Korleis den vestlege pressa i årevis har halde tett om krigen i Donbas & nynazismen i Ukraina
Av Ekaterina Blinova

Omsett av Monica Sortland
Russland starta den 24. februar ein «spesialoperasjon» i Donbas for å forsvare folkerepublikkane Donetsk og Lugansk (DPR og LPR), som Moskva anerkjende som sjølvstendige den 21. februar. Dei vestlege media kalla operasjonen «ein invasjon» dei lenge har åtvara om.
Narrativet «Den russiske invasjonen» var ikkje Vestens «profesi», men i staden eit dekke for eit nytt forsøk på å returnere utbrytarrepublikkane Donetsk og Lugansk til Ukraina med makt, i følge George Eliason, ein undersøkande journalist frå USA, som bur og arbeider i Donbas. Ei tilbaketaking av Donbas hadde brulagt vegen for eit ukrainsk NATO-medlemskap: etter alliansen sine reglar, kan ikkje eit land som har territorielle disputtar bli sloppe inn i blokka.
«For det første, så gav Zelensky ordre om angrepet under ein tale for fleire veker sidan,» seier Eliason. «Han var svært tydeleg på at Ukraina si styrkeoppbygging hadde den hensikten.»
Innan desember 2021 hadde Kiev-regjeringa plassert ut opptil 125 000 soldatar langs med kontaktlinja med Donbas-republikkane. Samtidig rapporterte OSSE (Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa) om hyppigare bruk av tunge våpen – forbodne etter Minsk-avtalane – frå Dei ukrainske væpna styrkane si side, mot utbrytarregionane.

Dekkoperasjonen til dei vestlege media som spekulerer på Russlands «invasjon i næraste framtid» starta våren 2021, i følge den undersøkande journalisten. Mainstream-pressa hevda at det var like før Russland ville invadere Ukraina.
«Dette bryt kolossalt med god presseskikk og forholdet til fakta. Dei publiserte satellitt-bilda av den russiske armeen sine posisjonar som følgde med desse nyheitsreportasjane viste den russiske armeen på basar over ei dagsreise unna; mellom 25 og 75 mil frå grensa,» seier Eliason og understrekar at den russiske armeen neppe kunne ha starta eit overraskingsangrep med bakkestyrkar frå desse posisjonane.
I november 2021 fekk «Russisk invasjon-narrativet» ny vind i segla då mainstream-pressa og influensarar på sosiale medium publiserte kart og «falskt flagg»-scenario av det som skulle vere eit overfall.

USAs tidlegare ambassadør i Russland, Michael McFaul starta ein regelrett tweet-storm då han påstod at ukrainske sivilistar vil kjempe til siste slutt mot dei russiske «okkupantane». Hollywood-stjerna Sean Penn, for sin del, drog til Ukraina for å lage dokumentarfilm om «russisk aggresjon».
Det var ein koordinert infokrig-operasjon som skulle presentere Russlands moglege reaksjon på Ukraina sin offensiv mot Donbas som ein fullskala-invasjon, seier Eliason. Ukrainas president Volodimyr Zelensky pusha også informasjonsoperasjonsnarrativet som US-amerikanske infowar-konsulentar hadde utarbeidd for han, seier gravejournalisten.
Usynleg krig i Donbass
Samstundes har dei vestlege mainstream-media halde kjeft i årevis om dei ukrainske regjeringsstyrkane og nynazistiske bataljonar sine bombingar av Donetsk og Lugansk.
Berre eit avgrensa antal uavhengige amerikanske og europeiske journalistar og freelance-fotografar har arbeidd i Donbas-regionen og bokført den usynlege krigen til den ukrainske regjeringa mot sitt eige folk. I følge FN fleire enn 13 000 menneske drepne i regionen sidan Maidan-statskuppet i februar 2014.
«Sperreelden har vore eit konstant innslag i begge republikkane gjennom dei siste åtte åra,» seier Eliason. «Dei første måla har alltid vore sivile bustadar og infrastruktur.»
Over dei siste vekene hadde det ukrainske militæret intensivert bombardementet av Donbas-regionen, så leiarskapet av DPR og LPR hadde starta ei evakuering av barn og eldre til Russland. Men «ukrainske spesialoperasjonsgrupper har skote målretta mot dei evakuerande med miner og granatar,» seier Eliason.
USA har ope avvist Russland sine åtvaringar om folkemordet som føregår mot russisktalande og menneskerettsbrot i austre Ukraina. Tysklands kanslar Olaf Scholz hevda på den årlege Sikkerheitskonferansen i München den 19. februar at det er «verkeleg latterleg» å seie at «det er noko som liknar folkemord» i Donbas.
Å få servert slike ytringar frå den tyske kanslaren er «skandaløst, men forventa», seier Eliason. Når dei vender det blinde auget mot brotsverka til det ukrainske militæret og nynazistiske militsar i austre Ukraina, støttar den Scholz-leidde koalisjonen indirekte «andregenerasjon av den politiske nazi-tenkinga frå 1930 til -40-talet» i Ukraina, i følge den undersøkande journalisten.
De-Nazifisering
Kreml-talsmann Dmitry Peskov fortalde på torsdag at Russland starta ein militær operasjon for å forsvare Donbas og rydde nazistane ut av landet.
«Ideelt sett er det nødvendig å frigjere Ukraina, å fjerne nazistane frå landet, så vel som pro-Nazi-folk og -ideologi,» fortalde Peskov til reporterane.
Like etter Maidan-kuppet i 2014 var det fleire medieselskap som stilte spørsmål ved rolla til ukrainske nynazistiske grupper i nasjonens politiske liv, men svært snart vart det stort sett fjerna frå det vestlege mainstream-narrativet.

I mai 2018 åtvara Stephen F. Cohen, ein innverknadskraftig US-amerikansk Russlandshistorikar, i kronikken sin for avisa The Nation om at «nyfascistar speler ei viktig offisiell eller tolerert rolle i det USA-støtta Ukraina». Han jamra over det faktum at mange amerikanarar er umedvitne om «pogromen» i Odessa den 2. mai 2014, der rundt 50 menneske vart brende levande i Fagforeiningshuset av ukrainske radikale nasjonalistar og nynazistar.
Professoren sa vidare at mainstream-media på liknande sett har oversett det faktum at Azov-bataljonen, som er ein offisiell del av Kiev sine væpna styrkar, har ein pro-nazistisk ideologi. Tilbake i 2017 siterte The Hill Azov-kommandanten Andriy Biletsky på at Ukraina si oppgåve er å «føre verdas kvite rasar i eit finansielt korstog for sin overlevnad … mot dei semitt-leidde Untermenschen».
Vidare har rehabiliteringa av nynazismen i Ukraina blitt tolerert av den eine etter den andre av US-amerikanske administrasjonar sidan «Orange-revolusjonen» i 2005, og den har halde fram med å blomstre under George Bush, Barack Obama og Donald Trump, i følge Cohen.
Administrasjonen til Joseph Biden, som tidlegare var Obama sin utsending i Ukraina, gjekk endå eit steg vidare då dei forsynte det ukrainske militæret med tonnevis av våpen og trening medan desse konsentrerte seg langs kontaktlinja med Donbas. Den 16. desember 2021 diskuterte FNs generalforsamling ein resolusjon som bad om kamp mot glorifiseringa av nazisme, nynazisme og anna praksis som fyrer opp under rasisme og framandfrykt. Dei einaste to landa som stemde imot, var USA og Ukraina.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 219 ganger.
1 kommentar. Leave new
FY FAAN. Så mye for «informasjonen» vi får av media i Norge.
At vi i det hele tatt gidder å følge med på den krigshissende løgn-propagandaen vi får servert.
“For det første, så gav Zelensky ordre om angrepet under ein tale for fleire veker sidan,” seier Eliason. “Han var svært tydeleg på at Ukraina si styrkeoppbygging hadde den hensikten.”
Innan desember 2021 hadde Kiev-regjeringa plassert ut opptil 125 000 soldatar langs med kontaktlinja med Donbas-republikkane. Samtidig rapporterte OSSE (Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa) om hyppigare bruk av tunge våpen – forbodne etter Minsk-avtalane – frå Dei ukrainske væpna styrkane si side, mot utbrytarregionane.»