POSTED IN Media, Virkelighetsforståelse

Derfor skal ikke innholdet diskuteres.

Pentagon-lekkasjene snur opp-ned på medienes fremstilling av Ukrainakrigen.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Den sjokkerande Pentagon-lekkasjen 

Medan pro-USA journalistar som Bellingcat har prøvd å bagatellisere dei lekka Pentagon-dokumenta ved å påstå at dei har blitt forfalska, har USAs Forsvarsdepartement slått alarm for å få identifisert og arrestert varslarane.

Lekkasjen ser ikkje ut til å ha kome frå utlandske hacker’ar, men frå interne kjelder [dei har no arrestert ein ung mann som jobba i eti av dei statlege forsvarsbyråa). Dette tilfellet er alvorlegare for USA enn Wikileaks-avsløringane var, fordi det no handlar om dokument med mykje høgare sikkerheitsgradering. 

Charles E. Schumer (D, New York), Senat-leiar, bad om ein sesjon bak lukka dører til ei høyring i det øvre kammeret av administrasjons-tenestemenn.

Dokumenta ser ut til å ha blitt fotograferte. I tillegg til informasjon om troppeforflytningar og tapstal i Ukraina, inneheld dei og daglege etterretningsdebrifingar. Det er ei samling av korte stykke informasjon frå ulike kjelder rundt om i verda. Desse debrifingane vart samla av NSA (PRISM-programmet) som del av «Five Eyes»-alliansen, og er derfor ikkje berre tilgjengeleg for autoriserte US-amerikanske personar og tenestemenn, men og for deira australske, britiske, kanadiske and New Zealandske motpartar. Men nokre av dokumenta er stempla med ein spesialkode som forbyr kommunikasjon til Five Eyes. Desse dokumenta dukka opp på det sosiale nettverket Discord. Så vart dei emne for ein artikkel i avisa New York Times, og har sidan spreidd seg breitt.

Styresmaktene i USA har greidd å fjerne desse lekkasjane frå dei sosiale nettverka dei kontrollerer. I tillegg det faktum at denne lekkasjen vitnar om Pentagons slåande sikkerheitsmanglar, antyder innhaldet ein mangel på profesjonalisme i den US-amerikanske tenestene som trur på alt dei høyrer, utan å verifisere noko som helst. På denne måten repeterer dei i sine daglege debrifingar at sekretæren for det russiske Nasjonale sikkerheitsrådet Nikolay Patrushev og stabssjefen for dei væpna styrkane Valery Gerasimov har ein plan om å angripe Kiev medan president Vladimir Putin får kjemoterapi for kreften sin.

I mediene er det viktigere å spekulere om Putins helsetilstand enn å informere om det som faktisk skjer.

Dokumenta motseier NATO sine tal for ukrainske og russiske tap, og stadfestar tala til Israels Mossad som Hürseda Haber i Tyrkia (sjå VIN N°27) avslørte. I februar estimerte Israel dei russiske tapa til 18 480 medan NATO offisielt estimerte dei til over 200 000. I dag veit vi at ifølge Pentagon, internt, var dei estimerte til rundt 16 000. Når det gjeld dei ukrainske tapstala, estimerte Mossad dei til 157 000, medan Pentagon internt anerkjende 71 500. Ukrainas forsvarsverk er venta å kollapse før slutten av mai. Med andre ord er det tydeleg at Atlanterhavsalliansen fortel nonsens om kva som skjer på slagmarka, medan Russland er nær sanninga og sannsynleg siger.

Forresten vitnar desse avsløringane om allestadsnærværet til US-amerikanske troppar utan uniform på slagmarka, langt unna det ikkje-engasjementet som USAs forsvarsminister skryt på seg. Gjennom dette skredet av dokument, ser vi at USA sjølv i dag skamlaust spionerer på sine allierte (NSAs PRISM-program). (…) (…)

Vi får vite at i Sør-Korea har leiarane sine interne diskusjonar blitt spionerte på. Washington følger nøye med på den koreanske uroa over at våpena og ammunisjonen deira som blir selde til USA, vil bli brukte til å føre krig mot Russland i Ukraina.

Vi får også vite at Mossad i Israel har oppmuntra til demonstrasjonar mot Netanyahu-regjeringa, noko som sjølvsagt har blitt benekta frå høgare hald.

Dokumenta avslører kontaktar mellom Wagner-gruppa og tyrkiske våpenprodusentar, om å kjøpe NATO-våpen via Mali, og at Serbias president Aleksandar Vucic er klar for å eksportere våpen til Russland (Serbia vart bomba av NATO i 1999).

Allslags emne blir diskuterte, som t,d, eit mogleg sal av 40 000 egyptiske rakettar til det russiske militæret og ei mogleg hacking av ei kanadisk røyrleidning av russiske cyber-spionasje-agentar. Og særleg det moglege skiftet til Ungarn og EU mot Russland og Kina.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Anthony Tran

Henta frå Voltaire, International Newsletter – N°36 – 14. april 2023 

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    17 april 2023 8:44

    Ukraina er den blodigaste Nato-utvidinga til no. 100 000 drepne? 200 000? Men ingen signal om kompromiss frå vestleg side. Ukraina skal «hjelpast» inn i Nato same kva det kostar.

    Ukraina, Noreg, Sverige og Finland tok ikkje sjansen på folkerøysting om Nato-innmelding. Det gjorde derimot Ungarn, som norske media knapt torer ta i utan å halda seg for nasen.

    Dagens dustepris går til Guri Melby og Venstre som no blandar Putin inn i norsk skulepolitikk. Me gratulerer!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Taliban klarer det USA ikke klart på 20 år.

På et år har de strupt opiumsproduksjonen i Afghanistan.

Forrige innlegg

Elbilkjøperne tilbys ikke enkel lading

Med elbil på tur i EU — en fire timers tur blir minst to timer lengre

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.