POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Den mislykkete offensiven er et signal:

Det går mot slutten for Ukraina.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kievs kollaps

av Thierry Meyssan

Våpenlagnaden har bestemt. Sanningas time har talt. Den ukrainske motoffensiven vart totalt mislykka. NATOs mange våpen var ubrukelege. Slagmarka er pepra med lik. Alt til inga nytte. Territoria som etter folkerøysting gjekk inn i Den russiske føderasjonen, vil halde fram med å vere russiske. Denne «sjakkmatten» markerer ikkje berre slutten på Ukraina slik vi har kjent det, men på det Vestlege herredømmet, som valde løgna.

Den multipolare verda kan bli realisert denne sommaren, innanfor rammene til ulike internasjonale toppmøte. Ein ny måte å tenke på, der makta ikkje lenger alltid har rett.

Denne artikkelen vart skriven den 10. juni. Då kom den einaste tilgjengelege informasjonen frå Russland og allierte hovudkvarter. Ukraina hadde vedtatt ein total embargo på sin motoffensiv. Vi burde derfor ha venta med å publisere denne teksten. Men vi tenkte at dersom Ukraina hadde greidd å bryte gjennom Russlands første forsvarslinje, sjølv om dei ikkje hadde greidd å ta seg inn der, så hadde dei latt oss få vite det. Vi publiserer derfor denne analysen.

Under seks dagar, frå den 4. juni til den 10. juli 2023, starta Ukraina sin motoffensiv og leid eit forferdeleg nederlag.

Gjennom sommaren bygde russiske styrkar to forsvarslinjer i den delen av Novorossia dei hadde frigjort og i Donbass. Dei hindra alle pansra fartøy å passere.

Ukrainske styrkar har vald seg ut eit dusin angrepspunkt for gjenerobringa av «fiendeokkupert» territorium. Deira panserkøyretøy greidde ikkje kome gjennom det russiske førstelinjeforsvaret, og hopa seg opp framfor den, der den eine etter den andre av dei vart øydelagde av russisk artilleri og sjølvmordsdronar.

Samtidig angreip og øydela den russiske arméen kommandosenter og arsenal inne på ukrainsk territorium med missil.

Kinzhal er et av flere hypersoniske russiske missiler som kan oppnå inntil 10 mach, eller 10 ganger lydens hastighet. Den har en rekkevidde på 2000 km. Det finnes ikke konvensjonelle vestlige avskjæringsmidler.

Det ukrainske luftvernsystemet hadde ikkje før blitt installert, før det vart øydelagt av hypersoniske missil. Utan luftvern kunne ikkje ukrainarane utføre manøvrane som NATO hadde planlagt.

Russland brukte ingen av sine nye våpen, bortsett frå jammingssystemet mot NATO-våpen og nokre av dei hypersoniske missila.

Grensa er no ein langstrekt kyrkjegard av stridsvogner og menn. Flyplassar er fulle av rykande Mig-29 og F-16-vrak.

Stabane i USA, Atlanterhavsalliansen og Ukraina gir kvarandre skulda for denne historiske katastrofen. Fleire hundre tusen menneskeliv og 500 milliardar dollar vart kasta bort til inga nytte. Vestlege våpen, som rysta verda på 90-talet, er verdilause mot dagens russiske arsenal. Krafta har skifta side.

To konklusjonar kan allereie trekkast:

DEN UKRAINSKE ARMEEN MÅ IKKJE FORVEKSLAST MED DEI «INTEGRERTE NASJONALISTANE»

Sjølv om det ikkje lenger finst ein ukrainsk armé som er i stand til høgintensiv krigføring, så finst framleis styrkane til «dei integrerte nasjonalistane» (iblant kalla «Banderistar» eller «Ukro-nazistar»). Men dei er berre trente for lågintensiv krigføring. Leiarane deira drog seint på 90-talet til Tsjetsjenia for å slåst på vegner av CIA og NATOs hemmelege tenester, og nokre gongar i Syria på 2020-talet. Dei er trente i målretta drap, sabotasje og massakrar på sivile. Ingenting anna.

Dei greidde å
1. sabotere den russisk/tysk/fransk/nederlandske Nord Stream gassrøyrleidninga for å styrte Tyskland og deretter Den europeiske unionen ut i resesjon den 26. september, 2022.
2. sabotere Kertsj-brua (kjend som «Krim-brua») den 8. oktober, 2022.
3. angripe Kreml med dronar den 3. mai, 2023
4. bruke dronar til å angripe Ivan Kurs, etterretningsfartøyet som forsvarte gassrøyrleidninga Turkish Stream i Svartehavet den 26. mai, 2023.
5. sabotere Kakhovka-demninga for å splitte Novorossia i to den 6. juni, 2023.
6. sabotere ammoniakk-røyrleidninga Togliatti-Odessa for å øydelegge russisk mineral-gjødselindustri den 7. juni, 2023.

Nett som under dei to Verdskrigane og Den kalde krigen, har dei bevist sin terrorkapasitet, men på slagmarka har dei ikkje spelt noka avgjerande rolle.

Det er no viktigare enn nokon gong å skille mellom ukrainarar som trudde dei forsvarte folket sitt og dei «integrerte nasjonalistane» [1], som ikkje bryr seg om landsmennene sine, og som i hundre år har å utrydde russarar og kulturen deira.

DET UKRAINA VI KJENDE, ER BORTE

Hittil har Ukraina framfor alt vore ei kommunikasjonsmakt. Kiev greidde å få folk til å tru at statskuppet i 2014, som styrta ein folkevald president til fordel for integrerte nasjonalistar, var ein revolusjon. På liknande vis greidde dei å få folk til å gløyme korleis dei knuste sine innbyggarar i Donbass: nekta dei tilgang til offentlege tenester, nekta å betale ut løn til offentleg tilsette og pensjonar til dei gamle, og bomba byane deira. Til sist greidde Kiev å overbevise Vesten om at Ukraina var eit homogent land med eitt einaste folk som levde i ei felles historie.

Som i dei fleste krigar, er det også i denne eit «borgarkrig»-aspekt [2]. I dag kan alle sjå at Vladimir Putin sin analyse, tvert imot det dei påstod, ikkje var nokon rekonstruksjon av historia, men derimot sanninga. Donbass-folket er djupast sett russarar. Folket i Novorossia (inkludert Krim) er av russisk kultur, sjølv om dei har ei forskjellig historie (dei har aldri opplevd liveigenskap). Ukraina har aldri eksistert som uavhengig stat, bortsett frå under eit tiår i periodane 1917-22 og 1941-45, og tre andre tiår etter 1991.

Under desse tre eksperimanta slutta Kiev aldri med å reinske ut blant folket sitt og massakrere eigne innbyggarar medan dei integrerte nasjonalistane sat med makta (1917-22 med Simon Petliura, 1941-45 med Stepan Bandera, og 2014-22 med Petro Poroshenko og Volodymyr Zelensky). Totalt har dei «integrerte nasjonalistane», som dei kallar seg, over eit hundreår myrda over 3 millionar av sine landsmenn.

Under Første verdskrig hadde folket i Novorossia allereie reist seg rundt anarkisten Nestor Makhno; under Andre verdskrig reiste folket i Donbass og Novorossia seg som sovjetarar; og denne gongen kjempar dei mot dei «integrerte nasjonalistane» i Kiev med russiske styrkar.

Den einaste måten å stoppe desse massakrane på, er å separere dei «integrerte nasjonalistane» frå befolkninga av russisk kultur som dei ønsker å avlive [3]. Sidan NATO iscenesette eit kupp i 2014, og sette dei til makta, finst det ikkje annan måte enn å anerkjenne den noverande oppdelinga av landet og la dei behalde makta i Kiev. Det er ukrainarane sjølve – og berre dei – som lyt styrte dei.

Den noverande konflikten har starta den prosessen. Den delen av landet som er frigjort av russarane bestemde i eit referendum å slå seg ihop med Føderasjonen. Men fjorårets russiske framsteg vart stagga av president Vladimir Putin som del av forhandlingane med Ukraina, først i Kviterussland og deretter i Tyrkia. Odessa er framleis ukrainsk etter lova, sjølv om det kulturelt sett er russisk. Transnistria er enno moldavisk, sjølv om det kulturelt sett er russisk.

Krigen er teknisk sett over. Ingen offensiv kan endre på dei noverande grensene. Kampane kan rett nok halast ut, og ein fredsavtale er langt unna, men terningen er kasta. Det er framleis eit problem i Ukraina og Moldavia: Odessa og Transnistria er enno ikkje russiske. Framfor alt er det framleis eit fundamentalt problem: NATO-medlemmane har, i brot på muntlege og skriftlege avtalar, lagra opp med US-amerikanske våpen på Russland sine grenser, og set med det sikkerheita deira på spel.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.

[2] “Is the conflict in Ukraine a civil war?”, Voltaire Network, 15 November 2022.

[3] “Ukraine : the Second World War continues”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 26 April 2022.

https://www.voltairenet.org/article219461.html

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst.

Forsidebilde: iStock



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 220 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • «På liknande vis greidde dei å få folk til å gløyme korleis dei knuste sine innbyggarar i Donbass: nekta dei tilgang til offentlege tenester, nekta å betale ut løn til offentleg tilsette og pensjonar til dei gamle, og bomba byane deira.»

    – Mens vesten ( og norsk media) så en annen vei og holdt kjeft , – som de hadde fått beskjed om.

    Svar
  • Northern Light.
    16 juni 2023 17:29

    Medvedev: Putin har grønt lys for å kutte våre fienders undersjøiske kommunikasjons-kabler.

    Av Tyler Durden.
    Etter rapporter som gjorde den ukrainske eller amerikanske regjeringen ansvarlig for ødeleggelsen av Russlands Nord Stream-gassrørledninger, har nestlederen i det russiske sikkerhetsrådet erklært at president Vladimir Putin bør føle seg fri til å kutte undersjøiske kommunikasjonskabler til landets fiender.

    «Hvis vi går ut fra den beviste medvirkningen fra vestlige land i å sprenge Nord Stream, så har vi ingen begrensninger – selv ikke moralske – for å hindre oss i å ødelegge kommunikasjons-kabler i havbunnen til våre fiender», sa Dmitrij Medvedev på Telegram. Medvedev var Russlands president fra 2008 til 2012 og er en nær alliert av Putin.

    Det russiske sikkerhetsrådets nestleder Dmitrij Medvedev, sa at Putin ville være fullt berettiget til å angripe undersjøiske kabler som tjener Russlands «fiender», meldte Reuters via Daily Mail. I forrige måned advarte NATOs etterretningssjef David Cattler om en økende risiko for nettopp et slikt trekk. «Det er økt bekymring for at Russland kan ta sikte på undersjøiske kabler og annen kritisk infrastruktur for nasjonene som gir våpenhjelp til Ukraina,» sa han. Naturligvis utelot han å nevne eventuelle grunner for å gjengjelde sprengningen av Nord Stream-rørledningene.

    Cattler sa at han hadde lagt merke til flere russiske patruljer over hele Atlanterhavet og i Østersjøen og Nordsjøen. «Russland kartlegger aktivt alliert kritisk infrastruktur både på land og på havbunnen».

    Havet er rikt på militære mål. Mer enn 400 undersjøiske kabler har mer enn 95 % av den internasjonale internettrafikken. «Anslagsvis 10 billioner amerikanske dollar i finansielle transaksjoner går gjennom kablene hver dag, så disse kablene er virkelig en økonomisk knutepunkt», sa Cattler. For eksempel «Marea»-kabelen, bygget av Facebook, Microsoft og Telxius, strekker seg over 6440 km fra Bilbao, Spania til Virginia Beach i USA.

    I motsetning til vestlig propaganda om at Russland ødela sin egen kilde til økonomisk innflytelse over Europa, har de siste månedene rapporter vært om at enten amerikanske eller ukrainske myndigheter sprengte rørledningene. I februar, med henvisning til «en kilde med direkte kunnskap om den operative planleggingen», publiserte den legendariske journalisten Seymour Hersh en bombe av en rapport om at amerikanske marinedykkere utførte operasjonen under dekke av en NATO-øvelse.

    Forrige måned rapporterte europeiske journalister at sporet førte til Ukraina, og til en 15 meter lang yacht som ble leid inn fra et polsk selskap og la til kai ved en liten dansk øy nær eksplosjonsstedet. Det høres ut som orkestrert propaganda, for å styrke amerikanske myndigheters benektelse av enhver rolle i en økonomisk krigføring som har blitt en stor belastning for den europeiske befolkningen. Denne uken rapporterte flere nyhetssteder, at etter å ha mottatt en rapport om at Ukraina planla slike aksjoner, advarte CIA Ukraina mot å gjøre det.

    Utsiktene til et russisk angrep på vestlig kommunikasjons-infrastruktur, som gjengjeldelse for det som sannsynligvis ble utført av vestlige makter, eller at vestlige makter oppmuntret til angrep på en russisk gassrørledning, er den siste påminnelsen om at vi alle hele tiden står i fare for å bli utsatt for kriger vår regjering i USA provoserer frem med fullstendig ignorering av konsekvensene.

    Fra Zero Hedge, publisert 16 juni 2023.
    Oversatt fra engelsk, og noe forkortet. Linker i orginalartikkelen.
    Orginalartikkel: Senior Russian Official: Putin Has Green Light To Sever Undersea Commo Cables.

    Svar
  • Ketil Øynes
    17 juni 2023 8:10

    Støtter innholdet i reportasjen fullstendig, men nå har vel ikke Ukraina F16 fly som ligger utbrent eller hele, noen steder?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Med andre briller:

Kortnyheter som har en annen vri enn det vi er vant til.

Previous Post

FNs klimapanel (IPCC) vrir på fakta.

I praksis er det en form for vitenskapelig juks.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.