POSTED IN Media

De store mediene:

I dag helt avgjørende for USA-imperialismen.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Ny kolonialisme og dei koloniale media

av Tim Anderson

Dr. Tim Anderson held førelesingar i politisk økonomi ved Universitetet i Sydney, Australia. Han i forskar på og skriv om utvikling, menneskerettar og sjølvråderett i Stillehavs-Asia, Latin-Amerika og Midt-Austen. Han har publisert eit dusintal artiklar og kapittel i journalar og bøker. Arbeidet hans omfattar område som agrikultur, matsikkerheit, helsesystem, regional integrasjon og internasjonalt samarbeid.

Dei sju Midt-Austen-krigane dei siste to tiåra markerer ein ny kolonial æra, driven fram av eit mislykka imperium. Men kolonialisering er bannlyst i desse dagar, så det trengst ei ideologisk dekkhistorie, og med dagens låge nivå av analfabetisme i populasjonane blir dette dekket servert av omsluttande koloniale medium med ein godt løna NGO-sektor i ryggen.

Desse koloniale media er nødvendige for å resirkulere dei nye koloniale mytane, at vondsinna rovgriske invasjonar er ‘humanitære intervensjonar’, at terroristiske proxy-krigar er ‘borgarkrigar’ leidde av fredelege protesterande, og at dei uavhengige nasjonane som vart råka berre er illegitime ‘regime’ leidde av vonde ‘diktatorar’.

Det er derfor vi ser dei seige, om neppe plausible, historiene om palestinsk motstand mot etnisk utreinsking som ‘terrorisme’, invasjonen og okkupasjonen av Afghanistan som ein krig for ‘kvinners rettar’ (takk skal de ha Georg W. Bush og Amnesty International), og dei gjentatte falskt flagg-stunta om kjemiske våpen i Syria (berre påskott for vidare intervensjon) som gjerningane til ein monster-president som (av ein eller annan uforklart grunn) ‘drep sitt eige folk’.

Våre medier er flinke til å kamuflere virkeligheten ved hjelp av ord.

Dei koloniale media kan karakteriserast som ein innebygd stats- og korporasjonsmediesektor som jobbar for å normalisere imperiumskrigar og halde levande mytane kring dei koloniale intervensjonane (i møte med substansielt resonnement og bevis), medan dei demoniserer uavhengige statar og dissident-røyster. Noko kritikk får passere, så lenge den ikkje støttar resistansen.

Denne sektoren har byrja inkludere gigantkorporasjonanr som kontrollerer det som tidlegare var meir ueinsarta sosiale medium.

Etterkvart som vekta til globale politisk-økonomiske relasjonar skiftar austover – og USA si industrielle og finansielle makt er på glid nedover, og dollaren vert underminert – har Washington prøvd å ta tilbake si imperiumsrolle. Det er ein dristig og blodig siste skanse.

Ordet frihet gir gode vibrasjoner men kan bety ulike ting. Friheten for slave-eieren er noe annet enn slavenes frihet.

Ulikt europearane har USA alltid sveipt sine imperialistiske prosjekt inn i eit språk om ‘fridom’. Det faktum at dette refrenget har halde seg gjennom regime av slaveri, erobring og kjøp av heile nasjonar, representerer litt av ei bragd, innan både overtyding og verbal gymnastikk.

Denne legendariske dobbelttalen kan ein sjå praktisert i dag, i krigane mot Palestina, Afghanistan, Irak, Libanon, Libya, Syria og Jemen. Dei krigane akkompagnerer forsøka på å isolere Russland, Kina og det vestlege Europa, som det paranoide amerikanske imperiet ser på som sine verkelege konkurrentar.

Washingtons grandiose strategi i Midt-Austen-krigane har dei same gamle imperialistiske måla. Først gjeld det å ekskludere potensielle mektige konkurrentar frå den ressursrike regionen, eller å i staden diktere vilkåra for engasjementet deira.

Det andre målet er å øydelegge all uavhengig politisk vilje i regionen, å splitte folk ved hjelp av sine viktigaste regionale agentar, dei sekteriske og bakvende regima apartheid-Israel og middelalderske Saudi-Arabia.

Medan USAs intervensjonar på det amerikanske kontinentet strekk seg over to hundreår, var Washingtons første store intervensjon i vest-Asia 1953-kuppet i Iran, som sette inn eit USA-støtta diktatur som varte fram til den iranske revolusjonen av 1979.

Som det store, sentrale og ope uavhengige landet det er, er Den islamske republikken Iran framleis hovudmålet til Washington og deira regionale gromgutar. Landet har både kapasiteten og viljen til å leie ein uavhengig koalisjon som står opp imot Washington sitt prosjekt for eit ‘Nytt Midt-Austen’.

Israel er en kolonimakt som skiller de koloniserte fra deres egne innbyggere ved hjelp av en mur.

Mange i Midt-Austen ser på Israel som hovudfienden. Men dette gir for mykje av æra til den sionistiske kolonien. Som resistansleiarar i Libanon og Jemen nyleg påpeika, så er det ikkje den sionistiske halen som ruggar den imperialistiske hunden.

Israel bidrar til mytemakeriet til dei koloniale media og sosiale medium, men undertrykkinga dei driv på heimefronten underminerer mykje av det.

Dei US-amerikanske koloniale media er framleis sentrale. Begge dei to store politiske partia har sine røter i den same sjølvrettferdige ‘eksepsjonalismen’ som dei brukar til å rettferdiggjere store brotsverk. Dei same store investorgruppene som dominerer USAs regjering, driv også dei koloniale media.

Men dei siste åra har det vore den ‘smarte makta’ til dei ‘eksepsjonalistiske’ liberalarane som har vist seg å vere meir effektiv i dagens propagandakrigar, der dei trekk støtte frå dei vesterlendingane som likar å sjå på seg sjølve som ‘frelsarane’ til dei stakkars folka i verda.

Denne koloniale liberalismen stammar direkte frå den britiske kolonialisme- liberalismen som fann stad på midten av 1800-talet. ‘Sivilisering’ og ‘redding’ av dei innfødde er tilbake på moten igjen.

Fritt omsett av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

https://ahtribune.com/culture-media/2475-new-colonialism-and-the-colonial-media.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Omtrentlig omgang med tall.

Fører helt galt av sted.

Forrige innlegg

Gudmund Hernes om Ap

Et parti foran undergangen

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.