POSTED IN Krig-fred, NATO, Russland

Den store tenketanken i USA, RAND, har tenkt:

«Få i stand våpenhvile og fredsforhandlinger mellom Russland og Ukraina.

7 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Strategar i USA fryktar krig med Russland

Av Lucas Leiroz, journalist, researcher ved Center for Geostrategic Studies, geopolitisk konsulent.

Tilsynelatande er amerikanske strategar bekymra for framtida til relasjonane mellom USA og Russland når den ukrainske konflikten tar slutt. I ein ny rapport slår ei av dei viktigaste US-amerikanske tankesmiene fast at Washingtons implementering av ein kompromisslaus, strikt politikk i Europa, «hardline»-politikk, kan føre til direkte krig med Russland, og dei oppmodar avgjerdstakarane til å revurdere landets Europa-politikk.

Dokumentet vart publisert av Rand Corporation. Analytikarane til tankesmia meiner at dersom USA strammar til politikken sin i Europa, vil det svært sannsynleg bringe landet til krig med Russland. Ekspertane trur ikkje at Washington greier å avskrekke Russland med militariseringa av Europa, der all politikken i regionen blir ulike former for provokasjon mot Moskva.

“Ein kompromisslaus US-amerikansk etterkrigsstrategi i Europa kan gjere konflikten med Russland meir – ikkje mindre – sannsynleg,” står det i rapporten .

Analytikarane åtvarer også mot faren for at USAs politikk kan skade samhaldet innan Vest-blokka. Dei europeiske partnarane – hovudsakleg Frankrike og Tyskland – kan kome til å oppfatte Washington som ein provokatør når det blir implementert krigerske tiltak i Europa. Det vil naturlegvis generere misnøye og krise i relasjonane mellom EU og USA, ettersom europearane vil kjenne seg direkte trua av den overhengande faren for konflikt på grunn av sin geografiske nærleik til Russland – som kunne gjere dei til «lette mål».

«Russland styrka forsvarsindustrien sin under krigen, tok tak i visse militære problem (som til dømes utilstrekkeleg opplæring), og mottok militær støtte (‘lethal aid’) frå Kina. Sjølv om NATO framleis er sterkare enn Russland, vil ei strikt etterkrigslinje frå USA si side, som t.d. bilaterale avtalar om å utplassere fleire styrkar i aust-Europa, føre til at visse allierte (t.d. Frankrike og Tyskland) vil oppfatte USA som ein provokatør. Det vil resultere i at engasjementet til desse alierte for det kollektive forsvaret blir mindre robust (…) Både USA og Russland støttar oppunder troppestillingane sine langs NATO/Russland-grensa. Diplomatiske relasjonar er framleis dårlege og trusseloppfatninga går på høggir. Dette skapar kår som lett fører til misforståingar om intensjonar. Derfor er risikoen for ein katastrofal konflikt høgare enn før krigen i Ukraina, sjølv om den absolutte risikoen framleis er låg,” spår Rand sine ekspertar.

RAND arrangerer også krigsspill for å se hvordan ulike mennesker reagerer i ulike situasjoner.

Gruppa åtvarer og om at ei alvorleg eskalering av valden i Ukraina-konflikten kan få irreversible, negative konsekvenar for USA sine interesser i Europa. US-amerikanske ekspertar trur at det beste NATO på noverande tidspunkt kan gjere, er å oppmode Kiev og Moskva til å forhandle og kome fram til ei våpenkvile, prøve å roe ned situasjonen så raskt som mogleg og redusere skadeomfanget på begge sider.

Men analytikarane slår også fast at sjølv om krig er eit mogleg scenario i framtida, så genererer den noverande situasjonen mindre frykt, fordi det viser seg at USA allereie set inn tiltak for å deeskalere spenningane. Dei trur at Washington gjerne vil gjenoppta dialogen om våpenkontroll og at dei ikkje vil sleppe Kiev inn i NATO, og såleis redusere risikoen for krig med Russland. Rand trur også, urealistisk, at avskrekkingskrafta til NATO enno er sterk nok til å hindre Russland å angripe andre land – sjølv om dette kan endre seg under eit post-konflikt-scenario, når Moskva blir endå sterkare.

«Washingtons vilje til å returnere til bilateral våpenkontroll, deira manglande støtte til at Ukraina skal integrerast djupare i NATO, og det at dei viser tilbakehald med å engasjere seg med andre tidlegare Sovjetstatar som ikkje er NATO-medlemmar, – alt dette reduserer dei politiske spenningane mellom USA og Russland. Trass frykt for at slike trekk kan styrke sjølvtilliten til Russland, underminerer ikkje slik mindre strikt politikk dei allereie sterkt avskrekkande midla til NATO. Russland har jo ikkje angripe NATO-medlemsstatar under krigen, trass i dei allierte si rekordhøge støtte til Ukraina.»

Erkjennelsen om at Ukraina/Nato er i ferd med å tape krigen sitter langt inne, men den tvinger seg frem.

Sjølv om det er mange interessante poeng i denne analysen, er dei fleste av argumenta til Rand faktisk feilaktige og grunnlause. Ei eskalering av militariseringa av Europa vil openlyst føre til eit scenario med aukande spenningar mellom USA og Russland, som kan ende med ein direkte konflikt. Det er merkverdig å sjå at sjølv radikalt anti-russiske tankesmier som Rand Corporation allereie innrømmer dette. I praksis viser det at mange allereie innser at Vesten tapar i Ukraina.

Men analytikarane tar feil når dei seier at USA allereie gjer tiltak for å hindre verste utfall. Det finst ikkje diplomatisk velvilje frå USA si side når det gjeld gjenopptaking av våpenkontrolldialogen med Russland – tvert imot promoterer USAs stadig meir aggressive mentalitet eit nytt våpenkappløp.

Likeeins er det tydeleg at NATO er svekka og underlegen Russland med omsyn til militær kapasitet. Den Vestlege alliansen har investert tungt i at Ukraina skal «slite ut» Moskva, med massive mengder pengar og våpen på meiningslause slag dei ikkje kan vinne. Blokka er svekka og har ikkje nok avskrekkingskraft til å true Russland. Derfor er ikkje det faktum at Russland ikkje har angripe noko NATO-land ein konsekvens av avskrekking eller deeskaleringstiltak, men derimot av Russlands manglande interesse av å krige.

Trass i analysefeila, skulle det vere interessant for USAs avgjerdstakarar å lese rapporten, slik at dei kan byrje tenke på post-konflikt-scenariet. Å auke militariseringa av Europa, vil kanskje ikkje berre utgjere ein risiko for krig med Russland, men det kan også vere eit steg nærare destruksjonen av NATO sjølv, for europearane kan bestemme seg for at dei ikkje lenger vil gå med på å bli brukte som kanonfôr for USA sine planar.

Lucas Leiroz

Infobrics, 15. februar, 2024

Du kan følge Lucas på Twitter og Telegram.

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lag til bilder m/tekst

Kjelde: InfoBrics

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

7 kommentarer. Leave new

  • Jeg fikk med meg noe fra USA om at Trump var på nippet til melde USA ut av NATO. La oss håpe at det skjer når han atter blir president. Krigshisseren NATO må bare bort. La Jensemann sin logikk synke inn da han var i Serbia for å «trøste» dem etter nato hadde teppebomba sivilbefolkningen! : «We had to bomb you to save Democrasy!»
    Oversatt etter beste evne: «vi måtte bombe og drepe dere for at vi rett og slett liker å drepe-og krig er lønnsomt for Kongsberg våpen og de andre våpen produsentene. Jeg er for og imot det jeg får beskjed om fra de som trykker opp luftpenger, slik at de kan tilrive seg realverdier og bli eiere av hele planeten. Dessuten er krig en del av utryddelsesplanen. Vi viktige i ledelse synes det er for mange av dere unyttige forbrukere. Vi hater dere og alt for mange av dere er ulydige! Derfor er det om å gjøre for oss å skape kaos og konflikter. Slik at dere river hverandre i filler. Det blir for tøft og sprenge hele planeten. Da kunne vi selv komme til å dø. Vi kunne til og med skade frøbanken på Svalbard som vi har i bakhånd.»

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    22 februar 2024 9:39

    Er stortinget, regjeringa, NRK, Rima Iraki og Morten Jentoft og Jens Stoltenberg dei siste på kloden som trur fullt og fast på Nato-siger i Ukraina?

    I går sa Rima Iraki i Urix:

    «Er det mulig å forhandle med Putin?»
    «Håpet ligger i at Ukraina får flere våpen.»

    Ho er med andre ord 100% stoltenbergist.

    Ein avdelingsleiar i Helsingfors-komiteen innrømmer no at organisasjonen arbeider for å styrta Putin. Konsekvensane for Russland og Noreg sa ho ikkje noko om.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    22 februar 2024 9:42

    «Ukraina har oppnådd mye.» (Jens Stoltenberg i NRK 21.2.2024)

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    22 februar 2024 10:11

    Gårsdagens glad-militarisme i NRK Hordaland:

    Festleg innslag frå US-basen Håkonsvern om Nato-krigsskipet «KNM Maud» på 30 000 tonn.

    Skipet har eit oppglødd mannskap, sjukehus og eit gigantisk drivstoff-lager. Det kallar eg ei eksplosiv blanding.

    Svar
    • » Skipet har eit oppglødd mannskap, sjukehus og eit gigantisk drivstoff-lager. Det kallar eg ei eksplosiv blanding»

      ‘ Grunnlag for å sikte fleire belgiske spesialsoldatar.
      Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier det er grunnlag for å sikte fleire belgiske spesialsoldatar etter valdshendinga i Åndalsnes sentrum natt til søndag. Politiet arbeider no med å identifisere desse soldatane.
      – Videoopptak viser at det er fleire personar som utøver vald enn dei som har vore arresterte til no. Dei personane vi ser utøver vald er primært belgiske soldatar.’
      nrk.no/mr/belgiske-spesialsoldatar-andalsnes-1.16772026?festet=1.16774056#festet

      Svar
  • «Hva skal du bli når du blir stor da, gutten min?»
    «Tanketenker i en STOR tenketank.»

    Svar
  • wasan Totland
    19 juni 2024 21:46

    USA har så mange baser at de antagelig har kontroll på hele Europa.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Russland skal sanksjoneres for Navalnyjs død, men hva med Gonzalo Lira og Assange?

Hykleriet tar ikke slutt så fort.

Forrige innlegg

Alle kan få fredsprisen hvis de er for krigsmaskinen Nato.

Hva med fredsprisen til Korona-motstandere?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.