POSTED IN Fagbevegelse, Globalisering

Det er de transnasjonale selskapene som dominerer verden:

Slik spres den globale fattigdommen.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Global kapitalisme vil aldri løfte arbeidarane ut av fattigdom

av BENJAMIN SELWYN

Apologistar for kapitalistisk globalisering hevdar at globale verdikjeder (GVC) spreier velstand i verda. Eigentleg let dei firma som Apple maksimere utbyttinga av arbeidskraft mens dei held arbeidarane lenka til fattigdom.

Globale verdikjeder (Global value chain, GVC) «boostar inntekter, skapar betre arbeidsplassar og reduserer fattigdom,» ifølge Verdsbanken. Sidan Austblokka kollapsa i 1991 og Kina vart reintegrert inn i den globale økonomien, har verdshandelen i stadig aukande grad blitt organisert via GVC’ar. Til dømes blir komponentane og programvara til Apple sin iPhone, eit ikon for samtidas kapitalistiske globalisering, laga av  millionar av arbeidarar i over femti land.

Transnasjonale korporasjonar (Transnational corporation, TNC) — kalla «leiingsfirma» i den akademiske litteraturen (“lead firms”, private eller offentlege små, middels, eller store firma med eit betydeleg kommersielt kontaktnett. Mektige økonomiske aktørar i GVC’ane) — etablerte GVC’ar som ein del av konkurransestrategien sin, med outsourcing av arbeid eller oppstart av ny aktivitet i land med billig arbeidskraft. Statsadministratorar på den sørlege halvkula gav stadig oftare opp å etablere integrert heimeindustri, og søkte i staden å kome inn i GVC’ane som komponentleverandørar. I dag er over firehundreogfemti millionar arbeidarar tilsette i GVC-industrien.

person holding gray metal framed desk globe paper weight
Er globale forsyningskjeder til fordel for eierne eller for lønnstakerne?

Mange prominente figurar meiner desse systema for produksjon og distribusjon representerer radikalt nye utviklingsmoglegheiter. Som den tidlegare generalsekretæren for OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling), Ángel Gurría, hevda:

«Alle kan vinne på globale verdikjeder … å oppmode til utvikling av og deltaking i globale verdikjeder, er vegen til fleire arbeidsplassar og berekraftig vekst for økonomiane våre.»

Akademikaren Gary Gereffi, GVC-analysens intellektuelle far, hevdar at utvikling for nasjonane i sør krev at forsyningsfirma «knyter band til det viktigaste leiingsfirmaet i industrien.»

I røynda er GVC’ane ei stor gåve til nokre av verdas største selskap, men ikkje til arbeidarane deira. Eit meir presist namn for mange av GVC’ane hadde vore globale fattigdomskjeder.

Globale fattigdomskjeder

Ei rettssak har vist korleis burmesiske arbeidsinnvandrarar i thailandske fabrikkar, som produserer dongeribukser for det britiske storselskapet Tesco, opplevde tvangsarbeid, under minstelønsbetaling og dårlege arbeidsforhold. Mellom 2017 og 2020 laga desse arbeidarane jeans, dongerijakker og andre klede for VK Garment (VKG). Dei anmelder selskapet — Storbritannias største detaljist og verdas niande største etter utbytte — for ansvarsforsømming og urettmessig beriking.

Arbeidarane jobba typisk frå klokka 8 på morgonen til 11 på kvelden med éin dag fri i månaden. Iblant vart dei tvinga til å jobbe tjue-fire timar om dagen for å gjere ferdig store bestillingar. Sjølv om offisiell minsteløn i Thailand på den tida var £7 for ein åttetimarsdag (ca. 85 kroner), mottok dei fleste arbeidarane mindre enn £4 dagen. Yrkesskadar og overtramp frå leiinga høyrde til normalen.

Arbeidsinnvandrarane var avhengige av VKG for sin immigrasjonsstatus, noko som auka sårbarheita overfor tyranniske sjefar og lønsran. VKG-losjia var skitne og overfylte. Då ei kvinne bad om meir løn, kalla sjefen ho for ein hund og sa: «Viss du ikkje har lyst til å jobbe på fabrikken lenger, så kan du kome deg ut.» Tesco hadde ein profitt på over 2 milliardar pund i 2020.

Desse burmesiske arbeidarane si erfaring med ekstrem utbytting er vanleg praksis i globale verdikjeder. GVC’ane er organiserte av leiingsfirma som Tesco nettopp slik at dei skal kunne grafse til seg mesteparten av verdien som arbeidarane har skapt, og la sistnemnde sitte att med smulane.

Utbyttingsstrukturar

GVC’ane spratt i veret i same historiske tidsrom som neoliberalismen vart politisk dominerande rundt om i verda. Eksportprosesserande soner (export processing zone, EPZ), der utanlandsk kapital nyt skattefritak på import og eksport og har tilgang på billig – ofte ikkje-organisert – arbeidskraft, dreiv fram oppkomsten til GVC’ane. Desse auka frå syttini i tjuefem land i 1975 til over tre tusen fem hundre i eitt hundre og tretti land i 2006. På dette tidspunktet hadde EPZ’ane rundt sekstiseks millionar arbeidarar tilsett.

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har funne ut at rundt 80 prosent av EPZ’ane betalte ut løner som var under den nasjonale minsteløna. Arbeidstilhøve av EPZ-typen har breidd om seg i nasjonale økonomiar og gir korporasjonar massiv profitt, medan arbeidarane får svi. FNs Konferanse om handel og utvikling (UNCTAD) sin Handels- og utviklingsrapport 2018 seier det slik:

«Profittauken til topp-TNC’ar stod for meir enn to tredelar av nedgangen i andelen til den globale arbeidsinntekta mellom 1995 og 2015. Av dét følger at sjølv om den stigande andelen av profitt for topp-TNC’ane har kome på kostnad av mindre verksemder, har den også vore sterkt korrelert med den synkande arbeidsinntektsandelen sidan starten av det nye tusenåret.»

Ta til dømes Apple sine høgteknologiske iPhone-telefonar. Ifølge dei som støttar GVC, skulle arbeidarane tene på å arbeide i høgteknologi-sektoren på grunn av den høge produktiviteten der. Men i staden for å fordele ut vinsten av GVC-basert globalisering, er produksjonen av desse telefonane basert på fattigmannsløner og barske arbeidsforhold. Apple sin profitt for iPhone i 2010 utgjorde over 58 prosent av telefonens salspris, mens andelen som gjekk til kinesiske arbeidarar var på berre 1,8 prosent.

Komponentar for iPhone blir produserte av megafirma som Foxconn og det mindre kjende, men like utbyttande, Pegatron. Arbeidstilhøva i desse fabrikkane er diktatoriske og nedverdigande. Terry Gou, sjefen for Hon-Hai, Foxconns morselskap, sa ein gong:

“Hon Hai har ein arbeidsstyrke på over ein million over heile verda, og ettersom menneske også er dyr, gir det meg hovudverk å styre ein million dyr.» Så det er ikkje akkurat overraskande at Foxconn sitt arbeidsregime er karakterisert av regelmessig fornedring av arbeidarane.

I Pegatron-fabrikkane i Shanghai, rapporterte China Labor Watch [ein New York-basert NGO, mrk.] om korleis «arbeidarar må sette ihop 450-500 hovudkort kvar time.» Over halvparten av arbeidarane der arbeidde over nitti timar overtid i månaden fordi «grunnløna deira … ikkje etterkjem den lokale levestandarden.»

Juksemål

Løna i fabrikkar som Foxconn, Pegatron eller VKG er så låg at arbeidarane må ta på seg mykje og helseskadeleg overtid for å tene til livets opphald. Men desse kjensgjerningane bekymrar ikkje apologistane for GVC-leidd globalisering.

I si best-selgande bok, Why Globalization Works,underminerte Financial Times-skribenten Martin Wolf påstandar om at arbeidarar lir i slike fabrikkar:

«Det er rett å seie at transnasjonale selskap utbytter sine kinesiske arbeidarar i håp om å skape profitt. Det er like rett å seie kinesiske arbeidarar utbytter transnasjonale i (det nesten universelt oppfylte) håpet om å få høgare løn, betre trening og fleire moglegheiter.»

På liknande sett har den tidlegare direktøren for FNs Millennium-prosjekt, Jeffrey Sachs, avvist skuldingar om at «slavedrifta» er utbyttande. Han meiner i staden at det er «første steg på stigen ut av ekstrem fattigdom». Sachs påstod til og med at «demonstrantar i den rike verda» som er imot neoliberal globalisering heller «burde støtte auka tal på slike jobbar.»

Med slike argument skjuler Sachs og Wolf seg bak Verdsbanken sitt mål på ekstrem fattigdom – ofte kalla ein-dollar-om-dagen-fattigdomsgrensa. Ifølge dette målet på fattigdom, har fattigdommen i verda falle betydeleg over dei siste fire tiåra.

Problemet med dette målet er at det seier minimalt om fattigdommen som verkelege menneske må leve med. Det er eit tilfeldig tal, totalt åtskilt frå alle bekymringar over fattigfolks reelle behov. Til dømes var Verdsbanken si fattigdomsgrense på midten av 2000-talet ekvivalent med «å bu i USA med berre 1,3 dollar å bruke kvar dag for å dekke alle overlevnadsbehov.»

Dette fattigdomsmålet identifiserer ikkje mekanismane som skubbar arbeidarar ut i fattigdom. Det assisterer pro-kapitalistiske ideologar ved å mane fram eit bilete av ei verd der fattigdommen står på kanten til å forsvinne, på grunn av sysselsettingsstrategiane til selskap som VKG, Foxconn og Pegatron.

Fattigdomsgrensa som Sachs og Wolf brukar til å rettferdiggjere og feire fattigdosskapande arbeid i GVC’ane, er inhuman og anti-proletarisk. Viss ein arbeidar konsumerer meir enn det som tilsvarer ein dollar om dagen, men gjer helseskadeleg arbeid for å kunne gjere det – enten ved å jobbe overtid, eller ved å arbeide under farlege forhold – så reknar Banken dei som ikkje-fattige. Ifølge dette målet er arbeidarane i VKG ikkje fattige.

Å sette arbeidarane først

Heller enn å ta inn slik propaganda til pålydande verdi, kan vi trekke lærdom frå den marxistiske tradisjonen for å forstå den utbreidde fattigdommen under kapitalismen. Marx åtvara om at kapitalen «tar ikkje omsyn til helsa og livslengda til arbeidaren, med mindre samfunnet pressar den til å gjere det.» Han observerte også korleis kapitalistar ville prøve, når mogleg, å støtte opp under konkurranseevna si ved å presse ned lønene til under verdien av arbeidskrafta.

Utbreiinga av arbeidarfattigdom i GVC’ane tyder på at dei ikkje er generatorar for stigande inntekter, betre jobbar og redusert fattigdom, slik Verdsbanken og talrike akademikarar påstår. I staden representerer GVC’ane ein organisatorisk strategi for transnasjonale firma, designa for å auke utbyttinga ved å presse ned lønene til under arbeidskraftsverdien. Strategien har rett nok gjort underverk for profitten til TNC’ane, men den har gjort hundretals millionar til mottakarar av fattigdomsbetaling og helseskadeleg arbeid.

black and brown cows on brown field during daytime
Når toppsjefer betrakter lønnstakere som kveg forteller det sitt om holdningen og verdisynet overfor de ansatte.

For Marx var fattigdommen eit sosialt fenomen. I motsetning til Verdsbankens umenneskelege fattigdoms- eller sveltegrense, forklarte han korleis definisjonen og kalkuleringa av fattigdom hadde rot i arbeidarane sine fysiske behov. Særleg viktig var det at målet inneheldt eit «moralsk element». Dette elementet er til sist bestemt ved arbeidarane si evne til å tvinge kapitalistklassen til å anerkjenne dei som menneske med ei rekke sosialt definerte behov, heller enn berre berarar av arbeidskraft – eller dyr, med orda til Foxconn’s Terry Gou.

Er det mogleg å førestille seg og skaffe til veges ei verd der fattigdomskjeder er noko som høyrer til fortida? Ein del av denne kampen er å kjenne att arbeidarfattigdommen der den finst, og å støtte arbeidarar som kjempar imot den. Av den grunn fortener søksmålet mot Tesco vår fulle støtte-

Arbeidarane i GVC’ane har vore i ein myriade av kampar for betre løner og arbeidsforhold, alt frå å forlate jobben i Kinas gigantiske elektronikk-fabrikkar til kampar for fagforeiningsrett blant landbruksarbeidarane i sentral-Amerika, og massestreikar i Thailands eksportklede-fabrikkar. Desse kampane dannar grunnlaget for ei utfordring av makta til TNC’ane og deira globale fattigdomskjeder.

Omsett av Monica Sortland

https://jacobin.com/2022/12/global-capitalism-poverty-global-value-chains-transnational-corporations-globalization?fbclid=IwAR2mTPQtmuqk24W1D8wf-b6qMOpWV0Y8FUB7u7mzMDztPnVN4omi7QIQiMM

Forsidebilde: iStock



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 272 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Northern Light.
    6 januar 2023 13:41

    NRK hadde en nyhet for noen dager siden på text-tv, hvor Verdensbanken ble kalt «fattigdomsbekjempelsesbanken». Det var lenge siden NRK drev journalistikk, en balansert og nøytral nyhetsformidler er NRK ikke, finansfolket har for lengst inntatt alle redaksjoner, og verdensbildet og nyhetsbildet er det den globale storkapitalen vil folk skal ha, og da må alt snus på hodet.

    Michael Hudson blant andre i alternativpressen, gir oss det sanne bildet av Verdensbanken og IMF, de er ikke annet enn Wall Street bankkartellets fremste instrumenter for spredning av globalismen med dens nyliberale markedsøkonomi, som er den største trusselen mot folk og land over hele verden:

    «IMF er Forsvarsdepartementets forlengede arm.
    Det internasjonale pengefondet har i utgangspunktet fungert som en forlenget arm av forsvars-departementet. Det har reddet ut diktaturer, reddet Ukraina, lånt ut penger til land hvis klientoligarkier Amerika ønsker å støtte, og ikke lånt ut penger til land som Amerika ikke ønsker å støtte, som Venezuela. Så IMFs oppgave er i utgangspunktet å fremme nyliberal politikk, og å insistere på at andre land balanserer sine betalinger ved å føre en klassekrig mot arbeiderklassen.

    Betingelsen som IMF insisterer på for utenlandslån er at land devaluerer valutaen sin og senker lønnssatsene og vedtar antiarbeidslovgivning. Vel, når du senker valutakursen, hva senker du egentlig? Matvareprisene er satt i dollar internasjonalt, råvareprisene er det, og prisene på maskiner og mange varer.

    Den eneste økonomiske variabelen som devalueres er innenlandsk arbeidskraft og innenlandske renter. IMF har brukt denne typen søppeløkonomisk frihandelspolitikk, som et middel til å holde lønnssatsene i det globale sør nede. Du kan si at det er en finansialisering av en, i siste instans militær konflikt for å fremme nyliberal ideologi».

    Verdensbanken skaper sult.
    Verdensbankens sentrale mål er å hindre andre land i å dyrke sin egen mat. Det er hoveddirektivet. Den vil bare gi lån til land for å tjene utenlandsk valuta, og den har insistert helt siden ca 1950 på at land som låner fra den, må omforme landbruket til plantasjeeksportavlinger for å dyrke tropiske avlinger som ikke kan dyrkes i USA av miljø- og værmessige årsaker. Og landene må ikke dyrke sin egen mat, og må ikke foreta jordreformer eller ha småfamiliebasert jordbruk.

    Så Verdensbanken insisterte på at de skulle ha utenlandsk eid agribusiness i store plantasjelandbruk. Og det betyr at land som har tatt opp landbrukslån ikke kunne bruke dem for å produsere sin egen mat. Det har vært for å konkurrere med hverandre for å produsere tropiske eksportavlinger, mens de er stadig mer avhengige av USA for matforsyning og korn. Og det er en del av hjørnet de er blitt malt inn i som kommer til å skape en global hungersnød denne sommeren».

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Israel Shamir:

Tallene på drepte under Stalin er vilt overdrevne.

Previous Post

Wolfgang Streeck

Krigen sikrer USAs kontroll over EU

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.