PCR-testane har gjort det dei skulle i COVID-«krisa». No blir dei kansellerte – overalt
av Rhoda Wilson
Global Research, 10. januar, 2022
The Expose 7. januar, 2022



Den 7. juli, 2021 oppdaterte USAs smittevernetat CDC sine «Instruksjonar for bruk» av RT-PCR-testane for Covid. Dette var datoen då CDC kunngjorde for alle kliniske laboratorium og Covid-teststasjonar at naudbruksautoriseringa (Emergency Use Authorisation, EUA) for testen ville trekkast tilbake den 31. desember 2021, og at dei skulle starte på overgangen til ein annan FDA-autorisert Covid-test.
Side 40 i handboka Instructions for Use for PCR-testen slår fast (våre uthevingar):
«Sidan det ikkje fanst tilgjengeleg noko kvantifisert virusisolat av 2019-nCoV som CDC kunne bruke på det tidspunktet testen vart utvikla og denne studien gjennomført, så vart prøvene som vart designa for deteksjon av 2019nCoV-RNA testa med karakteristiske stammar av in vitro-transkribert, full-lengds RNA (N-gen;
GenBank accession: MN908947.2)1 av kjend konsentrasjon (titer) (RNA-kopiar per mikroliter) skote inn i ei fortynning av ein suspensjon av humane A549-celler og eit viralt transportmedium (VTM) for å etterlikne kliniske eksemplar.»
[Oms.: dette vart særs krøkkete. Originalen lyder: «Since no quantified virus isolates of the 2019-nCoV were available for CDC use at the time the test was developed and this study conducted, assays designed for detection of the 2019-nCoV RNA were tested with characterized stocks of in vitro transcribed full-length RNA (N gene; GenBank accession: MN908947.2) of known titer (RNA copies/µL) spiked into a diluent consisting of a suspension of human A549 cells and viral transport medium (VTM) to mimic clinical specimen.»]
Click here to watch the video.
Etter nesten to år med ukorrekt og bedragersk bruk av PCR-testen, ser det no ut til å føregå ein kampanje frå verdas styresmakter om å stoppe bruken av den. Her er nokre døme:
- «Kanadarar som dei siste dagane har ønska PCR-teste seg for COVID-19, kan ha møtt lange køer ved testsentra sidan etterspurnaden har auka etter spreiinga av Omikron-varianten.» – CTV News, 26. desember 2021
- «Endringar gjort i vegleiinga til PCR-testinga midt i rekordstor auke i etterspurnaden [i Nord-Irland]. Public Health Agency seier dei har kome med nye protokollar til å hjelpe til med å sikre eit framhald av målretta levering av tenesta.» – Belfast Telegraph, 29. desember 2021
- «Ein stor mangel på PCR-testar i I-landa kom på grunn av ein administrativ feil, sa Skottlands førsteminister.» – Belfast Telegraph, 29. desember 2021
- «Asymptomatiske folk som testar positivt i Wales treng ikkje lenger ta PCR-test.» – ITV, 5. januar 2022
- «Frå og med i dag bør folk i NI som testar positivt på lateral flow-testen gå utifrå at dei har Covid-19, og at dei er smitteberande – ein PCR-test vil ikkje lenger krevast for å stadfeste resultatet.» – 4NI, 5. januar 2022
- «Boris skrotar reglar for ekstra Covid-testing for å hindre at Omikron skal stenge ned økonomien … Og folk som testar positivt etter ein lateral flow-test treng ikkje ei PCR-stadfesting.» – Daily Express, 6. januar 2022
- «Behovet for PCR-testar har no endra seg [i Skotttland] i eit ønske om å lette trykket på testsentra og laboratoria.» – Daily Record, 6. januar 2022
- «Australarar treng ikkje lenger ta ein PCR-test for å stadfeste sine COVID.positive resultat.» – ABC Net, 6. januar 2022
Eit 20 år langt spor av patentsøknadar som handlar om viruset som har ansvaret for Covid-19, beviser at viruset verken er nytt eller resultat av eit hopp frå dyr til menneske. I juli 2021 vart ei mappe med bevis som støtta desse påstandane lagt fram av dr. David Martin for den internasjonale Koronagranskingskomiteen. Det første SARS-utbrotet i siste halvdel av 2001 medførte ein «svært problematisk patentsøknad april 2003 av US Centers for Disease Control and Prevention (CDC). Den galdt heile SARS-gensekvensen og for ein serie derivative patentar som dekka deteksjonsmetodar, inkludert PCR-testen [vidt brukt i dag for å angiveleg diagnostisere tilfelle av SARS-CoV-2-infeksjon], skreiv The Conservative Woman.
«Folk bør hugse at alle «covid-tilfelle»-dataa er baserte på PCR- og antigen-testar som er meiningslause. Dei gir positive resultat for dei med normal influensa, som har eksakt same symptomologi som det dei kallar Covid-19. Denne samansmeltinga er klar som dagen og må understrekast for alle, og vi lyt stille verdas regjeringer for retten for at dei ikkje har gjennomført nokon risk/nytte-analyse og for det uavbrotne bedraget dei har halde gåande mot folk og innskrenka grunnleggande menneskerettar på lik linje med Nazi- og Sovjet-æraen,» posta Robin Monotti på Telegram den 31. desember 2021.
Dr. Mike Yeadon: Covid-19 Lies – The PCR Test, The Highwire, 14. juni 2021 (10 minutt). Klikk her for å sjå videoen.



*
Originalkjelda for denne artikkelen er The Expose
Copyright © Rhoda Wilson, The Expose, 2022
Omsett av Monica Sortland
Merknad: CDC sjølv hevdar at RT-PCR-testen har vist korrekt resultat. Dei grunngir tilbaketrekkinga med at dei no har utvikla nye testar som i tillegg kan identifisere influensavirusinfeksjon. (https://www.cdc.gov/csels/dls/locs/2021/07-21-2021-lab-alert-Changes_CDC_RT-PCR_SARS-CoV-2_Testing_1.html)
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 237 ganger.
3 kommentarer. Leave new
Testene har allerede klart å gjøre nesten all den skade de kunne ha gjort: økonomier ligger i ruiner, mennesker er splittet, familier er gått i oppløsning, enorme verdier er overført fra de fattigste til de rikeste, hyperinflasjon er nært forestående…. for ikke å snakke om sprøytene…
[…] “Australiere behøver ikke længere at tage en PCR-test for at bekræfte deres COVID-positive resultater.”– ABC Net, 6. januar 2022– PCR Tests Have Served Their Purpose in the Covid “Crisis”, They’re Now Being Cancelled – Everywhere, Daily Exposé, 7. januar 2022 (fra kilde på norsk: https://derimot.no/de-har-gjort-jobben-pcr-testene-forlates-na-i-stadig-flere-land/) […]
Det bør vel nevnes at CDC allerede et par uker senere kom med hjelp til tolkning av deres melding til FDA fra den 21. juli 2021: https://www.cdc.gov/csels/dls/locs/2021/08-02-2021-lab-alert-Clarifications_about_Retirement_CDC_2019_Novel_Coronavirus_1.html
Her finner man ikke noe som indikerer at man ikke skal fortsette å bruke PCR-metoden, bare at man ikke bør fortsette å følge protokollen som ble fastlagt i januar 2020 basert på Corman-Drosten- artikkelen i Eurosurveillance.