POSTED IN Virkelighetsforståelse

Det gjelder også USA-imperiet.

Alle organisasjoner har sin tilmålte tid.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Alle imperium kan døy, også «det amerikanske imperiet»

av Thierry Meyssan

I førre veke grubla eg på sanningsgehalten til konkurransen mellom USA og Kina. Kanskje er «Thukydid-fella» berre eit røykteppe som maskerer den overhengande oppløysinga av «det amerikanske imperiet». I denne artikkelen samanfattar eg imperiets ferd, som Vesten ikkje har forstått, og eg ber dykk tenke på kva som kan skje når det forsvinn.

Illustrasjon av Calvin Shen

Vil det amerikanske imperiet bryte saman?

SSSR braut saman av seg sjølv, ikkje etter krigen i Afghanistan (1979-89), men etter Tsjernobyl-katastrofen(den 26. april, 1989). Sovietarane innsåg brått at staten ikkje lenger hadde kontrollen. Medlemmar av Warszawapakta, som Leonid Bresjnev hadde gjort til vasallar, gjorde opprør. Kyrkjer, kommunistisk ungdom og homofile i Aust-Tyskland fekk Berlinmuren riven [1]. Ikkje berre reagerte ikkje SSSR, men dei forlet sine allierte utanfor Europa, spesielt Cuba.

Partiets generalsekretær Mikhail Gorbatsjov forvandla seg frå reformator til likvidator. Sovjetunionen braut saman og det oppstod mange nye uavhengige statar. Så kom nedstigninga til helvete. Nokre få «nyrussarar» tileigna seg offentleg eigedom og dreiv maskingeværkrigføring på gatene i Moskva og St. Petersburg. Produksjonen kollapsa. Det blei vanskeleg å finne mat i mange russiske regionar. Forventa levealder fall kraftig med femten år. Fallet var så brutalt at ingen skulle tru at landet ville komme seg raskt på fote att.

Samtidig spekulerer USA på kva dei skal gjere utan ein rival. President George H. Bush Sr. adresserte ein fullsett Kongress den 11. september, 1990, og sette fram idéen om ein «ny verdsorden» (New World Order, NWO). Dei hadde nett iscenesett ein krig i Golfen som nesten alle statar i verda var involverte i. Sjølv før oppløysinga av Sovjetunionen hadde USA blitt ei hypermakt som ingen stilte spørsmål ved [2]. StraussianarenPaul Wolfowitz utarbeidde ein doktrine som skulle hindre at det skulle kunne oppstå ein ny rival på den tomme plassen etter gamle Sovjetunionen. Han peika resolutt ut det politiske prosjektet til François Mitterrand ogHelmut Köhl, Den europeiske unionen (EU), som fienden som skulle øydeleggast. EU hadde frå starten av to feil: unionen forplikta seg til å ta inn alle dei tidlegare Warszawapaktslanda og eks-Sovjetunionen – noko som gjorde institusjonane dysfunksjonelle – og Maastricht-traktaten som la forsvaret i hendene på Washington.

Pentagon var så sikre på at dei ikkje lenger hadde nokon fiende, at dei demobiliserte ein million menn så snart Irak var knust. Militærets avdelingar for forskning og utvikling vart oppløyste. President Bush Sr. Trudde Irak vart hens siste krig, og at det var starten på ein ny æra av velstand.

Sjølv om ingen truar overmakta til USA, føler dei at den indre balansen deira er skjør. Jobbane deira har blitt flytta (med outsourcing), og økonomien deira er basert meir på internasjonaliseringa av valutaen deira, dollaren, enn på rikdommen den produserer.

I 2001 organiserte Straussianarane angrepa den 11. september [3] og vedtok Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen [4]. Dei suspenderte fundamentale fridommar i eige land med USA Patriot Act og fører ein «endelaus krig» som har rasert «større Midtausten».

Putin på Münchenkonferansen 2007

MenRussland såg det ikkje på den måten. I ein tale den 11. februar, 2007, på Sikkerheitskonferansen i München [5], fordømde president Vladimir Putin Bush sin Nye verdsorden, som han definerer som «unipolar», ja, «monopolistisk». Eit system som i staden for å bringe fred, har sådd elende.

Under «subprime»-krisa studerte den russiske intellektuelle Igor Panarin, som arbeidde for dei hemmelege tenestene den gongen, hypotesen om at dollaren ville kollapse og folket i USA splitta langs etniske linjer, slik at landet til sist ville bryte saman [6]. Arbeidet hans vart feilaktig tolka som kopiering av den franske kvinna Helène Carrère d’Encausse, som førestilte seg ei oppbryting av Sovjetunionen, også på etnisk grunnlag. Ingenting av dette skjedde. Heller ikkje min hypotese om at «det amerikanske imperiet» ikkje ville overleve «Sovjet-imperiet».

Så kva skjedde?

Under dei 15 åra som har gått sidan Müncen-talen, har Russland prioritert å bygge opp att makta si. I 2021 lova dei å forsvare Syria frå dei agelsaksisk-støtta jihadistane (den såkalla «arabiske våren»), men venta i to år før dei intervenerte. Når dei kom ut av skuggane, hadde dei ei rekke nye våpen. På slagmarka lærde dei korleis dei skulle brukast, og trente personellet sitt, som vart fornya kvart halvår. Sjølv om Vladimir Putin i München-talen sin nemnde Brasil, India og Kina som sine privilegerte partnarar under oppbygginga av ei multipolar verd, venta han lenge før han forsegla ein privilegert relasjon med Beijing. Kina, som enno delvis er i utvikling, set sterkt demografisk press på russiske Sibir, men dei har innsett at for å kome ut av «monopol-diktaturet», må dei vere Russlands allierte. Begge landa er skadde av Vesten, og har erfart løgnene deira. Dei har inga framtid utan kvarandre.

Eit nederlag for Vesten i Ukraina bør bli ein augeopnar for USA. Spenningane som Igor Panarin utforska, har kome opp til overflata att. Angrepa 11. september og «den evige krigen» vil berre ha vore ei avleiing. Dei gav «det amerikanske imperiet» ei utsetting, men ikkje noko meir.

På dei 35 sidan SSSRs kollaps, har USA feilaktig overtydd seg sjølv om at dei har slått rivalen sin. I realiteten var det sovjetarane sjølve som styrta unionen. Dei trudde at russarane ville trenge eit hundreår på å kome seg etter feila sine. I realiteten har dei blitt verdas leiande militærmakt. USA har lykkast i å vasallisere vest- og sentral-Europa, men i dag må dei konfrontere alle dei statane dei har mishandla, leidde av Russland og Kina.

Sprekker USA opp?

Under denne perioden har Republikanarane og Demokratane gitt rom for to nye tankeretningar: Jacksonianarane rundt Donald Trump og Wokistane, Gud-lause puritanarar. Vi er no vitne til ei intensivering av folkerørsler i USA. Valekspertar slår fast at mange amerikanarar forlet Woke-regionane og sluttar seg til dei Jacksonianske[7]. Flyttebyrå rapporterer om at klientane deira forlet storbyane og flyttar til mindre byar, der det er både billigare og hyggelegare å leve. Men dei merkar alle at kundane deira i aukande grad snakkar om eit nytt motiv: dei flyttar for å vere nærare familien. Denne forklaringa stemmer overeins med det Colin Woodard observerte for eit tiår sidan [8]: US-amerikanske innbyggarar grupperer seg på ny utifrå herkomst. Eigedomsutviklarar observerer ein svært auka førekomst av «trygge nabolag» («gated communities»). Klientane deira slår seg ihop med menneske som liknar dei sjølve, som kjem frå same kultur og tilhøyrer same sosiale klasse; dei uttrykker ofte bekymring for aukande usikkerheit, og dei snakkar om at det kan bryte ut borgarkrig.

La oss ikkje vere blinde. Alle imperier er forgjengelege. Det gjeld og «det amerikanske imperiet».

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

[1] « À l’Est : la Révolution Gay », par Didier Marie, Rebel (France), Réseau Voltaire, 1er mars 1993.

[2] “Bush’s Strategic Doctrine”, av Thierry Meyssan, Voltaire Network, 9 July 2004.

[3] “Everything points to Thierry Meyssan being right today”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 3 September 2021.

[4] “The Rumsfeld/Cebrowski doctrine”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 May 2021.

[5] “The unipolar governance is illegal and immoral”, av Vladimir Putin, Voltaire Network, 11 February 2007.

[6The crash of the dollar and the disintegration of the USA (berre på russisk), Igor Panarin (2008).

[7] «On the move», Jennifer Harper, The Washington Times, April 14, 2023.

[8American nations : a history of the eleven rival regional cultures of North America, Colin Woodard, Penguin Group (2011).

Forsidebilde: IStock



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 845 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Mykje er korrekt og mykje er skjult i denne forteljinga av vår nære historie. Kazharjødane si uproporsjonale bankmakt og mediemakt er ikkje poengtert fordi forfattaren tilhøyrer same sekt? Dei styrer jo det meste.

    Svar
  • De forente stater er ikke så veldig forente. Ikke ville det være veldig forbausende hvis USA deles opp som tidligere USSR. Rasisme er en greie, spritet opp av sponsor AS Soros & sønn. Martin Luther King snakket om å dømmes ut fra adferd og karakter og ikke farge. Stakkars, så skuffet han må være, snur seg i graven, eller roterer, heller. Uheldigvis ser man det også i Norge, at kriminaliteten øker jo mer mørkhudet de er, og «gated communities» blir snart nødvendig også i Norge hvor både kvinner og menn før kunne gå trygt i gatene både dag og natt. Nå er det farlig å ta trikken, og skoler, barnehager, kirker og biler brenner som aldri før. Svenske tilstander. Gifte bort en datter til en som leser i boka man gjerne brenner hvordan hun skal bankes for å oppføre seg, det er en ny situasjon. Kjør på og kall meg rasist, og jeg føler meg ikke tuffet, for det er ikke tilfelle. Walmart i USA stenger den ene etter den andre så anstendige svarte må reise lengre for å kjøpe mat, for deres ungdommer plyndrer og herjer hemningsløst, ikke helt ulikt skolebarn i norge som gjør lærerjobben livsfarlig. Noen ganger må en gruppe ta ansvar for sitt avskum og og ta affære.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

LGBTQ+ lobbyens påvirkning av barn:

En lærerinne ved en privatskole for jenter ble tvunget til å be elevene om unnskyldning for å ha sagt «God ettermiddag, jenter»

Previous Post

Storbritannia, tall fra 2022:

92 % av covid-dødsfallene var blant de som hadde tre eller flere vaksiner!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.