Korfor er Assange i fengsel, og ikkje Seymour Hersh?
av Kevin Barrett, Senior Editor
VT, 2. mars, 2023
Steve Brown er ein av USAs kjende mest-i-kulissane-aktivistar. Han har støtta ulike varslarar, arbeidd for å halde Pacifica network ærleg og ansvarleg, og stått på barrikadane for raud-pille-sanningsseiarar som meg sjølv då vi vart sensurerte av Left Forum.
Her er den nye, utmerkte artikkelen hans som stiller elefanten -i-rommet-spørsmålet. –Kevin Barrett, Substack-skribentogredaktør for Veterans Today

Korfor er Assange i fengsel, og ikkje Seymour Hersh?
av Steve Brown
Den 7. februar publiserte Seymour Hersh – kanskje vår tids mest truverdige undersøkande journalist – eit bombenedslag av ein artikkel som avslørte at USA var skuldig i å sprenge den undersjøiske røyrleidninga Nord Stream II som var meint å levere gass frå Russland til Forbundsrepublikken Tyskland.
Hersh sine avsløringar var basert på hemmelegstempla informasjon som var lekka til han av ein med førstehands kjennskap til planlegginga og implementeringa av angrepet på røyrleidninga – ein statstilsett som heilt klart braut lova då han braut teieplikta og avslørte hemmelegstempla informasjon til ei uautorisert kjelde.
På same vis som med Chelsea Manning, som avslørte hemmelegstempla informasjon til Julian Assange og vart dømd til 35 år i fengsel for det, ville også Hersh si kjelde, om han vart identifisert, blitt dømd til eit liknande langt fengselsopphald.
Men kjelda til Hersh har ikkje blitt identifisert. Om ein skulle bruke same logikk som ein brukte då Assange vart tiltalt for publisering av hemmelegstempla informasjon, noko han risikerer (dersom han blir utlevert til USA og dømd etter spionasjelova) 175 år i fengsel for, burde også Hersh bli tiltalt og dømd.
Så korfor er Sy Hersh framleis fri?
Hersh braut dei same lovene som USAs politiske styresmakter anklagar Julian Assange for å ha brote. Men i motsetning til Assange, ein utlending som USA i fleire år utan suksess har prøvd å få utlevert frå England, er Hersh US-amerikansk statsborgar som bur i USA – lett å finne, sette handjern på, tiltale, dømme og kaste i fengsel for resten av livet.
Så korfor er Sy Hersh framleis fri?
Den hemmelegstempla informasjonen som Hersh har avslørt, er faktisk endå farlegare for sikkerheita til USA enn det som Assange avslørte. Hersh viste at USA hadde utført ei uprovosert krigshandling mot Russland. Dette gir Russland ein absolutt legal rett til gjengjeld ifølge Kapittel VII, Artikkel 51, av FN-pakta, som seier at sjølvforsvargir unntak frå forbodet mot bruk av makt.
Sidan Russland også er ei atommakt, så kunne deira potensielle gjengjeld utløyse Tredje verdskrig og utslette ikkje berre USA, men heile menneskeslekta. I spørsmålet om kven som har plassert USA i størst fare, er derfor Julian Assange ein smårolling i forhold til Sy Hersh.
Så korfor er Sy Hersh framleis fri?
Svaret er openlyst. Sjølv om president Joe Biden, utanriksminister Anthony Blinken og Under Secretary of State for Political Affairs Victoria Nuland veldig gjerne skulle ha kasta Sy Hersh i toppsikra fengsel på livstid, som straff for å ha avslørt at dei var medskuldige i sprenginga av Nord Stream-røyrleidningane – så vågar dei ikkje å gjere det. Viss dei hadde gjort det, så hadde det vore jamgodt med å tilstå at … det som Hersh publiserte, er sant.
Noko som hadde vore pinleg, for å seie det mildt, sidan Biden & Co kvar dag sidan 7. februar har nekta for at Hersh sine avsløringar er sanne. Med andre ord, dei påstår at han har funne på heile greia – altså at han, ifølge dei, ikkje har publisert hemmelegstempla informasjon. Derfor kan han ikkje vere skuldig i noko brotsverk.
Det er dette frustrerande dilemmaet Biden no står midt oppe i. Det må vere til å bli gal av. For den dagen han sender føderale agentar for å sette handjerna på Sy Hersh, det er dagen når han og Blinken og Nuland vil måtte innrømme at dei laug, at avsløringa til Hersh er sann, og at dei faktisk gav ordren om å øydelegge Nord stream-røyra.
Så sjølvsagt vil ikkje denne dagen kome, og Sy Hersh vil forbli ein fri mann. Det er og grunnen til at eg, i det minste denne eine gongen, er glad for at leiarane våre er løgnarar.
Fritt omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 032 ganger.
2 kommentarer. Leave new
«Det er og grunnen til at eg, i det minste denne eine gongen, er glad for at leiarane våre er løgnarar.»
Ja, vi har MYE å være glad for i Norge også. 😉
Men jeg tror våre ‘ledere’ like mye er (nyttige) idioter, forædere.
En dag vil avsløringene komme.
Tror Hersh løper maktas ærend. Hans avsløring skal skape et inntrykk av at USA er uforutsigbar og farlig. Allierte og ikke-allierte skal kvie seg for å prøve ivareta sine interesser på en måte som utfordrer USA`s. Det er den gamle hustyrannregelen: «bank dine egne så frykter naboene deg». Dine egne i dette tilfelle er Tyskland. Jeg stoler ikke på Hersh, pulitzerpris eller ikke. Den samme kapitalen som eier journalistene, media, finansierer også prisene. Hersh`s oppgave kunne vært å stifte aggresjon i Nord mellom Russland og Norge, for å gi amerikanske myndigheter et påskudd for å utvide og oppbemanne sine baser i Norge for vår «sikkerhets skyld» og å hjelpe oss forsvare våre naturressurser. Hersh er, inntil det motsatte er bevist, en del av systemet, en Pulitzer-pris vinnende verktøy for storkapital og Deep State.