Voltairenet.org sender nå ut et nyhetsbrev en gang for uken med kort-nyheter om begivenheter rundt i verden. Mange av oppslagene finner vi ikke i de store mediene og Voltairenet.org sin vinkling er som regel enn en helt annen enn det vi får presentert i våre egne «sannhets-ministerier». Her vil vi publisere deler av nyhetsbrevet fra sist fredag omsatt til norsk. Vi har allerede presentert kortnyheter fra Europa. Dette er fra resten av verden.
Knut Lindtner
Redaktør
International Newsletter N°26 – 3. februar 2023
ASIA
Israel/Palestina-eskalering
Israelske og palestinske angrep følger kvarandre og aukar for kvar gong. Israelske troppar drap ni palestinarar i eit raid i Jenin og ein annan person i ein samanstøyt i Ramallah. Hamas skaut fem rakettar inn i Israel. Berre ein av dei nådde fram og råka Israel i eit ope område. Statsminister Benjamin Netanyahu sa Israel ikkje prøvde å eskalere situasjonen, men han hadde gitt sikkerheitsstyrkar ordre om å vere på vakt.
Benjamin Netanyahu vil distribuere våpen til israelske jødiske sivilistar
Statsminister Benjamin Netanyahu fortalde eit kabinettmøte den 29. januar at regjeringa jobba med å ekspandere og akselerere utstading av våpenlisensar til tusentals israelske innbyggarar etter angrepa i Jerusalem som drap sju menneske.
Det arabiske partiet Hadash-Ta’al meinte dette var «ei uansvarleg avgjerd som vil føre til blodutgytingar og ein auke i tilfelle av vald og mord,» og la til at sjølv om partiet fordømmer drap på sivile på begge sider, så er det slik at «okkupasjonen er valdskjelda som må stoppast.»
Kven står bak Benjamin Netanyahu sin politikk?

Ifølge avisa Ha’aretz, set religiøse Zionistar sin lit til to tankesmier: Kohelet Policy Forum og Law and Liberty Forum. Sistnemnde vart designa for å importere til Israel den same revolusjonen som vart fullført i USA etter angrepa den 11. september 2001. Denne tankesmia er inspirert av Federalist Society, dei som på førehand hadde laga utkastet til USA Patriot Act. Dei er finansierte av Tikvah Fund, som grunnla dei og som er leidd av den israelsk-amerikanske neo-konservative Elliott Abrams (kjend for si rolle i Iran/Contras-affæren og mange kupp i Latin-Amerika). Ifølge Haaretz er dei libertarianske milliardærane Jeffrey Yass og Arthur Dantchik (grunnleggarar av Susquehanna International Group) donorar til Kohelet Policy Forum og samtidig til Shalom Hartman Institute, som har ultra-konservative jødiske skular.
OPCW anklagar Syria for bruk av kjemiske våpen i 2018
Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) har sleppt sin rapport om 2018-angrepet i Douma, Syria. Rapporten seier «det er rimeleg grunn til å tru» at «Tiger-styrkane» droppa to gule sylindrar som inneheldt klorin frå eit helikopter, og tok livet av 43 menneske. Den nemner at russiske styrkar var til stades på flybasen som helikopteret letta frå.
Wikileaks publiserte interne OPCW-epostar som viste at dei motstridande synspunkta til eksperten Ian Henderson hadde blitt fjerna frå tidlege rapportar. Desse e-postane, som byråets direktør først nekta for at eksisterte, vart seinare validerte av den tidlegare direktøren, den brasilianske ambassadøren José Bustani. Dette falskneriet skal ha blitt beordra av stabssjefen til generaldirektøren for organisasjonen, franskmannen Sébastien Braha.
Syria og Russland har gjentatte gongar respondert på skuldingane mot dei, og dei har til og med arrangert ei høyring i Haag med 17 augevitne. Frankrike organiserte då eit tillegg til OPCW-statuttane.
Regimeendring i Turkmenistan

Turkmenistan har endra rolla til sitt overhus, Folkets råd (Halk Maslahaty). Tidlegare president for republikken og «Folkets forsvarar» Saparmyrat Nyýazow vart president og mottok tittelen «Nasjonal leiar». Han vil kunne ta alle avgjerder. Han og familien hans vil vere immune mot rettsforfølging. Berre når helsa hans ein gong ikkje tillet han å utføre pliktene sine lenger, vil den noverande presidenten for republikken erstatte han. Og den presidenten er ingen annan enn sonen hans, Serdar Berdimuhamedow.
Narkoproduksjon i Myanmar
Ifølge FNs Office on Drugs and Crime, har narkoproduksjonen i Myanmar auka med 33% sidan Aung San Suu Kyi vart styrta. Myanmar er verdas nest største produsent av opium og heroin, langt bak Afghanistan.
NATO engagerer Sør-Korea mot Russland
NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg var på offisielt besøk i Sør-Korea, der han møtte utanriksminister Park Jin, Forsvarsminister Lee Jong-sup og president Yoon Suk Yeol. I ein tale ved Chey Institute for Advanced Studies i Seoul, takka han Sør-Korea for deira stadige støtte med ikkje-dødeleg hjelp (medisinsk utstyr, skotsikre vestar og matrasjonar) til Ukraina, men pressa dei på å gi meir på grunn av eit «tvingande» behov for ammunisjon.

I ein overraskande avtale i august, gjekk Seoul med på å levere ei massiv forsyning av NATO-standard-våpen til Warszawa: 980 K2 main battle tanks, 648 K9 155mm self-propelled howitzers og 48 FA-50 kampjetfly. I oktober la dei til 288 K239 Chunmoo multi-launch rakettsystem (noko liknande USA sine HIMARS). Til samanlikning hadde dei britiske, tyske og franske arméane totalt berre 715 tanks. Sør-Korea er no i klubben for verdsleiande militærleverandørar.
AMERIKA
Federation of American Scientists er ikkje det dei ein gong var
Styret for Federation of American Scientists (FAS, Føderasjonen av amerikanske vitskapsfolk), den distingverte US-amerikanske, pasifistiske organisasjonen, har plassert visaren på klokka si på 90 sekund før atomkrig. I nyheitsbrevet sitt fordømmer dei Russland, Kina, Iran og Nord-Korea. I vår utgåve N°22 gjorde vi merksame på at det prestisjetunge FAS, ifølge Politico, har kome under kontrollen til Eric Schmitt (Alphabet/Google) og har plassert sine tilsette i administrasjonsapparatet i USA, inkludert i Det kvite hus.
Å sette stopp for bensinbilar i USA betyr stor global miljø-øydelegging
USAs overgang til litium-batteri-drivne elektriske køyretøy innan 2050, vil kreve tre gongar meir litium enn heile dagens produksjon, globalt. Det vil gjere vondt verre for gruvedriftsrelaterte miljømessige og sosiale ulikskapar, seier the Guardian.
Hunter Biden krev at Rudolph Giuliani og Steve Bannon skal stillast for retten for invasjon av privatlivet hans
Sonen til president Joe Biden, Hunter Biden, krev føderal rettsforfølging av alle dei som publiserte og vidareformidla privat informasjon som låg på datamaskina hans som vart kverrsett av FBI. Kongressen førebur å starte ei parlamentarisk gransking av det oppsiktsvekkande innhaldet på datamaskina, og ein kopi har blitt sendt til kvar einaste medlem av det føderale parlamentet.
Pentagon gjennomfører vellykka testar med små hypersoniske missil
Pentagon håpar å hente inn Russlands teknologiske forsprang. Dei har nett testa eit lite hypersonisk missil kalla HAWC, som kan stige til 60 000 fot og fly med 7 gongar lydens fart. Russland og Kina har allereie hypersoniske missil som kan gå ut av atmosfæren og inn att etter å ha floge svært lange distansar utan å ha blitt sakka ned av luftfriksjon.

Mexico vil ikkje sende våpen til Ukraina
Mexicos president Andrés Manuel López Obrador har sagt at landet hans ikkje vil sende våpen til Ukraina. Under ein pressekonferanse han heldt, kritiserte han det tyske demokratiet. Han meinte Tysklands regjering på dette punktet hadde kapitulert for massemedia, mot viljen til det tyske folket.
Kven gjorde statskupp i Peru?
Perus parlament tar enno å skrive ut nyval, trass i at allereie 57 menneske har døydd under protestane. Pedro Castillo, som vart fjerna frå stillinga som republikkens president, sit framleis i arresten, og massemedia i Vestens er overtydde om at han dreiv og førebudde eit statskupp. Dei skjøner ikkje at det var arrestasjonen av presidenten som var statskuppet. Dei greier heller ikkje forklare dei store folkedemonstrasjonane.
Colombia vil ikkje sende våpen til Ukraina
President Gustavo Petro avslo USAs førespørsel om å sende Ukraina dei russiske våpena som Colombia eig. Han sa: «Ingen av dei russiske våpena Colombia har kjøpt vil bli brukte i konflikten i Ukraina.»
Jair Bolsonaro blir i USA
Brasils eks-president Jair Bolsonaro har levert inn søknad om å få bli i USA i seks månadar til. Han blir no etterforska i landet sitt for rolla han spelte i opptøyane som tilhengarane hans gjorde mot Kongressen, Høgsterett og president-palasset.
Brasil vil ikkje sende våpen til Ukraina
Brasils president Luiz Ignacio “Lula” da Silva, som førre veke fordømde «den russiske invasjonen» av Ukraina, nekta å sende våpen til Ukraina. Han har bede om streng nøytralitet, ei innstilling som forgjengaren hans óg uttrykte.
Argentina vil ikkje sende våpen til Ukraina
«Argentina og Latin-Amerika tenker ikkje sende våpen til Ukraina eller andre konfliktområde,» sa Argentinas president Alberto Fernández.
AFRIKA
Forlik mellom Sudan og Etiopia
Ethiopias statsminister Abiy Ahmed besøkte Sudan, der han vart mottatt av leiaren for Suverenitetsrådet, Abdel Fattah alBurhan. Dei to mennene løyste disputten dei hadde hatt om Great Renaissance-demningen.

M23 tar Kitchanga i Kongo
M23-gruppa tok kontroll aver byen Kitchanga (med 60 000 innbyggarar) i Den demokratiske folkerepublikken Kongo, etter fleire månadar med forsøk på det. Dei hevdar dei intervenerte for å hindre eit «folkemord» på tutsiane. FN-misjonen fordømde M23-angrepet. Rwanda har nekta for å vere involvert. USA og EU åtvara førre månad Rwanda mot å støtte M23.
Rwanda skyt ned kongolesisk fly
Rwandas regjering seier dei har skote ned eit Sukhoi-fly frå DR Kongo som skal ha brote inn i luftrommet deira. DRK seier flyet var innanfor Kongos grenser. Rwanda støttar tutsi-rebellane i M23.
OSEANIA
Protest mot Australian Day
Aboriginske australarar gjekk kraftig ut mot Austalias dag i år. Denne nasjonale høgtidsdagen er den 26. januar, og feirar årsdagen for proklamasjonen av britisk suverenitet på aust-kysten av det som den gong var New Holland. Mange venstre-organisasjonar har og fordømt denne «Invasjonsdagen». Aboriginske australarar har særleg lide under kolonialismen.
Statsminister Anthony Albanese æra dei tradisjonelle landeigarane og annonserte ei folkrøysting om å opprette eit rådgivande råd, «One Voice» (éi røyst), som skal representere aboriginarane og folket på øygruppa Torres Strait i parliamentet.
Forsidebilde: Lexica.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 827 ganger.