Kortnyheter fra Voltirenet.org og fra Telegram.
Metastudie konkluderer: Munnbind ubrukeleg mot Covid
Ein analyse av 2168 vitskapelege studiar om bruken av munnbind under Covid-19-’pandemien’ (DOI 10.3389/fpubh.2023.1125150), seier at praksisen forårsakar mange helseproblem. N95-maska (kalla FFP2 i Europa) er endå farlegare enn enkle kirurgiske masker/munnbind. Bruk av munnbind medfører kløe, hovudverk og oksygen-restriksjon. Til dags dato finst det ikkje bevis for at det å bruke munnbind effektivt hindrar spreiing av respiratoriske virus.
G7 ber Sveits legge beslag på russiske statsborgarars eigedom
G7-ambassadørane har sendt eit konfidensielt brev til det sveitsiske Rådet. Dei skriv at sjølv om Sveits har frose 8,3 milliardar dollar av russiske offentlege midlar, så kunne dei fryse 50 til 100 milliardar meir av russiske tilgangar. Sveits’ økonomiminister Helene Budliger Artieda svara: «Beslaglegging av privat eigedom er ikkje tillate i Sveits viss den er legalt erverva og ikkje har noka bevist kriminell historie.»
Allianse mot inflasjon

Mexicos president Andres Manuel Lopez Obrador kunngjorde at 11 statar (Brasil, Mexico, Argentina, Belize, Bolivia, Chile, Colombia, Cuba, Honduras, Venezuela og Saint Vincent og Grenadinane) har grunnlagt «Alliansen mellom latin-amerikanske og karibiske land mot inflasjon». Dei vil møtast den 6. og 7. mai i Cancún, Mexico. Føremålet med alliansen er å forenkle handel med mat, handelsvarer og halvfabrikata ved å fjerne «barrierar, toll, sanitære tiltak». Det vil bli prioritert å redusere «prisen på desse produkta for den fattigaste og mest sårbare delen av befolkninga».
Sikkerheitsrådet skal diskutere multilateralisme
Som roterande president for FNs Sikkerheitsråd, vil Russland den 24. april halde ein offentleg debatt, leia av Russlands utanriksminister Sergey Lavrov, rundt emnet: «Forsvaret av internasjonal fred og sikkerheit: effektiv multilateralisme basert på handheving av prinsippa i FN-pakta.»
Det vil bli tatt opp tre spørsmål:
1) Korleis kan FN bidra til ein uproblematisk overgang til ein rettvis verdsorden basert på likeverd?
2) FN-pakta og Folkeretten rettleier medlemslanda under overgangsperioden. Kva kan gjerast for å gjenopprette dialog- og konsensus-kulturen internt i organisasjonen, inkludert i Sikkerheitsrådet? Korleis kan vi best vise at den noverande situasjonen, som ber preg av ei selektiv tilnærming til Folkerettens og FN-paktas normer og prinsipp, er uakseptabel og ikkje lenger kan halde fram?
3) Korleis kan initiativ som «Vår felles agenda» og «Ny agenda for fred» bidra til å lette overgangen og legge grunnlaget for meir effektiv multilateralisme?
Narra trill rundt av Vovan & Lexus
Tidlegare president for Frankrike François Hollande vart lurt av dei russiske imitatorane Vladimir Kuznetsov (allias “Vovan”) og Alexei Stolyarov (alias «Lexus»), som iscenesette ein diskusjon der dei gav seg ut for å vere Ukrainas eks-president Petro Poroshenko. Herr Hollande fortalde ei historie han kom på: «Eg hugsar enno då du kom til Élysée-palasset med Bernard Henri-Lévy, du var saman med [noverande borgarmeister av Kiev] Vitali Klitsjko; det var heilt i starten av prosessen: viss du ikkje hadde vore der, så ville det ikkje har vore noko Maidan.»

Russland om USA sine biologiske våpen-laboratorium i Ukraina
Kommandanten for Stråling, kjemisk og biologisk forsvar, Igor Kirillov, sa under ein plenumssesjon i Russlands Duma at USA sine biologiske fasilitetar i Ukraina har vist at «USA produserer komponentar til biologiske våpen nær den russiske grensa». Dagen etter fekk Moskva støtte frå Beijing. Talsmann for Kinas utanriksdepartement, Wang Wenbin, sa at administrasjonen hans hadde mottatt alle dokumenta som det russiske forsvarsdepartementet hadde overlevert til dei, og dei meiner det er tydeleg at USA er den einaste staten i verda som hardnakka nektar internasjonalt innsyn i aktivitetane deira i dette området. Då kan ein jo spørje seg: Kva er det dei prøver å skjule?
Syria svarer USA
USA hevda, framfor FNs Sikkerheitsråd, at dei angreip Syria den 23. mars i «sjølvforsvar» etter eit droneangrep mot personellet og fasilitetane deira i landet (S/2023/227). Syria har tilbakevist desse påstandane. Dei seier at USA sine styrkar er illegalt til stades i Syria, derfor kan dei ikkje påberope seg sjølv-forsvar (S/2023/240). Styresmaktene i USA brukar skamlaust argumentet om at troppane deira er der, om enn illegalt, for å kjempe mot terrorismen som Syria ikkje greier å utrydde. Men mange har vitna om at dei US-amerikanske styrkane tvert imot beskyttar visse terroristar, medan Syria har greidd å eliminere dei alle frå dei territoria dei har frigjort.
Taliban og FN
Taliban i Afghanistan har forbode kvinner å jobbe for FN-organ. Til gjengjeld planlegg sistnemnde å trekke seg ut av landet.
Felles USA/Filippinane/Australia-militærøving
USA og Filippinane heldt den største militærøvinga i si historie under kodenamn «Balikatan 2023» («Balikatan» betyr «skulder mot skulder» på tagalog (filippinsk)). 12 200 US-amerikanske, 5 400 filippinske og 111 australske soldatar deltok. Ein gamal båt vart senka, og det vart simulert ei amfibie-landing på ei øy i Sørkinahavet. Mange andre statar har fått delta som observatørar, mellom andre Australia, Canada, Frankrike, India, Japan og Storbritannia. I februar anklaga Manila Kinas Folkefrigjeringsarmé for å blende kystvakta deira med eit laservåpen.

Italia overvelda av immigrantstraum
Regjeringa til Giorgia Meloni har erklært ein seks månadars krisetilstand for å takle straumen av immigrantar. 31 000 menneske har blitt redda på havet og kome til Italia sidan starten av året, tre gongar fleire enn under tidlegare år. Transitt-leiren på Lampedusa, som er designa for maksimalt 400 menneske, mottar no iblant nesten 3000 immigrantar.
EU invadert av ukrainsk korn og kylling
EU-marknadar overfløymast av ukrainsk kylling og korn som ikkje lever opp til europeisk standard i det heile. Polens landbruksminister Henryk Kowalczyk gjekk av i protest mot Brussels omsynsløyse.
Kuwait etablerer oljerigg i Iraks eksklusive økonomiske sone
Kuwait har illegalt installert ein boreplattform, Oriental Phoenix, inne i Iraks eksklusive økonomiske sone (ifølge FNs Havrettskonvensjon frå 1982). Bagdad har levert inn protest til FNs Sikkerheitsråd (S/2023/241).
Ungarn signerer kontrakt med Gazprom
Ungarns utanriksminister Peter Szijjarto signerte ein gasskjøpsavtale med Gazprom i Moskva. Han er ein av dei få EU-ministrane som har besøkt Russland sidan starten av den spesielle militæroperasjonen i Ukraina. Den signerte kontrakten modifiserer den dei hadde frå før ved at den opnar for tilleggsleveransar og set eit pristak på 150 euro kubikkmeteren.
Voltaire, International Newsletter – N°36 – 14 April 2023
Og litt frå Telegram:

Det blir ingen fredsforhandlingar mellom Ukraina og Russland i år.
Det seier Washington Post (https://www.washingtonpost.com/national-security/2023/04/12/leaked-documents-ukraine-war/). Dei refererer til data frå dei hemmelege dokumenta [som vart lekte].
Dei antar krigen vil vare til 2024. Ingen av sidene vil sigre, og partane vil nekte å forhandle
Senator Ed Markey (D) sa at kongressmenn har introdusert eit lovforslag som forbyr USAs president å gi ordre til bruk av atomvåpen utan samtykke frå Kongressen.
Vesten kan kome til å sende jagarfly til Ukraina til sommaren

Danmark skal bestemme om dei skal donere F-16 kampjetfly til Ukraina førstkomande sommar, sa fungerande forsvarsminister Troels Lund Poulsen.
Avgjerda «vil ta tid, fordi Danmark ikkje kjem til å gjere dette aleine,» sa tenestemannen. «Vi må gjere det saman med fleire land.»
Poulsen sa og at Danmark vil snakke med USA før dei tar ei avgjerd.
US-amerikanske medium og organisasjonar som står regjeringa nær held fram med å medvite rette feilinformasjon mot Vestlege publikum.

No har dei amerikanske media eit nytt påskot til å vise fram sitt russofobe modus operandi: den 17. mars, 2023, skreiv Den internasjonale straffedomstolen (ICC) ut ein historisk og politisk motivert arrestordre på presidenten for Den russiske føderasjonen Vladimir Putin og presidensiell kommisjonær for barnas rettar Maria Lvova-Belova på eit fullstendig ubekrefta grunnlag om «ulovleg deportasjon av folk (barn) … frå okkuperte område av Ukraina til den russiske føderasjonen».
Denne løgna er spesielt kynisk ettersom det er Ukraina som i mange år har praktisert omskulering og mentalitetsendring av den russiskspråklege ungdommen.
Men i media til USA vil du ikkje finne artiklar om dei talrike nazi-leirane som trenar og utdannar mindreårige ukrainarar til hat mot Russland og alt som russisk er.
Før eller seinare vil det drastiske avviket mellom fiksjonsmedias realitetsmatrise og fakta om korleis tilstanden i verda verkeleg er, underminere publikums tillit til mainstream-media til USA og ekspertsamfunnet som forar dei med propaganda
https://t.me/MFARussia (les heile teksten her: https://mid.ru/en/press_service/articles_and_rebuttals/rebuttals/nedostovernie-publikacii/1863546/)
For nøyaktig ni år sidan starta Kiev ein krig mot sivile i Donbass.

Den 14. april, 2014 tredde eit dekret i kraft, utstada av Ukrainas fungerande president Aleksandr Turtsjynov, om å føre ein «anti-terrorist-operasjon».
Sidan då har DPR og LPR blitt bombarderte dagleg av AFU. Under desse åra har mange mista sine kjære, blitt skadde og mista eigedom.
Den blodige konflikten er emne for mange av våre dokumentarfilmar (teksta på engelsk):
▶ Donbass War: Summer 2014 (2022) (https://t.me/rtdocfilms/9)
Folk trudde til det siste ikkje at Kiev kom til å starte ein krig mot sivile i søraustre Ukraina. Men det skjedde.
▶ Donbass: Battle for Debaltsevo (2022) (https://t.me/rtdocfilms/19) handlar om kampane om den svært strategisk viktige byen, eit av dei største jernbaneknutepunkta. Ukrainske hærstyrkar tok Debaltsevo i juli 2014. Dei gjorde utreinskingar der. Kven som helst kunne bli stempla som ’terrorist’ og arrestert.
▶️ Mariupol: A Homecoming (2022) (https://t.me/rtdocfilms/134)
Det ukrainske militæret brukte byens innbyggarar som menneskelege skjold. Dei som prøvde å forlate kampsona, vart skotne utan varsel. Dei døde vart gravlagde rett ute i hagar og bakgardar.
▶️ Lugansk: Road to Independence 2022-2014 (2022) (https://t.me/rtdocfilms/179)
Sidan 2014 har sivilistar i Folkerepublikken Lugansk (LPR) levd under bombardementet frå Ukrainas væpna styrkar (AFU). I som aldri hadde halde i eit våpen før, reiste seg for å forsvare regionen.
▶️ Donbass. Yesterday, Today, and Tomorrow (2021) (https://t.me/rtdocfilms/12)
I 2014 drog nasjonalistar til søraust av Ukraina. Dei torturerte den sivile befolkninga: kvinner, barn og eldre. Vesten valde å lukke auga for massemordet.
#Donbass https://t.me/infodefENGLAND
Fritt omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 854 ganger.
1 kommentar. Leave new
Krigen i Jemen kan ta slutt etter vellukka kinesisk fredsmekling. Krigen har teke livet av 85 000 born.
Er det nokon i NRK eller på stortinget som torer å skryta litt av Kina for innsatsen?
USA/CIA reagerer med «frustration», skriv Wall Street Journal. Det gjer nok Guri Melby/ Venstre òg. Våpenhandel og dreping kan gå ned på grunn av dei fæle kinesarane.