POSTED IN Norge

Christopher Black:

ICC (den internasjonale straffedomstolen): et redskap for løgn og svindel. Del 1

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Denne artikkelen forteller om et system (Den internasjonale straffedomstolen ICC og tildels FN) som ikke søker sannhet eller rettferdighet, men det motsatte: løgn og fortsatt imperialisme. Artikkelen er lang og klippet i to deler. Men for de som bruker litt tid på den vil, som meg, oppleve den som et sjokk fordi den snur det mange har oppfattet som virkelighet om folkemordet i Rwanda på hodet. Artikkelen er tidligere publisert på derimot.no men er fortsatt aktuell.

Knut Lindtner

Kriminaliseringa av internasjonal rett:
anatomien til ei krigsforbrytar-rettssak (Del 1)

av advokat Christopher Black

Christopher Black, fra Canada, Toronto, er jurist i internasjonale straffesaker.

Tiltalen mot Muammar Gadhafi som NATO gav aktor for Den internasjonale straffedomstolen (ICC) [International Criminal Court] ordre om under NATO-angrepet på Libya i 2011, var eit ekko av tiltalen mot president Milosevic av aktor for ad hoc-institusjonen Det internasjonale straffetribunalet for Jugoslavia (ICTY) [International Criminal Tribunal for Yugoslavia] under NATO-angrepet på Jugoslavia i 1999. Som ein direkte konsekvens enda begge opp daude, Gadhafi brutalt myrda av NATO-støtta krefter i Libya, Milosevic daud på cella si i Scheveningen under omstende som indikerte kriminell teneste-forsømming eller mord, utført av dei same kreftene.

Tiltalen mot desse to menna, som ikkje var skuldige i anna enn å motsette seg diktatet og imperiumsambisjonane til USA og deira allierte, hadde berre eitt føremål: å tene som propaganda for å rettferdiggjere NATOs angrep på og eliminering av regjeringer som nekta å bøye seg. Dermed er dei som tok avgjerda om å reise tiltale medkonspiratørar i planlegginga og gjennomføringa av desse krigane.

Det internasjonal strafferettsmaskineriet har blitt eit våpen i ein total krig, ikkje brukt til å forfølge dei kriminelle som fører desse krigane, men til å forfølge leiarane av landa som står imot.

Milosevic og Gadhafi er ikkje dei einaste offera til denne kriminaliserte internasjonale rettsstrukturen. Lista er lang.

Justismordet på Saddam Hussein, utført av amerikanarane og britane og deira irakiske kollaboratørar, var også basert på ein openlyst politisk fingert tiltale, og sjøl om det vart framstilt som ein irakisk affære, var det i røynda endå ei show-rettssak arrangert av imperiemakta. Faktisk var rettsprosessane heile tida under oppsyn av amerikanske offiserar.

Andre nasjonale leiarar som har blitt hjelpelause offer for desse tribunala inkluderer den liberiske presideten Charles Taylor, dømt – trass mangel på bevis for noka kriminell handling – av Sierra Leones ad hoc-tribunal, Rwanda sin statsminister Jean Kambanda, dømt til livstid utan rettslege granskingar han heftig gjorde krav på å få, av ad hoc-tribunalet i Rwanda, og no sist Elfenbeinskystens president Laurent Gbagbo, politisk avretta då han vart arrestert av franske styrkar og halden til fange i 3 år ved ICC utan at det til dags dato er lagt fram noka prima facie-sak (at det ikkje var gode nok indisiar, overs.).

Sudans president Bashir

Tiltaleavgjerder er tatt mot andre nasjonale leiarar som står i vegen for Vesten, som t.d. Sudans president Bashir og Kenyas president Uhuru Kenyatta, som no har fått saka suspendert ettersom ICC no innrømmer at dei ikkje har bevis mot han. Nyleg var det i vestleg presse tale om rettslege anklagar mot president Putin. Vi ser alle kor absurd og surrealistisk spelet har blitt.

Den strukturelle rolla som desse tribunala har spelt i NATO sitt forsøk på å skape sin nye verdsorden – New World Order – har blitt analysert og forklart av framragande juristar og skribentar rundt om i verda. Sidan eg sjøl verken er teoretikar eller filosof, men advokat, vil eg gjerne bidra til at de skal forstå den kriminelle naturen til dette internasjonale rettsmaskineriet, ved å dele erfaringa mi som forsvarar for èin av maskineriet sine politiske fangar.

Eg kunne ha fortalt dykk om ICTY sin skandaløse praksis i rettssaka mot Milosevic som eg var involvert i gjennom hans internasjonale forsvarskomitè, men dette er alt velkjent og har blitt fortalt av ei rekke eminente personar og skribentar. Det finst mange offer for desse tribunala, men eg vil fokusere på denne spesielle saka fordi den godt representerer framgangsmåten i desse sakene, eit mønster for dei mange.

Den 28. januar, 2000, vart den tidlegare stabssjefen for gendarmeriet i Rwanda og høgast rangerte militæroffiseren i 1994, general Augustin Ndidiliyimana, arrestert i Belgia, basert på ein tiltale utferda av Carla Del Ponte, dåverande anklagar for Den internasjonale straffetribunalet for Rwanda [The International Criminal Tribunal for Rwanda, ICTR]. Han hadde flykta til Belgia i juni 1994 etter ha mottatt drapstruslar. Innreiseløyvet hans vart autorisert av Willy Claes, på den tida Belgias utanriksminister og seinare generalsekretær i NATO, som då erklærte at han hadde redda livet til mange rwandarar.

general Augustin Ndidiliyimana

Det var med arrestasjonen at kriminaliteten byrja vise seg. I belgisk presse vart det spekulert i om det låg politiske årsaker bak, og 11 år seinare vart spekulasjonane stadfesta, då dommarane i rettssaka leverte dommen sin.

Dei slo fast følgande i dommen datert 17. mai, 2011:

  1. «Forsvaret legg fram påstand om at tiltalen mot og arrestasjonen av Ndindiliiyimana ‘var politisk motivert’. Retten minnar om at forsvaret framfor denne retten erklærte at aktoratet gjorde alt dei kunne for å oppmode Ndidiliyimana til å vitne imot oberst Bagasora, men Ndidiliyimana nekta. Aktoratet har ikkje nekta for dette. Som følge av hans opprinnelege motstand mot å vitne, produserte aktoratet ein vidtrekkande tiltale som anklaga Ndidiliyimana for ei rekke brotsverk i samsvar med punkt 6(1) i vedtektene. Dei fleste av desse anklagane vart til sist droppa. Forsvaret hevdar vidare at aktoratet under rettsprosessen gav gjentatte tilbod om å droppe anklagane mot Ndindiliiyimana dersom han ville seie seg einig i å vitne mot Bagasora, men Ndindiliiyimana nekta kvar gong.»

General Ndindiliyimana var rekna for ein politisk «moderat» under Rwanda-krigen i 1990-94, ein hutu som var respektert blant både tutsiar og hutuar. Og som mange vitne vitna om, inkludert vitne for aktoratet, utførte ikkje gendarmeriet hans kriminelle gjerningar mot sivile, men prøvde å verne dei der dei kunne.

Så korfor vart han arrestert?

Fordi han var ein potensiell leiar for landet, fordi han nekta å samarbeide med RPF-regimet ( er noverande president Paul Kagames særs autoritære regime, oms.) som var installert av USA etter krigen, fordi han visste for mykje om kva som verkeleg hende i Rwanda og kven som verkeleg var ansvarlege for valden, fordi han visste at styrkar frå FN og USA – trass i at Clinton fleire gonger nekta for dette – var direkte involverte i den siste RPF-offensiven [Rwandan Patriotic Front] i 1994 og mordet på president Habyarimana.

President Habyarimana

Alle desse grunnane var utan tvil involverte i arrestasjonen hans, men det vart snart klart at aktoratet brukte arrestasjonen til å presse han til å avgi falskt vitnemål mot oberst Theoneste Bagosora, den tidlegare viseforsvarsministeren i Rwanda som var det primære målet deira, den «store fisken» i rettsforfølginga.

Dei kriminelle metodane som vart brukt mot han starta allereie under arrestasjonen. Saman med den juridiske konsulenten sin møtte han to stabsmedlemmar for ICTR-aktoratet som informerte han om at tiltalen berre var ein formalitet for å gi ICTR jurisdiksjon [domsrett] over han, og at den verkelege årsaka til arrestasjonen var at han skulle følge dei til Arusha, Tanzania, der ICTR heldt til, for å treffe aktor og bli intervjua om hendingane i Rwanda.

Korfor dette ikkje kunne gjerast i Belgia, utan ein tiltale, vart ikkje forklart, men basert på desse forsikringane prøvde verken han eller den juridiske konsulenten hans å bruke dei legale vegane tilgjengelege i Belgia til å motsette seg arrest og utlevering. Dei trudde at han ikkje var i fare. Reglane for korrekt rettergang krev at den anklaga skal bli vist tiltalen ved arrestasjonen. Han vart ikkje vist nokon ting. Likevel følgde han frivillig ICTR-stabsmedlemmane til Tanzania, der han straks vart overrumplande kasta i fengsel.

Liknande knep vart brukte til å bortføre president Milosevic, som vi alle hugsar, då Høgsterett i Serbia heldt det for illegalt å utlevere han til Haag. Sjøl om dei leverte avgjerda i tide, vart han tvungen inn i eit RAF-fly [britiske Royal Air Force] i lenker og dratt framføre NATO-tribunalet, for aldri meir å få sjå landet sitt igjen.

I juni 2000 kontakta Ndindiliyimana meg via brev, og bad meg om å bistå han juridisk. Eg godtok det, og han leverte namnet mitt til registraren for å få meg tildelt oppgåva. Men den umiddelbare reaksjonen deires var å prøve å overbevise han om å ikkje engasjere meg. Dei påstod eg mangla erfaring, at eg ikkje kunne snakke fransk (han snakka ikkje engelsk), og prøvde overtale han til å ta imot ein bistandsadvokat som dei helst ville ha. Dette var noko som ofte skjedde i ICTY og -R, og er no regelen ved ICC.

International Criminal Court (ICC) holder til i Haag, Nederland. Det er stort sett bare afrikanere og serbere som har vært stilt for denne domstolen

Forsvarsadvokatar som blir oppfatta som for effektive og villige til å legge fram alle fakta og la rettferd skje sjøl om himmelen skulle falle, eller som Kant uttrykte det: «å la rettferda råde, om enn all verdas kjeltringar skulle skulle gå til grunne derved» [Kant kallar det ei folkeleg tolking av det latinske ordtaket fiat justitia, pereat mundus, som tyder ‘la rettferda råde, om enn verda skulle gå til grunne derved’, oms.], blir på ulike måtar hindra i å representere tiltalte, til fordel for advokatar som enten er aktive agentar for vest-maktene, eller som berre vil sette opp eit symbolsk forsvar. Dei få sterke som er kapable , blir hindra på alle tenkelege måtar, og til og med kasta i fengsel, slik vi nyleg såg i Bemba-saka ved ICC. Ikkje desto mindre stod Ndidiliyimana imot presset, og til slutt fekk eg løyve til å representere han og til å møte han seinare den sommaren.

Først på lista over gjeremål var sjølsagt å få tak i tiltalebeslutninga og sjå kva anklagen gjekk ut på. Men det skulle vise seg å bli svært vanskeleg. Tiltalen var ikkje ein enkel påstand om at X er anklaga for å ha gjort brotsverk Y på ein spesifik plass og ein spesifik dato. Den var i staden ei 65-siders avhandling, signert av Carla del Ponte, som sette ut den RPF-amerikanske massemedia-versjonen av krigen, alt falskt, alt meint å skape fordommar mot den tiltalte hos dommarane, men – og viktigare – meint for massespreiing og pressemeldingar frå aktoratet. Med andre ord var ’tiltalen’ rein propaganda, og slik var den også skriven.

Den andre overraskinga var at heile linjer, avsnitt og til og med heile sider av tiltaleavgjerda var svartsladda, inkludert namna på med-tiltalte. Det var så gale at det var umuleg å skjøne om der i det heile tatt fanst noko anklagepunkt i dokumentet, eller kva det i så fall skulle vere, og utifrå det vi kunne lese verka det som det kunne gi eit fullstendig forsvar for handlingane hans.

Arusha er en by i nordlige Tanzania. Den er hovedstad i regionen med samme navn, og hadde 1 858 347 innbyggere ved den offisielle folketellingen i 2012.

Då han kom til Arusha, vart ikkje generalen straks framstilt for ein dommar, slik rettergangsreglane til ICTR krev. I staden vart han halden i nesten 4 månadar, og traff ingen tribunaldommar før den 28. april det året. Sommelet var ein medviten taktikk meint til å mjuke han opp psykologisk.

Same taktikk vart brukt mot andre fangar, til dømes statsminister Jean Kambanda, som i staden for å bli ført til ein dommar ved arrestasjonen, vart tatt til ein lokasjon hundretals kilometer frå tribunalet, halden avskoren frå omverda i ni månadar, og kvar dag trua av to kanadiske politimenn som prøvde få han til å innrømme brotsverk han ikkje hadde gjort. Desse same kanadiarane var seinare, i 2005, innblanda i mordet på eit medlem av ministeriet hans, noko eg vil kome nærare inn på seinare.

Då Ndindiliiyimana endeleg fekk treffe ei dommar, tok advokaten han hadde fått tildelt opp problemet med mangel på ei ordentleg tiltaleavgjerd, at tiltalte var beden om å forsvare seg i retten på grunnlag av eit dokument der halvparten av teksten mangla. Svaret frå gjeldande dommar, var berre at der var ein defekt i tiltaleskjemaet som kunne rettast opp seinare, i staden for å henlegge saka for mangel på tiltaleavgjerd, slik han skulle ha gjort.

Då eg kom til tribunalet i juli 2000, kontakta ei amerikansk kvinne meg i korridoren ved tribunalkontora, og informerte meg om at ho var leiar for aktoratstaben og ønska snakke med meg. Ho informerte meg om at ho ikkje berre var advokat. Ho var i tillegg oberst i US Air Force Reserves. Seinare fekk eg vite at ho også var agent i CIA.

Ho bad meg treffe ho dagen etter for å diskutere forlik, noko som var merkeleg med tanke på at anklagane deira mot klienten min dreidde seg om folkemord. Neste dag entra kring 20 personar møterommet, der eg sat aleine. Forsøket på å skremme meg var tydeleg. Den amerikanske obersten kom med ulike forslag til ein avtale dersom vi gjekk med på å samarbeide og vitne mot oberst Bogosora, den tidlegare viseforsvarsministeren.

Theoneste Bagosora

Vi svara med at anklagane, så langt vi kunne oppfatte dei, var falske, at vi ikkje kunne akseptere arrestasjonen og fengslinga hans som eit middel til å tvinge han til å gi falskt vitnemål, og vi kravde å få ei rettssak. I uoffisielle private møte med FN-personell, nokre av dei på høgt nivå, hadde eg fleire gongar fått høyre at alle ved tribunalet visste at generalen var ein god mann, og ikkje skuldig i noko som helst, men, som ein på innsida fortalde meg, at det er på denne måten amerikanarane «speler spelet her», og at eg måtte sjå meg over skuldra.

På min neste tur til Arusha, eit par månadar seinare, der eg no skulle grunngi ein appell for lauslating av Ndindiliiyimana, skjønte eg at presset deires hadde auka, då eg drog til FN si avdeling for forvaring [‘UN Detention unit’] for å møte han, og fann at han hadde «forsvunne» frå fengselet. FN og dei tanzanianske vaktene nekta å fortelle meg kor han var.

Det tok ein dag med opphissa argumentering med tenestemenn som prøvde hindre meg, for å finne ut at han hadde blitt overført til eit trygt hus som FN eigde i Arusha by. Det blei unnskyldt med at han var i fare for overgrep frå medfangar, men i realiteten var det for å halde han isolert psykologisk, å svekke han, å mjuke han opp, og å diskreditere han overfor dei andre fangane ved å få det til å sjå ut som om han «gjorde ein avtale».

Vi la fram krav om at han skulle tilbakeførast til FN si forvaringsavdeling, men alle våre juridiske forsøk på å påverke dette var nyttelause før eg tok opp saka i pressa, og for å unngå ein større skandale vart han, to dagar etter at pressa tok opp saka, returnert til FN-fengselet, der han kort tid etter vart vald til sjef for fangane sin komitè.

Gjennom dei neste 4 åra møtte vi heile tida hindringar når vi prøvde finne ut kva som skjedde, kva han eigentleg var anklagd for, kva dei tenkte gjere og kortid han skulle få ei rettssak. Under denne perioden gav aktoratet stadige tilbod, men alle vart avslått; vi heldt enkelt og greit fast ved det standpunktet at arrestasjon og forvaring for å presse han til å vitne, var illegalt og umoralsk, og at han kun ville samarbeide som fri mann.

Slik Christopher Black beskriver det ble også FN-systemet brukt i denne prosessen

Krav om ei snarleg rettssak vart møtt med likegyldige skuldertrekk. Vi fekk ingen relevant informasjon. I staden gravla aktoratet oss under eit tusental irrelevante dokument som registraren nekta å betale salær for lesinga av. Eg kravde at aktor skulle frigi alle relevante dokument frå FN og dei andre partane i krigen, og i 2003 mottok eg endeleg fleire CD-plater med 100 000 dokument. Men dei mangla register eller anna form for orden på dokumenta, så vi måtte lese kvart einaste eitt, i håp om å finne noko vi kunne bruke, og igjen nekta dei å betale noko salær for arbeidet.

Dei ville ikkje at vi skulle lese dokumenta, og trudde at vi aldri kom til å lese dei. Men vi las dei, og det var då eg byrja lære sanninga om kva som faktisk hadde gått føre seg i Rwanda, ei sanning som var fullstendig motsett av det eg hadde lese i massemedia. Så dette gav heller inga openberring, og vi ville måtte skape eit forsvar mot det vi trudde anklagane kunne vere. Problematisk var det også at vi vart nekta tilrekkeleg med granskingsutferder for å lokalisere og møte vitne som kunne hjelpe oss å bygge opp forsvaret.

Vi fekk nyss om andre metodar brukt til å utmatte og blande seg inn i forsvaret. To irske advokatar fann ut gjennom sympatiske kontaktar i FNs tryggingskontor [‘UN security office’] at kontortelefonen vår og fax-linjene var overvaka. Vi fekk vite at minst èin forsvarsadvokat var agent for aktor. Advokatar merka at folk følgde etter dei og at dei hadde hatt innbrot på hotellromma, inkludert dei same to irske advokatane og mine. Dette skjedde meg òg både i Brussel og Arusha.

I 2003 kom ein skotsk advokat, Andrew McCarten, som representerte ein annan som var anklaga ved ICTR, for å møte meg i Toronto. Han hevda han visste alt om korleis USA og CIA kontrollerte tribunalet på alle nivå, og at han frykta for livet sitt. Han var svært oppskaka. Han var nyleg tilbake frå New York, der han hadde prøvd å treffe Bill Clinton og hadde blitt kasta ut av kontoret hans.

Han fortalde meg detaljar kring US-amerikansk militære og CIA sin penetrasjon av tribunalet, og sa han skulle sende meg dokument om endå mørkare ting. Tribunalet anklaga han for finansielle uregelmessigheiter og sparka han ut. To veker seinare var han daud. Politiet kunne ikkje finne nokon grunn til at bilen hans hadde køyrd utfor ei klippe i Skottland. Han var Skottlands fremste militær-advokat.

Andrew McCarten. Det var ikkje lett å finne bilder av han. Han er den som står. Han blei drept under merkelege omstende.

Under eit besøk til Arusha like etter dette fekk eg besøk av ein major i amerikansk militær etterretning, ledsaga av ein etterretningsoffiser frå det amerikanske utanriksdepartementets Research Intelligence Bureau, som ville vite kva for strategi vi hadde for rettssaka og kva klienten min hadde for syn på afrikansk politikk.

Men forsvarsadvokatane var ikkje dei einaste som møtte problem. I 1997 gav Louise Arbour ordre til ei gransking av nedskytinga av president-flyet som resulterte i massakren av alle om bord, inkludert hutu-presidenten til Rwanda, Habyarimana, og hutu-presidenten til Burundi, Ntaryamira, og hæren sin stabssjef. Dei invaderande ugandiske RPF-styrkane og amerikanarar hevda at hutu-«ekstremistar» skaut ned flyet.

Ein australsk advokat, Michael Hourigan, fekk tildelt oppgåva å leie granskinga, og ikkje lenge etter rapporterte han tilbake til Arbour at gruppa hans hadde slått fast at det i realiteten var RPF som hadde skote ned flyet med hjelp av ei framand makt, og CIA var implisert. Arbour, sa han i ei edsvore erklæring, verka entusiastisk då han først informerte ho per telefon, men då han vart innkalla til Haag for å møte ho, hadde haldninga hennar endra seg totalt, til ope fiendtleg. Han fekk ordre om å levere frå seg bevismaterialet og trekke seg frå saka.

Michael Hourigan

Til dags dato har denne fila blitt halden hemmeleg, og ingen av dei han nemnde i rapporten har blitt anklaga. Heldigvis sende Hourigan ein rapport til FNs oversight office, og den rapporten med detaljert beskriving av bevisa hadde blitt tilgjengeleg for oss, og vart registrert som bevis i militær-rettssakene.

Då han forklarte seg under ed den 27. november 2006 om møtet sitt med Louise Arbour, slo han fast i avsnitt 36: «Eg føler at ukjende personar innanfor FN-leiarskapen og kanskje andre plassar pressa Louise Arbour til å sette ein stoppar for granskingane til National Teams kring nedskytinga av president Habyarimana.», og i avsnitt 38, der han refererer til grunnane til at han trakk seg, «… det kjendest som at eg ikkje kunne jobbe for dommar Arbour når ho, etter mitt syn, handla utifrå personlege interesser heller enn interessene til ICTR, FN og verdssamfunnet som vi tente.»

Så her har vi bevis for ikkje berre selektiv forfølging frå aktoratet si side (berre hutuar har blitt anklaga, sjøl om bevis som har blitt avslørt i rettssaker desse siste 15 åra viser at RPF-styrkar er ansvarlege for det meste av drepinga), men også for aktiv stønad og medverknad til eit krigsbrotsverk, og motarbeiding av rettsvesenet [‘obstruction of justice’] utført av Louise Arbour sjøl og dei som lykkast i å påverke ho til å henlegge granskinga.

Louise Arbour

Og når ho no hadde prova sin verdi for Washington i denne saka, vart ho sjølsagt brukt igjen, to år seinare, til å fremje falske anklagar mot Slobodan Milosevic. Til gjengjeld fekk ho ei rekke lukrative karriereoverføringar: til Høgsterett i Canada, deretter FNs menneskerettskommisjon, og no som sjef for CIA-tilknytta International Crisis Group.

Fortsetter i del 2….

Omsett av Monica Sortland

Merknad frå omsettar: Det var visse vanskar med arbeidet, spesielt med tanke på juridisk terminologi, yrkestitlar og namn på organisasjonar. Ideelt sett skulle artikkelen vore omsett av ein med juss-utdanning. Gi gjerne konstruktive tilbakemeldingar! Originalartikkelen kan lesast på engelsk på denne adressa: https://christopher-black.com/the-criminilisation-of-international-justice-anatomy-of-a-war-crimes-trial/

Bilder/tekst: Knut Lindtner

Artikkelen har vært publisert på derimot.no  

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Chistopher Black:

ICC (Den internasjonale straffedomstolen): Et redskap for imperialismen. Del 2

Forrige innlegg

Israelsk helseleder:

Korona er lite farlig. Det er tiltakene som vil drepe.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.