POSTED IN 9/11

Den offisielle 9/11-historien holder ikke vann.

Stadig flere i USA tviler på regjeringens konspirasjonsteori om at arabere stod bak.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Stadig fleire amerikanarar kritiske til den offisielle 9/11-historia etterkvart som bevisa motseier det offisielle narrativet

Posta på kolozeg den 14/09/2023

av Whitney Webb, Mintpress

I dag er det 18 år sidan hendinga som forma USAs utanrikspolitikk på 2000-talet, og som førte til øydelegginga av heile land. Hendingane den 11. september 2001 (9/11 på amerikansk) står framleis innprenta i minnet til amerikanarar og mange andre, som ein kollektiv tragedie som samla amerikanarar og skapte ein generell vilje om å få dei ansvarlege stilt til ansvar.

Sjølv om hendingane den dagen samla amerikanarar på dette viset ei stund, har dei ulike spora til offisielle etterforskingar, i motsetning til uavhengige etterforskingar, i samband med 11. september-angrepa ofte ført til splitting i åra etter 2001, med bitre angrep på eller fullstendig avvising av dei sistnemnde.

Men etter 18 lange år – med utrøytteleg innsats frå familiane til ofra, førstehjelpsfolk, vitskapsfolk og ingeniørar – ser det ut til at tidevatnet er i ferd med å snu ettersom nye bevis framleis kjem fram, og det blir stilt krav om nye etterforskingar. Likevel har dei amerikanske korporative media for det meste halde stilt, og føretrekt å ignorere nye utviklingar som kan skape tvil om den «offisielle historia» bak eit av dei mest ikoniske og øydeleggande angrepa som nokon gong har skjedd på amerikansk jord.

Til dømes: leiarane ved eit brannvesen i New York-området, som svara på angrepa den 11. september 2001 og mista ein av sine eigne den dagen, bad no i juli om ei ny etterforsking av hendingane denne dagen. Den 24. juli røysta styret for brannvesenet i Franklin Square og Munson Fire District, som dekker ei befolkning på omlag 30 000 nær Queens, einstemmig for kravet om ei ny etterforsking av angrepa.

Sjølv om kravet om ei ny etterforsking frå eit brannvesen i New York som var involvert i redningsaksjonen, normalt sett ville verke nyheitsverdig for media, som ofte oppmuntrar amerikanarar til å «aldri gløyme», blei brannvesenleiarane sitt krav om ei ny etterforsking møtt med total stillheit frå hovudstraumsmedia. Den mest sannsynlege årsaka til mangelen på dekning av ei elles nyheitsverdig avrøysting, var truleg at resolusjonen som kravde den nye etterforskinga, innebar følgjande klausul:

«… det overveldande beviset som er presentert i nemnde opprop, viser utan tvil at på førehand monterte sprengladningar og/eller brannbomber – ikkje berre fly og den påfølgande brannen – forårsaka øydelegginga av dei tre World Trade Center-bygga, og drap det overveldande fleirtalet av offera som omkom den dagen…»

I post-9/11-verda, har dei som har freista slike påstandar, uansett kor godt grunngitte påstandane deira kan vere, ofte blitt latterleggjorde og angripne som «konspirasjonsteoretikarar» når dei stiller spørsmål ved dei offisielle påstandane om at dei tre World Trade Center-bygga som kollapsa 9/11, gjorde det av ein annan grunn enn å bli råka av fly og brannen som oppstod av det. Men det er mykje vanskelegare å på denne måten angripe medlemmar av eit brannvesen som mista ein brannmann 9/11, og mot redningsarbeidarar som framleis slit med kroniske sjukdomar på grunn av hendinga.

Ein annan sannsynleg grunn til at media unngjekk å dekke avrøystinga, var bekymringa for at det ville føre til at fleire brannvesen vedtok liknande vedtak, noko som ville gjere det vanskelegare for slike nyheiter å unngå nasjonal dekning. Men brannsjefen Christopher Gioia, som utarbeidde og la fram resolusjonen, sa til dei som var til stades på slutten av møtet at planen deira uansett var å få alle brannvesena i New York med på laget.

«Vi har eit tett samhald og gløymer aldri våre falne brør og søstrer. Når heile brannvesenet i delstaten New York er om bord, vil vi vere ein ustoppeleg kraft,» sa Gioia. «Vi var det første brannvesenet som vedtok denne resolusjonen. Vi blir ikkje det siste,» la han til.

Sjølv om det å stille spørsmål ved dei offisielle konklusjonane frå den første føderale granskinga av 9/11 har vore tabu i det amerikanske medielandskapet i mange år, er det verdt å merke seg at sjølv dei som leia granskingskommisjonen har sagt at granskinga var «skapt for å mislykkast» frå starten av, og at dei gjentatte gonger vart førte bak lyset og loge til av føderale embetsmenn i samband med hendingane den dagen.

Falt denne bygningen (Bygning 7) som følge av tilfeldige branner eller var det en kontrollert nedriving? Enhver kan se og tenke sjøl.

Til dømes skreiv leiar og nestleiar for 9/11-kommisjonen, Thomas Kean og Lee Hamilton, i boka si, Without Precedent, at ikkje berre fekk kommisjonen strypt tilførselen av middel og merkeleg avgrensa fullmakter til granskinga, men at dei vart hindra og direkte førte bak lyset av toppembetsmenn frå forsvarsdepartementet (Pentagon) og embtetsmenn i flyverket (Federal Aviation Authority, FAA). Dei og andre kommisjonsmedlemmar har sagt rett ut at den «offisielle» rapporten om angrepa er mangelfull, feilaktig og ute av stand til å svare på viktige spørsmål om terrorangrepa.

Sjølv om USAs mediekorporasjonar har mislykkast i å rapportera om desse kjensgjerningane, brøyter lokale lovgivande organ i New York, startande med brannvesena som mista kjære og vener den dagen, veg for søket etter ekte svar, noko som sjølv dei som skreiv «den offisielle historia» seier vart medvite halde skjult for dei.

Overbevisande vitskaplege bevis rullar framleis inn

Ikkje lenge etter at brannvesenet i Franklin Square og Munson kravde ei ny gransking av 9/11, kom ein banebrytande universitetsstudie som la endå meir tyngde til brannleiarane sitt krav om at ein skulle sjå på bevisa på nytt når det gjeld kollapsen av tre bygg i World Trade Center-komplekset. Medan dei fleste i USA godt veit at tvillingtårna rasa saman den 11. september 2001, er det færre som er klare over at eit tredje bygg – World Trade Center Building 7 – også kollapsa. Denne kollapsen skjedde sju timar etter at tvillingtårna rasa saman, sjølv om WTC 7, eller «Bygg 7,» aldri vart treft av eit fly.

Det var ikkje før nesten to månadar etter kollapsen at rapportar avslørte at CIA hadde eit «hemmeleg kontor» i WTC 7, og at «eit særskilt CIA-team gjekk gjennom ruinane for å leite etter hemmelege dokument og etterretningsrapportar som var lagra på stasjonen, enten på papir eller i datamaskiner.» WTC 7 hyste også kontor for forsvarsdepartementet, Secret Service, New York-ordføraren sitt kontor for krisehandtering og banken Salomon Brothers.

Sjølv om den offisielle historia om kollapsen til WTC 7 seier det var «ukontrollerte bygningsbrannar» som var årsaka til øydelegginga av bygget, så avviser eit overveldande fleirtal av amerikanarane som har sett opptak av det 47-etasjers tårnet kollapse frå fire ulike vinklar den offisielle historia, ifølge ei ny meiningsmåling gjennomført av YouGov på vegner av Architects & Engineers for 9/11 Truth (Arkitektar og ingeniørar for sanninga om 9/11), som vart offentleggjord på måndag.

Den meiningsmålinga fann at 52 prosent av dei som såg opptaket, var enten sikre på eller hadde mistanke om at bygget sitt fall skuldast sprengstoff og var ei kontrollert riving, medan 27 prosent sa dei ikkje visste kva dei skulle tru om opptaket. Berre 21 prosent av dei som vart spurde, var einige med den offisielle historia om at bygget kollapsa på grunn av brannar aleine. Før dei såg opptaket, sa 36 prosent av respondentane at dei ikkje visste at eit tredje bygg hadde kollapsa den 11. september, og meir enn 67 prosent visste ikkje namnet på bygget som hadde kollapsa.

Hvorfor kollapset denne bygningen?

Ted Walter, direktør for Strategi og Utvikling ved Architects & Engineers for 9/11 Truth , sa til MintPress at mangel på medvit om WTC 7 blant folk flest «viser at hovudstraummedia har mislykkast fullstendig i å informere det amerikanske folket om sjølv dei mest grunnleggjande faktum knytt til 9/11. På ein annan historisk dag ville alle i landet ha høyrt om det dersom ein 47-etasjers skyskrapar hadde kollapsa på grunn av ‘kontorbrannar’.»

Det faktum at media valde å ikkje dekke dette, hevda Walter, viser at «hovudstraummedia og den politiske eliten lever i eit alternativt univers, og resten av det amerikanske folket lever i eit anna univers og responderer på det dei ser framfor seg,» noko den nylege YouGov-målinga gjenspeglar.

Eit anna signifikant funn frå YouGov-målinga var at 48 prosent av dei spurde støtta, medan berre 15 prosent var imot, opning av ei ny gransking av hendingane den 11. september. Dette viser at ikkje berre var den nylege oppmodinga frå brannvesenet i Franklin Square på linje med den amerikanske folkeopinionen, men at å sjå opptaket av WTC 7 sin kollaps reiser fleire spørsmål enn svar for mange amerikanarar, spørsmål som ikkje vart tilfredsstillande handsama av den offisielle granskinga til 9/11-kommisjonen.

Amerikanarane som meinte at videoopptaket av WTC 7 sin kollaps ikkje passa med den offisielle fortellinga og såg ut til å vise eit kontrollert rivingsarbeid, har no fleire vitskaplege bevis å støtte seg til etter at ein ny universitetsstudie fann at bygget ikkje kollapsa på grunn av brann, men på grunn av at «kvar einskild søyle (berebjelke) i bygningen braut saman nesten samtidig». Den omfattande studien som tok fire år, vart utført av Avdelinga for Sivilingeniørs- og Miljøteknikk ved University of Alaska og brukte komplekse datamodellar for å fastslå om bygget verkeleg var det første stålskjelett-høghuset nokon gong som hadde kollapsa berre på grunn av kontorbrannar.

Studien, som førebels er tilgjengeleg som eit utkast, konkluderte med at «ukontrollerte bygningsbrannar» ikkje førte til at bygningen kollapsa i sitt eige fotavtrykk – stupte meir enn 100 fot i fritt fall i løpet av 2,5 sekund av dei sju sekunda det tok å kollapse – slik det offisielt vart hevda. I staden fann studien – skriven av Dr. J. Leroy Hulsey, Dr. Feng Xiao og Dr. Zhili Quan – at «brannen forårsaka ikkje kollapsen av WTC 7 den 11. september, tvert i mot konklusjonane til NIST [National Institute of Standards and Technology] og private ingeniørfirma som studerte kollapsen,» og konkluderte også med at «kollapsen til WTC 7 var eit globalt [det vil seie omfattande] samanbrot som involverte eit nær-samtidig samanbrot for kvar einskild søyle i bygget.»

Dette «nær-samtidige samanbrotet til kvar einskild søyle» i WTC 7 tyder sterkt på at sprengstoff vart brukt i kollapsen, noko som også blir støtta av utsegner frå Barry Jennings, den dåverande nestleiaren i Beredskapsavdelinga for New York City Housing Authority. Jennings fortalte ein reporter same dagen som angrepet at han og Michael Hess, dåverande juridisk rådgivar for New York City, hadde høyrt og sett eksplosjonar i WTC 7 fleire timar før kollapsen, og han gjentok seinare desse påstandane til filmskaparen Dylan Avery. Dei førstehjelpsarbeidarane som hjelpte Jennings og Hess, hevda også å ha høyrt eksplosjonar i WTC 7. Jennings døydde i 2008, to dagar før den offisielle NIST-rapporten om skuldspørsmålet for kollapsen tilWTC 7 vart lansert. Fram til no har det ikkje blitt gitt noka offisiell dødsårsak for Jennings.

Framleis «galen» etter alle desse åra?

18 år etter angrepa den 11. september 2001, er det framleis tabu for mange å sette spørsmålsteikn ved styresmaktene sitt offisielle narrativ om hendingane dei dagane. Berre det å stille spørsmål eller kreve ei ny gransking av ei av dei viktigaste hendingane i nyare amerikansk historie fører ofte til latterleggjering og avvising.

Men, på denne 9/11-markeringa – med ein ny studie som knusar den offisielle fortellinga om WTC 7, med ei ny meiningsmåling som viser at meir enn halvparten av folket i USA tvilar på staten si fortelling om WTC 7, og med brannmenn som responderte på 9/11 som krev ei ny gransking – er det framleis «gale» å vere skeptisk til den offisielle historia?

Sjølv i tidlegare år, då det å stille vanskelege spørsmål om 9/11 var endå meir «tabu», var det oftast førstehjelpsarbeidarar, overlevande og familiar til offera som stilte dei mest kritiske spørsmåla om kva som verkeleg hadde skjedd den dagen og som har leia søket etter sanninga i nesten to tiår – ikkje ville «konspirasjonsteoretikarar», som mange har påstått.

Den einaste grunnen til at det framleis er tabu å stille spørsmål ved den offisielle forklaringa, som til og med forfattarane sjølve innrømmer er både feilaktig og ufullstendig, er at dei dominerande kreftene i dei amerikanske media og den amerikanske regjeringa har overtydd mange amerikanarar om at det er farleg, irrasjonelt og ikkje-amerikansk å gjere det.

Men når stadig fleire bevis tyder på at den offisielle fortellinga i seg sjølv er ei irrasjonell fortelling, blir det stadig tydelegare at årsaka til denne mediekampanjen er å hindre legitime spørsmål om den dagen i å få den granskinga dei fortener, og til og med svartmale familiemedlemmar til offera og sjuke førstehjelpsarbeidarar for å oppnå det. Altfor lenge har «Aldri Gløym» vore nesten synonymt med «Aldri Still Spørsmål».

Likevel, å unnlate å stille desse spørsmåla – sjølv når fleire amerikanarar enn nokon gong no ønsker ei ny gransking og ikkje trur på den offisielle forklaringa om samanbrotet til WTC 7 – er den ultimate urettferda, ikkje berre mot dei som døydde i New York City den 11. september 2001, men også mot dei som har blitt drepne i deira namn i åra som har følgd.

*

Omsett av Monica Sortland

Whitney Webb er journalist for MintPress News, basert i Chile. Ho har bidratt til fleire uavhengige mediekanalar, inkludert Global Research, EcoWatch, Ron Paul Institute og 21st Century Wire, blant andre. Ho har deltatt i fleire radioprogram og fjernsynsopptreden og er vinnaren av Serena Shim-prisen for urokkeleg integritet innan journalistikk for 2019.

Forsidebilde: bruce mars

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Men etter 18 lange år»

    Og i 18 år har altså dette narrativet fått oss til å kaste bort gode arbeidskrefter og tidsbruk på ekstra sikkerhet & frykt i sikkerhetskontroller på flyruter både innenlands og utenlands. Basert på disse løgnhistoriene. Vi skal holdes i frykt.

    Den ene idiotiske forklaringen og ‘tidsvitne’-historien etter den andre.

    F.eks:

    Er det rimelig at 2 kaprere ( og «hovedmannen «) tar et fly ekstra ( for å komme til Boston 15 mil unna) istedet for å ta flyet de skulle kapre fra Boston direkte ?
    Fortalt av et ‘tidsvitne’.
    radio.nrk.no/podkast/oppdatert/sesong/1

    Jada, bare et -tidsvitne forteller det.
    Det kan virke som om jo mer usannsynlig & idiotisk en forklaring er jo lettere er det å innbille folk det. Bare hendelsen er , eller framstilles, grusom nok.
    Da blir det føling mer enn fornuft.
    ( Holocaust-narrativet i mente. Og Covid- massegraver i nyere tid. )

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Hvordan mister du en F-35?

Amerikanske militæret lette igår etter savnet krigsfly.

Forrige innlegg

NATO bedriver ønsketenkning

«Hvis du hverken kjenner deg selv eller din fiende er enhver konflikt farlig for deg.»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.