POSTED IN Afghanistan, Krig-fred

Den narrative fiaskoen til USA i Afghanistan er verre enn den militære.

No veit heile verda at keisaren ikkje har klede på.

0

Nebojsa Malic

Nebojsa Malic

er ein serbisk-amerikansk journalist, bloggar og omsettar, som hadde ei fast spalte i antiwar.com mellom 2000 og 2015. No skriv han for RT. Følg han på Telegram @TheNebulator og på Twitter @NebojsaMalic

Afghanistan er kanskje ikkje ‘gravplassen til imperium’, men det ser ut som dei er klare til å gravlegge i det minste det US-amerikanske imperiet, slik dei har smadra dei viktigaste mytane det kvilte på: uovervinnelegheit, uunngåelegheit, velstand og kompetanse.

Det må vere verkeleg ironisk at den same mannen som i 1992 feira undergangen til det sovjetiske «marionettregimet» i Kabul enda opp med å leie eit US-amerikansk marionettregime der. Det var berre det at medan Najibullah styrte vidare i tre år etter at den siste sovjetiske soldaten kryssa Venskapsbrua over til Uzbekistan, så trekte Asjraf Ghani seg og flykta landet sjølv før den siste amerikanske støvelen forlet afghansk jord – og han skal ha gløymd att sekkar med pengar på rullebana.

Gratis arkivbilde med .22 ammo, 100mm, 12 mai
Afghanistan er en mangesidig stat, en mosaikk av ulike språk, religioner og etniske grupper

Men det som gjorde den brå og totale kollapsen til Afghanistans Nasjonale Armé (ANA) så øydeleggande, var den eksplisitte insisteringa til den US-amerikanske leiarskapen – frå president Joe Biden og utanriksminister Antony Blinken til sjefen for Joint Chiefs, general Mark Milley – så seint som for to veker sidan, om at det aldri ville skje.

«Det kjem ikkje til å bli nokon situasjon der du ser at folk blir løfta opp frå taket til ein ambassade i – av USA frå Afghanistan,» fortalde Biden til reportarar den 8. juli. Det var berre det at det var nett det som skjedde, pluss meir.

‘Saigon 1975’ vil alltid bli assosiert med fotoet av desperate sør-vietnamesarar som stimlar saman rundt eit helikopter på taket til den US-amerikanske ambassaden. Det er mange kandidatar til ‘Kabul 2021’, men så langt ser det ut til at dei desperate afghanarane som klamra seg til cargo-flyet – berre for å falle rett i døden – er ein sterk favoritt.

«Tusen mytar kollapsa på direkten,» som journalist og veteran i US Navy, Jack Posobiec, uttrykte det. «DC-teateret vart overgått av røynda.»

Afghanistan vert ofte kalla «imperiumsgravplassen» fordi alle makter utanfrå som har prøvd å ta landet, til slutt har lidd nederlag. Det er strengt tatt ikkje sant – Det britiske imperiet, til dømes, overlevde Kabul-fiaskoen med eit hundreår, og ideen om at SSSR fall på grunn av Afghanistan er eit kynisk narrativ pusha av Washington sine kaldkrigarar – men i dette tilfellet kan det vise seg å stemme.

Generalar og menige kan argumentere med at USA sine styrkar aldri tapte eit slag i Afghanistan, men dei kan ikkje nekte for at dei tapte krigen. Vidare var ANA raske til å gi opp kampen, trass i at dei hadde US-amerikanske våpen og utstyr verdt milliardar av dollar og 20 år med trening av US-amerikansk standard.

Slaget ved Kosovosletta – Wikipedia
Pyrrhosseier er en seier hvor resultatet ikke nødvendigvis er verdt kostnaden. Om noen vinner en pyrrhosseier, har de negative virkningene vært større enn den eventuelle gevinsten; man har vunnet en hul seier, eller en seier som er jevngodt med nederlag. Wikipedia «USA vant alle trefningene, men tapte krigen».

Heilt sidan Sovjetunionen avskaffa seg sjølv i 1991, har både neokonservative og neoliberalistar presentert Det amerikanske imperiet som noko uunngåeleg, det politiske og økonomiske systemet der som «enden på historia», og all motstanden mot det som dømd til å tape. Eitt ord aleine, «Afghanistan», punkterer dén bobla.

Når det gjeld velstand, så gjorde ikkje dei tallause mengdene med skattepengar som vart plyndra frå amerikanarar og tømde inn i Afghanistan landet rikt, men dei gjorde at ein klikk kollaboratørar, transnasjonale som berre var ute etter å karre til seg og profesjonelt klåfingra vart overdådig rike og kunne late som dei var nyttige. Dei bygde ingenting og la berre elende etter seg då dei drog; sandslottt som forsvann før tsunamien.

«Kvart bilde som kom ut av Afghanistan denne siste helga, var ein reklame for inkompetansen, arrogansen og falskspelarnaturen til amerikanske utanrikspolitiske leiarar,» skreiv journalisten Matt Taibbi. Deretter forklarte han at det «genuine sjokket» i andletet til Tony Blinken då han vart konfrontert med realitetane «burde fortelje folk rundt om i verda noko viktig om USA: i tillegg til alle dei andre tinga som er farlege ved oss, så manglar vi også sjølvinnsikt.»

Med andre ord: folka i det politiske etablissementet i USA har blitt så vane med å skape si eiga røynd og, gjennom media og underhaldning, dytte den på både eigne innbyggarar og utlendingar, at dei rett og slett ikkje veit kva dei skal gjere når dei blir konfronterte med folk som dette trikset ikkje virkar på – i dette tilfellet Taliban.

Gratis arkivbilde med arkitektur, biler, dagslys
Hollywood-virkeligheten gjorde lite inntrykk på Taliban

Denne typen tenkning såg vi i førre veke, då ein prominent «sikkerheitsekspert» rådde kollegaane sine til å sjå bort frå bilda frå Afghanistan, så dei kunne unngå å bli opprørte eller traumatiserte – som om det som skjedde berre skulle stoppe opp eller forsvinne viss dei berre let vere å sjå.

Det var berre det at folk rundt om i verda såg på, og noterte. Sjølv ting som er heilt i tråd med US-amerikansk mentalitet – slikt som å frakte hundar med passasjerfly, medan lokale tolkar vert stua inn i lasterommet – sende ei utvetydig melding til potensielle USA-‘allierte’.

Heller ikkje var ein slik konklusjon reservert for berre utlendingar som er kritiske til USA. Neokonservative Bret Stephens, som skriv for New York Times, beklaga denne «fiaskoen av episke proporsjonar» som fortalde alle USA-allierte at dei må klare seg sjølve.

For eit imperialistisk føretak som er bygd på narrativ og persepsjonsstyring, er ei slik realitetsbombe høgst sannsynleg dødbringande. Det finst ikkje tvil om at mediemaskineriet til USA i dagane som kjem vil lansere eit massivt forsøk på å avleie, spinne og rasjonalisere det som skjedde, kanskje til og med rett etter at Biden har talt til nasjonen på måndag. Kanskje vil det til og med virke, på nokre folk, for ei stund, for «copium» [slang, blanding av eng. cope og opium, mrk.] er eit mektig rusmiddel. Greia er: med alt som har hendt i Afghanistan og alle åra med eit imperium som diskrediterer seg sjølv heime og i utlandet … kanskje ikkje. Altfor mange har no sett at keisaren er naken, og at mytane dei vart bedne om å tru på viste seg å vere røyk og speglar.

Kva som no vil skje, er det ingen som veit.

***

Trur du venene dine vil finne dette interessant? Del denne historia!

Utsegnene, synspunkta og meiningane som vert uttrykte i artikkelen, er forfattaren sine, og representerer ikkje nødvendigvis RT sine [eller derimot.no sine].

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Marcus Ganahl



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 446 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Vaksine-effekt?

Urovekkende økning av hjerteplager blant unge.

Previous Post

Det var ikke bare USAs nederlag:

Norge tapte også krigen i Afghanistan.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.