POSTED IN Krig-fred, Økonomi

Det pågår to kriger, en militær og en økonomisk.

Hvem vinner den økonomiske krigen?

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Russland vinn den økonomiske krigen

18. november 2022 av Larry Johnson 

Larry Johnsom er en x-CIA-analytiker

Når historia blir skriven om krigen som no er i Ukraina, så vil den økonomiske kontroversen bli sett på som ein av dei avgjerande kritiske faktorane. Vesten feilvurderte grovt då dei trudde at sanksjonane mot Russlands skulle skape nok stress og press for det russiske folket til at dei skulle tvinge Vladimir Putin frå makta. Det var ein av dei største etterretningstabbane sidan slutten av Andre verdskrig. Det finst to alternative forklaringar:

1) analytikarane til etterretningssamfunnet åtvara ikkje politikkutformarane om dei kritisk viktige ressursane som Russland kontrollerer, og Russland si evne til å operere som ein stort sett sjølvforsørga økonomi, eller

2) politikkutformarane vart åtvara, men ignorerte etterretningsanalysane. Eg er ikkje innvigd i etterretningssamfunnets produkt på denne fronten, så eg kan ikkje fortelle deg om det er nummer 1 eller nummer 2.

Verda er i ei økonomisk krampetrekning som blir forverra av sanksjonane mot Russland, forstyrringar i forsyningskjedene i Kina og pengepolitikk som er ute av kontroll i USA og Europa. Følgande video frå Estland gjenspeglar dei veksande økonomiske problema:

Vinteren er komen og der er inga rask redning for handa som kan løyse energimangelen som vart skapt under forsøket på å stenge ned Russland si rolle som leverandør av olje og gass. Herr Ann Veskimägi, sjefen for Estlands største møbelfabrikk og president for møbelunionen, snakkar om den reelle økonomiske situasjonen i landet sitt og andre europeiske land. Han seier:

«Massive reduksjonar av materiale i selskapet, produktivitetem minka og fall, manglandenkonkurranseevne, konkurs og ruinering.

Industriar innan trearbeid, metall, kjemisk industri og gjødselsproduksjon har tatt skade. Siemens sparkar over 2000 folk. Hovudårsaka til dei økonomiske problema er auken i elektrisitetsprisane.»

Like dårleg nytt frå Storbritannia:

«Storbritannia står framfor sitt største fall i levestandard nokon gong, med levekostnadar som et seg inn i folk si løn. Det er også venta at talet på arbeidslause vil stige med meir enn 500 000.» 

https://t.me/Slavyangrad/20911

Storbritannias finansminister leverte dei fæle nyhenda på torsdag:

«Storbritannia har glidd inn i resesjon, sa landets finansminister Jeremy Hunt på torsdag. Sist Storbritannia var i resesjon, var under finanskrisa i 2008, som smadra den globale økonomien. 

Hunt, kansler for statskassa og nummer to i rang etter statsminister Rishi Sunak, kom med den angstvekkande erklæringa framfor politikarane som var samla i House of Commons for å lytte til hans timelange utlegging om  finanssituasjonen, kalla Autumn Statement, regjeringas Hausterklæring.

I denne skisserte han opp tilstanden til verdas femte største økonomi, som har fått bank av inflasjon og energiprisar som har foke i veret. Det økonomiske elendet er i stor grad forårsaka av krigen i Ukraina og forsyningskjede-forstyrringar etter COVID-19-pandemien, men også eit sjølvpålagt sår etter den førre statsministeren og hennar toppøkonomar, med deira plan om skattekutt som sende sjokkbølger gjennom finansmarknadane. 

https://www.cbsnews.com/news/uk-recession-economy-inflation-tax-rises-energy-prices/

Faktisk står heile Europa overfor ein eskalerande kollaps i den økonomiske aktiviteten. Den dødelege miksen av stigande arbeidsløyse og inflasjon vil tvinge dei europeiske regjeringane til å ta harde, vilt upopulære politiske val.

Trur du Europa kan oppretthalde sin noverande politikk med å finansiere Ukraina? Noko som gjer vondt verre, er den suksessen som russarane har med missilangrep som slår ut Ukraina si evne til å forsyne dei største byane sine med elektrisitet. Straummangelen medfører at det ikkje kan pumpast vatn opp til dei øvre etasjane i høghusa som dominerer dei ukrainske byane. Det betyr og at desse bustadane ikkje får varme. Utan vatn, lys og varme vil dei som bur der måtte flytte heimifrå. Normalt liv er ikkje lenger mogleg.

Ukrainas evne til å halde fram med militæroperasjonane sine er delvis redusert, for USA har ikkje uavgrensa mengder våpen og ammunisjon til å forsørge dei. CNN melder:

«Når den første fulle vinteren i Russlands krig med Ukraina no set inn, byrjar USA gå tom for nokre av dei ekstremt dyre våpensystema og ammunisjonen dei overfører til Kiev, fortel tre US-amerikanske offisielle tenestemenn med direkte innsyn til CNN.

Presset på våpenlagera – og evnen som industribasen i USA har til å halde tritt med etterspurnaden – er ei av hovudutfordringane til Biden-administrasjonen når USA held fram med å sende våpen for milliardar av dollar til Ukraina for å støtte kampen deira mot Russland. Ein av kjeldene fortalde at lagera for visse system ’skrumpar inn’ etter nær ni månadar med sending av forsyningar til Kiev under den høg-intensive krigen, sidan det er ei ’avgrensa mengd’ på lager som USA har til overs og tilgjengeleg til å sende.

Blant dei våpensystema ein er særskilt uroa for om kan møte dei ukrainske krava, er 155mm artilleriammunisjon og Stinger anti-luftskyts berbare missilar, sa kjeldene.

Nokre kjelder har også synt uro for USA sin produksjon av andre våpensystem, til dømes anti-strålingsmissilet HARM, bakke-til-bakke-missilet GMLRS og det berbare anti-tank-missilet Javelin – sjølv om USA har gått inn for å auke produksjonen av desse og andre system.

https://edition.cnn.com/2022/11/17/politics/us-weapon-stocks-ukraine/index.html

Tøft snakk og tøffe lovnadar om vidare støtte til Ukraina, kan ikkje reversere den realiteten at Vesten har avgrensa kapasitet til å halde fram med å helle slunkne ressursar inn i det svarte holet Kiev. At Republikanarane har fått kontrollen i Representanthuset, gjer det endå vanskelegare for Joe Biden å halde løftet sitt om å sende meir pengar og våpen til Ukraina, om administrasjonen hans kan finne dei.

French Revolution, 1795 Carry-all Pouch by Granger - Fine Art America
Verden står overfor meget store rystelser

Vi er vitne til noko historisk viktig som vil revolusjonere den internasjonale ordenen. USA si evne til å diktere vilkår og behalde kontrollen over den internasjonale økonomien er no uviss.

Ein siste observasjon. Europa blir halden i mørket med omsyn til sannferdig informasjon om situasjonen i Ukraina. Ein av vennane mine, ein pensjonert offiser i US Navy, vitja nyleg Paris, og han fortalde at det var svært vanskeleg å finne god informasjon om utviklinga til krigen i Ukraina. Folket er framleis overlessa med propaganda. Men det økonomiske kaoset er reelt og handgripeleg. På eitt eller anna tidspunkt vil røynda tvinge autoritetane til å kutte ut propagandaen og prøve å finne ut korleis dei skal blidgjere sinte arbeidarar midt i ein pressa økonomi.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 418 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «Hovudårsaka til dei økonomiske problema er auken i elektrisitetsprisane.»

    Altså i England.

    Enda galere er det jo at Norge, som produserer egen vannkraft, til samme produksjonspris som tidligere
    ( 15 øre pr.kWh inkl. 50% fortjeneste/leie til kraftkommunene) nå har flere tusen prosent høyere elektrisitetspris til innbyggere og smånæringsliv!
    Så øker selvfølgelig alle priser i samfunnet Norge, alt blir dyrere med dyrere energi.
    Så kaller politikere og deres økonomer det for ‘inflasjon’ , og setter opp rentene! ( Akkurat som Fed ønsker.)
    – Som så selvfølgelig gjør at alt blir enda dyrere; både boliglån og oppvarmingskostnader og nasjonens egen matproduksjon, lagerhold og distribusjon !
    Fordi?
    Er vi okkupert?
    Av hvem; – egen regjering?
    Hvorfor holder vi da oss med et militært forsvar, når trojanske hester i vår politiske administrasjon behandler egne innbyggere som undersåtter som skal tynes, verre enn en okkupant utenfra ?
    Hvor er motstandsbevegelsen?

    Svar
  • ‘Hun forteller at hun gruer seg til vinteren i Ukraina.
    Vi blir vant til dette. Men jeg er veldig redd for mørke, kulde og hvordan vinteren kommer til å bli, sier hun til NRK.’
    nrk.no/urix/ukraina_-flere-eksplosjoner-i-kyiv-1.16192121

    Og det gjør vi i vinterlandet Norge også.- Selv om vi produserer all energien/vannkraften vår sjøl!
    Er vi under angrep? Er vi okkupert ?
    – Av bakmennene til våre egen myndigheter ?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Nytt intervju med oberst MacGregor:

De militære forstår det som skjer i Ukraina, men ikke politikerne.

Previous Post

Vi må unngå å bli lurt

Eliten og medier snur det hele opp ned

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.