POSTED IN Psykologi, Virkelighetsforståelse

Den nye formen for intoleranse:

Supertoleranse.

8 kommentarer

Kva ord tyder

Hans Olav Brendberg

Ord er kameleonar. Skal eit ord kunna brukast til nokolunde konsistent tenkjing, bør det stå på ein stødig definisjon. Abstrakte ord utan avklart definisjon er sjølvsagt naudsynte – men ofte villeiande. Og dei inviterer til ulike slag optiske synkvervingar. 

Over tid kan slagord og visdomsperler som uttrykker noko som høver til godtsfolks verdsbilete sakte skifta farge, nett som ein kameleon som vandrar inn i ein ny landskapstype. Det tyder ikkje at ordet mistar krafta si – berre at nye omstende og  nye motiv grip tak i – og brukar – ordet.

Ta ordet «liberal», med si grunntyding av frilyndt eller frisinna, eller til og med fritenkjar. Ordet blir brukt til ei rad ulike formål, som td. «liberal statsteori» om idekomplekset knytt til frie, demokratiske statar. 

Dette ordet har gått ein lang veg. I USA har «liberal» nærmast vorte eit skjellsord for «venstreorientert», og blir brukt om dei mest forstokka «woke»-ideologane. 

I vårt eige land har «liberal» meir status – særleg etter at omgrepet «sosialdemokrat» vart tømt for innhald. Vi har ein «sosialliberal» hovudstraum, og «liberal» i denne tydinga av ordet tyder konform mainstream. 

Folk av det slaget som det er lite interessant å diskutera med – dei har kjøpt heile ferdigpakken, og er ikkje interessert i å diskutera idear. Dei klarar seg med eit stempel og ei stempelpute, som dei nyttar mot alle som ikkje har kjøpt den same «sosialliberale» ferdigpakka. 

Å se verden gjennom «liberale» briller gir ikke alltid presise inntrykk

Ofte hyggelege, og stort sett harmlause folk – men så langt frå gamle dagars «fritenkjar» som det er mogleg å koma. Mellom desse sosialliberale «tenkjarane» finn ein nokre av dei største samlingane av lågthengande frukt og nedkjempa stråmenn som er å oppdriva.

Den leiande, liberale staten er – paradoksalt nok – eit land der «liberal» har vorte skjellsord: USA. 

Kor liberalt er så dagens USA?

Typisk er reaksjonane frå USAs utanriksminister Blinken på den internasjonale straffedomsstolen si avgjerd om å opna etterforsking mot moglege krigsbrotsverk frå Israel og Hamas.

Denne avgjerda blir fordømt av USAs utanriksminister, og USA har sett inn sanksjonar mot einskildpersonar i domsstolen involvert i denne saka. Dette er ikkje noko unntak – alle «liberale» statar vil reagera likeeins. 

I Tyskland blir akademikarar som vågar vera kritiske til Israel eller hevdar at boikott kan vera legitimt sett kontant på plass – som Jacob Schäfer, akademisk tungvektar i jødiske studie, som vart pressa til å trekka seg som direktør for det jødiske museet i Berlin på syltynt grunnlag. 

Jeremy Bernard Corbyn er en britisk politiker. Han ledet Labour Party fra 12. september 2015 til 4. april 2020. (Fra wikipedia)

I Storbritannia vart Jeremy Corbyn skvisa ut av partileiarrolla etter ei i hovudsak grunnlaus kampanje mot «Labours antisemittisme».

At retten til å straffritt gjennomføra krigsbrotsverk mot palestinarane no har vorte liberal kjerneverdi er det god grunn til å merka seg. I si tid sa Torolf Elster at «sosialisme er den politikk Arbeiderpartiet til enhver tid fører». Det er det same som har skjedd med ordet «liberal»: «Liberal» er den politikken som USA og dei vestlege allierte til ei kvar tid fører. Og sidan staten Israel har sikra seg solid fotfeste i det amerikanske, politiske systemet, er statsbyggjande religion og etnisk eksklusiv stat ein del av pakka for kva som er «liberal» i våre dagar.

Om du ikkje er «liberal» i denne tydinga av ordet, er du «antisemitt», som Jeremy Corbyn og andre. Det å etterforska israelske krigsbrotsverk er i følgje Benjamin Netanyahu «rein antisemittisme». 

Og det er det jo – om du etterforskar slike krigsbrotsverk, endar du jo opp med å prova at j-dar har utført grove brotsverk mot andre sine menneskerettar. 

Det finst ein heil industri i den liberale hovudstraumen for å bortforklara og relativisera bort desse brotsverka. Skuldinga om «antis-mittisme» er det kraftigaste våpenet til desse – og ordet tyder ikkje berre dei som vågar å vera i opposisjon til staten Israel og dei organiserte, j-diske lobbyane i dei vestlege stormaktene. Berre å peika på det faktum at desse lobbyane finst kvalifiserer.

Kritikk av statens Israels politikk defineres nå som antisemittisme

Så det vi står att med, er at «liberal» tyder om lag det same som «makt». Definisjonsmakt. Makt til å stogga kjeften på motforestillingar. Makt til å øydeleggja karrierar. Makt til å premiera dei som held kjeft på dei rette stadene. 

Og «antis-mittisme» tyder vanlegvis å hevda prinsippielt at j-dar og andre er verdt akkurat like mykje.

Men dette er ikkje ein tilstand, det er ei utvikling. Og utviklinga går raskt.

Den gongen «liberal» var ei ideologisk retning mellom fleire, ikkje ein konform hovudstraum, var toleranse ein av dei berande verdiane i det liberale verdsbiletet. Toleranse tyder ikkje hjarteleg tilslutning. Men dei liberale var viljuge til å dela verda og det offentlege rommet med rørsler og grupper dei ikkje utan vidare delte verdiar med – anten det var religiøse eller politisk radikale eller seksuelle minoritetar. Ein skulle gje fridom også til dei gruppene og individa ein meinte tok feil, eller levde feil.

I nyare tid er denne toleransen erstatta av ein større og meir krevjande supertoleranse. Ein skal ikkje berre gje fridom til dei ein er usamde med, eller dei som har livvstilar ein har reservasjonar mot. Nei – ein skal omfemna og gje reservasjonslaus støtte til alle slags idear og livsstilar. 

KrF sine familieministrar har versågod med å gå i Pride-parade!

Men denne «supertoleransen» er ikkje toleranse – tvert om er dette inngangen til ein ny form for intoleranse – som handsaminga av J. K. Rowlings og andre syner. Og denne intoleransen er di fårlegare, avdi han ikkje blir gjenkjent som intolerant. 

Dei som driv organiserte kampanjar for å kvesta naudsynt debatt er i eigne augo meir «tolerante» enn dei som er viljug til å diskutera med folk dei er usamde med. «Scenenekt» er den logiske konsekvensen av denne forma for «supertoleranse». 

Den moderne, «liberales» dyrking av konformitet og eksisterande makt, kombinert med etno-religiøs sjåvinisme og regnbogeintoleranse har alt som trengst for å utvikla seg i tyrannisk retning.

https://www.thenationalnews.com/…/biden-s-opposition-to…

https://www.timesofisrael.com/netanyahu-an-icc…/

Tidligere publisert på derimot.no



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 629 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

8 kommentarer. Leave new

  • Olav Sæther
    6 mars 2021 9:42

    Det er mye begrepsforvirring nå for tiden. Hva er fx en høyreekstremist ? Var Benito Mussolini en høyreekstremist ? Jeg vet ihvertfall at det samfunnet som Klaus Schwab og WEF vil ha er fascisme, men i MSM blir de ikke omtalt som ekstremister eller med andre negative ord. FRP sier de er liberale og støtter WEF, de er globalister. Nasjonalsosialismen var/er annerledes fascismen, men det er det ikke alle som skjønner.

    Svar
  • ­­­R­­­e­g­i­­­s­t­­­r­­e­r d­e­­g o­­g k­­­l­a­­­s­­­s­i­­f­­­i­s­­­e­­r m­­i­n u­­­n­­­g­­­e s­e­x­y f­­i­t­t­­­e ­­­-­­ http://photo0733132.e17.club

    Svar
    • Knut, hvis du styrer alt på denne bloggen, hvordan kan da Barbera21 til stadighet komme til i kommentarfeltet?

      Svar
  • Som alltid, så innfrir Brendberg til tusan. Det er en fryd å lese og å bryne seg på, også når man ikke nødvendigvis er enig. Til overmål settes også latterdøra på fullt gap ganske ofte, særlig av slikt som denne ekstremt morsomme formuleringa:

    «Mellom desse sosialliberale «tenkjarane» finn ein nokre av dei største samlingane av lågthengande frukt og nedkjempa stråmenn som er å oppdriva.»

    Svar
  • På amerikansk betyr liberal radikal eller nihilistisk. Ettersom litteraturen på universitetene i stor grad er amerikansk, har den kontinentaleuropeiske og skandinaviske betydning av ordet blitt fortrengt i norsk akademia.

    Overforenklet kan man si at hovedmotsetningene i politikken i moderne tid har vært liberalisme og konservatisme der liberalismen i større grad har vektlagt individuell frihet befestet i universelle rettigheter. Med sosialismen ble bildet noe forkludret derfor ser man idag det tradisjonelle skillet mellom liberalisme og konservatisme kun i land der sosialismen og dens avarter står svakt som i f.eks. Polen.

    I Europa fikk liberalismen en knekk med opprettelsen av Det tyske riket i 1871 og med første verdenskrig er det bent slutt. Ideologisk klarer heller ikke liberalismen å stå imot hegelianismen som underbygger både konservatisme og sosialisme og som ender opp som wokisme.

    Svar
  • Jeg bruker nå konsekvent anførselstegn når jeg snakker om «liberalisme». Og det er fordi det er ett ironisk grep som da samsvarer med den selvmotsigende politikken som føres. Og gjeldsslavesamfunnet deres.

    Jeg ser ingen grunn til å snakke om supertoleranse når det faktisk ikke er dekkende. Det gamle ordet hykleri beskriver situasjonen helt passende.
    Supertoleranse kunne beskrive altruisme og Jainisme hvilket har utøvere som faktisk mener det, og som derfor er ytterst få.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Valget

Velgerne gikk imot Oslo-mediene: Men vil vi merke en ny politikk?

Previous Post
Kommuneoverlege: Vaksinemotstandere er de mest forvirrete mennesker på Internet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.