POSTED IN Virkelighetsforståelse

Den kjente USA-vitenskapsmannen Carl Sagan:

Uten evne til kritiske spørsmål kan myndighetene gjøre hva de vil med oss.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Carl Sagan om blind tillit til autoritetane

Ein skulle tru han snakka om korona-situasjonen som verda no er kasta ut i, for det han seier er endå meir høgaktuelt i dag enn det var i 1996, då intervjuet vart gjort – eit intervju som kanskje underskreiv dødsdommen hans.

Professor, astronom og NASA-konsulent Carl Sagan (1934-96) var kanskje mest kjend for sin populærvitskapelege TV-serie Kosmos, som var basert på boka hans med same namn, der han over 13 timar bryt ned tungt fordøyelege vitskapelege emne til eit språk som folk forstår. Han var vel det ein kan kalle over gjennomsnittleg opptatt av folkeopplysning.

I dette intervjuet med Charlie Rose peikar han på farane ved det å leve i ein høgteknologisk tidsalder der dei aller fleste ikkje har peiling på vitskap, og heller inga interesse for å lære det. Vitskap er vanskeleg, og folk flest manglar kompetanse til å stille kritiske spørsmål ved teknologien vi omgir oss med. «Vi lever i ei verd som er basert på teknologi, med formidabel teknologisk makt … og om vi ikkje skjøner noko av det, kven er det då som skal ta alle avgjerdene om vitskap og teknologi som skal bestemme kva slags framtid barna våre skal leve i?» seier han, og peikar på at det av politikarane i Kongressen berre finst ei handfull som har nokon som helst slags bakgrunn innan vitskap. Det er ei «eksplosiv blanding av ignorans og makt som før eller seinare kjem til å blåse oss av banen.»

Mangelen på realfagleg kompetanse i folkemassane, er eit demokratisk problem. «Vitskap er meir enn eit sett med kunnskap. Det er ein måte å tenke på, ein måte å skeptisk utforske universet på… Om vi ikkje er i stand til å stille skeptiske spørsmål til dei som fortel oss at noko er sant, å vere skeptiske til autoritetane, då er vi fritt vilt for neste sjarlatan – politisk eller religiøs – som måtte dukke opp.».

Carl Sagan døydde berre nokre månadar etter dette intervjuet, i desember 1996, berre 62 år gamal. Men han har late etter seg eit solid avtrykk.

*

Dette videoklippet var eit utdrag frå det 20 minutt lange intervjuet. Resten kan du finne her, om du er interessert.

Monica Sortland for derimot.no



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 668 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Vi har skiftet regjering, men ikke regime.

Første skritt mot helse-Apartheid er tatt av Støre-regjeringen.

Previous Post

Mer klimakunnskap

Klimaet på jorden påvirkes utenfra

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.