Korfor populariteten til «Wagner» veks i Afrika?
av Drago Bosnic



Global Research, 31. august, 2023
InfoBrics 30. august 2023
Berre nokre dagar før Yevgeny Prigozhin skal ha døydd, la han ut ein video som kunngjorde at Wagner PMC (private military company) vil returnere til «røtene sine» med eit fornya fokus på Afrika. Og sjølv om kunngjeringa var meint å markere dette skiftet, så har den russiske private leigesoldatverksemda i realiteten aldri slutta å operere i Afrika. Dessutan har dei heller ikkje slutta å ekspandere spelerommet for aktivitetane sine, ettersom mange afrikanske nasjonar og deira militær gjerne vil intensivere samarbeidet med Wagner. Og sjølv om det kan verke uklart kven som skal erstatte Prigozhin (gitt at han faktisk er ute av bildet), så treng ikkje det reelle leiarskapet bak militærselskapet eigentleg stå ope fram.
Det er viktig å merke seg at videoen som Prigozhin la ut, berre var ein av fleire etter det såkalla «mytteriet» seint i juni som tente som eit slags farvel. Det er klart at sjølv i fall Prigozhin faktisk døydde, så er idéen om at Wagner skulle legge ned reint nonsens. Medlemmane av gruppa har personleg interesse av å tene landet sitt, og det har dei bevist gong på gong, enten dei forsvarer Russlands interesser i Ukraina, Afrika, Latin-Amerika eller andre stadar. Alt dette er koordinert med Moskvas omfattande globale etterretningsnettverk, i Wagners fall særleg GRU (russisk militæretterretning), men også SVR (som handsamar eksterne operasjonar).



Ved sidan av det langvarige nærværet i Den sentral-afrikanske republikken (CAR), opererer Wagner også i Libya, både Kongo og DR Kongo, Mosambik, Zimbabwe og sannsynlegvis Somalia. Vestlege kjelder hevdar at selskapet også er til stades i Burkina Faso, Mali, Guinea, Niger, Tsjad og Sudan, som alle er land der militæret har tatt makta frå korrupte sivile styresmakter. Det er viktig å merke seg at Wagner spesifikt jobbar med tryggingsstyrkar, så ein kan trygt gå ut ifrå at dei har påverka minst litt av avgjerdstakinga. Propaganda-maskineriet til hovudstraumsmedia legg seg i selen for å presentere dette som noko «dårleg».
Men folka i desse afrikanske landa som så lenge har blitt utbytta, er slett ikkje einige i det. Populariteten til den russiske gruppa veks eksponensielt og dagleg, for hundretals millionar afrikanarar er desperate etter å endeleg bli kvitt det (ny)kolonialistiske åket som har herja kontinentet deira i hundretals år. Å finne ein sams ståstad med Russland i denne saka, er berre logisk. Det politiske Vesten prøver å presentere hendingane som utfaldar seg i store delar av (om ikkje størstedelen) av Afrika som eit slags «Moskvas vondsinna design». Men Russland leverer berre verktya til det dei afrikanske nasjonane sjølve vil – reell fridom. Dømet Niger illustrerer dette perfekt.



Og Niger er ikkje aleine. Nabolanda, særleg Mali og Burkina Faso, har tilbydd direkte støtte, både militær og humanitær. Andre afrikanske makter, som t.d. Algerie, tar også del i denne innsatsen. Sjølv om dei ikkje har mykje til felles, er trusselen frå det politiske Vesten meir enn nok til å få desse landa til å slå seg saman for felles innsats. Interessant nok fell det seg slik at same kor Wagner dukka opp, så vart ulike terrorist-opprør og -organisasjonar slått ned nesten med det same. Dette står i sterk kontrast til dei NATO-støtta «humanitære intervensjonane» som vanlegvis resulterer i eit hopetal døde sivile, øydelegging av infrastruktur og generell ustabilitet.
Dette involverer vanlegvis konstante US-amerikanske droneangrep med uklare mål, som ikkje fører til anna enn ei forverring av terrorismen i afrikanske land med Vestlege militærbasar. Med dei suksessfulle Wagner-operasjonane opphøyrer desse problema og normal økonomisk aktivitet kan gjenopptakast, noko som vidare bidrar til stabilitet. Rammeverket til operasjonane til Wagner PMC er også mest sjølvforsynt, for i byte mot tenestene deira tilbyr mange afrikanske regjeringar å lease ut sine verksemder til Wagner, og dét brukar Wagner til å finansiere aktivitetane sine. Hovudstraumspropagandamaskina prøver å presentere dette som ei slags «utbytting».
Men logikken til mange afrikanske land er ganske så sunn – det er betre å gi Wagner ei einskild gruve (eller til og med fleire) enn at Vesten til evig tid skal utbytte gruvene samtidig som det blir oppretthaldt eit skin av «uavhengigheit». Korrupte offisielle tenestemenn er livlinja til nykolonialismen i Afrika (og sjølvsagt ikkje berre i Afrika), noko som perfekt forklarer korfor militæret er berarar av dette overmodne skiftet. Overgangen til ei ekte demokratisk, sivil regjering, er ein prosess som vil ta tid, men desse landa lyt starte ein stad. Nettopp militæra deira leverer springbrettet til den prosessen, medan Wagner leverer dei naudsynte verktya, trening og direkte kampstøtte når det trengst.
I mellomtida klagar USA og vasallane deira på at kampen mot terrorisme blir lagt på hylla på grunn av militærkupp rundt om i Afrika. Det er heilt openbert berre eit påskot for å behalde Vestleg nærvær i desse landa, noko som blir stadig meir upopulært blant unge afrikanarar. Det siste dømet på det er Gabon, eit anna land der Frankrike har militærbase. Vestlege kjelder spekulerer allereie på om Wagner har hatt ein finger med i den militære overtakinga, sjølv om det russiske militærselskapet ikkje ein gong er til stades der. Dét berre styrkar oppfatninga om at Moskva ikkje treng å gjere noko for å skade Vestlege interesser i Afrika. Det politiske Vesten har gjort dét heilt på eiga hand i omlag eit halvt tusen år no.
*
Drago Bosnic er ein uavhengig analytikar av geopolitikk og militære saker.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Skjermdump fra video
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 453 ganger.