Det vi lærde på 1600-talet
Av Hans Olav Brendberg
I 1618 vart to utsendingar frå paven kasta ut av eit vindauga i Praha, og dermed var krigen i gang. Krigen vara i tretti år, før ein endeleg fekk kontroll over brannen gjennom fredsslutninga i Westfalen i 1648.
Denne fredsavtalen blir – ikkje utan grunn – rekna som byrjinga på moderne folkerett.



Den heilage krigen, den væpna profeten og liknande blir med god grunn sett på med skepsis i europeisk, kristen kultur. Dette var eit stadium vi la bak oss. Trettiårskrigen var ei enorm påkjenning, og innebar ei mangedobling skatteinnkrevjinga i alle europeiske statar. Statsapparata vart effektivisert, einevelde oppstod som allianse mellom borgarskap og konge for å sikra at dei best kvalifiserte fekk dei viktigaste jobbane i statsapparata.



Særleg kardinal Richelieu bidrog med sin pragmatisme til den utviklinga som førte til fredsslutninga. Maktbalanse erstatta gudsriket som hovudmotivet i europeisk krigføring. I den etterfølgjande opplysningstida gjorde ein narr av den religiøse sekterismen som hadde drive den store, europeiske borgarkrigen på 1600-talet.
I vår tid gjenopplivar vi dette monsteret, som 16- og 1700-talets europeiske leiarar greidde få under lås og slå.
Den jødiske staten er i seg sjølv ein utopi med røter i middelalderrabbinarane sine spekulasjonar. Draumen om å fordriva palestinarane til fordel for ein «ekte, jødisk stat» – med dei teokratiske ambisjonane som ligg i dette (og dei nasjonalreligiøse teokratane har verkeleg makt i Israel, uansett kor mykje sekulære israelarar bortforklarar) fører i neste omgang til ein teokratisk reaksjon i islam.
Heller ikkje dette bør overraska oss: Sjefen for Midt-Austenavdelinga til amerikansk UD på 1940-talet, antikommunisten Loy Henderson, hadde tilsette som kjende regionen godt. Og dei åtvara om at amerikansk støtte til ein jødisk stat i Palestina i neste omgang ville vekkja til live islamsk fanatisme.
I tillegg til dette kjem so dispensasjonalismens erobring av amerikansk protestantisme – der John Nelsons Darbys sekteriske teologi, fødd av dei spesielle tilhøva i Irland, i neste omgang øydelegg det som har vore eit vellukka skilje mellom religion og politikk i kristen kultur.
Vi har hatt to generasjonar med ateistar etter andre verdskrig. Dette har ført til at mange no veks opp utan grunnleggjande kunnskap om Bibelen. I tillegg har dette ført til ein grunnleggjande arroganse andsynes religion og dei kreftene religionen representerer.
Dette tyder at vi i vår del av verda no seglar inn i svært ureine farvatn, utan at grunnleggjande kompetanse i å lesa sjøkarta er på plass. Vi undergrev ideane, autoritetane og kunnskapen som har gjort oss i stand til å halda desse kreftene under kontroll. Og vi gjer det fullstendig tankelaust.
Ein av mine FB-vener tek til orde for å henretta «alle medlemmer i Hamas».



Vi snakkar om eit parti som vann valet i Palestina i 2006, som eit problem ein skal «løysa» gjennom masseavretting. For å sikra «fred». Eg er ikkje ute etter at folk skal bli moralsk forarga av dette – men at dei skal byrja tenkja på kva dette tyder.
For det tyder at ånden er ute av lampa – at den sekteriske krigens logikk er slept laus. Og dei mentalitetane dette fører til, er ofte sjølvforsterkande – slik fisken sprellar seg meir og meir fast i garnet når han først set seg fast.
Det er på høg tid at folk forstår at staten Israel er eit langt mindre sekulært prosjekt enn det fasaden tyder på. Og at den kulturkrigen som er slept laust, og som blir næra av innvandring frå Midt-Austen og Nord-Afrika, ikkje handlar om noko som «går seg til».
Vi er i trøbbel, og om heile det vestlege tryggjingsapparatet no stiller seg skulder ved skulder med Israel (slik det ser ut til at dei gjer) er vi i alvorleg trøbbel.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 279 ganger.
4 kommentarer. Leave new
Vi, Norge, bør ta avstand fra all sammenblanding av politikk/religion, og la alle nasjoner som leker seg ned dette få herje i fred.
Norge bør passe på sine grenser og sin befolkning. – Og selvfølgelig ikke bombe andre nasjoner, enten det er guds utvalgte eller andre som beordrer dette.
La religion være religion. Men hold det unna politikk, ihvertfall i Norge.
Likeledes bør vi holde disse gærningene unna vårt byttemiddelsystem og renter i Norge.
I Midtøsten kriger de ikke om plass til å leve. De kriger om religiøs galskap.
La de krige.
Når man bomber en annen nasjon må man regne med å bli bombet tilbake.
-Som når Norge bombet Libya, så må vi regne med å bli bombet tilbake.
(Så får vi håpe det skjer, så vi våkner.)
Så får vi også håpe at Israel som okkupanten og voldsutøver også våkner, eller blir utradert av historien.
Ganske fornøyelig å betrakte sosialister som forteller deg om religionens styggedom når hele deres politiske verdensbilde er basert på den kristne etikken.
» den kristne etikken.»
Den kristne etikken er ikke religiøs kristen, eller muslimsk eller jødisk.
Det er en etikk som er nedfeldt i oss som mennesker. Som «kommunisme» også er nedfelt i oss. ‘ Til den enkelte etter arbeid , til den enkelte etter behov’ er et naturlig fellesskap i en nasjon. Uten konstruerte motsetninger og partipolitikk. Sosial- nasjonalisme. Det naturlige fellesskap.
Så har religiøs-politiske bevegelser stjålet dette og lagt det til sin maktpolitikk for å skape motsetninger og politisk kamp.
En nasjon vil naturlig dele arbeid og nasjonens resurser. Hvis vi ikke lures til å forveksle arbeid/naturens resurser og penger/renter. Hvis, så blir det klassekamp og alles kamp mot alle. Der alle løper omkapp med djevelen for å få høyest mulig penger og renter. Og ikke ser at vi bedrar oss sjøl.
Som stiller oss åpne for de trojanske hestene som vil skape uro for å tilrane seg makt gjennom det pengesystemet de har «utdannet » oss til å tro er naturlig fakta. Men det er forskjell på penger/tall og reelle verdier for en nasjon.
Når vi skjønner dette vil bakmennene som styrer verdensvalutaen og rentene miste sin makt.
Du hevder «Den jødiske staten er i seg sjølv ein utopi med røter i middelalderrabbinarane sine spekulasjonar. Draumen om å fordriva palestinarane til fordel for ein «ekte, jødisk stat» – med dei teokratiske ambisjonane som ligg i dette (og dei nasjonalreligiøse teokratane har verkeleg makt i Israel, uansett kor mykje sekulære israelarar bortforklarar) fører i neste omgang til ein teokratisk reaksjon i islam.» En bemerkelsesverdig arrogant, tidstypisk mangel på Historisk innsikt. I dag Helt unødig uvitende men så typisk feilaktige anklager mot Israel og Jøder. Åpenbart en del gode refleksjoner og ytringer i bloggen din, men denne bommer grovt ved velkjent tidstypisk uforstand.