Vi henter frem denne saken fra nettstedet Saksyndig fordi den tar opp et spørsmål som blir stadig mer fremtredende. Hvor langt kan en bruke følelser som et argument i diskusjoner og konflikter? Hvorfor skal en skjermes mot å oppleve negative følelser? Er ikke alle følelser like viktige å kunne håndtere? Trenger en ikke også å oppleve konflikter, tap, nederlag og vanskeligheter med å mestre situasjoner?
Krenking er et tomt og innholdsløst begrep uten konkretisering. Hvor langt kan en trekke krenke-argumenter før det blir en tvangstrøye og fører til lammelse av enhver formulering av konfliktfylte utsagn?
Knut Lindtner
Redaktør
Vestlandskommune pøser ut millionar i sluttavtale på kommunedirektør etter krenkingssak på ungdomsskule
Dette innlegget er hentet fra Saksyndig
iNyheter publiserte 28.august 2023 ein kommentar skriven av ein realfagslærar som valde å slutte i jobben sin fordi han var redd for å hamne i vanskelege situasjonar med elevar som følte seg krenkte – han følte at det ikkje lenger gjekk an å ha ein diskusjon i klasserommet utan at det førde til ubehagelege konsekvensar for han. Medan Saksyndig meiner det er djupt bekymringsverdig at ytringsklimaet er blitt sopass smalt i Noreg at lærarar sluttar i jobbane sine eller blir oppsagt fordi nokon føler seg krenkte, er det likevel ikkje dette som er fokuset i denne artikkelen.
I det (visstnok) usensurerte kommentarfeltet legg Roger Dyrøy ut eit lengre innlegg om ei nyheitssak frå Alver kommune nord for Bergen. Det er lokalavisa Nordhordland som rapporterer dette. Kommunedirektør Ørjan Raknes Forthun har nyleg takka ja til ein sluttavtale på grunn av to omstridde lærarsaker frå 2019. Forthun har vore kommunedirektør i Alver kommune sidan den vart oppretta 1.januar 2020, og var før det rådmann i Lindås kommune i fem år. For ordens skuld består Alver kommune av dei tidlegare kommunane Lindås, Radøy og Meland og er ein del av regionen Nordhordland. Frå kommunesenteret Knarvik er det i overkant av 25 minutt til Bergen sentrum.
Kommunestyret i Alver vedtok nyleg ein sluttavtale, etter at dei i februar i år einstemmig vedtok sterk kritikk mot Forthun. Mange ønskte at han skulle trekkje seg. Forthun skal slutte i stillinga 31.oktober, og ikkje jobbe i oppseiingstida, som går ut januar 2024. Han får eit sluttvederlag som tilsvarer 24 månadslønner – til saman 3,3 millionar kroner.
Kvifor vel Alver kommune å stappe den øvste administrative leiaren full i pengar og seie han opp? Det er måten kommunedirektøren og administrasjonen handterte to omstridde personalsaker frå tidlegare Lindås kommune. To lærarar ved Knarvik ungdomsskule vart begge skulda for krenkjande åtferd overfor elevar. Lærarane avviste desse skuldingane.
Den eine læraren vart i tillegg beden om å skrive ei orsaking til eleven, som følte seg krenkt etter to samtalar med han. Læraren meinte at han ikkje hadde sagt noko krenkjande, og nekta å skrive under orsakinga. Sjølv om han ikkje fekk disiplinærstraffer eller vart oppsagt, valde han likevel å ta jobb på ein annan skule etter lengre tids sjukemelding.
Den andre læraren, som hadde jobba på ungdomsskulen i 28 år, vart av ein elev skulda for munnleg og fysisk krenking. Eleven nekta å kome inn til ein skuletime, og skulda difor læraren for å ha brukt makt for å tvinge han inn i klasserommet. Læraren nektar at dette skal ha skjedd. Han vart fyrst permittert med lønn. Etter fleire drøftingsmøte vart det inngått sluttavtale, der læraren vart AFP-pensjonist og fekk utbetalt 770 000 kroner som erstatning for tapt arbeidsinntekt fram til vanleg pensjonsalder.
Begge lærarane følte seg urettferdig behandla, og stod difor fram i lokalavisene. Ei støttegruppe tok saka inn til den kommunale kontrollkomiteen. Det vart i 2022 brukt éin million kroner på ekstern juridisk gransking av saksbehandlinga til kommunen, men ikkje av dei opphavlege hendingane. Der vart det konkludert at ei rekkje lover hadde blitt brotne, og at kommunen sannsynlegvis hadde lagt ei feil forståing av krenkingsomgrepet til grunn i saka til den eine læraren. Juristane konkluderte samstundes at sluttavtalen til den andre læraren var gyldig.
I februar 2023 fekk dei to lærarane ei formell orsaking frå kommunestyret. Kommunestyret retta samstundes sterk kritikk mot kommunedirektør Forthun, som var øvste leiar for administrasjonen. Dei vedtok òg å etablere nye rutinar for å sikre seg mot liknande feil seinare. Det vart hyra inn eksterne juristar for å vurdere om dei to lærarane hadde krav på økonomisk erstatning eller oppreisning. Juristane konkludere med at det ikkje var grunnlag for nokon av delane.
(Her kan eg raskt skyte inn at ein ved å godta sluttavtale, som regel seier frå seg retten til vidare rettsleg prøving.)
Ordførar i Alver kommune, den ganske unge Sara Sekkingstad (Ap), ønskjer Forthun lykke til med nye utfordringar i ei pressemelding. Kommunestyret startar no arbeidet med å finne ein ny kommunedirektør. Forthun sjølv skryter over at ordføraren har handtert prosessen på ein veldig god måte. Han får dekt advokatutgiftene sine på 150 000 kroner.
Altso har Forthuns avgang kosta Alver kommune nesten 3,9 millionar kroner. Ordførarjenta ønskjer ikkje å kome med fleire kommentarar til avtalen.
Ei kjelde av Saksyndig, som tipsa meg om dette innlegget, stiller med rette spørsmålet om kor stort innhogg denne gylne fallskjermen gjorde i kommunekassen til Alver kommune. Som dei fleste kommunar slit dei med eit stramt budsjett, noko som ikkje minst vil gjenspegle seg i tenestetilbodet til innbyggjarane. Alt dette fordi to elevar følte seg krenkte. Vi lever i ei tid som mildt sagt legg for stor vekt på kjensler, feiltolkingar og overreaksjonar.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 620 ganger.