POSTED IN Klima

De synker ikke i havet.

Det er ingen klimakrise. Stillehavsøyene vokser.

0

Vi presenterer denne studien her på derimot.no fordi vi vil ta angsten for den angivelige globale oppvarmingen fra så mange som mulig. Det er ikke godt å være redd for noe i fremtiden som i virkeligheten er grunnløst. Det som imidlertid det er grunn å frykte er krigspolitikken, atomvåpen og opprustning. Det representerer en reell far for alle på kloden her, men ungdommens engasjement skal kanaliseres over på noe ufarlig.

Derfor snakker ikke miljøpolitikere om den store miljøtrusselen, atomvåpnene. Elefanten i rommet får stå der helt ubemerket mens all skriker opp om en gass som bidrar til fjerne sulten på jorda og gjør planeten vår grønnere og bedre å leve på. Historikerne (hvis vi unngår atomkrigen) og fremtidens psykologer vil kunne gasse seg i forskning over den grenseløse irrasjonaliteten som herjer i vår tid.

Knut Lindtner (redaktør derimot.no)

Ny studie: 62 km² (+6%) nettoekspansjon i kystlinjene til hundretals Stillehavsøyer mellom 2000 og 2017

av Kenneth Richard den 30. August 2021

Ein verdsomspennande analyse av 221 øyer i tropiske Stillehavet og Indiahavet avslører «ein hovudsakleg stabil eller aukande trend for atollarealet i verda» gjennom det 21. hundreåret. Maldivane aleine ekspanderte med 37,5 km² frå 2000 til 2017.

I over tre tiår har vi blitt åtvara om at «heile nasjonar kan bli utsletta av stigande havnivå dersom trenden med global oppvarming ikkje blir reversert.» Men røynda underminerer stadig denne katastrofeframstillinga.

Ein verdsdekkande analyse frå 2019 av 709 øyer i Stillehavet og Det indiske hav avslørte at 89% enten var stabile eller med veksande storleik, og at ingen øy større enn 10 hektar (og berre 1,2% av øyene større enn 5 hektar) hadde minka i storleik sidan 1980-talet (Duvat, 2019).

Og no indikerer også ein ny analyse av trendane etter år 2000 stabile til ekspanderande kystlinjer for hundretals øyer i Stillehavet og Det indiske havet, der over halvparten av nettoveksten (39 km² av 62 km²) skjedde mellom 2013 og 2017.

Holdaway et al., 2021

«Mellom dei eldste (1999–2001 eller 1999–2002) og dei nyaste (2017) samansette bileta, har landarealet til dei 221 atollane vi granska auka med 61,74 km², frå 1007,60 km² til 1069,35 km², ein auke på 6,1 %.Det meste av denne auken, 38,89 km², skjedde mellom 2013 og 2017. Den globale endringa i landmassen til atollane var til ein stor del resultatet av auka øyareal på Maldivane og Sørkinahavet, som står for 54,05 km² (87,56 %) av den globale auken i landareal. Mellom 1999–2001 og 2017 fekk Maldivane 37,50 km² meir landareal. Det svarer til 60,74 % av nettoauken i atollareal globalt. Tokelau og Tuvalu, begge med små landmassar (hhv. 9,65 km² og 25,14 km²), auka begge med rundt 7%, medan Marshall-øyene, Fransk Polynesia, Kiribati, Palau, Chagos og føderasjonen Mikronesia alle endra seg med mindre enn 3%. I nasjonal skala var det berre Fransk Polynesia og Palau som hadde ein observert nedgang i landareal (hhv. -1.46 km² eller -0.48 % og -0.16 km² eller -2.71 %).»

Bilete henta frå rapporten til  Holdaway et al., 2021

To andre studiar publiserte separat av eit team vitskapsfolk  (Sengupta et al., 2021 om Mikronesia og  Sengupta et al., 2021om Gilbert-øyene) brukar luftfotografi frå 1940-talet (og 1960/70-talet) av hhv. 104 og 71 korallrevøyer i det ekvatoriale Stillehavet til å samanlikne endringar i kystlinjene over tid.

Vitskapsfolka fann at det har skjedd ein nettoekspansjon av kystlinjene på hhv. 3% og 2,45%, på dei 104 og 71 øyene analysert dei siste 50 til 75 åra.

Igjen: ingen av desse studiane støttar påstandar om katastrofale stigningar i havnivå rundt øykystlinjer som konsekvens av global oppvarming.

Sengupta et al., 2021

«Denne studien presenterer ein analyse av kystlinjeendringar på 104 korallrevøyer tilhøyrande 16 atollar i den vestleg-ekvatoriale stillehavsnasjonen Federated States of Micronesia over ein periode som samanfell med stigande lokale havnivå og hyppige stormar. Luftfotografi frå midten av 1940-talet og 1970-åra vart analyserte saman med nye satellitt-bilete med høg oppløysing for å dokumentere endringar i kystlinjer og flater på øyene. Resultata viser at tilvekst har vore den dominerande typen kystlinjeendring, med 46% av dei undersøkte kystlinjene visande statistisk signifikant tilvekst førande til ein netto auke på 64,37 hektar (ca. 3%) plant landareal på arkipelaget.»
Image Source: Sengupta et al., 2021

Sengupta et al., 2021

«Kystlinjeposisjonar til 71 øyer frå 3 atollar og 4 midthavs korallrevsplattformar vart analyserte ved å samanlikne historiske luftfotografi (frå 1940- og 1960-talet) og nye satellittbilete som dekker ein periode med ein lokal auke i havnivået på ca. 2,2 mm/år. Resultata viser at ca. 47% av kystlinjene var karakterisert ved ein statistisk signifikant tilvekst som har ført til ein netto auke på 274,07 hektar (2,45%) med plant landareal.»

Omsett av Monica Sortland

New Study: 62 km² (+6%) Net Expansion In 100s Of Pacific-Indian Ocean Island Shorelines From 2000-2017



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 35 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

De sier det er frivillig.

12 år gammel gutt hjemsendt fra skolen. Nektet å ta koronatest:

Previous Post

Når løgnene blir gamle.

Da blir de historie og de ansvarlige er døde.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.