-baserte tilgangar som kompensasjon. Washington prøver å få Sør-Korea og Japan til å inngå forlik så snart som råd for å kunne krige mot Kina. Men sør-koreanske offer ventar ikkje økonomisk kompensasjon; dei krev at Japan orsakar offentleg, noko Tokyo nektar å høyre tale om. 

Taiwan fryktar flytting av TSMC

Taiwans parlament debatterer ikkje ’den kinesiske faren’ så mykje; dei er meir uroa over bygginga i USA av ein gigant-fabrikk for selskapet Taiwan Semiconductor Manufacturing Company’s (TSMC). Har selskapet blitt pressa, eller har leiinga til selskapet blitt korrupt? Same kva svaret er, står det mykje på spel fordi ei slik flytting gjer at Taiwan blir ubrukeleg for beskyttaren USA som då blir autonom når det gjeld elektroniske kretskort.

Australia skal få atomdrivne ubåtar

Australias statsminister Anthony Albanese er venta å besøke USA om eit par veker. President Joe Biden er venta å annonsere at landet hans vil levere atomdrivne ubåtar som ein del av AUKUS-alliansen. Denne avgjerda reverserer ikkje-spreiings-politikken til USA. Washington has levert slike ubåtar berre til sin privilegerte allierte i Storbritannia. Det reverserer også Australias anti-nukleære standpunkt. Indonesia responderte med å legge fram for FN eit forslag om å opprette ei fredeleg nukleær-fri sone. Statane i regionen meiner at Australia ikkje lenger har nokon suveren politikk, men har blitt eit lydrike under Pentagon.

Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°31 – 10 March 2023 

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Filip Mishevski

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 134 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Northern Light.
    14 mars 2023 16:08

    Nederland: Titusenvis demonstrerte mot klimasvindlernes tyranni – «Vi sier nei til globalisme!».

    Av swebbtv.
    Titusenvis av mennesker demonstrerte i helgen mot klimaalarmistenes forsøk på å gjøre Nederland til en globalistisk slavestat. Publikum De jublet da den kjente nederlandske rettsfilosofen Eva Vlaardingerbroek talte: – Vi forhandler ikke med folk som plager bøndene våre og driver dem til fortvilelse!, erklærte hun foran den enorme folkemengden.

    Denne helgen var det en massiv demonstrasjon i Nederland for landets bønder, som den nederlandske globalist-regjeringen prøver å knuse og beslaglegge jorden deres. En av foredragsholderne var den nederlandske rettsfilosofen Eva Vlaardingerbroek, som Swebbtv Nyheter har skrevet en serie artikler om. Hun sparte ikke på kruttet da hun angrep «globalistene» som ifølge henne prøver å ødelegge landet.

    Landet vårt ble født av motstand mot tyranni, spansk tyranni. Nederland ble dannet etter en 80 år lang uavhengighetskrig mot kong Filip II og spansk styre, som begynte med et opprør i 1568. Nå, nesten fem hundre år senere, kjemper vi igjen mot tyranni, mot et korrupt og urettferdig regime som driver bøndene våre bort fra jorden deres.

    Tidligere kom denne urettferdigheten fra Madrid. Nå kommer den herfra, fra Haag. Og dette er den verste urettferdigheten. Vår regjering har satt i gang et angrep på sitt eget folk, på en av de hardest arbeidende, mest suksessrike og inspirerende folk i landet. Og det er våre bønder og innbyggerne i Nederland! Hun påpekte at nederlandske bønder i århundrer har produsert mat til millioner av mennesker over hele verden.

    – Og i motsetning til det løgnerne i Haag hevder, gjør bøndene det på en bærekraftig og ansvarlig måte, med stor respekt for Guds skaperverk. Men det er selvsagt ikke det vår regjering er bekymret for. Vår regjering bryr seg ikke om naturen, det nederlandske folket eller bøndene. De har rett og slett fabrikkert en løgn for å stjele bøndenes jord. Alt dere bønder eier, alt dere har arbeidet så hardt for hele livet. Vil du vite hva jeg kaller den typen mennesker? Tyver! Og jeg kan fortelle dere alle her, vi forhandler ikke med tyver. Vi forhandler ikke med folk som fører en utmattelseskrig mot bøndene våre.

    Men ifølge rettsfilosofen gjelder dette ikke bare regjeringen, men også «opposisjonen», som ikke deltok i protestene. Alle politikere følger globalistenes agenda. – De burde skamme seg! Fordi, kjære folk, hvis ikke nå er tiden for å kjempe, når er det da? Og de som står bak er den globalistiske eliten i EU, påpekte Vlaardingerbroek. – Hva blir igjen til oss? Ingenting! Og det er derfor vi har samlet oss her i dag. Se hvor mange av dere er, mot alle odds! Det er utrolig å se! Ødeleggelsen av vår nasjon og vårt demokrati må stoppe.

    Nederlandske bønder, dere er de eneste som har nok mot og styrke til å virkelig kjempe mot vårt forferdelige regime. Dere er vårt siste håp. Det siste håpet for vårt vakre land. Og det er selvfølgelig nettopp derfor de vil ha dere bort. Men vi vil kjempe mot dem. De vil kjempe mot oss, de vil ikke stoppe ved noe. De vil jage oss overalt.

    Og selvfølgelig vil lakeiene deres i hovedstrøm-mediene gjøre alt de kan for å demonisere bøndene våre og resten av oss. Men vi vet bedre. Derfor står vi fast ved våre bønders side. Vi sier nei til globalisme, nei til de som selger ut landet vårt, og vi sier nei til dette regimet! Lenge leve de nederlandske bøndene, leve Nederland, leve vår frihet!

    Fra Swebbtv, publisert 13 mars 2023. Oversatt fra svensk.
    Linker, Tweet med video i orginalartikkelen.
    Orginalartikkel: Tiotusentals demonstrerade mot klimatbedragarnas tyranni – ”Vi säger nej till globalism!”.

    Svar
    • Historisk sett tapte Nederland krigene mot Spania ved at dem ble infiltrert av Jøder derifra samt Aristokrati fra den forsvunne stat Burgundy (også jøder og krypto jøder) Etter dette overtok Nederland rollen som verdens største imperialist og kolonist etter Spania. Fra Nederland ble den «Engelske» revolusjon planlagt. Da denne revolusjon var gjennomført kunne Storbrittania overta kolonialiserings kronen.

      Svar
  • Olav Sæther
    14 mars 2023 17:27

    EU har et lignende styringssystem som Sovjet-Unionen. Den ideen om 15 minutters-byer kommer også fra Sovjet.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Covid-saken ga oss løgner på flere plan

Flere hundre milliarder dollar svindlet og sløst vekk i Covid bedragerisaker i USA

Previous Post

Befolkningen betaler.

Kriger og konflikter vedtas uten diskusjon.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.