av Caitlin Johnston
den 7. august, 2020

Nøyaktig null av dei verste folka i verda sit i fengsel.
Det største hinderet for at menneskeslekta skal greie å danne eit samarbeidande forhold til kvarandre og økosystemet vårt, er ikkje «den menneskelege naturen», det er at manipulerande sosiopatar stadig arbeider seg inn i maktposisjonane. Dersom vi fann ein måte å takle sosiopatien, ville det løyst dei fleste av problema våre.
Nokre kjenner seg støytte når eg seier at Trump ikkje er verre enn forgjengarane hans. Eg kjenner meg støytt når dei ignorerer barbarismen til Trumps forgjengarar.

Den måten som politikarar let som dei foraktar opponentane sine fordervelege handlingar på, for seinare å bli heilt gemyttlege med dei, beviser at dei ikkje er opponenten sin fiende, dei er din.
Biden kjem truleg til å bli USAs neste president, med mindre noko drastisk skjer (det kan sjølvsagt alltids skje), og anti-imperialistar skjønar i det minste sånn nokolunde at dette sannsynlegvis vil bety ein auke i den militære intervensjonismen og ei kaldkrigseskalering. Vi bør alle byrje innsjå kva som hender og førebu oss på det.
Eg kan garantere at alle som grundig har sett seg inn i motstand mot USA-imperialismen, mistenker at det vil bli verre, kanskje mykje verre, under Biden og hans buktalar-team. Men dei er redde for å seie det høgt, for det å bli sett på som støttespelar av katastrofen Trump kan skade ryktet ditt.
Folk som aksepterer kaldkrigseskalering mot Kina og/eller Russland, har rett og slett ikkje tenkt særleg nøye på kva atomkrig er, kva den ville bety, og den måten den sannsynlegvis ville skje på.
«Sjølvsagt veit eg at USA lyg om alt og konstant spreier propaganda, eg er ingen tosk,» sa Den smarte internett-personen. «Men av ein eller annan grunn har det óg blitt veldig, veldig viktig for meg det siste året at vi alle hatar Kina.»
Chinagaters er alt det dummaste ved Russiagaters pluss alt det dummaste ved Republikanarar.

Dette er US-amerikanske militærbasar. Eitt av dei to landa ter seg aggressivt, det andre ter seg defensivt. Om du ikkje skjøner kven som er kven, er det fordi medieekkokammeret ditt har forvandla hjernen din til suppe.
«Eg stolar ikkje på Kina» lyder kring halvparten av kommentarane eg får på sosiale medium i desse dagar.
Ingen ber deg «stole på» Kina. Du treng ikkje «stole på» nokon for å forsvare avspenning framfor verdstruande kaldkrigseskalering. Dette er verkeleg ikkje vanskeleg.
Lærde seier ting som «Beijing prøver berre å kontrollere Xinjiang fordi lokasjonen kjem til å spele ei svært viktig rolle i Silkevegen!»
Øh, hallo! Og det vestlege imperiet kjempar for å unndra regionen kinesisk kontroll av nøyaktig same grunn. Korleis er ikkje det openbert?
Gjer eit tankeeksperiment og erstatt kvar nyheitsoverskrift om kvar regjering som USA er ute etter med «Nasjon insisterer på finansiell, økonomisk, ressursmessig og/eller militær sjlølvråderett». Du får då eit mykje meir presist bilete av kva som skjer.
Eg foraktar antisemittar. Den ekte typen, som brukar trippelparantesar [rundt jødiske namn i nettinnlegga sine], ikkje den imaginære Jeremy Corbyn-typen.
Legg merke til korleis mainstream-surret om psykedeliske stoff i dag handlar om kor nyttige dei er når ein skal gjere folk med psykologiske problem om til funksjonelle tannhjul i maskineriet, ikkje om å la alle bruke dei, så vi alle kunne sjå sinnsjukdommen i maskineriet sjølv.
Det rår ei vanleg misforståing om at det å snakke om konspirasjonsteoriar er ein bra måte å få klikk på. Det er usant. Å snakke om konspirasjonsteoriar som stadfestar partiske mainstream-fordommar er ein bra måte å få klikk på. Desse er ’tilfeldigvis’ også av den bedritne typen konspirasjonsteoriar.
Når imperialistar skrik ut ordet «whataboutism» meiner dei eigentleg «Slutt opp med å peike på dei fellande sjølvmotseiingane, den manglande samanhengen i, og hykleriet i standpunktet mitt.»
Det hadde vore mykje mindre forvirring på nettet viss folk verkeleg intuitivt forstod at det ikkje finst nokon korrelasjon mellom kor sjølvsikkert nokon seier noko og kor sant det er.
~
Originalartikkelen kan lesast her: https://caitlinjohnstone.com/2020/08/07/none-of-the-worlds-worst-people-are-in-prison-notes-from-the-edge-of-the-narrative-matrix/?fbclid=IwAR3bdtqjxvIFtJ4Nhe8yfStjFXKkcvRJ2DuqCSMRiI5wBUF7W0hC2Lsp1ZI
Omsett av Monica Sortland
Tidligere publisert på derimot.no
Forsidebilde: Milad B. Fakurian
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 181 ganger.
3 kommentarer. Leave new
[…] Omsett av Monica Sortland for Derimot.no. […]
Rettvesenet er for vanlige folk, akkurat som skatt er for vanlige folk. De rikeste og mektigste lager lover og regler på deres egne premisser og på «vanlige folk»s bekostning. Slik er det, slik har det alltid vært og slik vil det alltid være.
«De rikeste og mektigste lager lover og regler på deres egne premisser og på «vanlige folk»s bekostning. »
Ja, Jonas. Derfor er det viktig for en nasjon å ta de, partier og politikere, som bryter Grunnloven, mer enn de små som bryter underliggende lover.
Og bryter partiet nasjonens Grunnlov flere ganger bør partiet forbys.
(Spesielt når han/de bruker nasjonens forsvarsfly til å bombe andre land uten at vi eller andre land er angrepet, selvfølgelig. )
http://derimot.losi.no/jens-stoltenberg-vi-bombet-dere-for-a-redde-dere/