POSTED IN Russland, Virkelighetsforståelse

Cubakrisen dreide seg om USAs sikkerhetspolitiske behov.

Har ikke Russland sikkerhetspolitiske behov?

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Ukraina – ei ny Cubakrise?

Takket være kloke ledere for verdens to supermakter ble katastrofen som kunne endt i et kjernefysisk ragnarokk avverget i 1962. I denne kronikken spør Einar Oltedal om vi har slike ledere i dag?

Av Einar Oltedal

Vi som har levd ei stund hugsar Cubakrisa i 1962. Verda stod då farleg nær kanten av stupet. Det var kloke leiarar, John F. Kennedy og Nikita Khrushchev, som avverga katastrofa. Kennedy hadde integritet og mot nok til å stå imot presset frå CIA og generalane. Har vi slike leiarar i dag? Putin har i årevis sagt ifrå at det ikkje er bare USA som har røde linjer, men også Russland. Det ser ikkje ut til at vesten vil høyre på han, og då kan det gå imot ei ny Cubakrise.

Leiarane våre, som Støre og Huitfeldt, gjengir USA og CIA si vurdering av situasjonen i Ukraina. At Russland samlar troppar for ein mogleg invasjon av Ukraina. Ikkje eit ord om Minsk- avtala som Moskva fekk forhandle fram, som sikrar at utbrytar republikkane framleis skal vere ein del av Ukraina. Det ser ikkje ut til at leiarane våre har sett seg inn i historia til CIA. Eg kan anbefale boka «Deadly Deceits: My 25 Years in the CIA», av W. McGehee. Etter 25 år som CIA agent, frå 1951 til 1976 seier han om CIA at kjernen i CIA sin aktivitet handlar om bedrag og løgner. Og det aller farlegaste er at leiarane forfalskar etteretning frå agentane sine slik at det skal passe med den politiske agendaen i Washington.Vi kan bare tenke på WMD (Weapons of Mass Destruction) forteljinga som gav opphav til Irak krigen. Det er med denne bakgrunnen Støre og Huitfeldt bør vurdere kritisk det som kjem frå Washington.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 1dd6e5_aa734e37bb9d489e8ddbe2a90d5b5d02~mv2.webp
President John F. Kennedy med Sovjetunionens leder Nikita Khrushchev

_______________________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Argument Agder
_______________________________________________________________________________

Hadde nå endå USA i dag hatt ein diplomat av George Kennans kaliber. Etter første utviding av Nato uttalte George Kennan i 1997 til Thomas Friedman: «Dette var ein tragisk feil. Eg trur at dette er starten på ein ny kald krig. Det fanns ingen god grunn for å gjera dette».

Eg ser ingen Kennedy blant leiarar i vesten i dag.

Men det var nok andre i Washington som hadde sine grunnar for å gjere dette. Då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991 såg med ei gong militærindustien i USA kva konsekvensane av dette kunne bli. Korleis halde oppe dei store militærbudsjetta når fienden forsvinn? Og korleis skulle senatorane framleis halde oppe dei store lobby-inntektene? Andrew Cockburn skriv om dette i boka si: The Spoils of War. Rett etter at Berlimuren fall starta seljarane i våpenprodusenten Lockheed arbeidet med å selje våpen til Warszawapakt-landa. Tenketanken Rand Corporation arrangerte workshop i Warszawa. Føre presidentvalet i 1996 fortalde Zbignew Brzezinski Clinton at han ville miste røystene til veljarar med polsk bakgrunn om han ikkje let Polen inn i Nato. Fram til 2014 hadde dei tolv nye Nato-landa kjøpt amerikanske våpen til ein verdi av nær på sytten milliardar dollar.

Joe Biden – Wikipedia
Er dette vår tids Kennedy?

Ein av hovudgrunnane til at Russland annekterte Krim i 2014 var fordi ein amerikansk militærbase i Sevastopol ville bli ein eksistensiell trussel for Russland. Men landet annekterte ikkje utbrytarrepublikkane Luhansk og Donetsk. Putin vil sjølvsagt ikkje okkupere Ukraina. Så dum er han ikkje. Med røynsle frå m.a. Sovjet sin invasjon av Afghanistan i 1979 forstår han at det bare ville vere å oppfylle den store draumen til den amerikanske våpenindustrien. Han hugsar godt korleis vestlege kapitalinteresser med Yeltsin i førarsete nesten fullstendig greidde å øydelegge det nye Russland på nitti-talet. Og han ser at noko tilsvarande nå skjer i Ukraina etter 2014.

Eg ser ingen Kennedy blant leiarar i vesten i dag. Dette gir grunn til stor uro. Kanskje ein norsk statsminister kunne vise statsmannskunst? Det trengs bare ein enkel setning: Vesten må akseptere at også Russland har eksistensielle tryggingsbehov.

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Forsidebilde: Markus Spiske



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 163 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Sindre Salangen
    30 januar 2022 10:55

    Mye tyder nå på at de rett å slett prøver å dra igang Tredje Verdenskrig mot Kina or Russland med viten å vilje… Sannsynligvis for å virkelig få fortang i «the great reset» slik at de kan overta makten over ruinene som gjenstår og «build back better»…

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    30 januar 2022 15:00

    Oltedal tek med mykje som er viktig, men konklusjonen er diverre naiv:

    » Kanskje ein norsk statsminister kunne vise statsmannskunst? Det trengs bare ein enkel setning: Vesten må akseptere at også Russland har eksistensielle tryggingsbehov.»

    Du kan ikkje bli statsminister i Noreg om du prøve deg med slike setningar. Det ville USA aldri tillata. Har du valt å vera vasall, so er du vasall.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Leger i USAs forsvar:

Voldsom økning av spontanaborter, hjerteforstyrrelser og nevrologiske skader.

Previous Post

Hvorfor skal vi ikke høre på motparten?

Hva mener de i opprørsrepublikkene i Øst-Ukraina?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.