POSTED IN Diverse, Tyskland

Demoniseringen av AfD i Tyskland får konsekvenser.

Lege vil ikke behandle AfD-politiker.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Eit eklatant brot på legeeiden: Tysk lege NEKTAR å behandle AfD-politikar

Ein lege i den tyske delstaten Baden-Württemberg nektar å behandle ein av pasientane sine fordi han er lokalpolitikar i partiet Alternative für Deutschland (AfD). Dette rapporterer Remix News. Dei skriv:

Innlegget er hentet fra Saksyndig

«Avgjerda til legen vart visstnok teken då han såg eit bilete i den lokale avisa av politikaren, Heiko Nüßner, på eit arrangement for byforeininga til partiet i Lahr. Basert på dette biletet bad legen han om å finne ein ny lege på grunn av deira ‘tydeleg ulike politiske synspunkt’.

Nüßner, som tidlegare var kristendemokrat-politikar (CDU) i 26 år, sa til avisa Bild at han var ‘svært overraska av denne reaksjonen’, sidan han aldri hadde snakka med legen sin om politikken sin. Han skildra interaksjonen med allmennlegen som ‘særs udemokratisk’.

AfD-politikaren sa: ‘Eg vart skuffa over CDU på grunn av deira euro- og migrasjonspolitikk, so vel som det at dei gjekk vekk ifrå atomkraft. For meg er AfD det ‘nye CDU’ og på ingen måtar høgreekstremt’.

AfD-politikaren vart råka av ei ulykke for tre år sidan, og har sete i rullestol sidan. Då han bad legen sin om ein resept i byrjinga av mars, vart han nekta behandling. Nüßner delte ein kopi av e-postutvekslinga som vart delt mellom han og legen; namnet til legen vart verken avslørt av Nüßner eller Bild.

Legen har svart til Bild, og sagt at biletet av politikaren berre var ‘prikken over i-en’.

‘Eg opplevde allereie pasienten som særs lite hyggjeleg frå før av, med hans krav og pågåande veremåte,’ sa han. Ifølgje medisinske etikarar er det å nekte å gje behandling basert på pasientane sine politiske synspunkt, å ikkje møte medisinske standardar. Derimot, for pasientar som representerer ein trugsel eller stor uro for ein medisinsk praksis, har legar lov til å nekte å gje hjelp, men berre dersom der ikkje er nokon umiddelbar medisinsk trugsel.

Legen hevda derimot at legemiddelet som Nüßner bad om ikkje var ‘livsviktig’.

Ifølgje Bild-intervjuet med legen, ønskte han å støtte kvar ein ‘udemokratisk tendens’, sidan AfD blir overvaka på grunn av ekstremisme av Kontor for vern av konstitusjonen (BfV), eit mektig innanlands spionbyrå.

Han sa at dersom AfD-politikaren trong akutt hjelp, ville han behandle han og alle andre ‘uavhengig av ideologien deira’.

I 2021 opplevde òg AfD-kandidat Andrea Zürcher at allmennlegen hennar avslutta hjelpa si til ho, dette skjedde òg i delstaten Baden-Württemberg. I Zürcher sitt tilfelle fann òg legen ut om hennar politiske aktivitet frå eit bilete i ei lokalavis.

‘Han sa at tillitsforholdet hadde blitt øydelagt som eit resultat, og at han ikkje lenger kunne gje 100% når det gjaldt behandlinga mi,’ sa kvinna, som lid av ein kronisk sjukdom.

Ein tredjedel av tyskarane seier at dei vil vurdere å stemme for Alternative für Deutschland, og eit fleirtal av tyskarar – i det minste i enkelte spørjeundersøkingar – seier at dei kan støtte ein regjeringskoalisjon som inkluderer AfD. Derimot er der framleis ein temmeleg stor del av befolkninga som bestemt er imot partiet. Når det gjeld legar, blir det å nekte å gje behandling sett på som eit alvorleg etisk dilemma. Slike tilfelle kan auke den politiske polariseringa i Tyskland.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Forsidebilde: Altin Ferreira

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Innbiller klysene seg å ha rett til å nekte behandling til en tredjedel av det skattebetalende folk? Tillitsforhold til leger? Er det noe særlig igjen av det etter hva vi har sett de siste åra? Kanskje de spakner litt etterhvert når de sjøl begynner å sykne hen av x antall sprøyter? Jeg ble mobbet både på legekontoret og på apoteket for mitt munnbind falt ikke i smak. Selvfølgelig gikk jeg ikke med de av papir, for de er innsatt med grafen.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Ny film som avkler IPCC.

Det er solen som driver klimaet, ikke CO2.

Forrige innlegg

Intervju med Udo Ulfcotte.

Kjøpt Journalistikk.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.