Produksjonsmirakelet
Av Hans Olav Brendberg
Då krisa i Tsjekkoslovakia gjorde at mørke skyar samla seg i horisonten, var USA so dårleg førebudd på krig som det omtrent var mogleg å tenkja seg. Sju år etter var landet den leiande militære og økonomiske makta i verda, og USA stod åleine for halvparten av verdas industriproduksjon.
Den enorme mobiliseringa av produksjonskapasitet som skjedde mellom «Roosevelt-depresjonen» i 1938, då arbeidsløysetala igjen steig mot 20%, og den fullmobiliserte amerikanske økonomien i 1945 er eit av dei avgjerande vendingane i forrige århundres historie. Dette økonomiske mirakelet er nøkkelen til etterkrigshistoria, og dei viktigaste hendingane undervegs er viktige nøklar til denne historia.
USA hadde vore Ententens våpensmie under første verdskrig. Krigskontraktane gav eit stort oppsving i alle delar av amerikansk økonomi, også landbruket. Dei gode tidene var ein av grunnane til at Woodrow Wilson vart gjenvalt i 1916.
Men oppsvinget skjedde under amerikansk nøytralitet, og den veksande økonomien var avhengig av betalingsevna til Storbritannia og Frankrike. I 1916 hadde desse maktene brukt opp sine reservar, og spelet om amerikansk intervensjon førde til feberaktige svingningar på børsane.
Alle fredsinitiativ sende aksjekursane ned i kjellaren, medan diplomatiske kriser førde til at verdipapira steig. Amerikansk intervensjon var det einaste som kunne berga vestmaktene si finansiering av krigen – og intervensjonen kom til slutt i april 1917. Då var heile korthuset som Storbritannia si finansiering av krigen var bygt på på nippet til å rasa.
Krigserklæringa gjorde det mogleg for Wilson å avgjera utfallet av krigen – og samstundes slå ned all opposisjon heime. Leiaren i sosialistpartiet, Eugene Debbs, vart dømt til fleire år i fengsel for ein tale der han rosa militærnektarar. Den radikale fagrørsla International Workers of the World vart knust. Sosialistpressa vart stengt. Imens organiserte progressive propagandistar ein omfattande kampanje for å legitimera krigen, med Herbert Croly i spissen.
Trass i sigeren, vart første verdskrig på mange måtar eit vonbrot. Senatet ratifiserte ikkje amerikansk medlemsskap i Folkeforbundet, og USA vart ståande utanfor det politiske samarbeidet i Folkeforbundet.
Wilson greidde å vingeknekka den radikale opposisjonen – men dette førte til at det Demokratiske partiet klappa saman i valet i 1920. Berre i valkrinsane i sørstatane vart kandidatane til partiet valt.
USA hadde bygt ein svær rustningsindustri under første verdskrig. Då opinionen vende seg mot Wilson og krigspolitikken, var ei av følgjene høge skattar på den rustningsindustrien som var bygt. For å unngå desse skattane vart fabrikkbygningar og produksjonsutstyr skrota over heile landet. På kort tid forsvann den industrien som hadde vunne første verdskrig.
Berre ein sur ettersmak var att av «krigen for å gjera verda trygg for demokratiet», og det måtte ei verdsomspennande, økonomisk krise til før det demokratiske partiet igjen kunne rykka inn i det kvite huset. Det førde ikkje til rehabilitering av Wilons internasjonale eventyr. Tvert om vart amerikanske nøytralitetslover styrka i New Deal-perioden.
Då George Marshall vart stabssjef for den amerikanske hæren hausten 1939, var den amerikanske hæren den nittande største i verda – med 174 000 mann under våpen rundt ikring i landet. Den amerikanske hæren var i tal rangert mellom Bulgaria og Portugal.
Seks år seinare omfatta hæren åleine 7 millionar mann. Dette skiftet fortel svært mykje om kor dramatisk dette skiftet var.
Det ville i seg sjølv vore ein enorm operasjon å utrusta, organisera og leia ein hær på 7 millionar mann, og transportera han til dei mange slagmarkene rundt omkring i verda. Denne hæren skulle ha moderne utstyr, våpen, transport og alt anna – i stor oppgåve i seg sjølv.
Men utfordringa for amerikansk industri var større. For då mobiliseringa av industrien byrja, var ikkje USA i krig. Utstyr til den amerikanske hæren var framtidsvoner som ikkje påverka den pågåande krigen. Skulle USA vera med å vinna denne krigen, måtte ein først produsera det utstyret som Storbritannia og Sovjetunionen trong for å halda det gåande.
I første omgang kunne ein ta industri ut av møllposen, og setja i produksjon produksjonsliner som hadde lege brakk under den økonomiske krisa. Men dette nådde ei grense. I midten av 1941 fanst det ikkje lenger ledig kapasitet i industrien, og mangel på råvarer dukka opp på ulike stader i produksjonssystemet.
Utviklinga av krigen hadde vorte heilt annleis om ein ikkje hadde hatt oppnåelege ambisjonar, oversikt over kva som var mogleg å få til, og oversikt over kva som trongst av produksjon for å vinna krigen.



Tre økonomar gjorde ein avgjerande innsats for å få sett kursen rett: Simon Kuznets, Robert Nathan og Stacy May.
Kuznets og Natan hadde fleire år før krigen arbeidd med å kartleggja produksjonskapasiteten til USA som ein del av jobben sin i handelsdepartementet. Arbeidet deira var ein del av pionerinnsatsen for å utvikla det vi kallar Brutto Nasjonalprodukt.
Stacy May utbarbeidde ein oversikt produksjonskapasitet, trong for råvarer og ikkje minst kva økonomisk innsats som trongs for å produsera alt viktig utstyr i den militære maskinen. Men om sjølv om ein kjende den amerikanske økonomien, var det framleis ukjent kva britane var i stand til å produsera sjølve – og kva dei trong av hjelp.
Etter påtrykk frå krigsminister Henry Stimson opna britane døra, og Mays gruppe kunne gå gjennom dei britiske dokumenta. Då dei var ferdige, hadde Stacy May laga det viktigaste dokumentet i verda, kalla «Consolidated Balance Sheet». Dokumentmappa vog over femten kilo, og inneheldt opplysningar om alle ressursar dei to nasjonane måtte forsyna heimefronten med, samtidig som dei førte global krig. Då dette dokumentet skulle tilbake til USA, reiste May åleine med ei omfangsrik dokumentmappe. Dårleg ver gjorde at flyet måtte landa i Irland. Der tok May drosje frå Dublin til Foynes, og fekk plass på eit britisk fly til Baltimore.
Det May, Nathan og Kuznets oppdaga då dei byrja arbeida med tala frå dette dokumentet var svært uventa. For å møta krava som ein global krig stilte, måtte heile produksjonen innretta på militære føremål doblast. Ikkje over år, men på nokre månader. USAs brutto nasjonalprodukt måtte auka med 50% frå 1941 til 1942, og halvparten av denne produksjonen måtte setjast av til krigsinnsatsen. Rapporten deira – fundamentet for USAs »VIctory Program» forklarte i detalj korleis dette kunne gjerast. Han vart levert til det Kvite Huset 4. desember 1941 – 72 timar før det japanske åtaket på Pearl Harbour.
Planar er ein ting – avgjerder noko anna. Då krigen var i gang for alvor, byrja hæren å leggja inn bestillingar som om det ikkje fanst grenser for kva amerikansk industri kunne produsera. Ordrar hopa seg opp, heile industriar var liggjande etter planane – og flaskehalsproblema truga med å bremsa den svært raske, økonomiske veksten som var naudsynt om USA skulle vinna krigen. Konfrontasjonen mellom hæren og dei økonomiske planleggjarane kom i oktober 1942, og enda med at hæren måtte godta at økonomane avgjorde kva som var mogleg, og kva som ikkje var det.
Den amerikanske hæren byrja for alvor å prega krigen frå sommaren 1944. Då hadde dei skaffa seg røynsler i felt, hadde godt trente offiserar – og ikkje minst hadde dei då omsider tilgang til den flaumen av våpen og utstyr som planane til Kuznets, Nathan og May hadde gjort mogleg.
Storbritannia og Sovjetunionen hadde først fått den hjelpa dei trong for å halda seg flytande. Overskotet hadde vorte investert i nye produksjonsanlegg, sidan eksisterande produksjonskapasitet ikkje heldt for dei måla USA hadde sett seg. Då dei nye produksjonsanlegga stod ferdige, og lastebilar, kanonar, ammunisjon og fly byrja fylla samlebanda, var krigen avgjort.



Då krigen slutta i august 1945, produserte USA halvparten av verdas industriproduksjon. Den enorme produksjonsmobiliseringa som dei tre planøkonomane hadde lagt opp til hadde vorte gjennomført – av folk som forstod tala, og som hadde ein plan.
Denne planen hadde vorte laga av eit offisielt nøytralt USA. For amerikanarar flest kom åtaket på Pearl Harbour som lyn frå klår himmel. For innsiderane i Washington var det startskotet for ein krig som allereide var planlagt ned i detaljar. Ein av dei siste tinga senator Burton Wheeler gjorde før Pearl Harbour, var å lekka viktige delar av »Victory Program» til pressa. Krigsplanen var noko heilt anna enn det presidenten og regjeringa fortalde til folket.
USAs planøkonomi under andre verdskrig var ein strålande suksess. Om det var ein suksess for det amerikanske demokratiet, eller for teknokratiet i Washington, er eit anna spørsmål.
Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: Vlad Busuioc
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 289 ganger.