POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Det er slutt på troen på seier i Ukraina – med ett unntak:

Zelensky klamrer seg til dette håpet.

0
Print Friendly, PDF & Email

Krigen er tapt – Zelenski vil fordufte – Det kvite hus har mislykkast 

For ein skilnad eit år gjer …

Magasinet Time si store nye histore er ganske avslørande:

‘Nobody Believes in Our Victory Like I Do.’ Inside Volodymyr Zelensky’s Struggle to Keep Ukraine in the Fight – Time – Oct. 30, 2023

Den offensiven hagått pinefullt opp og ned, og med enorme tap, og gjort det vanskeleg for Zelensky å overtyde partnarane om at sigeren er rett rundt hjørnet. Med krigsutbrotet i krigen, har det blitt ei stor utfordring å i det heile tatt halde verdas merksemd retta mot Ukraina.

Avisa the Economist er einig og siterer ein soldat på fronten i motoffensiven:

«Left Handed», ein infanterist som kjempar på fronten mellom Robotyne og Verbove, seier dei ukrainske tapa har auka til alarmerande nivå, delvis på grunn av dronar. Saporosjes sletter har vend ryggen til livet, seier han. «Det liknar helvete. Lik, lukta av lik, død, blod og frykt. Ikkje eit snev liv, berre stanken av død.» Dei i avdelingar som hans, har hatt større sjanse for å døy enn å overleve. «Sytti-tretti. Nokre av dei får ikkje ein gong oppleve sitt første slag.»

Likevel pressar Zelensky dei vidare:

Men han er framleis like overtydd. Trass i nylege tilbakeslag på slagmarka, har han ingen planar om å gi opp kampen eller be om nokon slags fred.

Tvert imot trur han på at Ukraina til sist vil sigre over Russland, og den trua har stivna inn i ei form som uroar nokre av rådgivarane hans. Den er urokkeleg, på grensa til messiansk. «Han narrar seg sjølv,» fortalde ein av hjelparane hans frustrert. «Vi har ikkje fleire alternativ. Vi vinn ikkje. Men prøv å seie det til han

Staheita til Zelensky, seier nokre av hjelparane hans, har skada laget sin evne til å finne ein ny strategi, ein ny bodskap. Når dei har diskutert korleis krigen vil sjå ut framover, har eitt emne vor tabu: moglegheita for å forhandle fram ein fredsavtale med russarane. Etter nylege meiningsmålingar å dømme, ville dei fleste ukrainarane avvise eit slikt trekk, spesielt viss det skulle involvere tap av okkupert territorium.»

Krigen er tapt. Dei veit det. Men dei vil ikkje gi opp.

Vi vil vinne!

Zelenski sitt folk legg skulda alle stadar unntatt på dei som har forårsaka rotet. Det var Zelenski og crew’et hans sin bodskap om ’siger’ som førte folket inn i total sjølvtilfredsheit.

Som ei overskrift i Strana (maskinomsett):

Ukraina tapar krigen mot Den russiske føderasjonen på grunn av samfunnets upassande oppfatning av situasjonen — kommandant for Ukrainas væpna styrkar – Strana.news – 30. okt., 2023

Strategisk sett tapar Ukraina krigen fordi samfunnet har feil oppfatning av situasjonen. Denne meininga var uttrykt av kommandanten for Ukrainas væpna styrkar, Dmitry Kukharchuk, i eit intervju med Channel Five.

Han hevdar at alle ukrainarar i starten av krigen var klare for å forsvare landet; det var mange frivillige. Men etter at dei russiske troppane trekte seg frå Kiev, endra situasjonen seg.

«Straks etter det, merka eg at media sa at vi kjempa mot heimlause, at den russiske arméen ikkje veit korleis ein skal kjempe, at sigeren ville kome om ei veke eller to, maksimalt ein månad. At først til våren, deretter til sommaren, deretter til hausten, deretter til vinteren, utan å spesifisere kva for ein vinter, skal vi innta Krim. At sigeren er ein triumf. Så folk vart plasserte i eit varmt baderom. Vi hadde brote ned verkelegheitsoppfatninga. Men det skjedde ikkje i Russland. Dei byrja innsjå at krigen ikkje ville bli lett for dei. Dei forstod at dei ville måtte kjempe i lang tid,» trur Kukharchuk.

Han seier og at russarane «blir sterkare» for kvar dag som går, og at viss Ukraina verkeleg hadde kjempa mot «degenererte», så hadde dei slått dei for lenge sidan.

Dette er ikke motstanderne til Kiev-regjeringen.

«Det er derfor vi tapar. Dei har desse prosessane på gang, og folket deira er mykje klarare enn vårt. Og når dei snakkar om ei atombombe, ein krig med alle mot alle, så verkar det for meg som om dei, av ein eller annan grunn, er klare for desse prosessane,» la bataljonskommandanten til.

Napoleon, Hitler og mange andre som har søkt krig mot Russland, laut lære seg å aldri undervurdere landets ressursar. No lærer NATO, USA og deira europeiske proksyar den leksa.

Zelenski har enno ikkje lært. Han vil ikkje gi etter:

Kulda vil også gjere militære framsteg vanskelegare, og låse fast frontlinjene minst til våren. Men Zelensky har nekta å akseptere det. «Å fryse krigen, betyr for meg å tape den,» seier han. Hjelparane hans åtvara meg om at eg kunne vente store endringar i militærstrategien deira og ei svær omveltning i presidentens team før vinteren set inn. Minst ein minister lyt sparkast, saman med ein høg general med ansvar for motoffensiven, sa dei, for å sikre ansvaret for Ukrainas sakte framgang på fronten. «Vi rører oss ikkje framover,» seier ein av Zelenskys nære medarbeidarar. Nokre frontlinjekommandantar, held han fram, har byrja å nekte ordrar om framrykking, sjølv om dei kjem direkte frå presidentens kontor. «Dei vil berre sitte i skyttargravene og halde linja,» seier han. «Men vi kan ikkje vinne ein krig på den måten.»

Då eg tok opp desse påstandane med ein senior offiser, sa han at nokre kommandantar har lite anna val enn å tvile på ordrane frå toppen. Ein gong tidleg i oktober, sa han, kravde dei politiske leiarane i Kiev ein operasjon for å «ta tilbake» byen Horlivka, ein strategisk utpost i austre Ukraina som russarane hadde halde og intenst forsvart i nesten eit tiår. Svaret kom tilbake i form av eit spørsmål: Med kva? «Dei har ikkje mennene eller våpena,» seier offiseren. «Kor er våpena? Kor er artilleriet? Kor er dei nye rekruttane?»

Hvor er soldatene som skal kjempe?

nokre greiner av militæret har mangelen på personell blitt verre enn mangelen på våpen og ammunisjon. Ein av Zelenskys nære medarbeidarar fortel meg at sjølv om USA og deira allierte held løfta sine og leverer alle våpena dei har sagt dei skal levere, «så manglar vi menn til å bruke dei.»

Sidan starten av invasjonen har Ukraina nekta å offentleggjere offisielle tal på døde og skadde. Men ifølge US-amerikanske og europeiske estimat, har tapa for lenge sidan passert 100 000 på begge sider. Det har erodert rekkene av Ukrainas væpna styrkar så mykje at kontora for innkalling av vernepliktige har måtta kalle inn stadig eldre folk til teneste. Det har auka den gjennomsnittlege alderen på ein soldat i Ukraina til rundt 43 år. «Dei er vaksne menn no, og dei var ikkje friske til å byrje med,» seier Zelenskys nære medarbeidar. «Dette er Ukraina. Ikkje Skandinavia.”

Ukrainas gamle problem, framfor alt korrupsjon, held fram:

Midt i presset for å utrydde korrupsjon, antok eg, kanskje naivt, at offentlege tenestemenn i Ukraina ville tenke seg nøye om før dei tok imot muter eller statsmiddel i eiga lomme. Men då eg la fram dette for ein topp-rådgiver for presidenten tidleg i oktober, bad han meg skru av lydopptakaren min, så han kunne tale friare. «Simon, du tar feil,» seier han. «Folk stel som om det ikkje kjem ein dag i morgon.»

Når ein veit at skipet søkk, er det kanskje slik eg sjølv ville handla og. Hente inn alt eg fekk tak i til min personlege livbåt og førebu meg på å kappe linene til moderskipet.

Artikkelen i The Time er eit signal. Den kunngjer enden på Zelenski sitt regime. Eg er sikker på at National Security Council, så vel som utanriksdepartementet, febrilsk er på leit etter eit alternativ – og etter ein ansiktsreddande måte å installere det på.

Nokon ser ut til å verne og promotere Alexey Arestovich for presist det føremålet(maskinomsett):

Etter at han forlet presidentens kontor etter ein skandale i januar 2023, byrja Arestovich å kritisere styresmaktene sine gjerningar, forsiktig fram til nyleg. Men akkurat no dengar han berre laus på det styrande teamet.

Arestovich fokuserer på to ting: landets leiarskaps militære avgjerder og innanrikspolitikken deira.

Den andre versjonen: Arestovich fekk støtte frå amerikanarar som ønsker å sjå meir politisk mangfald i Ukraina, og ikkje er interesserte i Zelensky si monopolisering av makta.

I favør for denne versjonen, brukar dei også den kjensgjerninga nemnt over at innstramminga av retorikken til presidentens eks-rådgivar byrja etter turen hans til USA. Dei hugsar intervjuet hans medGordon tidleg i oktober, der han seier at viss Vesten bestemmer seg for å ende krigen utan å nå 1991-grensene og Zelensky set seg imot det, så vil presidenten av Ukraina bli «endra» i valet.

«Det er mogleg at Arestovich er støtta av ein viss del av Vestens elitar, som bryr seg om breidda av meiningar i Ukraina. Dei seier at landet kan tale med ikkje berre Zelenskys røyst, men der er og ulike kritiske meiningar,» kommenterer den politiske analytikaren Ruslan Bortnik til Strana.

I sin storslagne strategi har Det kvite hus søkt seg inn mot Asia. Men USA er i ein fullstendig unødvendig konflikt som dei sjølve har forårsaka – først i Ukraina, og, med Gaza i flammar, igjen i Midtausten.

Australaren John Mearsheimer tar eit djupdykk inn i dette dilemmaet (video). Han ser ikkje at noko godt kan kome ut av dette.

Posta av b den 31. oktober, 2023 klokka 8:12 UTC | Permalink

https://www.moonofalabama.org/2023/10/the-war-is-lost-zelenski-will-leave-the-white-house-has-failed.html#more

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Rosie Kerr



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 093 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Stadig nye avsløringer om Covid-vaksinene:

Inneholder kreftfremkallende stoffer.

Previous Post

Østerrike vil ikke være med på dette:

Selvskading.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.