Så startar det – den store oppløysinga



Strategic Culture Foundation, 6. oktober, 2023
Det eigensindige «Kollektive Vesten», leidd av sjefsimperialistmakta USA, krenger og spenner seg fast, skriv Finian Cunningham. Kollapsen blir tydelegare for kvar dag som går.
Den transatlantiske alliansen mellom USA og dei europeiske allierte – representert av militærblokka NATO – har hatt eit ganske godt løp. Den imperialistiske klikken klarte å halde saman i nesten åtte tiår. Men no grunnstøyter skipet på skjera til proksykrigen mot Russland i Ukraina.
Teikna på samanbrot og oppløysing kjem raskt og tett. NATO-maktene sitt militære nederlag i Ukraina, etter ei investering på 100 milliardar dollar i våpen, er det største tapet – saman med opptil 500 000 døde ukrainske soldatar.
For ein grufull fiasko den NATO-sponsa kampanjen mot Russland har vist seg å bli. Eit blodbad i Europa som liknar dei verste blant historia sine mange imperialistiske massakrar. Den USA-leidde militæralliansen av 30 nasjonar har på spektakulært vis mista alt truverde som «tryggingsorganisasjon».
Tanngnisselet har berre så vidt starta. Den latterlege skammen over NATOs tilbaketrekning frå Afghanistan for to år sidan, i august 2021 – etter 20 år med mislykka militær okkupasjon – var berre eit forspel til den forferdelege fiaskoen som no utfaldar seg i Ukraina.



For første gong i historia til den amerikanske republikken, såg landet denne veka sin kongressleiar bli avsett. Kevin McCarthy, speakeren i Representantanes hus – tredje i rekka til presidentembetet – vart tvinga ut av jobben sin hovudsakleg på grunn av politiske intrigar i Washington knytt til den skandaløse finansieringa av ein proksykrig i Ukraina mot Russland, alt medan den føderale regjeringa i USA balanserer på kanten av konkurs og nedstenging.
Nokre timar før McCarthy vart avsett, heldt president Joe Biden på tysdag ein desperat telefonkonferanse med europeiske leiarar for å «berolige allierte om fortsatt støtte frå USA til Ukraina.» Telefonkonferansen inkluderte alle dei viktigaste allierte, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Polen, samt Canada og Japan.
Det einaste samtaleemnet var krigen i Ukraina og lovnadar frå Biden om at USA ville halde fram med si militære støtte til Kiev-regimet.
Seinare sa den polske presidenten Andrzej Duda om diskusjonane at «Alle tok ordet. Hovudtemaet var Ukraina, situasjonen i Ukraina. President Joe Biden opna med å fortelle oss om situasjonen i USA og korleis den politiske situasjonen rundt Ukraina eigentleg er. Han forsikra oss om at det er støtte for fortsatt støtte til Ukraina, først og fremst for militær støtte. Han sa at han vil få den støtta i kongressen.»
Den polske leiaren la til: «Biden oppmoda deltakarane til å halde fram med støtta til Ukraina, og alle forsikra han om at dei ville gjere det.»
Avsettinga av speaker McCarthy berre timar etter Bidens tomme forsikring til dei vestlege allierte «om den politiske situasjonen i USA» og lovnadane om å alltid støtte Ukraina, kan berre tene til å skake opp nervene endå meir.



Openbert veit ikkje Biden eingong kva som føregår i sitt eige land, for ikkje å snakke om i Ukraina.
Den største frykta blant USA sine vasallar i Europa, Canada, Japan og andre stadar, er at Washington plutseleg vil dumpe den mislykka proksykrigen i Ukraina. Ikkje av prinsipp, men av politisk opportunisme, og dermed la dei i stikka.
USA og Den europeiske unionen (EU) har forplikta seg til å gi opptil 200 milliardar dollar i militær og anna økonomisk hjelp til Ukraina sidan konflikten med Russland starta for 20 månadar sidan, i februar 2022. Europa har blitt mykje hardare ramma enn USA av tapet av Russlands energiforsyningar og av straumen av millionar av ukrainske flyktningar.
Josep Borrell, EU sin utanrikspolitiske sjef, hevdar at Europa vil halde fram med å støtte Ukraina sjølv om USA skulle stanse si hjelp. Borrell lever i ei vrangførestilt fantasiverd.
Allereie no er europeiske NATO-medlemmar skeptiske og motvillige når det gjeld den endelause økonomiske gavmildheita til støtte for det korrupte Kiev-regimet. Ungarn, og no Slovakia, lovar å avbryte våpenforsyninga og anna finansiering. Det er masseprotestar i Tyskland og andre EU-land mot den NATO-drivne krigen. Europeiske politiske leiarar blir i aukande grad sett på som feige ja-menn for Washington og svikarar av sine nasjonale interesser.
Biden og den krigshissande US-amerikanske eliten har djupt forplikta seg til proxykrigen mot Russland. Krigen fungerer som motoren for amerikansk kapitalisme og landets imperialistiske ambisjonar. Men om enn økonomien er fundamentalt øydelagd – og det er den, med ei uhaldbar nasjonal gjeld på 33 billionar dollar [ca 360 tusen milliardar norske kroner etter dagens valutakursar, mrk.] – blir realiteten, med konkurs og politisk/folkeleg motstand, uhaldbar.
Biden sine «forsikringar» til NATO-vasallane er pinleg verdilause etter at han vart overrumpla av kaoset som oppstod i hans eigen kongress. Den amerikanske presidenten er ikkje i posisjon til å love noko som helst.



Pentagon og dei europeiske militæra klagar òg over at dei ikkje har fleire våpen å gi til Ukraina, lagera deira er blitt utarma av tankelause donasjonar til det sløsande, inkompetente Kiev-regimet.
Dei allereie nervøse europearane og andre NATO-partnarar får utan tvil flashbacks til den svikefulle måten som Biden og Washington brått og unilateralt trekte støpselet frå Afghanistan på. Dei NATO-allierte vart forbløffa over den raske avgjerda om å trekke seg ut av hengemyra. Biden gav dei ikkje engang noko førehandsvarsel, for ikkje å snakke om rådføring.
I åtte tiår etter Den andre verdskrigen var NATO, og seinare EU, alltid ein hendig reiskap for amerikansk imperialisme. Vasallane vart haldne saman av styrken til USA-imperiet. Det imperiet er no i ferd med å rakne etter endelause krigar, konkurs og endemisk korrupsjon i Washington. Siste episode av den historiske fiaskoen speler seg no ut i den falske proksykrigen i Ukraina – som dei lygande hovudstraumsmedia sel til publikum i Vesten som endå ei «edel sak» til forsvar av demokratiet, som dei påstår (kor absurd!).
Den ultimate degenerasjonen er tydeleg når dei «moralske», «overlegne» vestlege maktene blir funne til sengs med eit nazi-regime. Og saman med dette moralske forfallet, er den økonomiske gjelda rekordhøg og ei grov fornærming mot dei anstrengande demokratiske behova til folket i Vesten.
Når Uncle Sam legg beina på nakken, og det vil han, er spelet endeleg over for han og alle hans vasallar.
Den store oppløysinga av Vestens imperialistiske makt er i gang og akselererer.
Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 322 ganger.
3 kommentarer. Leave new
«Den latterlege skammen over NATOs tilbaketrekning frå Afghanistan for to år sidan, i august 2021 – etter 20 år med mislykka militær okkupasjon «.
Ja, ja. De fikk jo med seg den afghanske statskassa når de stakk. ( Og gullbeholdningen etter terror-bombingen og ødeleggelse av Libya. )
Og Norge , med ALLE partier og politikere (?) på Løvebakken bør sitte med sin del av skammen.
For å ha blitt med på begge disse terror-angrepene & tyveriene.
FOR en mafia norske politikere allierer seg med !
( Og som altså også jukser med og robber sin egen befolkning, og ber de gå ned på knærne og søke om ‘støtte’ etterpå.)
‘Si meg hvem du omgås, så skal jeg si deg hvem/hva du er. ‘
Norge har ikke råd lengre, hverken økonomisk eller moralsk, å fø på disse vesnene.
Vi skal bygge landet.
Fei de ut ved neste stortingsvalg.
Stemmer! Og forresten, når det gjelder ukrainske «flyktninger» – krigen foregår kanskje i 1/3 del av Ukraina, mens resten av landet funker og fester som før, mens de som har flyktet er vanlige «lykkejegere» som isf. å flytte innenfor landets grenser og bygge opp ukrainsk PKB, benyttet seg av sjansen for å få et bedre liv i Vesten, eller til og med, bare hente våre penger i form av forskjellige støtter for flyktninger. I Polen kommer det fulle busser fra Ukraina som parkerer foran en minibank og så reiser tilbake til Ukraina en gang i måneden for å fortsette å beundre Stepan Bandera…
De er ikke noe annet en mordere løgnere og landsforrædere, de opphevet også straffelovens § 83 som er det samme som høyforræderi. (forbrytelse mot statens selvstendighet)