POSTED IN Media

CIA produserer falske nyheter

Disse serveres av mediene til befolkningen som sannheter

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Det som kjennetegner våre vestlige medier er at de i økende grad ikke bare produserer taushet om viktige nyheter, men de serverer en virkelighetsbeskrivelse av faktisk hendelser som ikke er sannferdig men som i beste fall er en sminking og fordreining av det som skjer. Denne artikkelen er 2 år gammel, men situasjonen er faktisk blitt verre de siste to årene – ikke bedre.

Et eksempel på dette er den totale taushet som omgir viktige begivenheter f.eks mangelen på rapporter om at gass-angrepet i Ghouta. De var ikke  utført av den syriske regjeringen, men av såkalte opprørere. Men de store mediene er helt tause om dette fordi slike rapporter vil ødelegge den rådende virkelighetsbeskrivelsen av Syria.

Knut Lindtner

CIA-varslar: Rapportar om band mellom Iran og al-Qaida ‘berre ei løgn’

Sputnik News 4. januar, 2018

Ein ny Pentagon-rapport som hevdar at Iran støttar terrorist-grupper som Taliban og al-Qaida har blitt spreidd ut gjennom amerikanske medie-kanalar – men har fått kritikk for vasne påstandar om påståtte koplingar.

Til dømes oppstod eitt påstått samband då Saad bin Laden, ein av Osama bin Laden sine søner, flykta til Iran etter angrepa 11. september 2001 [det såkalla 9/11]. Men det som ikkje vart sagt, er at Saad og familien hans vart pågripne ved ankomst og plasserte i husarrest. Khalid bin Laden, ein annan av Osama sine søner som vart drepen saman med han under raidet til US Navy SEALs i 2011, anklaga iranarane i 2010 for å ha utsett familiemedlemmane hans for slag og alvorleg dårleg behandling.

X-CIA agent John Kiriakou, varsleren som måtte sone for å ha avslørt torturprogrammet til CIA. Torturistene slapp fengsel. Nesten ingen i Norge kjenner saken og det sier også sitt om mediene.

Garland Nixon og Lee Stranahan i Radio Sputnik’s Fault Lines har snakka med John Kiriakou, ein CIA-agent som har blitt varslar, og som hjelpte til med å avsløre CIA sitt tortur-program i 2007.

«Det heile kviler på kva for definisjon du brukar for ’tilfluktsstad’,» seier Kiriakou. «Osama bin Laden sin son [Saad] flykta rett etter [kampen i Tora Bora i desember 2001] til Iran med konene og barna sine og ei handfull tilhengarar. Dei vart prompte arresterte på grensa. Dei vart ikkje sette under husarrest i noko vakkert palass med tenarar og utsikt utover dalen; dei vart arresterte og sette i fengsel. Om det kan kallast å ha fått tilfluktsstad, mann, så har ikkje eg noko ønske om å bli gitt tilfluktsstad.»

«La meg seie ein ting heilt utvetydig: der var ikkje noko samarbeid mellom al-Qaida og Iran, på same måte som der ikkje var noko samarbeid mellom al-Qaida og Irak.» Kiriakou viser til ei lite nemnt Taliban-avretting av iranske diplomatar nokre år før 9/11: i 1998, i byen Mazar-i-Sharif, samla Taliban saman og drap ei gruppe iranske diplomatar som gjengjeld for Teheran si støtte til Nordalliansen [the Northern Alliance] i krigen deira mot Taliban på 90-talet – den same Nordalliansen som USA støtta då dei invaderte Afghanistan i oktober 2001.

«Det finst ikkje venskapelege band mellom Taliban/al-Qaida og iranarane,» seier Kiriakou. «Eg vil seie det igjen, heilt tydeleg: det finst ikkje koplingar mellom Iran og al-Qaida, dette er oppdikta. Det finst andre land som skulle nyte godt av fruktene av denne løgna – men det er det det er, berre ei løgn.»

Garland Nixon

Nixon nemner at sambandet mellom al-Qaida og Iran var henta frå eit CIA-dokument sleppt tidleg i november, og alle artiklane poppa opp over ein tredagarsperiode – nesten som om alle utløpa hadde blitt koordinerte for å skape denne historia.

«Det er slikt CIA gjer for å forvirre folk,» seier Kiriakou. «Der finst ingen analyse, der er inga gransking av dokumenta, dei berre slepp dei ut. Dette er nøyaktig det CIA klaga på hende under dei første fire åra til Bush-administrasjonen, der presidenten eller ein av støttespelarane hans går ut og seier ‘det finst ikkje noko samarbeid mellom den irakiske regjeringa og al-Qaida.’ Det fanst ikkje.»

«Men det som hende var at folka [i Det nasjonale tryggingsrådet, National Security Council], som hadde sin eigen politiske agenda, gav presidenten rå etterretning som ikkje hadde blitt nærare granska, ikkje analysert av etterretningsdirektoratet. Vel, CIA gjer nett det same no, men dei brukar pressekorpset som sine nyttige idiotar. Dei offentleggjer berre rådata henta frå datamaskinene til Osama bin Laden, og seier ‘her er det!’ Ingen analyse, ingenting i det heile.»

New York Times sin rett til å spre falske nyheter er en del av pressefriheten. En annen side av denne «friheten» er deres rett til ikke å spre faktisk informasjon, slik en av journalistene, James Risen, her klager på. Spørsmålet er naturligvis hvem som eier og dermed styrer mediene og deres informasjons-strøm. Dette spørsmålet er like aktuelt for norske medier som for de i USA, men mediene reiser naturligvis ikke slike spørsmål – det er å rette søkelyset på seg selv og egne motiver.

På onsdag publiserte den tidlegare New York Times-journalisten James Risen ei historie på [nyheitsnettsida] The Intercept [https://theintercept.com/2018/01/03/my-life-as-a-new-york-times-reporter-in-the-shadow-of-the-war-on-terror/], der han hevdar at skepsisen han hadde mot påstanden om at Irak under Saddam Hussein var knytt til terrorist-grupper som al-Qaida, fleire gongar blei gravlagt av redaksjonsstaben til Times.

«Historiene mine som reiste spørsmål kring etterretninga, særleg administrasjonen sine påstandar om eit band mellom Irak og al-Qaida, blei korta ned, bortgøymde eller heilt haldne utanfor avisa,» skriv Risen. «Det som gjorde meg mest forbanna, var at samtidig som mine skeptiske historier blei dyssa ned, så ikkje berre gav redaktørane førstesida til historier som hevda at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen, men dei kravde også at eg skulle hjelpe til med å finne historier som kunne måle seg med historiene frå andre publikasjonar om Iraks påståtte program på masseøydeleggingsvåpen.»

Risen og dei andre som var skeptiske til påstandane frå det US-amerikanske etterretningssamfunnet om at Saddam hadde gått i partnarskap med al-Qaida og andre terroristgrupper – påstandar som hadde til hensikt å sanke støtte til 2003-invasjonen – vart rettferdiggjorte av historia sjølv då dei påståtte koplingane vart avslørte som falskneri.

Omsett av Monica Sortland

Bilder/tekst: Knut Lindtner

Artikkelen er hentet fra Derimot.no sitt arkiv.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Wasan Totland
    17 august 2018 14:02

    Den amerikanske kongressen har nettopp vedtatt at «pressen lyver ikke,» så da så.

    Svar
  • Det ble kjent gjennom Operation Mockingbird hvordan etterretningene tok «over» media.

    Svar
  • […] John Kiriakou er varsleren som varslet om CIAs torturprogram etter 9/11. Et program hvor også verdens største psykologforening, den i USA, hadde feite svin på skogen. Det førte til oppvask i foreningen i etterkant. […]

    Svar
    • Ola Henriksen
      26 oktober 2019 19:58

      «..CIAs torturprogram etter 9/11..»

      Og når CIA, og Mossad, VISSTE hvem som stod bak, så torturerte de altså uskyldige for å få fram en «tilståelse».
      – Og dette er våre allierte!
      – Eller kanskje ikke nå lenger, siden Trump ikke danser etter CIA & Mossad sine takter.
      Skjønt hvem vet hva våre «politikere» og vår «frie media» danser etter.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Kamp om kontrakter: Våpenmarkedet.

USA truer India hvis de kjøper russisk utstyr.

Forrige innlegg

Rødt sin viktigste sak?

Kampen for økt innvandring?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.