Er dei skandinaviske falske nyheitene om Russland meint å distrahere oss frå Sy Hersh sin Nord Stream-reportasje?
Av Andrew Korybko, henta frå Kolozeg.org. Omsett av og henta frå saksyndig.
Skandinavia sine falske nyheiter om Russland vart publiserte rundt dette spesifikke tidspunktet, og inkluderte spesifikt påstanden om at Moskva vurderer sabotasjehandlingar i NATO-kontrollerte farvatn som ein måte å distrahere frå Hersh sin reportasje og gjenopplive den falske historia om at Kreml sprengde Nord Stream i lufta. Akkurat som reportasjen frå New York Times sist månad, er denne siste saka frå ei samling av nordeuropeiske medieformidlarar difor òg heller ingenting anna enn ein informasjonskrigføringsprovokasjon.
Ei felles «medieetterforsking» av den skandinaviske landa Danmark, Finland, Noreg og Sverige hevda akkurat at Russland har brukt minst 50 sivile skip for å spionere i Nordsjøen det siste tiåret i spekulativ førebuing på ei mogleg utføring av sabotasjehandlingar ein gong i framtida. Kreml-talsperson Peskov nekta for desse påstandane og skulda dei landa for å prøve å distrahere frå Nord Stream terroriståtaket sist september.
Den Pulitzer-prisvinnande journalisten Seymour Hersh siterte ikkje-namngjevne kjelder frå den amerikanske administrasjonen då han rapporterte tidleg i februar om at Biden personleg autoriserte åtaket, som folk flest allereie hadde tenkt seg fram til, men det var likevel ekstremt nyheitsverdig sidan det kom frå nokon med slikt eit rykte som han hadde. Rundt ein månad seinare køyrde New York Times (NYT) ei historie der dei påstod at dei hadde avslørt den påståtte aktøren, som dei sa var ei uavhengig gruppe som ikkje var tilknytt noka regjering.

«USA sin nylegaste desinfo-kampanje om Nord Stream-terroriståtaket var planlagt på førehand,» derimot, sidan ein kan kome med overbevisande argument for at USA planta frøa til ei alternativ forteljing å lene seg på som ein backup-plan i tilfelle sanninga byrja å leke ut slik den gjorde i reportasjen til Hersh. Det er innanfor denne konteksten at «medieetterforskinga» til dei skandinaviske statane vart publisert, noko som altso styrka trua på liknande tankar om at dette òg ikkje er noko anna enn ein distraksjon frå arbeidet til den journalisten.
Trass alt hevda desse formidlarane at Russland visstnok har drive og spionert på Nordsjøen ved hjelp av desse metodane i dei siste ti åra, og det er ekstremt usannsynleg at dei plutseleg snubla over relevant «bevis» som støtta den konklusjonen på akkurat det tidspunktet. Heller vart dei nesten heilt sikkert gjevne denne informasjonen av etterretningstenestene i dei landa, med mogleg input frå NATO som eit heile og/eller deira amerikanske leiar.
Det er uklart om det er noka sanning i reportasjen deira, men det vil ikkje vere overraskande om det i det minste er ei kjerne av sanning, sidan det er ein lur måte å spionere på den NATO-kontrollerte Nordsjøen. Det, derimot, tydar ikkje at dette vart gjort ut av spekulativ førebuing av moglege utføringar av sabotasje der ein gong i framtida. Denne delen av reportasjen deira vart truleg inkludert berre for å gjenopplive den fullstendig latterlege forteljinga om at Russland var dei som var ansvarlege for Nord Stream terroriståtaket.
Kva enn føremålet med Russland sin påståtte spionasje i dei farvatna kan ha vore, er det høgst usannsynleg å ha omfatta sabotasje, kanskje bortsett frå ein absolutt siste utveg i tilfelle ein konvensjonell krig med NATO. Grunnen for denne vurderinga er at berre ein statsnivå-aktør eller ein falskt flagg-«ikkje-statleg» aktør som er tilknytt ein statleg aktør er i stand til å utføre slike handlingar, spesielt i farvatn som er fullstendig kontrollerte av, og under total overvaking av den USA-leia blokka, og å gjere slikt ville ha vore ei krigshandling.
Det er med dette i sinne at Peskov si nekting burde bli teken på alvor, sidan det er urealistisk å førestille seg at Russland driv og planlegg komande sabotasjehandlingar der, og som dei ville ha blitt tekne på fersken i å gjere i det utkantscenarioet der noko slikt ville ha blitt prøvd. Dette tydar ikkje at Moskva ikkje spionerte på NATO sine marineaktivitetar i Nordsjøen, mne berre at dette ikkje vart gjort med intensjon om å planleggje sabotasje, bortsett frå som ein absolutt siste utveg dersom dei nokosinne formelt gjekk til krig mot den blokka.
Med dette til etterretning vart Skandinavia sine falske nyheiter om Russland publisert på dette spesifikke tidspunktet, og inkluderte spesifikt påstanden om at Moskva vurderer sabotasjehandlingar i NATO-kontrollerte farvatn slik at dei distraherer frå Hersh sin reportasje og gjenoppliver den falske historia om at Kreml sprengde Nord Stream i lufta. Akkurat som NYT sin reportasje frå førre månad, er denne siste frå ei samling av nordeuropeiske nyheitsformidlarar difor òg heller ingenting anna enn ein informasjonskrigføringsprovokasjon.
Andrew Korybko er ein amerikansk Moskva-basert politisk analytikar som er spesialist i forholdet mellom den amerikanske strategien i Afro-Eurasia, Kina sin One Belt One Road globale visjon av eit nytt Silkevegen-samband, og hybridkrigføring.
Forsidebilde: Lexica
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 634 ganger.
5 kommentarer. Leave new
Alt som kan skapa hat mot Russland, er brukande for NRK. Det sleipe innslaget nyleg om den russiske ambassaden i Oslo er ledd i den same pressekampanjen. Reportasjen kunne fortelja at den russiske ambassaden hadde antenner og eit kjempeskummelt skur på taket.
Vis oss heller dimensjonane, utstyret og innmaten i USA sin ambassade i Oslo. Med so kort veg frå Marienlyst kulle det bli ein rimeleg reportasje å laga. Ta gjerne ein nærare titt på den israelske òg.
Eit ljospunkt: Skikkelege folk i Kirkenes syter no for at russiske born vert inviterte til samvær og tevling med norske. Det er meir fredsskapande enn ti norske militærbudsjett.
Russland har overlevd Sovjetunionen. Et politisk system kalt kommunisme ble oppfunnet av de kazharjødiske storkapitalistene i vest å brukes som våpen gjennom sine operative organisasjoner på Wall Street og City of London. Å drive avsindig anti-russisk propaganda og forfølgelse av våre naboer gjennom 1000 år er avskyelig. Alle ulykker som har rammet Norge de siste 1000 år har kommet fra vest. Dette faktum behandles ikke av våre media som har degradert seg selv til tarvelige rævsleikere i USA`s deep state, CIA, EU, Big Pharma, NATO`s tjeneste. Men de belærer andre om «pressefrihet» og «medias rolle». I dagens spionjakt nevnes ikke de autonome amerikanske basene i Norge, hvor vi har frasagt oss rett til innsyn om hva som pågår bak sperringene. Nylig ble vår forsvarsminister «overrasket» at US Air Force planla å bygge lager for atomvåpen på Sola. En fint eksempel på at USA straks benyttet muligheten til å ta seg til rette uten at våre svikefulle politikere våget åpne kjeften. Å så lager NRK et felles nordisk etterretning -og spionavsløringsserie på tv om aktiviteter alle ambassader og offisielle utsendinger i andre land bedriver! Svikerne i media burde vært like «tøffe» med vår «sikkerhetsgarantist». Men det våger de ikke.
«…er denne siste saka frå ei samling av nordeuropeiske medieformidlarar difor òg heller ingenting anna enn ein informasjonskrigføringsprovokasjon.»
Vi får ‘objektive’ fortellinger an mas i norsk media , nå. Spesielt fra propagandasentralen Nrk.:
‘I dag avslører NRK 38 russiske etterretningsagenter som har tilknytning til ambassadene i Norden. Men det finnes en til. Han er Russlands mann på Svalbard.’
Nrk. »avslører’ gitt. Flinke folk. 😉
Fortsett med det. F.eks. gassrørledningen vi hjalp USA med å sprenge, Eller 9/11? Eller Norges bombing av Libya?
‘Ved å sperre av havområdene rundt Svalbard, kan de sikre de strategiske atomvåpnene sine.
..Har militær etterretning tatt kontroll over den russiske bosettingen på Svalbard?’
‘I lomma på Putin.
…Ifølge Meduza trener offiserene blant annet på å kommunisere med skjulte agenter og på å rekruttere informanter i landene de opererer i.
….Hva er det de ønsker å oppnå?
…Verdens største satellittstasjon, Svalsat, er viktig infrastruktur som Russland kan ha interesse for, og som vil være en av bonusene med å ta Svalbard.’
nrk.no/tromsogfinnmark/xl/skyggekrigen_-russlands-andrei-chemerilo-er-gru-agent-pa-svalbard-1.16379671
Ja, USA bedriver jo ikke slikt? Hverken i Norge eller resten av verden. 😉
De annekterer områder og bygger militære installasjoner i Norge. ‘Omforente områder’, på Orwelsk. -Men det er jo bare fordi Norge ikke kan greie seg uten USA!
Hverken for å beskytte seg ( BESKYTE seg?) eller når det gjelder rentefastsettelse på egen valuta.
Statssponsede NRK avslører – og URIX bortforklarer . Det er typisk norsk å være ????
Før tredje verdenskrig når Norge vil kanskje Russland militært okkupere Svalbard og Finnmark for å sikre sine hamner og redde russlandsvennlege folk i nord frå krigens skrekk. USA og NATO tek ingen mennesklege omsyn.
På Svalbard og i Finnmark ville livet stort sett fortsette som før i samarbeid med Oslo, men Moskva ville syte for stor økonomisk vekst.
Kolgruvene ville sjølvsagt bli gjenopna og forsiktig ekslusiv turisme ville halde fram.
På fastlandet ville all vindkraft bli forbudt i samarbeid med russiske urfolk. Nye hamner for den framtidige nordleia til Asia, jernbanen til Murmansk og delvis under jorda til Fauske, auka samarbeid om fiske og olje og gass.
Ikkje det falske grøne skiftet, men det russisk-asiatiske skiftet ville skape stor rikdom og fred i nord og i Norge.