POSTED IN Klima, Konspirasjoner / Sammensvergelser

Det dreier seg ikke om klima, men om PR.

Klimaaktivist Thunberg i «arrangert» arrestasjon?

1 kommentar

Den bisarre, «falske» arrestasjonen av Greta Thunberg går viralt

Av John Cody, Remix News. Omsett av og henta frå saksyndig.

I det som kritikarar kallar eit bisart PR-stunt, viser nye bilete at Greta Thunberg avslappa poserer og ler saman med det tyske politiet som arresterte ho under ein protestaksjon mot ei kolgruve.

Videoopptak har dukka opp av klimaaktivist Greta Thunberg, der ho poserer med tysk politi kort tid før ho vart boren vekk og arrestert under masseprotestar mot ei kolgruve i landsbyen Lützerath.

Bilete som viste Thunberg bli boren vekk av politiet vart kringkasta over heile verda, der somme protestdeltakarar hevda at det eskalerte til politivald. Derimot verkar realiteten til arrestasjonen å vere langt meir annleis enn det som fyrst vart rapportert.

Det nye opptaket viser at Thunberg roleg poserer med betjentane før ho vart leia vekk frå protesten av politiet, der kritikarar seier at heile hendinga ser ut til å ha vore iscenesett.

Det er uklart om politiet hadde ordrar om å posere framfor kamera under Thunberg sin arrestasjon, eller kvifor denne merkelege fotosesjonen blir avdekt fyrst no. I videoen kan vi sjå ho le og sjå avslappa ut og ikkje bekymre seg for arrestasjonen sin.

Allereie har Twitter-brukarar byrja å skape memes om hendinga.

Andre indikerte at Thunberg-arrestasjonen ikkje er ei hending ut av det vanlege, med tanke på at media har dekt mesteparten av karrieren hennar.

I ein annan video ser vi politi løfte opp Thunberg, gå med to 20 meter, for deretter å late ho gå, som om heile hendinga var ei teaterøving. Ein stiller no spørsmål om dei ulike hendingane, og om dei vart produserte for å gje globale media dei naudsynte opptaka og bileta dei trong for å måle Thunberg som eit offer for politiundertrykking.

Thunberg, ein yndling til klimaaktivistar, har lenge blitt brukt av det politiske etablissementet og hjelpt til med å auke støtta til grøne og venstreorienterte parti rundt om i Vesten – sjølv om Thunberg sjølv har kome med skarp kritikk av det Tyske grøne partiet si avgjerd om å tillate mineprosjekt i regionen.

Protestane i Lützerath har medført samanstøyt mellom politiet og protestdeltakarane, inkludert bruken av Molotov-cocktails. Derimot, trass at aktivistar har kome med påstandar om alvorleg politivald i Lützerath, vart dei tvinga til å trekkje tilbake påstandar om at protestdeltakarar stod overfor «livstrugande skadar» i det som òg ser ut til å ha vore eit tilfelle av feilinformasjon.

Delstaten Nordrhein-Westfalen sin indreminister Herbert Reul, som respons på tilbaketrekkingane, sa at han «byrjar å bli lei av at ein alltid kjem med påstandar utan å kome med bevis».

Sjølv om ni protestdeltakarar vart sjukehusinnlagt med skadar, kom ikkje alle desse skadane av handlingar frå politiet. I sin tur vart 102 politibetjentar skadde, der ni av dei var ute av stand til å vende tilbake til teneste.

Somme Twitter-brukarar samanlikna òg protestane i Lützerath med den ekstreme valden som vart brukt mot dei som protesterte mot covid-19-vaksinepåbod og nedstengingar.

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 375 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Jan Hårstad:

Blir Rødts landsmøte et politisk blodbad?

Previous Post

Oberst MacGregor med et spørsmål til alle som vil sende våpen:

«Hva gjør vi når krigen er tapt?»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.