POSTED IN USA

Det ser mørkt ut.

Finnes det håp for USA?

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Paul Craig Roberts: Kan amerikanarar ha håp?

Biden er for gammal, senil og korrupt til å bli gjenvalt som president. Er dermed Trump verkeleg den som skal redde USA frå herskareliten og gjenopprette nasjonen til sin tidlegare glans? Eller har eliten berre tenkt å late han halde på, sidan dei jo i førarsetet likevel? Blir Trump for populær, kan dei jo berre ta han av dage, slik dei gjorde med blant andre John F. Kennedy.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

«Dersom du ikkje støttar sanninga, vil der ikkje vere noka sanning.» Slik byrjar Paul Craig Roberts artikkelen sin som vart publisert på nettstaden hans 10.mars 2024. Han skriv vidare (mi omsetjing):

«Eg mistenkjer at enkelte av lesarane mine blir slitne ut av den stadige nektinga frå våre leiarar og manipulatorar om å erkjenne noka sanning. Sjølv blir eg sliten ut. Tucker Carlson sitt intervju med Steve Kirsch avslører at det er umogleg i den medisinske verda å seie sanninga. Topplegane og vitskapsfolka som forskar på medisin kan ikkje seie sanninga om covid-mRNA-‘vaksinen’ og barnevaksinasjon utan å misse jobbane sine og bli ein ikkje-person.

Det dette tydar er at den medisinske profesjonen blir tvinga til å beskytte profitten til Big Pharma og ryktet til dr. Fauci, NIH, CDC, FDA og WHO på kostnad av menneskeliv og -helse. Dei presstituerte [samansetjing av «presse» og «prostituert»; oms.an.] stiller seg på linje med dei som dikterer forteljinga.

Filmar slik som The Matrix og V for Vendetta er ikkje fantasifilmar. Dei er nøyaktige reportasjar om vår tid.

Er en film hvor hovedpersonen utsatt for manipulasjon. Det han antar er virkeligheten en kunstig frembragt tilværelse. Hjernen og kroppen blir manipulert av signalene til en svært avansert datamaskin kalt the Matrix.

Snart må vi ta ein dag fri og feire kattane våre, dyrevennene våre, konene og ektemennene våre, barn, foreldre, menneskevenner. Der er framleis mykje der for oss. Kanskje ei samling av historier kan tene til å vise kva som står på spel for oss alle i det ‘vår’ regjering jagar oss inn i tyranni.

Men lat oss i denne omgang ta ein titt på året framfor oss. Eg [Roberts] har allereie skrive at 2024 sannsynlegvis kjem til å bli eit avgjerande år for den vestlege verda. To krigar går føre seg der Vesten står på feil side. Like viktig er dette året sitt presidentval.

Det er fullstendig openbert at Trump er favoritten. Det korrupte republikanske etablissementet var ikkje i stand til å finne nokon som veljarane ville akseptere som utfordrar til Trump om nominasjonen. Trump er rett og slett valet til folket.

Trass dette faktum, og hugs at USA visstnok er eit demokrati som er gjenstand for viljen til folket, er vi vitne til at Demokrat-delstats-høgsterettsdommarar bestemmer at Trump er ein ‘opprørar’ og blir forboden å stå på røysesetelen. Vi ser Demokrat-utanriksministrar og delstats-generaladvokatar og Demokrat-by og fylke-påtalestyresmakter bruke lova som eit våpen for å halde Trump vekke frå røystesetelen og halde han bunden opp i straffe- og sivilrettslege saker. Demokratane bruker lova som våpen fordi dei veit at Trump kjem til å vinne valet.

Kor mykje handfast bevis treng ein for å etablere at Demokratar ikkje trur på demokrati? Eller rettferd? Eller ei ansvarleggjort regjering? Det trur heller ikkje media på. Det dei trur på er makt.

Dei siste to nasjonale vala var tydeleg rigga. Vi veit det utan å måtte liste opp det enorme dokumenterte beviset på valtjuveri. Same minutt som desse usannsynlege resultata vart formidla, las amerikanske media alle som éin frå det same manuset før noka etterforsking om at ‘der var ikkje noko valtjuveri’. Korleis visste media? Horene hadde ikkje ein gong sett på bevismaterialet.

Problemet vi står overfor er: Der er inga som helst moglegheit for at Biden skal bli gjenvalt. Tosken stilte seg på same side som Israel i folkemordet på det palestinske folket. Tosken har tapt krigen i Ukraina som saug til seg eit utal milliardar amerikanske pengar. Tosken har brote embetseiden sin og har ikkje berre tillate, men i sine fire år aktivt delteke i å få ein invasjon av eit tal som tilsvarer 48 byar på storleik med Pittsburgh av innvandrarar inn i landet. Tosken skriv over til eit internasjonalt byråkrati, WHO, lagnaden til vår helseomsorg, som frå og med mai i år vil vere utanfor vår kontroll.

Eg kan halde fram, men korleis kan ein kandidat skildra av sitt eige Justisdepartement som for inkompetent til å stå tiltala i rette for ulovleg oppbevaring av hemmelegstempla dokument, vere nok kompetent til å vere presidenten i USA og halde i sine inkompetente nevar, som hans eige Justisdepartement har bestemt, atomkofferten?

Korleis kan Demokratane stille ein kandidat som president som har blitt bestemt som inkompetent av si eiga regjering?

Joe Biden kunne i stilles for retten fordi han var for mentalt svekket.

Korleis kan det ha seg at delstatsdommarar, generaladvokatar og utanriksministrar ulovleg bestemmer at Trump ikkje kan stå på Dromkrat-røystesetlane fordi han er ein ‘opprørar’? Trump har ikkje blitt dømt som ein opprørar. Kvifor trur desse stokk dumme Demokratane at det dei trur er det same som ein dom?

I tillegg utpeiker det 14.tillegget [i den amerikanske grunnlova] den avgjerda til den amerikanske Kongressen, ikkje til delstatsdommarar, generaladvokatar og utanriksministrar. Er Demokratane so ufatteleg dumme og inkompetente at dei ikkje forstår grunnleggjande lov, og ikkje kan forstå at dei bruker ei fullmakt dei ikkje har? Ja, eg trur det er tilfellet. I fleire tiår har Demokratar drive og utpeikt juridisk analfabete til domstolar, vel vetandeom at den einaste måten Demokratane kan oppnå ein eittparti-tyrannistat er å bruke dumme menneske til å bruke lova som våpen.

I og med at spørjeundersøkingar viser at 90% av veljarane ser på Biden som for gammal eller for svekt til å tene som president, kvifor stiller Demokratane han som kandidat? Er det fordi dei ikkje har nokon andre? Eller er det fordi Demokratane har ein plan om å skubbe Trump ut på sidelinja og nøytralisere han?

Biden har ikkje-eksisterande sjansar for å vinne. Dette gjer det umogleg for Demokratane å stele det tredje nasjonale valet på rad. For å stele eit val må røystetalet liggje temmeleg nær kvarandre. Elles vil det ikkje bli truverdig. Kanskje har Demokratane ein plan for å felle Trump?

Tidlegare har eg antyda at Demokratane vil få Biden til å trekkje seg på grunn av medisinske årsaker. Kamala blir dermed president. Ho vil bli instruert til å velje Hillary som sin visepresident, før ho sjølv deretter går av. Dette kjem til å gje Hillary og maskina hennar makta før valet. So kjem grensekonflikten mellom Washington og Texas til å bli oppheta. Ein vil snakke om borgarkrig, og den faren vil bli brukt av Hillary til å erklærte krigslover for å slå ned opprøret og avlyse valet.

So mykje meining som dette enn måtte gje for Demokratane, er der lite bevis for at dei er på veg i den retninga. So korleis har dei tenkt å halde Trump ute av embetet?

Sidan Trump har erklært krig mot den amerikanske herskareliten, er dei bestemte på å halde han vekke frå makta. Har Trump blitt re-utdanna slik at han ikkje lenger ønskjer normale relasjonar med Russland? Vi veit at han er i lomma på Israel, som er ei stor gåve for kontrollen som etablissementet har over Trump. Spørsmålet framfor oss er: vil Trump reinvaske seg via gjenval meir enn han ønskjer å styrte eliten og gje staten tilbake til folket slik demokrati krev?

Dersom han ikkje har inngått ein avtale med eliten, kvifor skulle dei late han, sin fiende, vere på Det ovale kontoret?

Er dette løsningen for «The deep state» hvis en ikke klarer å stanse Trump?

Kan det vere at eliten veit kor mykje mektigare dei er samanlikna med ein som berre er president i USA? Når det kjem til spørsmålet, kva kan Trump gjere? Dersom han er i stand til å forstå situasjonen og til å identifisere folk som er i stand til og viljuge til å hjelpe han ta makta frå herskareliten og gjenopprette makta til folket, har han framleis det problemet å få eit kjøpt og betalt amerikansk Senat til å godkjenne avtalane hans. Hugs at utnemninga Trump gjorde av general Flynn varte to veker.

Mi oppdaterte meining er at elitane kan late Trump ta presidentembetet fordi dei veit at dei kan hindre han i å oppnå det som dei som valde han ønskjer, og dermed demoralisere dei amerikanske borgarane som hadde håp om at ein leiar skulle gjenopprette og revitalisere nasjonen. Dei veit at dei kan orkestrere ein økonomisk katastrofe som kjem til å øydeleggje presidentskapen til Trump og halde Republikanarane ute av embetet i mange år.

Dersom alt anna mislykkast, er kulene som øydela JFK og RFK tilgjengelege. Der finst ingen tvil om at det korrupte amerikanske media vil leggje skulda for attentatet på Trump på ‘ein einsleg skyttar’.»

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • Iflg. flere ulike amerikanere er det vi er vitne til et show. Trump er fortsatt CIC(comander in chief). Biden døde før han ble «valgt»! og erstattet med en stand in. (se på bilder av Biden før og etter valget). Ideen bak showet er å vise/vekke folket og å «røyke ut» fienden. Forøvrig er jeg på linje med deg Paul, at Matrix er en dokumentar. Hele trilogien er pensum.

    Svar
  • «Når rettsstaten ikke lenger fungerer, gir ikke selve grunnlaget for enhver sivilisasjon mening.»
    Martin Armstrong

    Det skjer nå også i Norge at rettsvesenet opptrer utilsløret korrupt: økokrim etterforsker ikke Erna; Fosen-nei i Høyesterett overkjøres; Huitfeldt forfremmes til USA-ambassadør, ustraffet; noen BØR gå, men blir sittende, like ustraffet; FHI durer i vei videre med mer sprøyter og Paxlovid og løgner om «long-covid», ustraffet, så langt. Og Norge er det fjerde minst korrupte land i verden, har jeg lest.

    Svar
    • Den mest logiske forklaringa eg kan kome på er eit rykte som har gått i lengre tid i alternative media:

      «Nokon» (dei som eigentleg styrer) sit med kompromitterande informasjon om maktpersonar, og driv med aktiv eller implisitt utpressing av dei for å få viljen sin. Dei som offisielt styrer vestlege land har dermed ikkje noko anna val enn å følgje instruksar om dei vil behalde topplønna og alt dei har kjært.

      Når ein snakkar om Høgsterett, kan det dessverre sjå ut som dei òg er under kontrollen til denne «kabalen». Nyleg avviste Høgsterett anken til Iris Frohe, slik at fleirbarnsmora no må betale sakskostnader på nesten ein halv million. Dette framstår som ubegripeleg, med mindre ein ser på saka i lys av at maktpersonar blir kontrollerte ved hjelp av utpressing frå ein skjult elite.

      Ein kan gjerne stille seg spørsmålet om korleis maktpersonar har hamna i slike kompromitterande situasjonar. Kanskje lét dei seg lokke av makt og pengar, kanskje lét dei seg lure, kanskje er dei ibuande moralsk forderva. Faktum er at dei sit i saksa, og eg kan tenkje meg at «nokon» bruker same taktikken kvar gong dei vil ha noko trumfa igjennom:

      «Høyr her, [set inn namn på maktperson], anten gjer du slik vi seier, elles publiserer vi bilete av deg frå vårt førre treff der vi dreiv med so obskøne ting at dei ikkje eignar seg på trykk.»

      Svar
      • Jeg trur at ditt ressonement holder vann Saksyndig. Som e sier, så er det «forunderlig» at Erna går fri. Hvordan får de «alle» til å danse?

  • Torfinn Slettebø
    15 mars 2024 10:07

    TikTok-saka er eit fint bilete på regelbasert uorden i verda. Kinesarar får ikkje lov av USA til å lukkast på verdsmarknaden.

    Bergen Tidende er totalitær og går lengre enn amerikanarane. BT vil like godt forby TikTok. Det har ikkje ein gong USA føreslege. USA krev endring i eigarskap. Det er frekt, men ikkje totalitært.

    Legg Kina seg opp i kven som eig firma i USA?

    Svar
  • Stian Holte
    15 mars 2024 20:49

    Etter å ha lest denne samlingen av konspirasjonsteorier begynner jeg å tvile på derimot.no’s seriøsitet og virkelighetsforståelse.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Ralph Nader:

Stopp underrapporteringen av palestinske ofre i Gaza

Forrige innlegg

Tabuet som Arne Garborg tok opp:

Penge- og bank-jødene.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.