POSTED IN Historie, Krig-fred

Det er blitt nødvendig i krigstider:

Sletting av historien må til skal kriger vinnes.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Historieutsletting som våpen i krig

av Manlio Dinucci

Vi hugsar alle korleis sovjetarane fekk historiske karakterar til å forsvinne, til ein slik grad at dei sletta dei frå offisielle fotografi. Vi trudde det berre skjedde under diktatur og i urolege tider. Men til vår store skam er dette nøyaktig det regjeringane i Ukraina og Vesten generelt driv med.

VOLTAIRE NETWORK | ROMA (ITALIA) | 3 MAI 2023

DEUTSCH ESPAÑOL FRANÇAIS ITALIANO NEDERLANDS

I 1933 brende nazistane bøkene til jødiske eller «dekadente» forfattarar. I dag brenn dei historiske spor etter kollaborasjonen mellom ukrainske «integrerte nasjonalistar» og nazistane.

Krigar blussar opp frå Sudan til Ukraina. Som resultat aukar militærbudsjetta globalt. Europa brukte 13% meir i 2022 enn i 2021 på våpen og militæroperasjonar, den brattaste auken på 30 år. Italias årlege militærutgifter har stige til meir enn 30 milliardar euro, i gjennomsnitt €80 millionar per dag.

Samtidig vert dei verkelege årsakene til krig framleis haldne skjulte og mystifiserte. President Biden proklamerte at «den tragiske valden i Sudan er ufatteleg og må stoppe».

Med det sletta han eit faktum: då han var visepresident i Obama-administrasjonen, var han ein av hovudarkitektane for den US-amerikanske strategien som fyrte opp under krigen i Sudan som skulle splitte landet i to. Slik vart den kunstige staten Sør-Sudan, som eig 75% av dei sudanske oljereservane, fødd i 2011. Denne kjensgjerninga resulterte i ei vidare utbreiing av interne konfliktar og ekstern innblanding for kontroll over den sudanske regionen, som er viktig fordi den er rik på olje, gass, gull og andre råstoff, og fordi den har ein geostrategisk nøkkelposisjon på det afrikanske kontinentet.

I Ukraina held USA, NATO og EU fram med å fyre opp under krigen mot Russland, og forsyner regimet i Kyiv (Kiev) med stadig større mengder våpen og allslags militærassistanse. Samtidig får dei Kyiv-regimet til å slette ut alt russisk frå Ukraina og Ukrainas historie.

Etter Kyiv-dekretet om å brenne 100 millionar bøker av russiske klassikarar – ein praksis som samsvarer med Hitler-nazismen sin – signerte Zelensky ei lov som forbaud russiske stadnamn og andre symbol for den fundamentale russiske komponenten i Ukrainas historie. Bruk av slike symbol blir etter lova rekna som «kriminelle handlingar», og medfører høg straff.

Zelensky signerte og ei lov som krev eksamen i både ukrainsk språk og historie for å få statsborgarskap i landet. Historia til Ukraina blir omskriven av «historikarar» som glorifiserer karakterar som Stepan Bandera, ein av Hitler-nazismens kollaboratørar. 

I same ande kom Ukrainas Høgsterett i 2022 med ein dom som slo fast at symbola til SS Galicja – som bestod av ukrainske nazistar som stod bak uhyrlege brotsverk – ikkje er nazistiske, og derfor kan brukast som politiske symbol, sjølv i demonstrasjonar. Den italienske regjeringa påtar seg å «bygge opp att» dette Ukraina ved å investere milliardar av euro som er stolne frå italienske statsborgarar.

Manlio Dinucci

Omsett av Monica Sortland

Opprinnelig kjelde: Global Research

Forsidebilde: iStock

https://www.voltairenet.org/article219263.html



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 776 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «I 1933 brende nazistane bøkene til jødiske eller «dekadente» forfattarar. «

    Dette er jo kjente hendelser. Som STADIG trekkes fram. Hvorfor? 😉
    Hvorfor blir ikke brenningen av den sivile byen Dresden trukket fram like ofte? Altså ikke bøker, men en hel by.

    Og/eller at i Norge etter krigen skulle altså bøker FORTSATT brennes:

    ‘All nazistisk litteratur skulle avleveres. Aktive nazister skulle fjernes fra offentlig stillinger – og alle viktige private stillinger. ‘
    adressa.no/pluss/magasin/2016/03/17/Troppsvarme-12292388.ece

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

I Italia er antallet covid-døde redusert fra 130 000 til under 4000.

Var Korona-trusselen en bløff?

Previous Post

Stor uro innad i Israel.

Står vi overfor to borgerkriger i samme land?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.