POSTED IN Media, Ukraina

Det er ikke slik vi blir fortalt.

Vi er utsatt for intens krigspropaganda.

11 kommentarer

Ukraina: krigspropagandaen er tilbake

av Thierry Meyssan

Thierry Meyssan avbryt sin kronikkserie om den gigantiske konflikten mellom Russland og USA. Han oppmodar alle til å bryte med krigspropagandaens løgner.

Han kalla seg ikkje nazist, berre ukrainsk «nasjonalist». Frå 1935 av tilrådde Bandera politisk vald. Han fekk myrda kring seksti personlegdommar, inkludert to polske ministrar. Under Andre verdkrig organiserte han utryddinga av jødiske og slaviske intellektuelle. Det nye ukrainske regimet har reist minnemerke til hans ære, inkludert eitt i Lviv, den byen der han hadde oppsyn med ein massakre.

 

Opinionen i Vesten er rasande over krigen i Ukraina og mobiliserer for å hjelpe ukrainarar på flukt. For dei alle er det openlyst: diktatoren Putin støttar ikkje det nye ukrainske demokratiet. Som i alle konfliktar, blir vi fortalde at dei andre er dei stygge, medan vi er dei gode.

Reaksjonen vår er lik den til folk som har blitt misbrukt av krigspropaganda, fordi dei ikkje hugsar tidlegare konfliktar, og ikkje veit noko om Ukraina. La oss ta det frå starten.

KVEN STARTA DET?

Slik som i skulegarden, når klassekameratane slåss, vil vi gjerne vite kven som starta. Det er ingen konkurranse: for åtte år sidan organiserte USA eit regimeskifte i Kiev, med hjelp frå væpna grupper. Desse folka kallar seg sjølve for «nasjonalistar», men på ingen måte slik vi forstår omgrepet. Dei påstår dei er verkelege ukrainarar av skandinavisk eller proto-germansk opphav, og ikkje slavarar som russarane. Dei samanliknar seg med Stepan Bandera [1], leiaren for dei ukrainske nazi-kollaboratørane, ekvivalenten til franske Philippe Pétain, men over Joseph Darnand og soldatane i den franske SS-divisjonen Charlemagne [Karl den store]. Ukrainarar som hittil har sett på seg sjølve som av skandinavisk eller proto-germansk opphav på den eine sida, og slavisk på den andre, kallar dei ’nynazistar’.

Her i Frankrike er ordet ’nazi’ eit skjellsord som blir brukt til alt mogleg. Historisk sett er det ei rørsle som snakka varmt for ein rase-visjon for menneskeslekta som forklaring på koloni-imperia. I følge dei tilhøyrer menneske ulike ’rasar’, i dag ville vi kalle det ulike ’artar’. Dei kan ikkje få barn ihop, som merrer og esel. I naturen får desse to artane muldyr, men desse er vanlegvis sterile. Dette er grunnen til at nazistane forbaud blanding av rasar. Om vi er av ulik rase, er den eine overlegen den andre; difor hadde ein den vestlege dominansen over kolonialiserte folk. På 1930-talet var denne ideologien rekna som ’vitskap’, og vart undervist i på universiteta, særleg i USA, Skandinavia og Tyskland. Nokre av dei svært viktige vitskapsfolka forsvarte det. Til dømes var Konrad Lorenz (Nobelprisen i medisin 1973) ein ivrig nazist. Han skreiv at homoseksuelle, for å bevare rasen, måtte fjernast frå massen og eliminerast, slik ein kirurg fjernar ein svulst, fordi dei blanda sitt arvemateriale med andre rasar sitt, utan at nokon merka det.

Desse vitskapsfolka var ikkje meir seriøse enn dei som annonserte apokalypsen under Covid-19-epidemien. Dei hadde tittelen «vitskapsmann», men ikkje den fornuftige tilnærminga.

Moderne Russland vart bygd på minnet om det som russarar kallar «Den store fedrelandskrigen» og vi kallar «Andre verdkrig». Den betyr slett ikkje det same for dei som for oss. Her i Frankrike vara krigen berre nokre månadar, så trudde vi på nazistane sin siger og gjekk inn i samarbeid med dei. Vi såg at nazistane og Pétainistane frå 1940 av arresterte 66 000 menneske, stort sett for «terrorisme» (resistans). Deretter, frå 1942 og utover, vart 76 000 jødar arresterte for å vere ein «mindreverdig rase» og sende austover, i realiteten til utryddingsleirar. I Sovjetunionen, derimot, arresterte ikkje nazistane nokon. Dei ønska å utrydde eller slavebinde alle slavarar i løpet av tretti år for å frigjere «livsrom» (Lebensraum) der dei kunne bygge eit kolonialt imperium (Generalplan Ost). Det var derfor SSSR mista 27 millionar menneskeliv. I russisk minne er nazistane ein eksistensiell fare, ikkje for oss.

Då desse folka kom til makta i Kiev, erklærte dei seg ikkje som «nazistar», men som «nasjonalistar» av typen Stepan Bandera, som også kalla seg «nasjonalist» og ikkje «nazist», og dei gjekk til og med endå lenger i sine folkemordsintensjonar mot slavarar og jødar. Dei kalla det tidlegare regimet for «pro-russisk», noko som faktisk er feil, og forbaud alt som kunne minne om russisk kultur. Først av alt det russiske språket. Fleirtalet av ukrainarar var tospråklege; dei snakka både russisk og ukrainsk. Brått vart halvparten av dei fortalde at dei ikkje lenger hadde lov til å snakke språket sitt på skulen og i administrasjonsapparatet. Donbas-regionen, som er svært russiskspråkleg, reiste seg. Men det gjorde også den ungarske minoriteten, som før hadde fått undervisning på eige språk, og som fekk Ungarn si støtte i sine krav. Ukrainarane i Donbas kravde at distrikta Donetsk og Lugansk skulle bli gitt autonom status, og at dei skulle få tilbake språket sitt. Desse prefektura (oblast på russisk) erklærte seg som republikkar. Det betydde ikkje at dei søkte uavhengigheit, men berre autonomi, sjølvstyre slik republikken California i USA har eller dei tidlegare republikkane i SSSR hadde.

I 2014, sette president Francois Hollande og kanslar Angela Merkel saman Kiev-folka og Donbas-folka ved same bord, der dei fekk forhandla fram Minsk-avtalen. Frankrike, Tyskland og Russland er garantistane.

Kiev har alltid nekta å implementere avtalen, sjølv om dei signerte. I staden har dei væpna «nasjonalistisk» milits og sendt dei til grensa til Donbas. Allslags vestlege ekstremistar kom deretter til Ukraina for å skyte rundt seg. Desse paramilitære folka var det førre månad 102 000 av, i følge styresmaktene i Kiev. Dei utgjer ein tredel av den ukrainske arméen, og er integrerte inn i Dei territorielle forsvarsstyrkane. 66 000 nye «nasjonalistar» – om enn utlendingar – har nett entra landet som forsterkingar, frå heile verda.

Under dei åtte åra som har gått sidan Minsk-avtalen, har desse paramilitære drepe 14 000 menneske i Donbas, i følge regjeringa i Kiev. Dette talet inkluderer deira eigne avlidne, men dei er ikkje mange. Russland har oppretta sin eigen granskingskommisjon. Den har ikkje berre talt opp døde, men også alvorleg skadde. Kommisjonen fann 22 000 offer. President Putin snakkar om «folkemord», ikkje i den etymologiske tydinga ’destruksjon av eit folk’, men i den juridiske tydinga ’brotsverk utført av styresmaktene mot ei etnisk gruppe’.

Her er det problemet ligg: Kiev-regjeringa er ikkje homogen, og ingen har gitt eintydig ordre om ein slik massakre. Men Russland held president Petro Poroshenko og hans etterfølgar Volodymyr Zelensky ansvarlege. Vi har også ansvar, fordi vi var garantistane for den aldri implementerte Minsk-avtalen. Ja, vi er medansvarlege.

Vi har enno ikkje sett det verste. Den 1. juli, 2021, kunngjorde president Zelensky, som væpna dei «nasjonalistiske» paramilitære og nekta å implementere Minsk-avtalen, Lov nr. 38 «om urinnvånarar» [2].Denne lova garanterer rettane til tartarane og karaittane (jødar som ikkje anerkjenner Talmuds autoritet), inkludert retten til å snakke sitt eige språk, men ikkje rettane til slavarane. Sistnemnde eksisterer ikkje. Dei er ikkje verna av noka lov. Dei er Untermenschen, undermenneske. Det var første gong på 77 år at ei raselov vart vedtatt på det europeiske kontinentet. Du seier for deg sjølv at det finst menneskerettsorganisasjonar, og at dei må ha protestert. Men ingenting. Ei stor stille. Verre: Bernard-Henri Lévy sin applaus.

Dmytro Yarosh. I bakgrunnen er flagget til Stepan Bandera: svart og raudt med den ukrainske treforken. Yarosh er agent for NATOs stay-behind-nettverk. I 2007 fekk han i stand ein allianse mellom europeiske nynazistar og Midtausten-jihadistar mot Russland. Han spelte ei sentral rolle i regimeskiftet i 2014. I dag er han spesialrådgivar for sjefen for det ukrainske militæret..

KORFOR KRIG?

Synet vårt på hendingar blir forvrengt av fordommane våre. Dette er endå meir uttalt i dei baltiske statane og land som tidlegare vart overkøyrde av «Bresjnev-doktrinen». Desse folka tenker a priori at russarane er arvingane til sovjetarane. Men dei viktigaste sovjetiske leiarane var ikkje russarar. Josef Stalin var georgiar, Nikita Krutsjov ukrainar osb., og sjølv Leonid Bresjnev var ukrainar.

Då republikkane Donetsk og Lugansk var ukrainske, var massakren av innbyggarane der utelukkande ei ukrainsk sak. Ingen hadde lov å forsvare dei. Men Frankrike og Tyskland tok, då dei signerte Minsk-avtalen og fekk FNs Tryggingsråd til å godkjenne den, på seg ansvar for å sette ein stopp for massakren. Dei gjorde det ikkje.

Problemet skifta karakter då Russland den 21. februar 2022 anerkjende uavhengigheita til dei to Donbas-republikkane. Massakren av innbyggarane der var ikkje lenger ei innanriks-sak, men ei internasjonal. Den 23. februar møttest Tryggingsrådet igjen medan den russiske arméen førebudde seg på å intervenere. På møtet ispørresette ikkje FNs generalsekretær António Guterres legitimiteten til Russland si anerkjenning av Donbas-republikkane. Han stilte heller ikkje spørsmål ved Russland sin militære intervensjon mot nynazistane. Han berre bad Russland gi freden ein ny sjanse [3].

Internasjonal rett forbyr ikkje krig, men prøver å hindre den. Sidan møtet i Tryggingsrådet ikkje bar frukter, hadde Russland rett til å tre hjelpande til overfor Donbas-innbyggarane som vart massakrerte av nynazistane. Det gjorde dei dagen etter, den 24. februar.

President Vladimir Putin, som alleireie hadde venta i åtte år, kunne ikkje lenger skyve det unna. Ikkje berre fordi folk døydde kvar dag, ikkje berre fordi den ukrainske arméen førebudde ein svær massakre den 8. mars [4], men fordi russisk lov gjer han personleg ansvarleg for liva til desse medborgarane hans. Som førebuing til ei eventuell utvandring, har det store fleirtalet av Donbas-innbyggarar dei siste åra skaffa seg russisk statsborgarskap.

UTVANDRINGA TIL 2 MILLIONAR UKRAINIARAR

Som ved alle NATO-krigar, er vi også no vitne til folkeflukt. For franskmennene minner dette om utvandringa i 1940, då tyske troppar rykte framover. Det er kollektiv panikk. Franskmennene trudde at Wehrmarcht skulle drive med massevaldtekt, slik den tyske hæren hadde gjort ved starten av Første verdskrig. Men tyskarane var disiplinerte og gav seg ikkje i kast med denne typen vald. Til sjuande og sist hadde denne mållause flukten ingen objektiv grunn, berre frykt.

NATOhar sidan Kosovo-krigen utvikla konseptet ’organisering av folkeforflytningar’ [5]. I 1999 organiserte CIA flyttinga av over 290 000 kosovarar frå Serbia til Makedonia på tre dagar. Om du er eldre enn 30 år, så hugsar du dei skrekkelege videoane av den lange rekka med folk som marsjerte ein etter ein i dusintals kilometer langs med jernbanelinjene. Dette var for å få det til å sjå ut som etnisk undertrykking frå Slobodan Milošević si regjering, og rettferdiggjere krigen som skulle kome. Kosovarane visste ikkje korfor dei flykta, men trudde dei ville få ei betre framtid der dei drog. For sju år sidan hugsar du den syriske utvandringa. Den var i ferd med å svekke landet med folkeuttynninga. Denne gongen handlar det om å røre kjenslene dine med kvinner og barn, utan å sende bort mennene som trengst til å kjempe mot russarane.

Kvar gong blir vi opprørte. Men berre fordi kosovarane, syrarane eller ukrainarane lir, betyr ikkje det at dei alle har rett.

EU aksepterer alle ukrainske flyktningar, Schengen-statane aksepterer alle som presenterer seg som krigsflyktningar. Ifølge tyske styresmakter manglar omlag ein firedel av desse «flyktningane», som sver på at dei jobbar og bur i Ukraina, ukrainsk pass, men har algerske, kviterussiske, indiske, marokkanske, nigeriske eller uzbekiske pass; folk som openbert nyttar den opne døra til å bli legalt registrerte i EU. Det blir ikkje gjennomført nokon verifikasjon av deira tidlegare opphald i Ukraina. For dei tyske arbeidsgivarane er dette ei legitimering under falsk etikett.

Vi lyt spørje oss korfor det ukrainske folket ikkje støttar regjeringa si. Under krigen i Kosovo stod folket i Beograd dag og natt på byens bruer for å hindre at NATO skulle bombe dei. Under krigen i Libya samla fleire millionar menneske seg i Tripoli for å vise si støtte til leiaren Muamar Gadhafi. Under krigen i Syria uttrykte ein million menneske si støtte til president Bashar al-Assad. Denne gongen: ingenting. Tvert imot blir vi fortalde at grupper frå Det territoriale forsvaret jaktar på «infiltrerte russiske sabotørar», sjølv om OSSE skriv under på at der ikkje var russiske soldatar i Ukraina før starten av operasjonen.

På videoen av bombinga ved kjernekraftverket Zaporizhzhia kan ein ikkje sjå at skot har blitt avfyrt mot sjølve reaktorane.

BILDESJOKKET

Vi burde ha lært av tidlegare krigar at sanninga alltid er første offer. Sidan Kosovo-krigen har NATO blitt ein meister på krigspropaganda. På den tida skifta dei talsmann for organisasjonen i Brussel. Han som erstatta han, Jamie Shea, skildra ei eksemplarisk historie kvar dag, enten om dei grufulle gjerningane til dei kriminelle serbarane, eller om den eksemplariske resistansen til kosovarane. På den tida publiserte eg ei avis eg faxa dagleg, Journal de la Guerre en Europe. Eg summerte opp kunngjeringane til NATO og telegramma til dei små pressebyråa på Balkan. Kvar dag såg eg dei to versjonane bli meir og meir ulike. Eg tenkte sanninga måtte ligge ein stad i midten. Då krigen var over, vart det klart at Jamie Shea si historie var reint oppspinn, utforma for å fylle spaltene til lettlurte aviser, medan telegramma til dei vesle nyheitsbyråa på Balkan fortalde sanninga. Og sanninga var ikkje i favør av NATO.

NATO Who's who?: Jamie Shea
Jamie Shea

Så eg har ein viss skepsis i møtet med konsensusen i dei vestlege media. Når vi t.d. blir fortalde at Russland bombar eit kjernekraftverk, så tenker eg på president George W. Bush sine løgner om tyrannen «Saddam» sine masseøydeleggingsvåpen. Eller når vi blir fortalde at russarane nett har bomba eit barselssjukehus i Mariupol, så hugsar eg dei kuwaitiske kuvøsebarna som blei kidnappa av dei skrekkelege irakiske soldatane. Og når eg blir forsikra om at den vondsinna Putin er gal og liknar Hitler, så hugsar eg korleis vi behandla Muamar Gadhafi eller president Bashar al-Assad.

Det er grunnen til at eg ikkje tar desse skuldingane på alvor. Dei ukrainske soldatane på Slangeøya vart ikkje massakrerte av bomber, slik president Zelensky påstod. Dei overgav seg til den russiske arméen, som han seinare innrømde. Det jødiske minnemerket ved Babi Yar vart ikkje øydelagt av russarane, som respekterer alle offera for nazi-barbarismen. Zaporizhzhia-kraftverket vart heller ikkje bomba. Det vart i mange dagar beskytta av blanda russisk/ukrainske vaktar-team. Og Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) stadfesta at der aldri hadde vore nokon radioaktiv strålingsfare. Barselsjukehuset i Marioupol vart heller ikkje bomba. Det hadde blitt evakuert tre dagar før og omdanna til brakker for Azov-regimentet (nynazistar), slik Russland hadde rapportert om til FN.

Så når eg blir fortald at «diktatoren» Putin må drepast, forheld eg meg framleis som meisla i stein.

SLAGA

Korleis kan vi unngå å legge merke til at bilda vi ser av dei sigerrike «slaga» til den ukrainske arméen alltid er dei same? Korleis kan vi unngå å legge merke til at vi berre ser nokre få øydelagde køyretøy? Har våre krigsreporterar aldri sett ekte krigar? Vi tolkar ikkje bilda etter kva vi ser, men etter kommentarane som følger med dei.

I ei veke no har vi blitt fortalde at den russiske arméen har omringa Kiev femten kilometer unna, at dei rykker framover kvar dag (men framleis er i ein distanse på femten kilometer) og at dei vil gjennomføre sluttangrepet. Når det blir forklart for oss at «diktatoren» Putin ønsker seg skalpen til den kjekke president Zelenski (som væpnar nynazistar og vedtok raselova), så tar eg eit steg tilbake.

Den russiske armeen har aldri hatt nokon plan om å ta dei store byane. Dei held seg unna desse (med unntak av Marioupol). Dei kjempar mot «nasjonalistiske» paramilitære nynazistar. Som franskmann og supporter av Resistansen mot nazistane, har den russiske arméen mi fulle beundring.

Den russiske arméen i Ukraina brukar same taktikk som i Syria: omringe byane der fienden søker tilflukt, deretter opne humanitære korridorar så dei sivile kan flykte, og til sist slå til mot dei krigarane som er igjen. Dette er grunnen til at nynazistane blokkerer desse korridorane og hindrar folk i å flykte. Dette er prinsippet menneskeleg skjold.

Det er ein forflytningskrig. Vi lyt forflytte oss raskt. Dei russiske troppane flyttar inn lastebilar og armerte køyretøy. Dette er ikkje stridsvogn-slag. Stridsvogner er i dag uverksame på slagfeltet. I 2006 såg vi korleis Hizbollah øydela israelske Merkava-stridsvogner. Russiske troppar flyttar seg rundt i motorkøyretøy; det er derfor dei har panserkøyretøy. Då vi har forsynt den ukrainske arméen, inkludert nynazistiske paramilitære, med titusentals anti-tank-missilar, øydelegg våpena våre dei når dei øydelegg lastebilane deira. Dette er ikkje slag, berre bakhaldsangrep.

Staten Israel tok ikkje feil: statsminister Naftali Benett rådde president Zelensky til å akseptere dei russiske vilkåra for fred, nemleg ikkje å legge ned våpena, men å øydelegge alle minnemerke dedikerte til Stepan Bandera og arrestere nazistane som har blitt inkorporerte i Ukrainas Territorialforsvar.

TRE NYE PROBLEM

Som om situasjonen ikkje var komplisert nok frå før, så annonserte president Zelensky på Tryggingskonferansen i München, rett før krigen, sin intensjon om å skaffe seg atombomba – eit brot på avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen som landet hans hadde signert.

Deretter beslagla og publiserte det russiske militæret eit av Kiev-regjeringa sine arbeidsdokument, som viste at dei planla eit militært angrep på Krim og Donbas den 8. mars.

Til slutt avdekka det russiske militæret rundt 15 laboratorium for forskning på biologiske våpen som arbeidde for Pentagon. Dei kunngjorde at dei ville offentleggjere den beslaglagde dokumentasjonen og øydela 320 behaldarar for patogen. USA er eitt av landa som har signert FN-konvensjonen om biologiske våpen (BWC), som dei respekterer heime, men bryt i utlandet. Dokument vart offentleggjorde for to månadar sidan av ein bulgarsk journalist. Den 8. mars bad Kinas utanriksminister Pentagon om å forklare dei 330 biologiske laboratoria dei driv under ulike namn i 30 land. Utanriksdepartementet nekta då for praksisen. Men viseutanriksminister Victoria Nuland innrømde i ei Senatshøyring at Pentagon samarbeidde om desse utlandsprogramma, og at ho var bekymra over at forskinga hadde falle i russiske hender. Då Russland tok saka til Tryggingsrådet, vende Vesten skuldingane mot Russland, skulda dei for å planlegge eit falskt-flagg-bioangrep. Verdshelseorganisasjonen for sin del, sa dei hadde blitt åtvara om ukrainsk/amerikansk sivil biologisk forsking, og hadde bede Ukraina om å øydelegge patogena sine for å hindre spreiing.

Så Ukraina, som livnærer fleire enn eitthundretusen «nasjonalistar» og inkorporerte dei i sitt «Territorialforsvar», som deretter vedtok ei raselov, arbeider med illegale biologiske våpen og har håp om å skaffe seg atomvåpen. Vi har vald å gløyme det eksemplariske motet til Jean Moulin og Charles De Gaulle og støtte president Zelensky!

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1Etter at han hadde deltatt saman med SS i jøde-massakrar, vart Stepan Bandera tatt til fange av nazistane i 1941 og internert i eit VIP-fengsel. Så vart han sloppen fri for å aktivt delta i SS sin kamp mot sovjetarane. Han var aldri nokon ideologisk motstandar av nazistane, men samarbeidde tvert imot med dei mot SSSR. Sjå  Stepan Bandera: The Life and Afterlife of a Ukrainian Nationalist, Fascism, Genocide, and Cult, Grzegorz Rossoliński-Liebe, ebd., (2014).

[2] «Про корінні народи України», Відомості Верховної Ради (ВВР), 2021, № 38, ст.319.

[3]Tryggingsrådet8974. møteFN, 23. februar 2022.

[4] Dokument : «Les plans d’attaque secrets ukrainiens» (Quelle : Russisches Verteidigungsministerium).

[5] “Strategic Engineered Migration as a Weapon of War”, Kelly M. Greenhill, Civil War Journal, Volume 10, Issue 1, July 2008. «Understanding the Coercive Power of Mass Migrations,” in Weapons of Mass Migration : Forced Displacement, Coercion and Foreign Policy, Kelly M. Greenhill, Ithaca, 2010. “Migration as a Coercive Weapon : New Evidence from the Middle East”, i Coercion : The Power to Hurt in International Politics, Kelly M. Greenhill, Oxford University Press, 2018.

Tidligere publisert på derimot.no



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 5 236 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

11 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    20 mars 2022 10:02

    Det er berre nokre månader sidan minister Enoksen forsikra om at Støre-regjeringa skulle ha eit sterkt fokus på nedrusting. No forsikrar han om opprusting.

    Ingen parti på stortinget føreslår nedrusting. Ingen parti føreslår utmelding av Nato. Men stortingsval skal me ha. Pengar og spara her òg: eitt parti burde halda: Miljø- og fredspartiet Nato.

    Svar
  • Petter Tuvnes
    20 mars 2022 10:14

    Det faktum at befolkningen i Ukraina greier å kjempe mot russerne tyder på at mye i denne artikkelen er feil.

    Svar
    • Reidar Kaarbø
      1 april 2022 12:19

      «Befolkningen» i Ukraina klarer å kjempe mot russerne pga. massiv tilførsel av avanserte våpen, utstyr, penger, «sivile kjempende» (inklusive «rådgivere» og «instruktører») og ikke minst etterretning fra USA og dets venner. USA har ingen hensikt å få stoppet denne krigen, uansett hva slags «forhandlinger» som skjer. Dette blir en lang og stygg krig mellom Russland og USA i Ukraina, taperen er Ukraina, vinneren er NATO og USA.

      Dette er en av grunnene til at det fokuseres så mye på å skaffe flyktningene arbeid, barnehage, skolegang. De skal ikke være her et par uker «til det blir fred», de skal være her lenge, lenge, og det vet regjeringen.

      Svar
  • Tor Larsen
    20 mars 2022 10:24

    Hitler er utslitt og diktatorens brunfarge utvasket. Altså på høy tid å bytte ut den gamle, diktatoriske nasjonsbevareren med en annen, bedre tilpasset vår egen tid. Oppskriften bytter man ikke ut. Den er rene suksessterten! Journalistene våre ligner aztekiske prester med bloddryppende obsidiankniver på toppen av sine informasjonspyramider. De skaper den rette stemningen og engasjerer massene i dødens teater. Metoden med å skape og utnytte negativ energi er kjent fra oldtiden og vel verd å tenke over: https://wandstore.ru/wor-en

    Mediene, vår tids yppersteprester. De samler menneskenes oppmerksomhet og kontrollerer massene med negativ energi. Når så du sist en positiv nyhet? Det av russerne bombede teateret i Mariupol er bare teater og massene nekter å tenke over hvilke anstrengelser som ville blitt utøvd for å få ut de innesperrede. Fra sammenlignbare katastrofer har vi sett hundretalls mennesker grave seg ned i ruinene for å redde liv. Det skjer ikke i Mariupol. Ingen satelittbilder av utbombede boligstrøk så som i Libya vises heller, for den bombingen skjer ikke! Mediene, inkludert den falske opposisjonen i resett.no og document.no påstår noe, men de kan ikke engang sannsynliggjøre. Andre sannsynliggjør motsatt: https://thegrayzone.com/2022/03/18/bombing-mariupol-theater-ukrainian-azov-nato-intervention/

    Teateret i Mariupol blir aldri mer nevnt, men publikum glemmer ikke førsteinntrykket av de 1200 innesperrede. De husker den falske nyheten som en sannhet. Spørsmålet er rett og slett: når skal det gasses? Når skal det brukes gass mot Ukrainas befolkning med formål å aktivere NATO?

    Svar
    • Wasan Totland
      1 oktober 2022 21:20

      Det kommer garantert til høsten. Slutter meg til din analyse av R og D. Disse nettavisene har mistet mange gode gravejournalister i kaommentarfeltene fordi de herser med kundene. Det er ikke først og fremst artiklene man vil lese. Heller analysene i kommentarene der de geopolitiske aspektene av og til kommer fram. Heldigvis har vi Derimot og Steigan til dette formål.

      Svar
  • «stoffavhengige og nynazister», sier Putin, og Zelensky er visst veldig glad i kokain; Dmitro Yarosh koser seg best når han får drive på med sadistisk vold. Sammen er de dynamitt.
    «Jøden» Zelensky signerte 21.07.2021 en raselov som gir germanske ukrainere rettigheter slaviske russere ikke har, altså en form for institusjonalisert rasisme. «Jødinnen» Victoria Nuland, på vegne av USA, støtter nazi-infiserte Ukraina og sender våpen og krigere, EU gjør det, Norge gjør det, høylydt og skamløst, og rasisme og antisemittisme er visst ikke noe problem i denne sammenhengen, later det til.
    Meyssan kaller Nuland straussist, inspirert av Leo Strauss, en oppfølger til sabbatteisk frankisme. Ting faller på plass.

    Svar
  • Noen sannhetens ord fra Tulsi Gabbard !

    (En amerikansk politiker og reserveoffiser i United States Army som tjente som USAs representant for Hawaiis andre kongressdistrikt fra 2013 til 2021 )

    «Det er Warmongers som hevder at vi må beskytte Ukraina fordi det er et «demokrati» Men de lyver. Ukraina er egentlig ikke et demokrati. For å holde på makten stengte Ukrainas president de 3 TV-stasjonene som kritiserte ham, og fengslet lederen av det politiske opposisjonspartiet som kom på 2. plass i valget, og arresterte og fengslet dets ledere (nøyaktig det Putin har blitt anklaget for å gjøre)—
    Alt med støtte fra USA !

    ( Warmongers; person som tar til orde for krig eller krigslignende politikk)

    https://rumble.com/vukkc2-warmongers-argue-we-must-protect-ukraine-because-its-a-democracy.html

    Svar
  • Bjørnar Bolsøy
    20 mars 2022 23:46

    «Til slutt avdekka det russiske militæret rundt 15 laboratorium for forskning på biologiske våpen som arbeidde for Pentagon. Dei kunngjorde at dei ville offentleggjere den beslaglagde dokumentasjonen og øydela 320 behaldarar for patogen.»

    Rent bortsett fra at Russland så langt ikke har presentert noen beviser for den påståtte «forskning på biologiske våpen». Hele saken har blitt grundig dementert av en rekke kilder:

    [h]ttps://voxukraine.org/en/fake-victoria-nuland-admitted-that-us-has-biolabs-in-ukraine/

    «Since 2005, the United States has been helping to modernize Ukrainian laboratories, conduct research, and improve safety culture to prevent outbreaks of dangerous infectious diseases through the Biological Threat Reduction Program. For example, during the COVID-19 pandemic, these laboratories were involved in monitoring the situation with the new coronavirus. During the entire period of cooperation, the United States has invested about $200 million for the development of 46 laboratories and medical institutions in Ukraine.

    These institutions are not involved in the development of chemical or biological weapons. On the contrary, the United States has initiated a program to prevent the development of such weapons. The fact is that the Soviet Union had its own biological weapons program. After its collapse, dangerous biological materials remained on the territory of Ukraine. The U.S. program aims to ensure that these materials are not stolen or used for non-research purposes. Until 2014, the program also extended to russian laboratories.»

    Svar
  • Mye løgner og propaganda på begger sider og media formidler alt ukritisk...
    21 mars 2022 9:57

    Ukrainerne vil heller dø i kamp for sin frihet enn å risikere å havne under Russisk kontroll, de har fortsatt i folkeminne Holomodor hvor Sovjet Unionen med vilje skapte en kunstig hungersnød i landet som drepte over en million. Russland kan i praksis bare «vinne» med å drepe enormt mange og ødelegge hele landet og vil lide store tap selv i prosessen. Begge sider konflikten kaller den andre siden for Nazister, og jeg mistenker begge sider har litt rett og like mye feil…

    Svar
    • Olav Sæther
      2 oktober 2022 17:35

      Det er Kiev-regimet sin skyld at Krim og nå fire nye fylker er annektert av Russland.

      Svar
  • Zelesky og Churchill har mykje til felles: dei sveik sitt folk ved å ta landet inn i ein unødvendig krig som førte til politisk og økonomisk tap (GreatBr tapte pundets imperium til usadollaren), på oppdrag frå jøder, betalt av jøder, rusavhengige, sjølvopptatte, mediedyktige, katastrofale opphøgde heltar? Folk vil bli bedratt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

De kan si hva som helst fordi det ikke finnes kritisk journalistikk.

Vet ikke norske seniorforskere hva de sier?

Previous Post

Her er for mange tilfeldigheter.

Sprengningen av rørledningene er ingen tilfeldighet men en del av en plan.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.