POSTED IN Afghanistan

Det blir stadig tydeligere.

Afghanistan er et nytt Vietnam-nederlag – også for Norge.

0
Print Friendly, PDF & Email

Vi har tidligere hevdet at det som nå skjer i Afghanistan er et fullstendig nederlag til USAs politikk de siste 20 årene. Det er en skjebnens ironi at en av arkitektene bak denne mislykkete politikken, Donald Rumsfeld, dør samtid med at politikken havarerer.

Donald Rumsfeld – Wikipedia
Donald Rumsfeld

En rekke kommentatorer har advart mot det som nå skjer. Men det viktigste er at dette forteller om et imperium i forfall. Landet er blåst opp som mektig og uovervinnelig i våre medier og i utallige Hollywood-filmer (propaganda- og underholdnings-industrien). Virkeligheten forteller om en helt annen situasjon som fortsatt søkes skjult for folk.

USA-imperiet er i fullt forfall og det kommer meldinger om dette daglig. I Afghanistan forlater de den store Bagram-basen i natte-mørket i all stillhet. I og for seg er heller ikke det noen viktig og stor begivenhet, men uttrykk for nettopp det som nå skjer over hele verden.

Sansynligvis ville Trumps avtale om tilbaketrekning vært å foretrekke. Da hadde det kunnet skje i ordnete former. Nå flykter de over hals og hode. Dette er Vietnam-nederlaget på nytt i Afghansk form.

Knut Lindtner (redaktør derimot.no)

Taliban tar eit viktig Kandahar-distrikt medan afghanske troppar lir store tap etter USA si tilbaketrekking

Taliban har tatt kontroll over eit nøkkeldistrikt i Kandahar-provinsen etter å ha drive bort afghanske troppar frå området. Det kjem på toppen av ei veksande liste over sigrar mot regjeringsstyrkane medan USAs militære trekk seg ut av landet.

Den militante gruppa tok Panjwai-distriktet etter eit heftig slag nattestid mot Kabul-lojale soldatar, rapporterer AFP etter sitat frå regionale tenestemenn. Distriktsguvernøren for Panjwai, Hasti Mohammad, seier regjeringstroppane trekte seg ut av området etter kampane, og at Taliban har tatt over både distriktet sitt politihovudkvarter og guvernøren sitt kontorbygg. Leiaren for Kandahars provinsråd, Sayed Jan Khakriwal, stadfestar at Panjwai har falle, men anklagar dei afghanske styrkane for å ha trekt seg tilbake med vilje («intentionally withdrawing»).

Taliban takes management of key district in Afghanistan as US troop vacate  Bagram Air Base - The Suraj Dev
Taliban overtar nøkkeldistrikt.

Distriktet har opplevd regelmessige kampar mellom Taliban og afghanske styrkar over åra på grunn av sin strategisk viktige nærleik til byen Kandahar, provinshovudstaden. Overtakinga av Panjwai kan ha meir enn berre militær signifikans for Taliban, ettersom gruppa har sine røter i Kandahar.

Opprørarane sine territoriale vinningar i den sørlege provinsen, kjem berre to dagar etter at dei USA-leidde styrkane trekte seg ut av eit av koalisjonen sine viktigaste militære knutepunkt i landet, Bagram Air Base, lokalisert nær Kabul. USA har sett fart på si tilbaketrekking frå Afghanistan dei siste vekene, medan nokre av dei NATO-allierte allereie har trekt seg heilt ut av den krigsherja nasjonen.

Uttrekkinga kjem samstundes med at afghanske styrkar lir ei rekke tap mot Taliban. Opprørarane hevdar dei har tatt meir enn 100 av Afghanistans nesten 400 distrikt, under ein liten oppgang i talet på kampar samtidig med USAs militære uttrekking. Kabul har benekta desse tala, men erkjenner at regjeringsstyrkane har trekt seg ut av nokre av distrikta.

Tajikistan Atlas: Maps and Online Resources | Infoplease.com | Asia map,  Tajikistan, Map

På laurdag flykta fleire hundre afghanske grensesoldatar over til nabolandet Tadjikistan, etter ein stor Taliban-offensiv. Meir enn eit dusin distrikt, for det meste i Afghanistans nordaustre Badakhsjan-provins, har falle i opprørarane sine hender dei siste 24 timane, i følge lokale medium som siterer kjelder frå sikkerheitsstyrkane.

President Joe Biden nekta på fredag å svare på spørsmål om USA si tilbaketrekking og den forverra sikkerheitssituasjonen i Afghanistan. Han sa til reportarane at han hadde lyst å snakke om «glade ting».

Trump-administrasjonen hadde forhandla fram ein avtale om full tilbaketrekking innan mai, men Biden utsette deadline til den 11. september. Dei fleste gjenverande styrkane til USA er likevel forventa å forlate landet innan 4. juli. Kring 1000 regulære soldatar skal etter avtalen vere att og vakte USA sitt ambassade-kompleks i Kabul og hovudstaden sin internasjonale flyplass. Spesialstyrkar kan også halde fram med sine anti-terror-operasjonar i landet.

Omsett av Monica Sortland

https://www.rt.com/news/528343-taliban-afghanistan-seize-kandahar-district/

Forsidebilde: Sohaib Ghyasi. Det er disse barna som skal overta det landet nå forlater.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Virkeligheten:

Livets teater

Forrige innlegg

Hellas lokker nå ungdommen.

Vaksiner dere. Da får dere en «takknemmelighets-gave» på 150 Euro.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.