Det vestlege økonomiske systemet syng på siste vers
av Thierry Meyssan
Vareproduksjon er ikkje lenger eit eksistensgrunnlag for Vesten, medan Kina har blitt «verdas verkstad». Berre dei som eig kapital tener pengar, og mykje av det. Systemet er i ferd med å kollapse. Kan storkapitalistane i fellesskap framleis redde formuane sine?
VOLTAIRE NETWORK | 19 OKTOBER 2021



Allereie på 1700-talet stilte den gryande kapitalismens britiske økonomar, rundt David Ricardo, spørsmål ved berekrafta til dette systemet. Det som til å byrje med var svært profitabelt, skulle etterkvart bli heilt vanleg og slutte å gjere eigaren rik. Forbruk kunne ikkje evig rettferdiggjere masseproduksjon. Seinare føresa sosialistane, rundt Karl Marx [1], det kapitalistiske systemet sin uunngåelege ende.
Dette systemet skulle ha døydd i 1929, så det overraska alle at det overlevde. Vi nærmar oss no ein liknande situasjon: produksjon løner seg ikkje lenger, det er berre finansøkonomien som tener pengar. Over heile Vesten ser vi at levestandarden til folkemassane synk, samstundes som rikdommen til nokre få individ skyt kraftig i veret. Igjen truar systemet med å kollapse og aldri meir reise seg. Kan super-kapitalistane framleis redde formuane sine, eller vil det kome ei tilfeldig omfordeling av rikdommen etter ein omfattande konfrontasjon?



KRISA I 1929 OG KAPITALISMEN SI OVERLEVING
Då krisa råka USA i 1929, var heile den vestlege eliten overtydde om at gåsa som hadde lagt gullegget var daud; at dei straks laut finne eit nytt system, om ikkje menneskeslekta skulle gå under av svolt. Det er særleg lærerikt å lese US-amerikanske og europeiske aviser frå den tida, for å skjøne den angsten som greip Vesten. Gigantiske formuar forsvann på ein dag. Millionar av arbeidarar var arbeidslause, og opplevde ikkje berre elende, men også ofte svolt. Folket gjorde opprør. Politiet skaut med skarpt mot dei sinte folkemassane. Ingen trudde at kapitalismen kunne endre seg og gjenoppstå. To nye modellar vart lanserte: stalinisme og fascisme.
I motsetning til det bildet vi sit att med eit hundreår seinare, var på den tida alle klare over manglane ved desse ideologiane, men det største – livsviktige – spørsmålet, var kven som best var i stand til å brødfø folket. Det fanst ikkje lenger noko høgre eller venstre, berre ei generell redde-seg-den-som-kan-stemning. Benito Mussolini, som hadde vore redaktør for Italias fremste sosialistiske avis før Første verdskrig, og deretter agent for det britiske MI5 under krigen, vart leiar for fascismen, den gong sett på som den ideologien som kunne skaffe arbeidarane brød på bordet. Josef Stalin, som hadde vore bolsjevik under den russiske revolusjonen, gjorde seg av med nesten alle delegatane for partiet sitt, og fekk sett inn nye som skulle bygge opp SSSR, som den gong vart sett på som kroppsleggjeringa av modernitet.
Ingen av desse leiarane greidde å realisere modellane sine: til sist må økonomane alltid vike for dei militære. Våpen har alltid siste ord. Så kom då Andre verdkrig, sigeren til SSSR og anglo-saksarane på den eine sida og nederlaget til fascismen på den andre. Det skulle vise seg at berre USA ikkje vart øydelagt av krigen, og president Franklin Roosevelt gav kapitalismen, gjennom organisering av banksektoren, ein ny sjanse. USA gjenoppbygde Europa utan å knuse arbeidarklassen, av frykt for at dei skulle vende seg til SSSR.



KRISA ETTER AT SSSR FORSVANN
Men då SSSR forsvann på slutten av 1991, fann kapitalismen, som hadde mista rivalen sin, tilbake til sine gamle demonar. På berre få år byrja dei same årsakene å gi dei same verknadane, produksjonen gjekk ned i USA og jobbane vart flytta til Kina. Middelklassen starta på sin langsame nedgang. Kapitaleigarar i USA kjende seg trua. Dei prøvde fleire ulike tilnærmingar for å redde landet sitt og oppretthalde systemet.
Den første var å gjere USA sin økonomi om til ein våpeneksportør og bruke USA sine væpna styrkar til å kontrollere råstoff og energikjelder i den ikkje-globaliserte delen av planeten, for bruk i resten av verda. Det var dette prosjektet, tilpassinga til finanskapitalismen, Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen [2], som fekk USAs djupstat til å organisere 9/11-angrepa og den endelause krigen i det større Midtausten. Denne episoden gav kapitalismen eit pusterom på tjue år, men konsekvensane for middelklassen i USA var katastrofale.
Den andre tilnærminga var Donald Trump sitt forsøk på å bremse den internasjonale handelen og returnere produksjonen til USA. Men han hadde erklært krig mot 9/11-mennene, og ingen ville la han prøve å redde USA.
Ei tredje tilnærming vart vurdert. Den skulle handle om å la folket i Vesten gå under, og flytte dei få multimilliardærane til ein robotstat der dei utan frykt kunne sitte og dirigere sine investeringar. Dette er Neom-prosjektet som prins Mohamad bin Salman starta å bygge i den saudiske ørkenen med NATO si velsigning. Etter ein periode med intens aktivitet, har no arbeidet stagnert.
Donald Rumsfeld sitt tidlegare team (inkludert dr. Richard Hatchett [3] og dr. Antony Fauci [4]) bestemde seg for å lansere eit fjerde alternativ under CoViD-pandemien. Ideen var å føre vidare og generalisere i i-landa det som vart starta i 2001. Den massive innesperringa av sunne, friske folk har påført statar gjeld. Bruken av telearbeid har førebudd flytting av titals millionar arbeidsplassar. Helsepass har legalisert eit samfunn med masseovervaking.



KLAUS SCHWAB OG THE GREAT RESET
I denne samanhengen publiserte presidenten for Verdsøkonomisk forum i Davos, Klaus Schwab, Covid-19: The Great Reset (den store nullstillinga). Det er ikkje eit program, men ein analyse av situasjonen og ein spådom om moglege utviklingsforløp. Denne boka vart skriven for medlemmane av Forumet, og gir ein ide om deira miserable intellektuelle nivå. Forfattaren brukar klisjear, siterer tilfeldig frå store forfattarar og dei absurde tala til Neil Ferguson (Imperial College) [5].
På 1970- og 1980-talet var Klaus Schwab ein av direktørane i Escher-Wyss (absorbert av Sulzer AG), som spelte ei viktig rolle i atomforskingsprogrammet til apartheid-Sør-Afrika, eit bidrag som var eit brot på FNs Tryggingsråds resolusjon 418. Så han eig ikkje moral og fryktar ingenting. Seinare danna han ein sirkel av forretningsleiarar som vart Verdsøkonomisk forum. Dette namneskiftet vart gjort med hjelp frå Center for International Private Enterprise (CIPE); forretningsgreina til National Endowment for Democracy (NED/CIA). Det var av denne grunn at han i 2016 vart registrert som internasjonal embetsmann i Bilderberg-gruppa (Nato sitt påverknadsorgan), noko han offisielt aldri var.
I boka si førebur Klaus Schwab publikummet sitt på eit Orwellsk samfunn. Han førestiller seg alt mogleg, til og med at 40% av verdas befolkning skal døy av Covid-19. Han kjem ikkje med konkrete forslag og ser ikkje ut til å føretrekke noko alternativ. Vi skjøner berre at han og publikummet hans ikkje vil bestemme noko, men er villige til å akseptere kva løysing som helst som gjer at dei kan behalde privilegia sine.
KONKLUSJON
Vi står heilt klart på terskelen til ei enorm omveltning som vil feie bort alle vestlege institusjonar. Denne katastrofen kan unngåast på ein enkel måte, ved å endre på fordelinga av profitt mellom arbeid og kapital. Men denne løysinga er usannsynleg, fordi den ville bety slutten for superformuane.
Med desse fakta i bakhovudet, er rivaliseringa mellom vest og aust berre overflatisk. Ikkje berre fordi asiatar ikkje tenker konkurranse, men hovudsakleg fordi dei ser at Vesten døyr.
Det er derfor Russland og Kina sakte bygger si verd, utan von om å integrere Vesten, som dei ser på som eit såra rovdyr. Dei ønsker ikkje å konfrontere det, men roe det ned, gi det palliativ omsorg og følge det utan å tvinge det til å ta livet av seg.
[1] Zur Kritik der politischen Ökonomie, Karl Marx, Franz Duncker Verlag (1859). [2] “The Rumsfeld/Cebrowski doctrine”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 May 2021. [3] “Covid-19 and The Red Dawn Emails”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 28 April 2020. [4] “Covid-19: noose is tightening around Doctor Anthony Fauci”, Voltaire Network, 7 October 2021. [5] “Covid-19: Neil Ferguson, the Liberal Lyssenko”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 20 April 2020.Omsett av
Monica Sortland
Forsidebilde: Simon Berger
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 113 ganger.
6 kommentarer. Leave new
Jeg kjenner ikke de politiske teoriene, men er enig i at vi har fått en syk, syk verden.
Er det noen løsning på galskapen? Neppe. Med de enorme midlene som brukes til å korrumpere, med den stålkontroll noen har over media og meninger, og med den totale uvitenheten dagens unge mennesker utviser ikke minst om den manipulasjon de selv utsettes for, er det ikke håp. Det handler ikke om klima. Det handler om verdier, om etikk.
Vi har gitt all makt til noen kjeltringer med slips. De kommer ikke til å gi den fra seg igjen.
Reidar Kaarbø, forfatter av boken «20 år etter 11. september 2001» på hvamenerpartiene dot com
Privatkapitalismens lekestue er ikke så farlig. Det er statskapitalismens øverdøvende helvete vi skal passe oss for.
Der nasjonens ledere ikke ser forskjell på penger/tall og nasjonens virkelige gull, arbeidskreftene. Er det arbeidskrefter i en nasjon, kompetente nok til nasjonens behov for egen oppbygging/utvikling, kan nasjonen sakte, sikkert og forutsigbart, bygge den velstand innbyggerne ønsker. Der veien er like viktig som målet.
Men da må lederne ikke selge landets resurser for sølvpenger, og holde nasjonen gjeldfri i forhold til høkerne/pengevekslerene som alltid prøver å forgjelde nasjoner og ta kontrollen ved hjelp av rentene.
Penger er et utmerket byttemiddel for en nasjons innbyggere under arbeidsdelingen, hvis nasjonen styrer pengeverdier og renter sjøl. Da vil nasjonen aldri få «dårlige tider» som setter utviklingen på vent.
Det er når man, både ledere og innbyggere, ikke ser forskjell på fiktiver/penger og virkelige verdier, det roter seg til. DETTE er kapitalisme, i negativ forstand.
Da begynner et kappløp etter penger i stedet for virkelige verdier, og en alles kamp mot alle. Da kan en nasjon ha materiell nød selv om den har nok av ideer, arbeidslyst og arbeidskrefter.
Men/og om vi kaster alt av penger, sølv & metallgull på havet har nasjonen fortsatt alle skapte og naturgitte verdier igjen på land. Sammen med arbeidskreftene som kan fortsette å skape verdier.
Stor-kapitalister, det være seg både innenfor og utenfor nasjonens grenser, sitter uten politisk makt over nasjonen, hvis ledere, – og innbyggere, ser forskjell på fiktiver og virkelige verdier.
Ja det var guttungen som det gikk så gale med — Jens Stoltenberg sørget for å fordoble Norges utenlandsgjeld under finanskrisen 2008-9. Med tanke på at han lissom skal ha utdannelse i sosialøkonomi ser det veldig stygt ut. Hvordan kan man tro at å låne penger utenifra kan være noe bedre enn å øse utifra oljefondet?
Vi betaler ikke noe særlig ned på lånet, men vi betaler på rentene. Sist jeg så tallet var det på størrelse til hele Politivesenet.
Ja, og det er det samme bakmennene, IMF eller hvem det nå er som styrer det hele ww., prøver å få i stand under denne «pandemien». Som de har gjort/prøvd å gjøre under andre konstruerte kriger & kriser.
– Låne nasjoner penger/valuta. Til nasjoner som ikke skjønner at en nasjon må skape sin velstand sjøl, med egne arbeidskrefter. En nasjons innbyggere har valuta i seg sjøl.
Varebytte kan selvfølgelig være nyttig, der en nasjons naturgitte forutsetninger kan hjelpe til å produsere varer som kan byttes mot en annen nasjons arbeid etter deres gode forutsetninger. I vennskapelighet. – OG uten noen overnasjonal mafia- styring. Om varebytte skjer med penger, kalorier, vekten eller andre måleenheter betyr lite. Men til begge nasjoners positive utbytte.
Hva trenger en nasjon låne penger og forgjelde seg for? For å bli svinebundet til noen bakmenn og deres dansende renter og miste det meste av sin frihet til velge egen politikk?
Det er alltid arbeidskrefter, arbeidslyst og ideer som lager velstand i en nasjon. Dette er en nasjons gull.
Thierry Meissan tøver voldsomt med sin dramatiske kollaps av det kapitalistiske projekt. Det har vært dødsdømt, forhatt og kritisert siden det begynte, men det tjener – ikke folket, men dem som har lagd det. Og er derfor tilfredstillende og fornøyelig, for dem som styrer ved å pense penger i bakgrunnen.
Og dem sitter klare, bevæpnet til tenna, med all overvåknings teknologi, servilitetstrening av politikere og folk, og ett politi utstyrt med krigsredskaper.
Til og med Klassekampen hadde en overskrift som sa, Hvis alle media er venstrevridde, hvorfor er all politikk høyrevridd?
Det er langt igjen til noen utvikling som peker i riktig retning. Vi ser hvor langt det er til å kunne reversere implementerte Eu direktiv, og f.eks renasjonalisering av Kraftverket.
Men at nye nedganger og depresjon skal utløse noe krafttak fra folk er også å håpe på for mye. USA har de siste 10 år hatt voldsomme mengder med hjemløse, som har totalt forandret bybildet mange steder. Dette er visst helt greit, ettersom msm ikke bryr seg noe med det, og heller ikke de alternative, men det kan sees i farger på YT. Så hvorfor skulle nordmenn begynne å bry seg om kapitalismen viser fram sine fule sider?
Klassekampen har blitt så høyrevridd og stuerein at det er motbydelig.