POSTED IN Diverse

Det skjer mye i verden akkurat nå.

I Ukraina fjernes minnesmerker over seieren over nazismen og erstattes ofte med det motsatte.

0
Print Friendly, PDF & Email

Kortnytt veke 45

124 britiske selskap har brote «sanksjonane» mot Russland. 

124 britiske selskap har vedgått å ha brote sanksjonane mot Den russiske føderasjonen. Advokaten deira, Pinsent Masons, argumenterte med at Russland speler ei særs viktig rolle på den internasjonale marknaden, og at sanksjonane ikkje kunne samanliknast med dei mot Iran og Nord-Korea.

I EU er det konflikt om hvor mye en skal stjele av russiske verdier.

Vestlege sanksjonar har frose 300 milliardar dollar som tilhøyrer Russlands sentralbank sidan russiske troppar invaderte Ukraina. EUs ministerråd har avvist planar om å konfiskere pengane, men godkjent planar om å bruke renteinntektene av dei til å hjelpe Ukraina.

EU-parlamentet er derimot for å konfiskere dei frosne verdiane. Dei vedtok den 9. november ein resolusjon der dei ber EU samarbeide med G7 om å senke pristaket på russisk olje. Parlamentet vil i tillegg at EU-kommisjonen og medlemsstatane i EU skal ekspandere «sanksjonane» sine til å inkludere eit totalforbod mot marknadsføring og kutting av diamantar av russisk opphav. EU er også invitert til å utforske legale metodar for konfiskering av frosne russiske verdiar og korleis dei kan brukast på gjenoppbygging av Ukraina.

Slovakia trappar ned våpenleveransane til Ukrainas

«Viss eit [slovakisk] selskap ønsker å produsere våpen og forsyne [Ukraina] med dei, så er det ingen som vil stoppe dei,» sa Slovakias statsminister Robert Fico. Samtidig kansellerte han den 14. hjelpepakken som det førre forsvarsdepartementet hadde arrangert, ein pakke som inkluderte leveransar av 7,62 mm og storkaliber ammunisjon for 125mm skytevåpen.

Polske lastebilsjåførar møter konkurranse frå ukrainske. 

Polske lastebilsjåførar har blokkert ukrainske grenseovergangar i protest mot konkurransen frå deira ukrainske motpartar. Sidan juni 2022 har ukrainarar hatt unntak frå regkravet om å ha eit internasjonalt sertifikat og å betale tollavgifter. Den nye polske regjeringa har indikert at dei ikkje har kompetanse på dette området, ettersom avtalen vart signert på overnasjonalt nivå, i EU, og at dei difor ikkje vil stille spørsmål ved det.

EUs utviding

Den 8. oktoberkunngjorde EU-kommisjonen opninga av forhandlingar med Ukraina og Moldova om medlemskap i EU (accession negotiations). Fram til no har det verka som at NATO-medlemskap var eit krav for EU-medlemskap. Men førre veke sa NATO nei til Ukraina.

Utanrikskomiteen til EU-parlamentet har vist interesse for ein utvidingsprosess, og organisert ei høyring der ungararen Olivér Várhely (Commissioner for Enlargement and European Neighborhood Policy) har uttalt seg om Albania, Bosnia Herzegovina, Kosovo, Moldova, Montenegro, Nord-Makedonia, Serbia, Tyrkia og Ukraine. Saka vedrører også Georgia, ein potensiell kandidat. 

Kyiv riv symbol for Ukrainas motstandskamp mot nazistane 

Styresmaktene i Kiev starta den 4. november arbeidet med å demontere den tre meter høge gylne stjerna på toppen av det 40 meter høge monumentet på Galitskaya-plassen (som fekk namnet Sigersplassen i 1952, eit namn dei fjerna tidlegare i år) som vart reist i 1982 til ære for byens innbyggarar sin heroiske kamp mot dei nazistiske okkupantane. 

Fjerninga av monumentet er det siste i ei lang rekke episodar med fjerning av spor etter Sovjetunionen – ofte erstatta med minnemerke over nazistiske landsmenn i staden.

(Kiev var ein av totalt 12 sovjetiske byar som fekk tittelen Helteby for sin ærerike kamp mot nazistane under Andre verdskrig.)

Krigen held fram i Syria

Den syriske arabiske republikken og Den russiske føderasjonen bombar framleis jihadist-område nord-vest i landet, medan Tyrkia bombar PKK-installasjonar i nord-aust. 65 barn er drepne på éin månad (samanlikna med nær 5000 i Gaza). Jihadistane er støtta av EU og administrert av tyrkarane, medan PKK er støtta av USA.

IS drap i veka som gjekk åtte syriske soldatar og 26 medlemmar av dei nasjonale forsvarsstyrkane i ørkenområdet al-Rasafa.

ISRAEL/PALESTINA

Bombinga held fram i Gaza. Sjukehus, universitet, moskear og bustadblokker er jevna med jorda av dei isralske styrkane. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har regisstrert 118 angrep på sjukehus i Gaza, som forårsaka 512 døde, 654 skadde. 36 ambulansar har blitt råka. 5000 barn er drepne i bomberegnet sidan 7. oktober. Noko naudhjelp er sleppt igjennom grensepassasjen i sør, men langt ifrå nok.

Italia sender sjukehusskip til Gaza 

Italias forsvarsminister Guido Crosetto har sagt at Italia vil sende eit sjukehusskip med 170 menn om bord til kysten av Gaza.

Internasjonal Humanitær konferanse for Gaza i Paris

Frankrike førebur ein internasjonal konferanse i Paris om den humanitære situasjonen i Gaza. Samtidig forhandlar dei med Egypt om utplassering av feltsjukehus for Gazas alvorleg skadde. Dei har allereie sendt helikopter-hangarskipet Tonnerre, og vil snart sende Dixmude og, som har førsteklasses kirurgiske fasilitetar. 

Den arabiske pressa peikar mistenksamt på at denne humanitære gesten kan maskere eit forsøk på å tvinge sjuke og skadde palestinarar til å forlate Gaza, og er eit forvarsel på ei total øydelegging av sjukehus.

Diverse

Statsminister Benjamin Netanyahu sa på ABCs World News Tonight at det ikkje kom på tale med våpenkvile eller humanitære pausar før alle gislane var sleppte fri.

Folk protesterer mot Israels folkemord over heile verda. Mange har blitt arresterte. I Israel er det forbode å støtte den palestinske frigjeringskampen. Menneskerettsgrupper som har protestert til Høgsterett i landet har fått avslag. Høgsterett avslo også ein protest mot isoleringa av palestinske kvarter (Kafr Aqab) i aust-Jerusalem, som i praksis er eit fengsel etter 5 på kvelden.

Demonstrantar i Washington rulla ut ei lang liste over namna på palestinarar drepne av israelske luftangrep i Gaza sidan 7. oktober.

Ei gruppe av for det meste franske frivillige organisasjonar har anmeldt Israel til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) for folkemord.

Tunisia forbyr kontakt med Israel. Det tunisiske parlamentet har vedtatt ei lov som kan idømme fengsel på mellom 6 og 12 år for “kommunikasjon, kontakt, propaganda, inngåing av kontraktar eller samarbeid, direkte eller indirekte, av individ eller juridiske einingar av tunisisk nasjonalitet med naturlege eller juridiske personar med tilknytning til den sionistiske eininga.” Tunisarar har også forbod mot å ha samrøre med “individ, institusjonar, organisasjonar, offentlege eller private einingar” som har band til Israel. 

Bladet til Algerie sine væpna styrkar, El Djeich Magazine, kallar på leiarplass det dei sionistiske okkupantane driv med for ein brutal folkemordskrig mot sivile palestinarar, særleg kvinner og barn, i brot mot all skikk og alle traktatar.

Tyrkia forsvarer den palestinske saka, kallar Hamas ei «motstandsrørsle» og fordømmer Israel for angrepa på Gaza-enklaven der det bur 2,4 millionar menneske.

Indiske muslimar organiserte eit møte i Bharat (India) under tittelen «Styrt Hindutvas bulldozer og sionistisk apartheid». Hamas’ politiske leiar, Khaled Meshaal, talte via video-konferanse om samhald for å slå sionismen og støtte Gaza. Statsminister Narendra Modi , derimot, ringde Netanyahu og sa at han kraftig fordømde terrorisme i alle sine former og manifestasjonar. Indias FN-delegasjon avstod frå å røyste for resolusjon A/ES-10/L.25 til støtte for dei sivile i Gaza. Modi-regjeringa har nett forbode alle pro-palestinske demonstrasjonar.

Sør-Afrika har kalla tilbake heile diplomatstaben sin i Tel Aviv, og førebur ein offisiell protest mot massakren på Gaza-folket.

Dronning Rania av Jordan sa i eit intervju med CNN at ho fordømde Vestens dobbeltmoral i møte med massakrane i Israel og Palestina.

Saudi-Arabia og Iran organiserte eit toppmøte i Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC). Dei seier OIC bør vurdere utviklinga i Palestina, sette stopp for krigsbrotsverka i Gaza og på Vestbanken, og sende naudhjelp til regionen.

Mange FN-organ har signert eit opprop for humanitær våpenkvile straks: Emergency Relief Coordinator and UnderSecretary-General for Humanitarian Affairs (OCHA), CARE International, International Council of Voluntary Agencies (ICVA), InterAction, International Organization for Migration (IOM), Mercy Corps, High Commissioner for Human Rights (OHCHR), Save the Children, Special Rapporteur on the Human Rights of Internally Displaced Persons (SR on HR of IDPs), United Nations Development Programme (UNDP), United Nations Population Fund (UNFPA), United Nations High Commissioner for Refugees (UNHCR), United Nations Human Settlement Programme (UN-Habitat), United Nations Children’s Fund (UNICEF), UN Women, World Food Programme (WFP), World Health Organization (WHO).

G7-landa sine utanriksministrar vart etter to dagar møte i Tokyo samde om at dei støtta «Israels rett til å forsvare seg» og behovet for «humanitære pausar» for å hjelpe Gazas sivile.

Israels president Isaac Herzog har sendt eit brev til 700 leiarar for akademiske institutt, universitet og college i USA og bede dei fordømme Hamas-angrepa den 7. oktober og stå i fronten for kampen mot anti-semittisme i sine institusjonar. USAs utdanningsminister Miguel Cardona har åtvara skular og college om at dei kan miste føderal økonomisk stønad dersom dei ikkje adresserer anti-semittisk og islamofob diskriminering. 

Tidlegare statsminister i Israel, Ehud Barack, har tatt til orde for å opprette ein FN-styrke av hovudsakleg arabiske land til å administrere Gazastripa.

Israels heritage minister, Amichai Eliyahu, sa på Radio Kol Berama at Israel vurderer bruk av atomvåpen i Gaza. Han kalla innbyggarane der for monster og nazistar og hevda at det ikkje finst ikkje-stridande der og at dei ikkje fortente naudhjelp. Statsministeren kontor nektar for at dette er den israelske linja, og Eliyahu er suspendert frå kabinettmøte inntil vidare. Israel har aldri offisielt innrømt at dei eig atomvåpen. Dei har omlag 80. Russland har bede om at det må sendast inn IAEA-inspektørar.

Utval frå nyheitsbrevet Voltaire, International Newsletter – N°60 – 10 November 2023, omsett av Monica Sortland

Litt er lagt til (frå Telegram-informasjon), men mykje er utelatt. Viss du vil lese heile nyheitsbrevet, kan du kontakte redaktøren her: thierry.meyssan@voltairenet.org (Thierry Meyssan, SASU with a capital of 1000 euros, ACA, 23 rue Antigna, 45000 Orléans, France. Director of publication : Thierry Meyssan, thierry.meyssan@voltairenet.org Yearly subscription : 150 euros Monthly subscription : 15 euros Sale price per issue : 5 euros)

Forsidebilde Brett Jordan



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 857 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Klima er kun påskuddet

Verdigrabbing i lånte klær

Previous Post

Det er ingen tragedie at Nato taper i Ukraina.

Tragedien er at krigen ble iverksatt av Nato.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.