POSTED IN Endring av politikken, Norsk politikk, USA

Den siste fiksaren.

Lyndon B. Johnson og Trond Giske.

0
Print Friendly, PDF & Email

Av Hans Olav Brendberg


Eg les amerikansk historie – renkespel, politikk og personlegdomar i nyare amerikansk historie. Ein av dei mest fascinerande i dette spelet er Lyndon B Johnson , som vart valt in Kongressen som New Dealer midt på trettitalet. Roosevelt såg med ein gong talentet – og gav han plass i marinekomiteen, slik at han skulle vera i posisjon til å losa forsvarsindustri heim til Texas, og slik skaffa seg kapital å slita på når reaksjonen mot New Deal kom.


Johnson vann eit val til senatet tidleg på førtitalet, men kom ikkje til senatet avdi motstandarane stal valet – etter alle kunstens reglar.


Neste gong, i 1948, var alle samde om at det var Johnsons tur, og Johnson stal plassen tilbake. Ein av teknikkane var å kjøpa mengder med mexikanarar til å kryssa grenseelva, røysta, og så reisa heim igjen. John Connaly dreiv delar av organisasjonsapparatet, og fekk denne telefonen:
«John – the moon is high, and the river is low tonight. How many votes do we need?»


Johnson var ikkje nokon sympatisk mann. Det var Johnson, meir enn nokon, som hadde skulda for Vietnamkrigen, som han sette i gang etter at general MacArthur hadde sagt at alle som ville leida USA inn i ein krig på det asiatiske fastlandet burde få hovudet undersøkt.


Men Johnson var ein fiksar – og kanskje den fremste av dei. Og han vart aldri tatt i fiksinga. Då han stal valet, hadde han klarert dette opp til høgsterett. Då høgsterettsdomar Hugo Black feira 80-årsdag i det kvite huset 1966, heldt Johnson tale der han slo fast at «utan innsatsen til Black hadde vi kanskje halde dette selskapet i alle tilfelle. Men vi hadde ikkje halde det her.»

Lyndon Baines Johnson, også kalt LBJ, var en amerikansk politiker og representerte det demokratiske partiet. Han var visepresident i USA under John F. Kennedy fra 20. januar 1961 til 22. november 1963. Han ble USAs 36. president etter mordet på Kennedy. Han ble valgt inn i Kongressen i 1937. Wikipedia


På grunn av all fiksinga, alle konfliktane og alt det andre vart Johnson etter kvart ein upopulær mann, særleg i den nye utdanningsmiddelklassen. Tildels vart Johnson hata i eige parti.


Men det var samtidig Johnson som avvikla raseskiljet i USA, innførte borgarrettslovene, og fullførte «New Deal» med sitt «Great Society»-program. Som fiksar over alle fiksarar hadde Johnson evne til å gjennomføra.


Etter fallet, som gamal mann, vart ein gamal Johson intervjua av to journalistar, og spurt om kva som gjekk gale. «De», sa han. «Då eg byrja under New Deal fanst ikkje TV, mediekjør og alt dette. Då fanst det organisasjon, partiapparat – folk du kunne snakka med, og som kunne gjennomføra.


Det er nok riktig – den eldre Johnson fall for ein medierøyndom han ikkje var fortruleg med. Han var dinosaur i ei ny tid.


Mange demokratar pusta letta ut då Johnson var borte. No skulle det bli orden på ting, når denne maktsjuke og ukultiverte mannen var ute av vegen.


Men slik vart det ikkje. Med Johnsons fall byrja demokratane sin lange, seige nedtur – og dei har ikkje fått til veldig mykje å skriva heim om etterpå. Topartisystemet gjer at dei held det gåande, men det er vel stort sett det heile.


Grunnen til at eg skriv dette, er at det er eit eller anna i situasjonen etter Giskes fall som eg trur er parallell med stoda i USAs andre parti etter 1968. Det handlar om politiske fiksarar, det handlar om mediesamfunn, det handlar om illusjonar om kva politikk eigentleg er for noko som kjem veldig tydeleg fram hjå dei som no pustar letta ut over at Giske er borte.

Bilder m/tekst er lagt til av Knut Lindtner

Forsidebilde: Randy Fath

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Iran-saken:

USA plasserer seg helt på sidelinjen.

Previous Post

Gladnyhet fra Sverige:

Bare 15% av koronadødsfall skyldtes utelukkende koronaen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.