POSTED IN Falske Flagg, Psykologi

Den oppkonstruerte Ukrainakrisa er avledning for en gigantkrise i USA:

Clinton-gruppens spionasje på USAs folkevalgte president.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Illusjonisme

Av Hans Olav Brendberg

Tryllekunstnarens viktigaste grep er å fanga og leida merksemda. Det er viktig – for den historia vi lagar oss blir skapt der merksemda er. Det gjev tryllekunstnaren høve til å gjera mirakel – der merksemda vår ikkje er, avdi vi har vorte leidd på avvege.

Dei aller fleste store politikarar var habile illusjonistar. Det gjeld ikkje minst den største av amerikanske presidentar det siste hundreåret, Franklin D. Roosevelt.

Durham-granskinga i USA har no nådd eit kritisk stadium. Det veit ein del folk som følgjer med på Fox og andre høgrekanalar i USA, men alt for få andre.

Om vi rekapitulerer: Watergate handla om at folk i tenesta til ein sitjande president gjorde eit mislukka innbrot for å spionera på det konkurrerande partiet i ein valkamp. Då dei vart tatt, stranda forsøka på å bortforklara og kvitvaska, og drog presidenten med seg i dragsuget.

Durham-granskinga har no kome dit at Clinton-kampenjen ikkje berre spionerte på Trump under valkampen, med hjelp frå sine vener i tech-industrien. Denne spionasjen heldt fram etter at Trump hadde vorte tatt i eid i januar 2017. Ein politisk nøkkelspelar som spionerer på sitjande president i USA. Nokon som vil ha forklaring på polarisering og mistillit i USA?

Denne saka er for svær til å ta stor plass i media. Og den impliserer store fiskar ogso i sitjande administrasjon – som mellom anna den nasjonale tryggleiksrådgjevaren, Jake Sullivan. 

Dei som hugsar sist valkamp, hugsar korleis alle større mediaorganisasjonar lot vera å dekka avsløringane av Hunter Biden, og korleis Facebook og Twitter blokkerte deling frå New York Post, som var dei einaste som dekte saka.

Explore the Best Nothingburger Art | DeviantArt
En Nothingburger er uten innhold.

Durham sine avsløringar blir dekt av Fox, men elles er media 100% fokusert på ei krise i Ukraina som meir og meir liknar ein nothingburger, der ein stadig må ha nye «på nippet av at Russland invaderer» for å halda nyhendetrykket oppe. Siste nytt er at russarane kjem på onsdag, i følgje ein ukrainsk president som få dagar før kravde prov på at russarane faktisk kjem.

Det heile blir koordinert av ein nasjonal tryggleiksrådgjevar – Jake Sullivan – som ogso stod heilt sentralt i å laga den giftige suppa  av grunnlause skuldingar, «Russiagate», som øydela dei første månadene til Trump og som mellom anna kosta Trump ein tryggleiksrådgjevar.

Poenget mitt er ikkje at ein treng å ha særleg sans for Trump, Flynn og andre i den gjengen. Men skal demokrati ha noko meining, må folkevalde politikarar få tildelt dei fullmaktene som grunnlov og andre gjev dei. Du kan ikkje ha eit mektig bakapparat som spionerer på sitjande president på vegne av – ja, på vegne av kven?

Når massemedia no går i fullt Alex Jones-modus over ei Ukrainakrise som kjem til å blåsa forbi (eller ta svært uventa og destruktiv retning, det er sjølvsagt mogleg og bør liggja inne i kalkulasjonane), so handlar det mellom anna om at det finst sterke interesser som vil leida merksemda til det som skjer i Donbass, og bort frå det som skjer i Washington.

Alex Christoforou og Alexander Mercouris oppsummerer:

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    16 februar 2022 10:51

    På heimebane: Kvifor tonar PST ned frykta for norske IS-deltakarar? Er problemet at norske domstolar kan få vanskar med å få norske IS-folk dømde ettersom dei har vore på anti-Assad-laget, det vil seia det laget Noreg har støtta? Med milliardar og personell. Er det likskap for lova når den eine som krigar mot Assad får fengsel, den andre får løn av norske styresmakter?

    Du kan verta både konspiratorisk og antistatleg av mindre.

    Svar
  • Ericksson,dette ubetydelige svenske foretaket er i hardt vær om dagen.De har visst drevet med sponsing av IS.Ja det gjelder å kontrollere begge sider.
    Børje Ekholm,Erickssons toppsjef har i lengre tid slitt med troverdigheten og nå rulles saken opp.
    Tette bånd i Norden gjør nok at PST ikke er nevneverdig interessert.

    Svar
  • Har solgt alle aksjene
    16 februar 2022 23:54

    Tydelig at noen trenger fyr på lunta til aksjeboblene.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Er slaget om de inngripende Coronatiltakene i Canada over?

I Ontario avsluttes nå alle tiltakene.

Forrige innlegg

Odd Handegård om energi:

Det grønne energiskiftets mål er faste høyere strømpriser

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.