POSTED IN F 35

Det er bedre å avslutte noe som aldri kan realiseres:

F-35 og andre mislykka prosjekt

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

av DAN GRAZIER

POGO (Project on Government Oversight) den 19. mars, 2021

I 20 år verka Pentagon sitt program for å utvikle flyet F-35 uslåeleg, sjølv med stadig nye utsettingar og store budsjettsprekkar. Men no, berre på nokre få veker, har den offisielle støtta til F-35 tilsynelatande dunsta bort. Ikkje ein dag for tidleg.

Mot slutten av Trump-administrasjonen kalla viseforsvarsministeren flyet for «dr**». Sjefen for luftforsvaret vedgjekk at F-35 aldri ville greie å leve opp til dei opprinnelege målsetningane. Og no seier leiaren for Husets Armed Services Committee at vi bør slutte å kaste pengar inn i F-35-rottereiret.

Alt dette kjem no når programmet, med rette, står på lista over program som Pentagon skal sjå igjennom – eit tilsyn som kan ende med nedskjeringar i talet på fly som skal kjøpast. Det signaliserer eit tektonisk skifte i støtta til eit program som tidlegare mottok nær universell offisiell støtte frå både Pentagon og Kongressen.

Dette skjer med blader om høsten. Det er høst for F-35

Dette skiftet kjem etter at Washington plutseleg har innsett, trass mange år med åtvaringar, at F-35 er for vanskeleg og for dyrt i drift. Og viss det skal gjerast store endringar i F-35-programmet, så er det rette tidspunktet no. For elles, dersom programmet klarar å skvise seg gjennom dei operasjonelle testane, kunne Kongressen autorisere eit storinnkjøp av F-35-fly, noko dei som har jobba på programmet og produsenten har ønska seg i mange år. Men sjølv om flyet teknisk sett blir vurdert operasjonelt, ville eit slikt trekk utstyre tenestene med hundretals mangelfulle og vedlikehaldskostbare fly, som vil presse ned beredskapsraten, legge endå større press på vedlikehaldsarbeidarane og kreve dyre, bakoverkompatible oppdateringar i mange år framover.

I det aller minste bør ein stoppe produksjonen inntil programmet har fullført den operasjonelle testinga. Testing avslører framleis designfeil i F-35 – ved siste oppteljing i januar var det 871 av dei, berre to færre enn året før. Før testingsprosessen er fullført og ingeniørane har funne løysingar på desse problema, vil dei F-35-flya som no blir kjøpt bli bygd med feil og manglar, og det vil seinare kreve omfattande og dyre modifiseringar for å fikse problema som testingsprosessen vil avsløre.

Dei vanlege mistenkte i forsvarsindustrien har reagert kraftig på truslane mot programmet som dei har satsa framtida si på. Dei argumenterer med at tenestene treng å reinse seg for eldre, såkalt arva system – det typiske argumentet som forsvarskontraktørar brukar for å forsikre om at ein har lite anna val enn å kjøpe nye våpen frå dei.

Boeing B-52 Stratofortress er et strategisk langdistanse bombefly. Det er subsonisk, det vil si at det i likhet med alminnelige trafikkfly flyr langsommere enn lyden. Det har vært benyttet av United States Air Force siden 1955 og erstattet på det tidspunkt Convair B-36 Peacemaker og Boeing B-47 Stratojet. (Wikipedia)

Men det er ingenting gale i seg sjølv med eldre fly. Så lenge dei får skikkeleg vedlikehald, kan eit veldesigna fly yte nyttige tenester i mange tiår. B-52 er eit utmerkt døme. Det finst til og med 172 DC-3-fly som debuterte i 1935 og framleis flyr og er lønsame for eigarane sine. Pentagon-leiarane gjer rett i å røkje etter problematiske program, og dei bør ikkje la eit program hale ut i 20 år før dei gjer det. Og viss Pentagons budsjettmakarar ønsker å kutte, så bør dei ikkje starte med våpen som F-16 og A-10, som framleis viser seg verdifulle i kamp. Sjefen for Air Force, general Charles «CQ» Brown Jr., sa nyleg at kapasitet, og ikkje alder, bør vere det sentrale spørsmålet i alle granskingar. «Eg tenker verkeleg på det utifrå eit kapasitetsperspektiv. Vil kapasiteten vere relevant i dag, relevant i morgon? Og viss den ikkje vil vere relevant i morgon eller det vil bli, du veit, altfor dyrt å gjere den relevant for morgondagen» så må det pensjonerast. F-35 er barnestjerna for program som er for dyre til å bli gjort relevante for framtida. Det skulle ha vore kansellert for over eit tiår sidan, med Nunn-McCurdy-brotet i 2009, då utviklings- og innkjøpskostnadane dobla seg. Å kutte det ut no ville kunne spare rundt 200 milliardar dollar berre i innkjøpskostnadar.

Stridsskipet er et sett med to klasser av relativt små overflatefartøy designet for operasjoner nær kysten av den amerikanske marinen. (Wikipedia)

På same måte ville Pentagon ha spart milliardar på å avslutte feilslåtte program som Littoral Combat Ship og Zumwalt-destroyerane, då det vart tydeleg at dei ville kome til kort i høve til forventningane. Skattebetalarane betalte 30 milliardar dollar for ein allsidig klasse av små overflateskip med programmet Littoral Combat Ship. Det dei fekk, var ein flåte med skjøre båtar som ikkje klarer å fylle mange av dei rollene dei var tiltenkte, med fire av dei allereie i ferd med å bli møllspiste. Marinen brukar meir enn 23 milliardar dollar på Zumwalt-programmet, eit skipsdesign som ikkje greidde prestere slik det var meint å gjere. Uniformerte og sivile militære tenestemenn treng ei påminning om at det ikkje betyr enden på verda å avbryte eit nytt program. I 2011 kansellerte marinekorpset det problematiske Expeditionary Fighting Vehicle etter å ha slusa 3 milliardar dollar inn i programmet på grunn av galopperande prisvekst og teknologiske feil. Etter ei nullstilling utvikla tenesta den mykje enklare Amphibious Combat Vehicle for ein brøkdel av kostnaden.

Eit forbruk som vil sende barnebarna våre ut i fattigdom, med satsinga på dysfunksjonelle teknologiske kvite elefantar, er ikkje måten å konkurrere med våre motstandarar på. I alle militære saker er dei enklaste verktya alltid dei som virkar best. Avgjerdstakarane i Kongressen og Pentagon burde vere langt meir skeptiske når forsvarskontraktørane kjem med overdådige påstandar om teknologi dei ikkje enno har demonstrert, og ha motet til å stoppe program når det blir openlyst at dei ikkje virkar.

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Sarah Kilian

https://www.pogo.org/analysis/2021/03/the-f-35-and-other-legacies-of-failure/



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 284 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Bjørnar Bolsøy
    3 april 2021 1:50

    Hard retorikk, men så er jeg gammel nok til å huske den harde medfarten svenskenes Griipen-fly fikk gjennomgå i svenske medier på 1990-tallet. Det var store tekniske problemer, havarier, år med forsinkelser og store kostnadsøkninger. Ikke så ulikt andre jagerfly som Eurofighter, F-16, F-15 eller F-22 i sin tid. Men på tross av alle utviklingsproblemer, har disse vist seg som svært habile fly i ettertid.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hans Ebbing:

Med Rødt og SV fra Libya til Syria

Previous Post

Demonisering av Russland og Kina:

Legger USAs retorikk opp til krig?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.