POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Da alt vi visste plutselig var feil:

Det globale Covid-bedrageriet.

5 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Hald dykk heime, redd liv: avløring av COVID-bedraget 

av Colin Todhunter

Global Research, 2. april, 2023

Kva ville ha skjedd utan ein obligatorisk ’Hald dykk heime, redd liv’-lockdown-protokoll mot COVID? Vart det nokon gong utført nokon kostnad/nytte-analyse av noka regjering i eit einaste land? Korleis vart folk snakka trill rundt til å godta det offisielle COVID-narrativet?

Dette er berre nokre få av spørsmåla som dukkar opp når ein lyttar til Bhaskaran Raman, ein associate professor ved Department of Computer Science and Engineering på det indiske Institute of Technology i Bombay.

Hans nylege 70-minutts presentasjon om den globale tilnærminga til COVID er ekstremt innsiktsfull. Førelesinga fann stad på Dr. D Y Patil Medical College, Hospital & Research Centre i Pune.

Raman tar oss med på ei reise. Bit for bit demonterer han dei offisielle mytane som regjeringar og media pressa fram. Han viser korleis mellom anna ’vitskap’ vart manipulert til å passe inn i ein på førehand definert politikk som inkluderte ei avvising av naturleg immunitet til fordel for ’Hald dykk heime, redd liv’-politikk, korleis rådande pandemi-protokollar vart skrota, korleis frykta vart eskalert med skremselshistorier døgnet rundt og misbruk av PCR-testane for å oppretthalde illusjonen om ein ’dødeleg pandemi’, og korleis nedstengingane (lockdowns) gjorde meir skade enn gagn.

Under dei tre åra som har gått med COVID-politikk, har vi vore vitne til obligatorisk vaksinering og ulike metodar for tvang for å auke vaksineopptaket, øydelegging av småbedrifter og nye høgder for profitten til verdas milliardærar og hundretals millionar pressa inn i fattigdom som resultat av restriksjonar og nedstenging.

Naturlig immunitet ble nedtonet til fordel for vaksiner

Vi ser og ei svær gjeldskrise, med IMF/Verdsbanken-lån knytte til krav om nedskjering, millionar av vaksine-biverknadar (inkludert død) og at WHO pressar på for ein autoritær global pandemi-traktat – basert på korthuset skildra under, og som involverer mange av dei figurane som hjelpte til med å konstruere desse medisinske tyranniet – som vil ri skarpskodd over den nasjonale suvereniteten.

For dei som ikkje har tid til å sjå presentasjonen, kjem det her ei oppsummering (redigert og i blant utheva) med skjermdumpar.

Lesarane blir tilrådde å sjå presentasjonen i si fulle lengd her.

Raman startar med å diskutere mortalitetsratane i Sverige, eit land som aldri tok i bruk nedstengingstiltak.

*

Sverige: finn pandemien?  

Eg bestemde meg for å sjå på dataa. Desse er ope tilgjengelege. Du kan gjere det på 10 til 15 minutt med reknearksarbeid frå lenka på Sveriges offisielle helse-nettstad.

I denne grafen (under) tok eg tidsbolkar på tre månadar. Det er fire slike i kvart år, og eg tok data for seks år, med start i 2015.

I landet som ikkje praktiserte nedstenging, greier du ikkje finne pandemien:

Men nokre seier Sverige ikkje kan samanliknast med andre land, sidan landet har blant verdas beste helsefasilitetar, noko som er sant, og Sveriges befolkningstettleik er svært låg – mykje lågare enn i dei fleste andre land.

Så eg såg på den diametralt motsette av Sverige, når det gjeld befolkningstettleik, og det er Dharavi, Asias største slum (i Mumbai). Helsestellfasilitetane der er sjølvsagt av ekstremt låg standard.

Merknad: Raman slår vidare fast at Dharavi var under nedstenging, og ingen fekk lov å forlate området. Folk vart stengde inne og levde oppå kvarandre med små sjansar til sosial distansering. Likevel var COVID-dødsraten berre ein åttandedel av USA og Storbritannia sin.

Umoglege retningslinjer sa vi skulle halde avstand på seks fot frå kvarandre – umogleg i eit rom på 10 gongar 10 fot med ein familie på fire eller fem og hus som ligg så nære kvarandre.

Merknad: Han ser på nedstenginga i India og sporar banen til COVID og finn ingen samanheng mellom nedstenging og kor strenge eller avslappa restriksjonane var.

Her er ein studie (under) som tar føre seg 188 land, nær sagt heile verda, der dei ser etter korrelasjonar mellom dødelegheit og kor strenge tiltak som var innført.

Dei konkluderte med at tiltaka, inkludert nedstenging, ikkje såg ut til å ha noko samband med dødsraten – den matematiske korrelasjonen var nær null.

Viss bodskapen ’hald deg heime, redd liv’ verkeleg hadde vore korrekt, så skulle ein ha forventa ein kolossal dødsrate i land som ikkje stengde ned i forhold til i landa som gjorde det.

Det var ikkje tilfelle; korrelasjonen var faktisk det tvert motsette. Di strengare tiltak, desto høgare COVID-mortalitet.

Ei lyt spørje seg korleis nedstengingar vart det narrativet som vart pusha.

Rådande pandemi-retningslinjer skrota 

Mange land hadde nedskrivne retningslinjer – side opp og side ned med råd om kva ein skulle gjere i akkurat ein slik situasjon.

Desse retningslinjene (under) vart skrivne i 2019.

Der er mange rader om kva ein skal gjere i tilfelle ein moderat pandemi bryt ut, kva ein skal gjere i tilfelle med høg faregrad og kva ein skal gjere i tilfelle med uvanleg høg faregrad, og eg vil særleg sette fokus på den siste rada, der det står ’ikkje under noko høve tilrådd’.

Okay, la oss så sjå på kva som står skrive under punktet aldri tilrådd.

Kontaktsporing er ikkje under noko omstende rekommandert. Det står at ein ikkje treng å plasserast i karantene. Karantene for utsette individ aldri tilrådd. Om ein tenker på det, er nedstenging i grunnen karantene for alle. Testing ved inn- og utgangar og stenging av grenser er heller ikkje tilrådd.

Vi har ein tabell frå retningslinjene til USAs smitteverntilsyn, CDC, som er skrivne i 2017. Der står det svart på kvitt: “CDC kan rekommandere frivillig heimekarantene for utsette hushaldsmedlemmar.» Men det vi fekk rundt om i verda, var statsordrar om å halde seg heime.

Så då må vi stille spørsmålet – korleis kunne dette skje når det fanst skrivne retningslinjer for å takle nett slike situasjonar. Korfor vart heile retningslinjene i praksis kasta i søppelkorga?

Det vart tatt splitter nye tilnærmingar. Eg har delt desse opp i seks ulike kategoriar.

Punkt 1: avvisinga av immunitet etter naturleg infeksjon. Punkt 2: vill overdriving av trusselen vi stod overfor. Punkt 3: grov overdriving av rolla til asymptomatisk overføring. Punkt 4: PCR-testane vart pusha som eit passande diagnostiseringsverktøy. Punkt 5: nedstenging vart framstilt som den einaste levedyktige løysinga. Punkt 6: eg vil nemne behandlingar som faktisk gjorde meir skade enn gagn.

Avvising av naturleg immunitet  

Merknad: Han nemner at den einaste plassen som viste at nedstengingar fungerte – og skal ha ført til null COVID-dødsfall – var Kina.  

Sidan då har ingen andre land greidd å reprodusere resultatet, så ein må stille spørsmål ved enten dataa eller anna mogleg påverknad.

Merknad: Presentasjonen diskuterer naturleg immunitet etter infeksjon. Det vart heilt frå starten av framstilt som at ’ingen er trygge før alle er trygge’. Raman viser eit skjermbilde av korleis definisjonen av flokkimmunitet bekvemt vart forandra av WHO i favør av ein alt-eller-ingenting-vaksine – sitt heime og vent på sprøyta.(Der det før stod at «Flokkimmunitet er det indirekte vernet mot ein smittesjukdom som skjer når ein populasjon er immun, enten gjennom vaksinering eller immunitet utvikla gjennom tidlegare infeksjon», heitte det seg ein månad seinare (i november 2020) at «’Flokkimmunitet’, også kjent som ’populasjonsimmunitet’, er eit omgrep brukt for vaksinasjon, der ein populasjon kan bli verna mot eit bestemt virus dersom det er nådd ein viss grad av vaksinasjon.») Denne nyedefinisjonen rettferdiggjorde nedstengingane og førestillinga om at du ikkje blir trygg før alle er trygge (vaksinerte).  

Det medisinske tidsskriftet The Lancet promoterte óg ein liknande bodskap.

Vitskapsfolk bad om virus-eliminering, slik Lancet gjorde. Ingen COVID. Så ein vil redusere COVID til null. Sjølvsagt var det på det tidspunktet kjent at spreiing i lokalsamfunn overalt. Mange folk viste ikkje ein gong symptom, og viruset hadde også spreidd seg til nokre ikkje-menneskelege artar. Målet om eliminering av viruset, er ikkje berre umogleg, det er ogl ei vrangførestilling: ein kan ikkje eliminere eit respiratorisk virus som allereie har spreidd seg så breitt over planeten, til og med til andre artar.

Nær to tredjedelar av folka i slummmen hadde allereie antikroppar (naturleg flokkimmunitet).

Merknad: Raman seier dødsraten i Dharavi var mykje lågare enn andre stadar, noko som indikerte at naturleg immunitet har ein gagnleg effekt.

Trusselen om COVID: vill overdriving  

Så la meg starte med det som skjedde tidleg i 2020. Takka vere denne teknologien kalla sosiale medium, var det alle slags videoar som sirkulerte, og ein del av dei hamna i massemedia.

Merknad: Han kjem med døme på iscenesette hendingar, desinformasjon frå massemedia (reine løgner) og oppisking av frykt, enten den kom frå Kina, USA, Italia eller andre.

WHOs generalsekretær Tedros Ghebreyesus hevda i mars 2020 at dødsraten til COVID var på 3,4 prosent, medan sesonginfluensaen, som vi er vane med, drep langt færre enn ein prosent. Han sa det, og heile verda gjekk på det. Dødsraten for sesonginfluensa er berre 0,1 prosent.

Det ser sjølvsagt svært farleg ut – 30 gongar farlegare enn det vi er vane med, er nok til å skremme kven som helst. Men det var berre eitt problem med det: samanlikninga var feil.

Dette er ein graf som eg har tatt frå Business Insider, som når ut til svært mange. Tidleg i mars 2020 samanlikna dei dødsratane til influensa og COVID. Vel, det ser skremmande ut. Om du ser på det no, er det framleis skremmande, men det er falskt fordi dei samanlikna dødsraten for COVID-tilfelle med dødsraten til influensa-infeksjon (case fatality rate of COVID vs infection fatality rate of flu; altså førekomst/sjukdomstilfelle-fatalitetsrate (CFR) versus infeksjons/smitte-fatalitetsrate (IFR). Infeksjonsfatalitetsraten til koronaviruset er langt lågare enn fatalitetsraten til sjukdommen Covid, den varierer frå 0,03 til 0,27, avhengig av kor studien er gjennomført). Det slo folk med frykt.

Merknad: Innverknaden til COVID var kraftig overdriven (til tider 30-40 gongar meir dødeleg enn sjukdommen eigentleg var) i ulike grafar og med ulike data kledde ut som vitskapelege ’faktum’, og media kasta ikkje bort mykje tid før dei skremde folk med desse feilaktige dataa.  

Så denne samanblandinga av CFR og IFR var eit av dei store elementa i overdrivinga av trusselen.Det har samanheng med korfor folk aksepterte nedstengingane.

Avisa New York Times hadde ein podcast der dei samanlikna dødsraten til COVID med Spanskesjuka. Igjen vilt overdrive. Basert på tilgjengelege tal frå USA, var COVID tretti gongar mindre farleg.

Det er ikkje normal overdriving. Det er overdriving i episk skala.

Boosting av frykt: asymptomatisk overføring  

Det var og ei grov overdriving av rolla til asymptomatisk overføring. Dette var eit digert element når det galdt å få alle til å sjå på alle andre som ein sjukdomsagent, ikkje som eit menneske. Heile sammfunnsveven braut ihop på grunn av dette.

Bevisa for asymptomatisk overføring var frå starten av veldig svake – veldig usikre.

Mediereportasjar heiv brensel på frykta for asymptomatisk spreiing. I juli 2020 kom det ein reportasje basert på granskingar i Kina som tyda på at folk utan symptom kunne infisere andre. Det rare var at når vitskapsfolk prøvde å kopiere det i andre land utanfor Kina, greidd dei det ikkje.

I ein studie frå mai 2020 i Taiwan gjorde dei ei vurdering basert på kontaktsporing, og dei greidde ikkje å finne tilfelle av asymptomatisk overføring.

Merknad: Raman viser at studiar frå Kina snakka om asymptomatisk spreiing, medan studiar utført i andre land mislykkast i å demonstrere dette.  

Ein annan meta-analyse frå midten av desember 2020 konkluderte med at asymptomatisk overføring er statistisk uskilleleg frå null. Viss du tenker tilbake, var dette eit grunnlag for nedstengingane – ’folk utan symptom kan overføre viruset.’

PCR-testar: instrument for frykt  

La oss sjå på del fire, som handlar om å pushe PCR-testane som diagnoseverktøy.

Publikummet her treng truleg ikkje nokon introduksjon til PCR-testane. 

Merknad: Han fortel korleis PCR-testen vart implementert som COVID-testen det gjekk an å stole på. Ei gruppe forskarar sleppte ein rapport om effektiviteten/nytteverdien til PCR-testen i januar 2020 – før det var gått fire dagar, var den publisert i eit vitskapeleg tidsskrift.  

Rapporten vart akseptert på berre ein dag – ‘speed of science’.

Merknad: Kor lang tid tar det å utføre forskning med vitskapeleg strengheit? Bortsett frå det – kor lang tid tar det normalt å få ei ordentleg fagfellevurdering?  

Mange klaga på dette (’den raske vitskapen’): dei fekk forklaringa at det var ei krise, og at dei derfor laut gå raskt fram. Okay, det høyrest rimeleg ut, bortsett frå at viss du ser tilbake på dataa i januar utanfor Kina, så var talet på dødsfall einsifra eller tosifra, trur eg. Korleis kunne dei konkludere med at ei krise var i ferd med å skje?

Virale fragment kan bli i kroppen i opptil 90 dagar, og PCR-testen detekterer berre viralefragment. Den detekterer ikkje levande virus. Dette vart innrømt av USAs CDC-direktør i desember 2021.   

Om ein går rundt og leitar etter respiratoriske virus, særleg på sjukehusområde blant folk som har døydd, så vil ein finne dei.

Det var ein spansk studie i 2017 som såg på deteksjon av respiratoriske virus ved hjelp av PCR-testar på folk som var døde. Den fann at nesten halvparten av desse hadde respiratoriske virus i kroppen. Men før dei døydde, var det berre sju prosent av dei som fekk detektert respiratorisk sjukdom (sjukdom i luftvegane), noko som betyr at ein positiv PCR-test ikkje betyr at det er dødsårsaka.

For første gong i menneskets historie detekterer ein sjukdom hos ein person som ikkje har symptom, og der det ikkje er nokon doktor inne i bildet. Det er utruleg.

Vi hadde asymptomatiske tilfelle. Kva betyr det? Eit asymptomatisk tilfelle betyr at personen er frisk. Det har sjølvsagt mannen i gata funne ut. Om ein er heilt frisk, er ein reddare for tvangstesting. Korfor vil du sette heile huset ditt i karantene?

Eg trur de veit at PCR-teknologien vart utforma som ein forskningsreiskap. Den var aldri meint å brukast til diagnostisering.

Ein kan ikkje ha politikarar som brukar PCR-testar til å merke folk som sjuke og stenge ned heile byar. Det er berre nonsens. Og WHO har til dags dato enno ingen klinisk diagnose-protokoll. Det kan dei ikkje ha, fordi symptoma overlappar med andre tilstandar. Så det verktøyet som gjorde testen som har blitt utstrekt brukt – det er ingen falskt positiv rate. Ingen kjenner den falskt poitive raten for sjukdomsdeteksjon eller kor smittsam ein er. Det finst nokre studiar for nærværet av levande virus, men desse to (sjukdom og smittefare) er berre umoglege. Det finst ingen studiar for dei, for det finst ingen protokoll for klinisk diagnose.

Framstillinga av PCR-testen som eit godt diagnoseverktøy spelte og ei svær rolle som forløpar for nedstengingane, fordi dei kan speede opp testinga og vise fram folk som positive. Det er eigentleg daude virus. Personen er heilt trygg og frisk.

Nedstengingar – Kina som mal  

La oss gå til del fem – der nedstengingar var framstilte som den humane løysinga. WHO hadde frå starten av hylla Kinas kommunistiske parti sine metodar for kamp mot koronaviruset. Dette er eit sitat frå 30. jan 2020

«Vi helsar velkomen leiarskapet og det politiske engasjementet til den kinesiske regjeringa og dens respekt for tranparens.»

Om eg skulle tenke på ei regjering som er transparent, så er Kina det siste landet eg ville tenke på. I fleire tiår har dei vore fullstendig ikkje-transparente.

WHO er sjefen. Er dei Canadas folkevalde representantar? WHO hylla CCP sin transparent samstundes som dei sjølve var ikkje-transparente.

Og så har vi modellerarar som Neil Ferguson frå Imperial College London, ein av dei mest velrenommerte høgskulane i verda, som gav implisitt kredibilitet til grafen under og sa at denne grafen var eit resultat av Kinas tiltak for å kontrollere COVID 19. Dette vart brukt til å bringe nedstengingane til Storbritannia.

La meg minne om at dette er den grafen ingen andre land har klart å reprodusere.

New York Times hadde, i eit av sine sjeldne augeblikk av ekte journalisme, ein artikkelserie om Kinas kampanje i sosial medium. Dei hadde mange bot’ar; falske kontoar overfløymde internet som hylla CCP sine metodar for handsaming av pandemien, ifølge avisa.

Merknad: Raman nemner og at tidsskriftet Nature også brukte Kina som modell for sin diskusjon om nedstengingar. 

‘Konsensus’ via sensur  

Det som eigentleg går føre seg, er informasjonskrigføring. Medan Kina gjorde denne typen informasjonsmanipulering, var USA hakk i hel med sin eigen sensur.

Tidleg i oktober 2020 kom tre epidemiologar ut med the Great Barrington Declaration , ei standpunktserklæring mot nedstengingar som sa at slike ikkje ville påverke sjukdommen i det heile. Ein lyt drive med fokusert vern. Fokus på dei som faktisk er sårbare. Elles vil ein få ein masse med utilsikta skadar.

Fauci og Collins, som hadde høge stillingar i National Institute of Health (NIH, tilsvarande det norske Helsedirektoratet(?), mrk.), som sat på mykje pengestøtte på den tida, samarbeidde med sosiale-medium-selskap om å sensurere Great Barrington-erklæringa.  

Så dei sa ’vi treng ei rask og øydeleggande publisert nedriving av premissane deira’. Det vart avslørt i ein e-post som vart offentleggjort etter ein freedom of information-førespørsel. Collinsskreiv til – eg hugsar ikkje nøyaktig kven til – men han bad om sosiale-medium-kampanjar for å rive ned Great Barrington Declaration, så det skulle sjå ut som det var vitskapeleg konsensus om at nedstengingar var den einaste løysinga.Konsensus er lett å vise naår ein har sensur.

Skadeavgrensing eller skadeverk?  

Dette er del seks. Det var mange dokumenterte instansar av behandling som vi no veit gjorde meir skade enn gagn. Tidleg rekommanderte WHO tidleg mekanisk ventilasjon, igjen basert på studiar frå Kina, og seinare, etter svære tal på dødsfall i New York.

Det var forskingsrapportar som sa at dette ikkje var den klinisk rette måten å gjere det på. Det var ein utruleg artikkel i avisa Wall Street Journal i desember 2020. Eg skal lese det høgt, for det er på mange måtar hjarteskjerande. Ein av doktorane sa at vi intuberer sjuke pasientar svært tidleg, ikkje til nytte for pasienten, men for å kontrollere epidemien og redde andre pasientar. Det kjendest forferdeleg.

Dette var avgrensingsnarrativet som vart pressa fram. Kven veit kor mange som vart bytte for denne typen gal intervensjon. Eit val som er tatt for å avgrense skaden, ikkje for å hjelpe pasienten.

Og så veit vi om panikken som skjedde i 2021 under Indias andre bølge. Det er ein journalistisk artikkel i The Mint som rapporterte om eit visst vareparti av remdesivir, som ein seinare fann ut var svært giftig. Folk higa etter den. Kven veit kor mange som fekk i seg av dette partiet og strauk med.

Vi veit verkeleg ikkje kor mange som faktisk vart drepne av viruset versus kor mange av denne typen dårleg medisin. Publikasjonar spurde til og med om den hadde nokon nytte i det heile i forhold til COVID. Statistisk sett verkar det ikkje som om den har gjort nokon nytte.

Lockdowns: øydelegging av helse og velvære  

Og kva med nedstengingane?

CDC merka seg at fedme var verstingen blant underliggande sjukdommar som medverka til død (komorbiditet). På andre plass kom angst og på tredje diabetes.

Kva skjedde på grunn av nedstenginga? Fedmen auka. I Australia var den gjennomsnittlege vektauken på rundt tre kilo, trur eg det var. Ein god del folk har auka mykje meir enn det.

Angstsjølvsagt. 24/7 i to år. Skremme, skremme, skremme. Når du såg nyheitene var det angst og frykt. Om det er ein reell panikk-situasjon, skal ein roe folk ned for å redusere belastninga på den mentale helsa.

Folk vart nekta spaserturar, trening, treningssenter stengde, ingen morgonturar. Kva hende med folk som hadde diabetes?

Og så har vi denne store – vitamin D-mangel. Om ein stenger ned eit heilt folk i eit heilt år og seier ’ver heime, ver trygg’, så kan ein forvente at nivåa av vitamin D går ned, for sollys er viktig for vitamin D. Denne israelske studien dokumenterte ein 14 gongar auka risiko for alvorleg COVID på grunn av mangel på vitamin D.

Så nedstengingane i seg sjølve var langt ifrå noka løysing, faktisk på mange måtar tvert imot.

Dei redda ikkje liv, dei berre utsette døden kanskje for deretter å truleg auke prisen mykje meir.

Så her (under) er ei oppsummering av lockdown-korthuset og mekanismen som vart brukt til å støtte opp under korthuset.

*

Den velrenommerte forfattarenColin Todhunter spesialiserer seg i utvikling, mat og jordbruk. Han er ein Research Associate ved Centre for Research on Globalization (CRG) i Montreal.

Forsidebilde: Evgeni Tcherkasski

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Freeeeedooom
    7 april 2023 7:09

    Absolutt ingenting av det som nevnes her er nytt for oss «konspirasjonsteoretikere» og «antivaksere». Alt vi sa fra første stund viste seg å stemme, men kommer vi noensinne til å få en unnskyldning for måten vi ble behandlet på? Jeg tviler.

    Svar
  • Eric Kamov
    7 april 2023 19:14

    Artikkelen »Det globale Covid-bedrageriet» burde vært lest og FORSTÅTT – på GLOBALT nivå, og burde oppfattes som det den er; Den hittil mest kritisk- og fundamentalt viktige artikkelen presentert i derimot.no’s historie! . . .

    Den påførte plandemien ville i en ‘normal’ verden – logisk nok resultert i resolutte juridiske etterspill for alle involverte, fordi det her kan det dreie seg om overlagte drap, overlagte ‘medisinske’ prosedyrer med den konsekvens at utallige mennesker i alle aldre har fått redusert – eller de facto ØDELAGT sin helse [i tillegg til alle de – i mange tilfeller – RUINERENDE] økonomiske konsekvenser og personlige havarier dette har medført! . . .

    Det faktum at juridiske etterspill hittil IKKE har funnet sted, beror ganske enkelt på det faktum at »eliten(e)» har en HELT annen og mer distinkt oppfatning av begrepet ‘Klasse Solidaritet’ enn det VI – det ‘ordinære’ folket [hittil] har hatt, noe som i sin tur har bragt oss inn i den situasjonen vi nå befinner oss.

    Som krigshisseren ‘Dubya’ ved et tilfelle uttalte i all offentlighet:

    »Fool me once, shame on YOU, fool me twice – shame on ME! . . .»

    Svar
  • —-«så det skulle sjå ut som det var vitskapeleg konsensus om at nedstengingar var den einaste løysinga.Konsensus er lett å vise naår ein har sensur.»

    Og når ‘pandemien’ er over og innbyggerne har glemt hele galskapen og overgrepene, kan samme ‘vitenskaps’-folk og politikere late som om hysteriet og skremslene ikke ble satt i gang.
    Og at det var mulighet for fri diskusjon:

    ‘– Dette viser at folk er kloke, sier tidligere helseminister Bent Høie (H).
    Som statsråd i Solberg-regjeringen ble han den som svarte for Norges smittevernpolitikk under store deler av pandemien.
    Tidligere helseminister Bent Høie er nå statsforvalter i Rogaland.
    – Viruset var ikke veldig farlig for unge, friske folk, og tiltakene som skulle beskytte syke og eldre rammet jo arbeidsplasser og folks økonomi, så dette er ikke overraskende svar, sier Høie
    Mitt hovedbudskap vil være at kommunikasjon er det viktigste verktøyet myndigheter har under en krise’ sier Høie.’
    nrk.no/rogaland/folk-var-mer-redde-for-okonomien-enn-pandemien_-viser-studie-1.16099390

    ‘–Denne isoleringspolitikken i Kina har vist seg å ha veldig negative effekter på økonomien, og når de nå åpner opp igjen får de store smitteutbrudd med mange dødsfall. Så det ser ut til at de bare har utsatt problemet. ‘
    forskning.no/epidemier-partner-sintef/tre-ar-med-covid-og-vaksiner-mrna-teknologien-har-fungert-ekstremt-godt/2145650

    ‘I drøye to år har vi spritet hendene for å unngå covid-19. I ettertid er det vanskelig å finne forskning som sier at håndspriten har hatt effekt mot koronasmitten. ‘
    nrk.no/nordland/koronavirus_-vi-har-spritet-hendene-i-to-ar_-men-det-er-ikke-sikkert-det-har-hjulpet-mot-covid-19-1.16164661

    Svar
  • Norge er eit fascistisk Land, og folk lever for staten, vaksinerer seg for staten og lønnstakere betaler over 70% reell skatt til staten. Staten føder deg, matar deg, oppdrar deg, staten tar lønna di og staten tar livet ditt når tida er moden. Og staten innbiller deg at du er fri og rik så lenge du lever.

    Svar
  • wasan Totland
    26 juli 2023 23:05

    Mye spinn om et virus som ikke har vært sluppet.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Tysk parlamentsmedlem:

USAs tropper og atomvåpen må ut av Tyskland!

Forrige innlegg

Big Pharma gir seg ikke

Moderna utvikler en ny mRNA-influensavaksine for kommende fugleinfluensa-pandemier

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.