POSTED IN Media

De store mediene:

Redskap for intervensjoner og kriger!

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Ny kolonialisme og dei koloniale media

av Tim Anderson

Dr. Tim Anderson held førelesingar i politisk økonomi ved Universitetet i Sydney, Australia. Han i forskar på og skriv om utvikling, menneskerettar og sjølvråderett i Stillehavs-Asia, Latin-Amerika og Midt-Austen. Han har publisert eit dusintal artiklar og kapittel i journalar og bøker. Arbeidet hans omfattar område som agrikultur, matsikkerheit, helsesystem, regional integrasjon og internasjonalt samarbeid.

Tim Anderson

Dei sju Midt-Austen-krigane dei siste to tiåra markerer ein ny kolonial æra, driven fram av eit mislykka imperium. Men kolonialisering er bannlyst i desse dagar, så det trengst ei ideologisk dekkhistorie, og med dagens låge nivå av analfabetisme i populasjonane blir dette dekket servert av omsluttande koloniale medium med ein godt løna NGO-sektor i ryggen.

Desse koloniale media er nødvendige for å resirkulere dei nye koloniale mytane, at vondsinna rovgriske invasjonar er ‘humanitære intervensjonar’, at terroristiske proxy-krigar er ‘borgarkrigar’ leidde av fredelege protesterande, og at dei uavhengige nasjonane som vart råka berre er illegitime ‘regime’ leidde av vonde ‘diktatorar’.

Det er derfor vi ser dei seige, om neppe plausible, historiene om palestinsk motstand mot etnisk utreinsking som ‘terrorisme’, invasjonen og okkupasjonen av Afghanistan som ein krig for ‘kvinners rettar’ (takk skal de ha Georg W. Bush og Amnesty International), og dei gjentatte falskt flagg-stunta om kjemiske våpen i Syria (berre påskott for vidare intervensjon) som gjerningane til ein monster-president som (av ein eller annan uforklart grunn) ‘drep sitt eige folk’.

Dere skriver det dere får beskjed om! Tusen takk for nyheter fra storkapitalen! Vi kunne ikke kontrollere befolkningen uten dere!

Dei koloniale media kan karakteriserast som ein innebygd stats- og korporasjonsmediesektor som jobbar for å normalisere imperiumskrigar og halde levande mytane kring dei koloniale intervensjonane (i møte med substansielt resonnement og bevis), medan dei demoniserer uavhengige statar og dissident-røyster. Noko kritikk får passere, så lenge den ikkje støttar resistansen.

Denne sektoren har byrja inkludere gigantkorporasjonanr som kontrollerer det som tidlegare var meir ueinsarta sosiale medium.

Etterkvart som vekta til globale politisk-økonomiske relasjonar skiftar austover – og USA si industrielle og finansielle makt er på glid nedover, og dollaren vert underminert – har Washington prøvd å ta tilbake si imperiumsrolle. Det er ein dristig og blodig siste skanse.

Støtt guttene våre i Vietnam! Fred og frihet.

Ulikt europearane har USA alltid sveipt sine imperialistiske prosjekt inn i eit språk om ‘fridom’. Det faktum at dette refrenget har halde seg gjennom regime av slaveri, erobring og kjøp av heile nasjonar, representerer litt av ei bragd, innan både overtyding og verbal gymnastikk.

Denne legendariske dobbelttalen kan ein sjå praktisert i dag, i krigane mot Palestina, Afghanistan, Irak, Libanon, Libya, Syria og Jemen. Dei krigane akkompagnerer forsøka på å isolere Russland, Kina og det vestlege Europa, som det paranoide amerikanske imperiet ser på som sine verkelege konkurrentar.

Washingtons grandiose strategi i Midt-Austen-krigane har dei same gamle imperialistiske måla. Først gjeld det å ekskludere potensielle mektige konkurrentar frå den ressursrike regionen eller diktere vilkåra for engasjementet deira.

Det andre målet er å øydelegge all uavhengig politisk vilje i regionen, splitte folk ved hjelp av sine viktigaste regionale agentar, dei sekteriske og bakvende regima apartheid-Israel og middelalderske Saudi-Arabia.

Medan USAs intervensjonar på det amerikanske kontinentet strekk seg over to hundreår, var Washingtons første store intervensjon i Vest-Asia 1953-kuppet i Iran, som sette inn eit USA-støtta diktatur som varte fram til den iranske revolusjonen av 1979.

USA og Storbritannia stod bak statskuppet i 1953 i Iran. Der ble landets lovlig valgte leder erstattet med den forhatte sjahen som ble styrtet i 1979. Motivet? Oljerikdommen i landet.

Som det store, sentrale og ope uavhengige landet det er, er Den Islamske Republikken Iran framleis hovudmålet til Washington og deira regionale gromgutar. Landet har både kapasiteten og viljen til å leie ein uavhengig koalisjon som står opp imot Washington sitt prosjekt for eit ‘Nytt Midt-Austen’.

Mange i Midt-Austen ser på Israel som hovudfienden. Men dette gir for mykje av æra til den sionistiske kolonien. Som motstandsleiarar i Libanon og Jemen nyleg påpeika er det ikkje den sionistiske halen som ruggar den imperialistiske hunden.

Israel bidrar til mytemakeriet til dei koloniale media og sosiale medium, men undertrykkinga dei driv på heimefronten underminerer mykje av det.

I USA er det storindustrien, særlig rustningsindustrien, som gjennom lobby-virksomhet kontrollerer de folkevalgte.

Dei US-amerikanske koloniale media er framleis sentrale. Begge dei to store politiske partia har sine røter i den same sjølvrettferdige ‘eksepsjonalismen’ som dei brukar til å rettferdiggjere store brotsverk. Dei same store investorgruppene som dominerer USAs regjering, driv også dei koloniale media.

Men dei siste åra har det vore den ‘smarte makta’ til dei ‘eksepsjonalistiske’ liberalarane som har vist seg å vere meir effektiv i dagens propagandakrigar, der dei får støtte frå dei i vest som likar å sjå på seg sjølve som ‘frelsarane’ til dei stakkars folka i verda.

Denne koloniale liberalismen stammar direkte frå den britiske kolonialisme- liberalismen som fann stad på midten av 1800-talet. ‘Sivilisering’ og ‘redding’ av dei innfødde er på moten igjen.

Fritt omsett av Monica Sortland

Artikkelen har tidligere vært offentliggjort på derimot.no med en annen oversettelse.

https://ahtribune.com/culture-media/2475-new-colonialism-and-the-colonial-media.html



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 763 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Media kan også påvirke med å ikke skrive om saker som for eksempel The European Muslim Armed Defense Forces. Der er det mujahedin jihadister og andre militante organisajoner som er befalet. I dag driver de mest med heroin og narko kriminalitet men kan lett omorganisere strukturen og intervenere. Forsvaret er mest fokusert på Russland og pressen på høyre ekstremister. Fienden er blant oss og får være anonyme. Nato har selv lært dem opp i Afghanistan og andre plasser og importert dem til Europa.

    Svar
  • «USA og Storbritannia stod bak statskuppet i 1953 i Iran. Der ble landets lovlig valgte leder erstattet med den forhatte sjahen..»

    Det jeg husker fra min oppvekst om Iran/sjahen er sositetsreportasjer om «Påfugltronen»/sjahen og hans vakre kone.
    Noen ganger kan jeg tro at medias tullball, er noe nytt. Men disse kreftene bak media har nok alltid arbeidet for å «informere oss» om tullball, – til vi tror alt er tullball.
    Det eneste som er nytt er at Norge nå er med på disse overgrepene og krigene, aktivt. – Uten at folk i Norge protesterer. – Vi har jo ikke fått beskjed av media om å protestere.
    Å oversvømme borgerne med en flom av ofte ubrukelig informasjon gir dem en illusjon av å være informerte. Slik føler de at de har fått vite om alt som er viktig og kan rolig gå til sengs om kvelden.

    «Denne koloniale liberalismen stammar direkte frå den britiske kolonialisme- liberalismen som fann stad på midten av 1800-talet. ‘Sivilisering’ og ‘redding’ av dei innfødde er på moten igjen.»

    Altså et Storbritania, «våre allierte», som hadde erobret/kolonialisert det meste av verden, lagd konsentrasjonsleire i Afrika, – og beskyldte de farlige nasjonal-sosialistene i Tyskland for å ville ha «verdensherredømme». 😉

    ‘Liksom de amerikanske kolonisters heldige opprør mot England for 170 år siden, startet den revolusjonen som var bestemt til å gjøre slutt på feudalvesen og fyrstevesen og å skape de 19de århundres årdning, således gjør den europeiske revolusjon nå slutt på kapitalismen og demokratiet og skaper det 20de århundres nasjonal-socialistiske stats- og samfundsordning.
    “Det er i sandhet en forrykt idé å hevde at i denne Europas frihetskamp faller Norges interesser sammen med Englands kapitalistiske og imperialistiske maktpolitikk.” ‘
    (Fra Quislings nyttårstale 1941. )
    http://onarki.no/blogg/2011/12/samholdskraft/

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Mediene:

Med løgn, fortielser og repetisjoner former de opinionen.

Previous Post

Oljefondsjefen må betale 335 millioner til britiske skattemyndigheter.

I Norge belønnes han med toppstilling.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.