POSTED IN Norge

Chistopher Black:

ICC (Den internasjonale straffedomstolen): Et redskap for imperialismen. Del 2

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Denne artikkelen forteller om et system (Den internasjonale straffedomstolen ICC og tildels FN) som ikke søker sannhet eller rettferdighet, men det motsatte: løgn og fortsatt imperialisme. Artikkelen er lang og klippet i to deler. Men for de som bruker litt tid på den vil, som meg, oppleve den som et sjokk fordi den snur det mange har oppfattet som virkelighet om folkemordet i Rwanda på hodet. Dette er siste halvdel i en lengre artikkel.

Den har tidligere vært publisert på derimot.no.

Knut Lindtner

Kriminaliseringa av internasjonal rett:
anatomien til ei krigsforbrytar-rettssak (Del 2)

Av advokat Christopher Black

Advokat Christopher Black

Fortsettes fra del 1…..

I januar 2004 vart situasjonen for forsvaret og fangane så desperat at forsvarsadvokatane organiserte ein streik for å protestere mot ei rekke punkt: anklagane og rettssakene sin politiske natur, dei selektive forfølgingane som gav Kagame-regimet full immunitet og grønt lys til å massakrere millionar av menneske i Kongo, dei dårlege arbeidstilhøva for forsvaret, kroppsvisitasjonar av forsvarets bistandsadvokatar når dei kom for å møte med klientane sine, og isolasjonen av og leveforholda til fangane.

Leiar for denne streiken var Jean Degli, ein kongolesisk advokat med base i Paris; ein utmerkt talsmann og sterk leiar for forsvarsadvokatane sitt forbund. Kort tid etter vart også han implisert i ein finansiell skandale, og tvunge ut frå forsvaret av ein senior militær-offiser. Han måtte gå og han var ute. Med han borte frå tribunalet, kollapsa forsvarsadvokatane sitt forbund, og det blei aldri noko meir med dei.

Britiske og amerikanske advokatar dukka iblant opp i fengselet og fortalde anklaga at dei hadde fått utnemnd advokat. Men fangane hadde ikkje bedd om dei, kjente dei ikkje, ville ikkje ha dei, og vart overbeviste om at dei var sende inn frå vestlege etterretningsbyrå for å kontrollere utfallet i sakene.

Fangane sjølve laga ei liste over forsvarsadvokatar dei trudde arbeidde for vestlege etterretningsbyrå. Dei fangane som var uheldige nok til å falle offer for desse folka, ende alltid opp med å tilstå skuld i folkemord, i håp om lav straff, når det i røynda ikkje fanst noka truverdig sak mot dei. Dei vart fortalde at dei ikkje hadde noko val; at saka ikkje kunne vinnast. Altfor mange fall for det. I dei sakene som tribunalet ikkje klarte kontrollere ved venleg bistand, prøvde aktoratet å få plassert nokon på innsida av forsvaret for å vidareformidle informasjon og påverke forsvarets taktikk og strategi. Dette vart gjort i vår gruppe. Vi oppdaga fleire folk som jobba for aktoratet som spionar. Det var vanskeleg å stole på nokon.

Advokater i saken mot Kenyatta

Dei saboterte også laget vårt ved å prøve å lage felle for og arrestere vår øvste etterforskar, ein tidlegare rwandisk politi-major og ein veldig nyttig mann for oss i arbeidet med å lokalisere vitne. Den dagen han kom til Arusha, vart eg informert av ein sympatisk innstilt tenestemann om at dei hadde til hensikt å arrestere han med anklage om folkemord, at arbeidsprogrammet hans hadde blitt suspendert, og at eg heller burde få han ut av landet. Så vi laut raskt smugle han ut av Tanzania, til ein betydeleg pris, for å unngå at han skulle bli arrestert eller noko verre.

Anklagane var openlyst falske, ettersom han var klarert både av FNs tryggingspersonell og Rwanda lenge før han vart engasjert som vår etterforskar. Men forfølgingstaktikken forkrøpla effektivt forsvaret vårt i over eit år, og vi greidde aldri seinare å finne ein etterforskar med hans erfaring og kontaktnett. Til dags dato har kravet vårt om å få vite korfor han var anklaga blitt møtt med tystnad, men det er verdt å notere seg at han etter denne episoden vart tilsett i nederlandsk politi, som tok ein full sikkerheitskontroll på han, og kom fram til at han ikkje hadde hatt noko å gjere med hendingane i 1994.

Presset nådde nye høgder då aktoratet sette ut rykte som antyda at dei tenkte reise tiltale også mot kona til generalen. Vi hugsar alle korleis president Milosevic vart halden borte frå kona si, Mira Marovic, av same grunn.

Endeleg, nesten 5 år etter arrestasjonen av generalen, starta rettssaka, i september 2004. Det kom då fullstendig overraskande på oss at aktor heilt i starten av rettssaka reiste seg og la fram ei heilt ny tiltaleavgjerd, som inneheldt fleire dusin nye anklagar – inkludert påstandar om massakrar vi aldri hadde høyrt om og personlege mord dei påstod generalen skulle ha utført for eiga hand.

Anklagane var av verste og mest sensasjonelle slag. Det var tydeleg at dei var meint til å skape fordommar om tiltalte i auga på dommarane før rettssaka var kome igang, og faktisk vart mange av dei, som vi seinare såg i dommen, forkasta utifrå total mangel på framlegging av bevis. Det heile var ein farse.

Vi la ned protest og kravde ei utsetting, slik at vi kunne førebu eit forsvar. Vi vart nekta dette, og tvungne til å halde fram, og måtte såleis førebu forsvaret samtidig som rettssaka pågjekk. Ved det punktet var eg aleine, utan med-advokat, ettersom registraren nekta oss å få advokat etter eige val. Dommarane si haldning var frå første dag ope fiendtleg, og dei nekta å la oss diskutere visse emne, eller å krysseksaminere vitne slik vi ville. Dei tok openlyst parti for anklagarane, og sat tilbakelente og gjorde ingenting medan aktoratet kvar dag kom med vondsinna personangrep mot forsvarsadvokat og anklaga.

Paul Kagame, RPF (Rwandas Patriotiske Front), som i dag sitter med makten i Rwanda

Aktoratet sine vitne var alle hutu-fangar under RPF, haldne utan tiltale i ti år eller lenger under forferdelege kår, mange torturerte, ingen av vitnemåla deira i samsvar med det dei hadde sagt før rettssaka, mykje av det andre- eller tredjehands rykte. Aktoratet la aldri fram tekniske bevis for drapa, ingen foto, video, ingen namn på offer, ikkje noko DNA, ingen dokument eller ordrar, signaletterretning. Ingen RPF-funksjonærar vart kalla inn til å vitne.

Det einaste dei hadde av bevis, kom ut av munnen på desse hutu-fangane. Vitnemåla deira var ein farse. Dommarane prøvde ope å hjelpe aktoratet når vitna under kryssforhøyr vart avslørte i å gjenfortelle etter manus. Aktoratet brukte alle skitne triks i boka til å forstyrre kryssforhøyra våre og redde vitna etterkvart som dei fell ihop i vitneboksane.

Likevel hadde mange av dei, når dei kom i vitneboksen, motet til å seie ifrå om at dei hadde blitt tvungne til å signere erklæringar og vitne falskt til gjengjeld for lauslating, tenester, eller for å unngå avretting. Vi fekk frå desse vitna vite om at regimet hadde sett opp skular i fengsla, for å rekruttere og trene falske vitne, og dommarane fekk høyre detaljerte forklaringar om korleis vitne vart rekrutterte i desse fengsla, og at staben til aktoratet ved tribunalet var involvert i denne skandalen. Kva for skjebne desse fangane møtte då dei returnerte til Rwanda, veit vi ikkje, men skjebnen til dei som set seg opp imot Rwanda-regimet er alltid utriveleg og varig.

Til og med dommarane, utvalde og opplærte til å vere fiendtlege overfor forsvaret, byrja så smått å bli ukomfortable med det dei fekk høyre, og uroa over å få vite at alle vitneerklæringane lagt fram for oss daterte seg til etter arrestasjonen av generalen.
Tiltalen mot general Augustin Ndindiliyimana verka etterkvart som om den var henta utifrå lause lufta. Heile saka sin bevisførsel var basert berre på vitneutsegner, og ingen av desse var daterte til før arrestasjonen.

Vi fekk vite at dommarane hadde fått utlevert dokument til gjennomlesing som ikkje vart gitt til forsvaret, så vi visste ikkje kva dei baserte avgjerdene sine på. Dommarane trua meg og andre i forsvaret med arrest dersom vi heldt fram med utspørjingar som dei ikkje ønska vi skulle gå vidare med, og der var dagleg arrige konfrontasjonar i retten mellom dommarar og forsvarsadvokatar når vi prøvde verne om rettane til den anklaga og insisterte på ein rettvis rettergang.
Gjennom heile rettssaka kom det ut bevis for at fiende-styrkane hadde gjort grufulle ting i stor skala mot sivile, men i staden for at dommarane spurde aktoratet om korfor desse styrkane ikkje vart anklaga, prøvde dei å få oss til å teie.

I 2005, under krysseksaminasjonen min av ein belgisk oberst i hæren om det som er kjent som Dallaire-folkemord-faxen, fekk vi vite at tolkane las frå manus som aktoratet hadde førebudd, i staden for å tolke det faktiske vitnemålet til vitnet. Vi vart sjokkerte, og kravde ei gransking av kor lenge denne praksisen hadde pågått, og kravde at aktoratet skulle siktast. Dommarane sat der igjen med steinfjes, og trass krava våre, skjedde ingenting.

Det var under dette kryssforhøyret at Dallaire-faxen vart avslørt som forfalsking og plassert i FN-arkivet av ein oberst i den britiske hæren. Men sjølsagt rapporterte ikkje media som dekka saka om dette avgjerande faktumet, og til dags dato har dei halde fram med å referere til Dallaire-faxen som eit essensielt dokument som beviser at det var eit planlagt folkemord. Men aktoratet var så forlegne over denne avsløringa at faxen aldri meir vart nemnt i nokon av rettssakene ved ICTR, og sjøl om det var påstått å vere det viktigaste aktorat-dokumentet i rettssaka, så vart det aldri meir tatt opp igjen av aktoratet.

Rettsalen verkar høytidelig og seriøs på billete, men ifølge artikkelforfattaren er det ein illusjon. Rettssakene tenar imperialismen.

I 2006 arrangerte aktoratet å få ankedomstolen til å kome med den forbløffande erklæringa om at «folkemordet» var eit uomstridd faktum [‘a judicially noticed fact’], trass at forsvaret klart nekta for dette, trass bevis som peika i motsett retning under rettssakene, og trass det faktum at den primære anklagen som alle dei anklaga stod overfor var nettopp folkemord. I realiteten slo tribunalet fast at forsvaret ikkje kunne fornekte hovudanklagen mot dei.

Men dei lykkast ikkje med å bringe forsvaret til tystnad. Vi heldt fram fram med å presentere forsvaret vårt trass denne avgjerda, og i saka vår i det minste, gav dommarane opp å kjempe mot oss dag etter dag, og vi heldt fram med å presentere fakta.

I september 2006 vitna dr. Alison Des Forges, den velkjende eksperten på rettsforfølging, i saka vår, og utarbeidde i samband med dette ein ekspert-rapport. Problemet var at ho fjerna frå rapporten utsegner ho hadde gitt i ein tidlegare rapport, om at Ndindiliyimana var ein mann som var imot folkemord og hadde prøvd å verne om sivile. Då ho vart konfrontert med dette i kryssforhøyret – om korfor ho hadde forsøkt å føre dommarane på avvegar – nekta ho å svare på spørsmåla, men utifrå aktorane sine reaksjonar var det tydeleg at ho hadde fjerna desse ytringane som vitna om uskuld, i eit forsøk på å motarbeide rettsvesenet [‘obstruct justice’], og at ho gjorde det på ordrar frå aktoratet. Dommarane i saka gjekk til det uvanlege steget å sensurere dr. Des Forges for dette bedraget i rettsdommen.

I 2007 var vi vitne til ei anna bisarr hending, der dommarane og aktoratet heldt eit hemmeleg møte om korleis dei skulle eliminere det uønska vitnemålet til ein tutsi-prins ved namn Antoine Nyetera, sonen til den siste tutsi-kongen og velkjent i Rwanda. Han hadde vitna om at RPF hadde utført all drepinga, ikkje regjeringa, og at han var vitne til det.

Mislikande det faktum at ein prominent tutsi hevda at massemedia sin versjon av hendingane var falsk, og at RPF-styrkane som aktoratet nekta å sikte, var ansvarlege for dei fleste drapa, avgjorde dei i eit hemmeleg møte med aktorane å erklære i retten at dei ville eliminere vitnemålet hans frå protokollen [‘the record’]. Då heile forsvaret la ned protest, vart vi møtt av ein massiv mur. For å dekke over kva dei hadde gjort, skreiv dei også om dagsordenen for gjeldande dag.

Vi byrja i tillegg å sjå at transkripsjonane frå saka var manipulerte. Vi fekk utlevert utkast-transkripsjonar kvar morgon, men når vi mottok den endelege versjonen, var visse ord eller nøkkel-omgrep endra på, til fordel for aktoratet. Atter ein gong kom vi ingen veg med klagane våre. Vi la merke til at vi vart overvaka av sikkerheitspersonell frå FN når vi hadde møte med vitne på hotell. Dette vart gjort heilt openlyst, og hensikten var tydeleg å skremme oss.

Det var kring desse tider at 35 av fangane skreiv til Tryggingsrådet og slo fast at dei såg på seg sjøl som politiske fangar av FN. Dei fekk ingen respons på brevet.

I juli 2008 kom ein amerikansk ICTR-fullmektig bort til meg på ein kafé i Arusha, og fortalde meg at han var CIA-offiser, at dei hadde myrda andre som gjekk for langt i tribunalet, og at dersom eg ikkje stansa forsvarsarbeidet mitt, så kom dei til å drepe meg og. Eg rapporterte denne bisarre samtalen til presidenten for tribunalet, den norske dommaren Erik Møse, men endå ein gong vart eg møtt med total mangel på interesse.

Dommar Erik Møse

Klienten min prøvde å trøyste meg med at dei nok ikkje kom til å røre meg, at dei berre prøvde å skremme meg. Dette var ikkje første gong ein slik trussel var blitt ytra. Eit medlem av den rwandiske regjeringa kom til meg i starten av rettssaka etter å ha sett meg krysseksaminere vitna deira, og fortalde meg at viss eg heldt fram slik, så hadde eg ikkje lenge att å leve.

Klagar til dommarar og FNs sikkerheitspersonell førte ingenstad. Tanzaniansk hemmeleg politi tok fleire gongar kontakt med meg desse åra og kom med liknande truslar, og det har ikkje ein gong stoppa enno.

I juli i år vart eg i Toronto kontakta av kanadiske etterretningsfolk som kunne fortelle at eg stod oppført på ei rwandisk dødsliste, og spurde meg om eg akta halde fram med å vere aktiv i Rwanda-saka. Det verka på meg som om dei på ein listig måte åtvara meg om ein trussel for å gi meg ein.

I november 2005 forsvann Juvenal Uwilingiyimana – ein tidlegare minister for Rwandas regjering som vart intervjua av to kanadiske etterforskar som arbeidde for Stephen Rapp, dåverande sjefsanklagar ved ICTR – då han drog av stad for å møte med desse etterforskarane i Lille i Frankrike. Dette var dei same kanadiarane som hadde halde statsminister Kambanda isolert i 9 månadar for få ut av han ei falsk tilståing.

x-minister Juvenal Uwilingiyimana som vart funne drepen

Fleire veker seinare vart liket av Uwilingiyimana funne i ein kanal i Brussel, utan klede, med hendene avkutta. Rett før han forsvann skreiv han eit brev til tribunalet, der han slo fast at Rapp og folka hans dreiv utpressing av han for å få han til å avgi falsk forklaring, og at dei hadde trua med å drepe han og kutte han opp i bitar dersom han ikkje samarbeidde.

Eg og andre i forsvaret tok opp dette brevet og mordet i retten og la fram krav om at dei hovudmistenkte til mordet, Stephen Rapp og dei to kanadiarane, skulle suspenderast og haldast fengsla under etterforsking. Ingenting vart gjort. Det belgiske politiet føretok inga gransking, og Rapp vart forfremma til stillinga USAs omreisande ambassadør for krigsbrotsverk.

Stephen Rapp

I 2008 tok eit vitne for aktoratet i saka vår tilbake det han tidlegare hadde sagt. Han fortalde at han hadde blitt tvungen under dødstrussel om å gi falsk forklaring. Forsvaret lykkast i å få dommarane til å kalle han tilbake i retten for utspørjing, og han vart frakta frå Rwanda til eit sikkert hus under FN i Arusha. Dagen før han skulle vitne forsvann han frå det sikre huset, og har aldri sidan blitt sett. FN kunne ikkje forklare korleis han kunne forsvinne frå eit av deira sikre hus. Eit anna aktorat-vitne trakk også tilbake det han hadde sagt, og hevda det same, men i dette tilfellet anklaga aktoratet meg for å ha muta han. To granskingar konkluderte med at han fortalde sanninga, som inkluderte det faktum at ein medarbeidar for aktoratet var involvert i bestikking for falskt vitneutsegn [‘suborning perjury’].

På omtrent same tid vitna ein militær-etterretningsoffiser for RPF, som hadde flykta frå regimet, om at alle seksjonar av tribunalet var infiltrert av vestlege og RPF sine etterretningsfolk, og at tolkane alle arbeidde for rwandisk etterretning, og at dommarane vart sett på som nyttige marionetter.

Faktisk såg vi fleire gonger gjennom rettssaka at amerikanske offiserar frå hæren og seniorar frå det amerikanske justisdepartementet var til stades og sat ihop med folk frå aktoratet. Då vi fann ut kven dei var, kravde vi at dei skulle kastast ut, og dommarane vart tvungne til å gi ordre om å fjerne dei frå rettssalen.

Under den korte krysseksaminasjonen vi vart løyva av general Dallaire, via videolink frå hovudkvarteret til Canadian Defence i Ottawa, gjorde kameramannen den tabben å zoome ut kamera frå eit nærbilde av generalens ansikt og torso til eit vidvinkelbilde. Vi vart sjokkerte over å sjå at der sat 5 seniorar frå den kanadiske hæren ved sidan av han, endå vi var blitt fortalde at han var aleine i rommet med teknikaren og ein domstolsfullmektig.

Då vi kravde å få vite kven dei var og kven som hadde gitt dei ordre om å vere der, nekta dei å svare, og dommarane nekta å gi ordre om å få dei fjerna frå lokalet. Det var tydeleg at den kanadiske regjeringa var redd for at Dallaire skulle avsløre Canada si rolle i samanbrotet av freden, attentatet på president Habyarimana og andre, og massedrapa som følgde.

General Romeo Dallaire

I 2008 fann eg, gøymd blant filene til aktoratet, eit brev datert august 1994 frå Paul Kagame. Her refererer han til sin og president Museveni sin «plan for Zaire» og slår fast at hutuane står i vegen for den planen, men at den kan halde fram med støtte frå amerikanarane, britane og belgarane. Eg tok opp dette brevet i retten neste dag, ettersom det indikerte at krigen i Rwanda berre var første fase i den større krigen i Kongo, ein krig som var planlagt sannsynlegvis så langt tilbake som i 1990.

Aktoratet anklaga meg med det same for å ha forfalska dette dokumentet, sjøl om det kom frå deira eigne filer, og den kvelden vart eg ope forfølgt av ein tanzaniansk politietterforskar. Eg var nøydd til å be dommarane om vernetiltak neste dag. […] Det er verdt å merke seg at som vedlegg til brevet låg det ein rapport frå USAID-tenestemann Robert Gersony til FN sin Høgkommisjon for flyktningar (UNHCR), som slo fast at RPF-styrkane i breitt omfang og systematisk hadde massakrert sivile hutuar sidan april 1994 og fram til datoen på rapporten, oktober 1994.

Det er også verdt å merke seg at rapporten hadde ein merknad frå ein UNHCR-funksjonær til ein annan som slo fast at rapporten måtte haldast konfidensiell. Dette beviset som indikerte uskuld, skammeleg gøymt unna av FN, hadde vore i hendene på aktoratet i årevis, men illegalt halde skjult for oss.

I 2011, trass overveldane bevis for at Ndindiliiyimana hadde gjort alt han makta for å redde liv og gjenopprette freden i Rwanda, og at han var uskuldig i alle anklagane, vart han av dommarane dømt for å feila i å straffe underordna for to påståtte brotsverk. Men dei frikjende han for alle dei vesentlege anklagane og gav ordre om å sleppe han fri. Domfellingane verka absurde, ettersom den eine hendinga aldri hadde skjedd og i den andre hadde ikkje folka hans vore involverte.

Då ankedomstolen henla desse domfellingane den 7. februar 2014, fekk eg vite frå ei kjelde på innsida at ein høg dommar hadde fortalt han at dommarane følte dei måtte dømme Ndindiliiyimana for noko, trass i at han var klart uskuldig, fordi dei var redde for konsekvensane frå amerikanarane dersom dei heilt frikjende han.

Ei rekke kommentatorar spekulerte også i om dei måtte rettferdiggjere den lange, illegale fengslinga. Uoffisielt fekk eg, dagen etter at dommen var felt, ein e-post frå den amerikanske kvinna, obersten, som først hadde hatt med saka å gjere i 2000 og tilbydd oss eit forlik. Ho skreiv ho var sint for at Ndindiliyimana hadde blitt domfelt, at ting aldri var meint å skulle gå så langt, og at om eg nokon gong var i Washington, så skulle ho fortelle meg kva som verkeleg låg bak det heile. Men eg har ikkje reist til Washington, og vi møttest aldri.

Om det som kommer fram i artikkelen er rett, står vi overfor ein av verdas største rettsfarsar

Eg har forsøkt å gi deg eit vindauge inn til korleis desse show-rettssakene blir drivne, korleis ting reelt fungerer ved desse tribunala. Kvar rettssak har si eiga historie å fortelle. Det er eit svært deprimerande og mørkt bilde. Det var ei svært bitter erfaring. Det er ikkje mykje meir eg kan seie, unntatt at det verkar på meg som om eit internasjonalt rettsvesen som lever opp til namnet, ikkje kan eksistere utan ein internasjonal orden som er demokratisk; ein verdsorden der suverenitet og likskap mellom nasjonar er fundamentalt.

Lova og dens juridiske strukturar reflekterer dei sosiale, økonomiske og politiske forholda i eit samfunn. For å gjenoppbygge den juridiske arkitekturen til internasjonalt rettsvesen, slik at den er rettvis, upartisk og universell, må vi først endre dei grunnleggande økonomiske, sosiale og maktrelaterte forholda som utgjer fundamentet. Utan dette vil menneskeslekta fortsette nedover vegen med reaksjon og krig, og lista over offer for desse verkeleg kriminelle tribunala vil bli lang, og offera for ein verdskrig vil inkludere oss alle. Korleis skal dette gjerast? Det overlet eg til dykk.

Omsett av Monica Sortland
Merknad frå omsettar: Det var visse vanskar med arbeidet, spesielt med tanke på juridisk terminologi, yrkestitlar og namn på organisasjonar. Ideelt sett skulle artikkelen vore omsett av ein med juss-utdanning. Gi gjerne konstruktive tilbakemeldingar! Originalartikkelen kan lesast på engelsk på denne adressa: https://christopher-black.com/the-criminilisation-of-international-justice-anatomy-of-a-war-crimes-trial/

Bilder/tekst: Knut lindtner

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Ola Henriksen
    26 mars 2019 16:07

    ««plan for Zaire» og slår fast at hutuane står i vegen for den planen, men at den kan halde fram med støtte frå amerikanarane, britane og belgarane. Eg tok opp dette brevet i retten neste dag, ettersom det indikerte at krigen i Rwanda berre var første fase i den større krigen i Kongo, ein krig som var planlagt sannsynlegvis så langt tilbake som i 1990. »

    Jeg husker at aviser i Norge var full av «nyheter» om Rwanda og det forferdelige som skjedde (» » )( altså ble satt i gang utenfra ?).
    Løgn, løgn, løgn.
    Senere er antagelig «Ebola» brukt på samme måten.
    Er det hele satt i gang av USA/Frankrike/vesten ?
    Området er fullt av mineraler , gull, diamanter og viktige «sjeldne jordmineraler»
    Er det dette det dreier seg om, og i tillegg et forsøk på å hindre Kina i å arbeide seg videre oppover det afrikanske kontinnentet?
    ( Gadaffis forsøk på å etablere en ny valuta for det afrikanske kontinentet, for å løsrive Afrika fra vestlig (FED)- styring ble antagelig slått ned av samme grunn. )

    Hadde vi hatt frie, etterrettelige, aviser i Norge ville det vært naturlig at avisene fortsatte Rwanda- skriveriene når nye opplysninger kom fram.
    Hvor er journalistene i Norge, har de ikke lengre yrkesstolthet?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Kina truer nå USA-dominansen.

Landet må derfor demoniseres i mediene.

Previous Post

Christopher Black:

ICC (den internasjonale straffedomstolen): et redskap for løgn og svindel. Del 1

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.