POSTED IN Media

Britisk journalist:

Mediene lystrer ukritisk myndighetene i Koronasaken.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Dei britiske hovudmassemedia har slavisk lydd regjeringa sine Covid-utspel, som ei føyeleg grein i ein despotisk stat. Det veit eg, for eg har sjølv vore med på det.

av Matt Drake

Matt Drake er ein britisk journalist som har skrive for aviser som Spiked, The Spectator, The Telegraph, The Independent, Evening Standard, LBC, The Sun og the Daily Express.

Heiagjengen i dei største media for nedstenging har følgd ordrane til statsministeren og med urett stempla alle nedstengingsskeptikarar som sprø konspirasjonsteoretikarar – men tidevatnet er i ferd med å snu.

Fra Anti-lockdown i London

Fleire og fleire byrjar skjøne at nedstenginga har vore ein gedigen feil. Likevel jaktar avisene og TV, i det minste her i Storbritannia, lojalt på dissidentar, og rullar dei i tjære og fjøyr som galningar som treng innesperring.

Dei skeptikarane det var vanskeleg å plassere i galehuskategorien, slike som lord Sumption, eit av dei mest briljante hovuda i Storbritannia, vart heilt enkelt ignorerte. 

Då den tidlegare leiaren for Høgsterett den 31. mars – etter at parlamentet med den nye Coronavirus-lova (som gjekk igjennom utan debatt i Commons) fekk innvilga makt utover alt ein tidlegare har sett – skreiv i avisa The Times at Storbritannia var i ferd med å «gli over i ein politistat», fekk då dette frisinna intellektet mengder av pressedekning? 

Nei, sjølvsagt ikkje. Det var merkbart stille. Mainstream-media var rett og slett ikkje interesserte i noka anna historie enn den offisielle om kor forferdeleg farleg viruset er.

Media har mislykkast i å gjere jobben sin skikkeleg, med mindre den jobben er å vere fremste heiagjeng for regjeringa. Med nokre få modige unntak, har jobben til journalistane deira vore å rapportere kvart (bokstaveleg talt) host som ein alvorleg trussel mot liv og lemmar – og generere nett-klikk på kjøpet; ikkje å forakte. Kvart nytt dødsfall, kvar nye skremselshistorie, vart raskt skrive ned og kasta ut på nett med sensasjonsoverskrifter.

Åtvaringane til slike som Jonathan Sumption, som faktisk har tenkning som yrke og leveveg, at alt dette var skadeleg «hysteri», vart teia i hel.

Då det var ei relativt stor samling av nedstengingsskeptikarar på Trafalgar Square førre månad, var media langt ifrå snille. Mange av overskriftene følgde linja til Evening Standard: “Tusentals samlar seg på Trafalgar Square for å promotere coronavirus-konspirasjonsteoriar ved ‘anti-nedstenging’-protest.»

Vel, sjølv om der utan tvil var nokre særingar i mengda – inkludert grunntonesettaren David Icke, som trur at øgler kontrollerer verda, og ein mann i bakrekkene som no og då falda ut eit fascistflagg – var alle der verkeleg konspirasjonsteoretikarar?

Dette var resultat av en konspirasjon. Hvem som stod bak er det uenighet om. Det er det mange teorier om. Den offisielle rapporten er også en konspirasjonsteori.

Konspirasjonsteoretikarar finst i randsona til politikken og hovudstraumssamfunnet. Men den same dagen marsjerte over 30 000 i protest i Berlin – noko New York Times hånte som «bisart».

Betyr det at konspirasjonsteoriar aukar i popularitet? Eller, meir sannsynleg, kanskje var det i protestopptoga heilt normale folk som er uroa over tilstanden til landet sitt, og som bekymrar seg over slike bagatellmessige saker som rettar og fridom.

Folk som Rose, som ikkje ville gi meg etternamnet sitt, men har deltatt i alle tre anti-nedstengingsprotestane. Ho fortalde meg denne veka: «Eg er svært bekymra for landet, og eg er ingen konspirasjonsteoretikar. Eg føler at regjeringa misbruker makta si. Tiltaka deira gir ikkje meining når det berre er nokre få Covid-dødsfall om dagen

Dei fleste som var til stades ved anti-nedstengingssamlingane, vil helst ikkje seie namnet sitt, eller i det heile innrømme at dei har vore der, av frykt for å bli stempla som konspirasjonsteoretikar – eller endå verre, miste jobben.

Ein mann, som ønska vere anonym, sa: «Eg synst David Icke sa mykje fornuftig under protesten, men eg trur eigentleg ikkje på noko av det han elles seier. Men i følge BBC er vi alle konspirasjonsteoretikar.»

Andre har innrømt å ikkje delta sjølv om dei ville det, fordi dei ikkje hadde lyst på merkelappen galning. Kayleigh Barnes, 27, frå sør-aust-England, sa ho ønska å ta del i protestane, men ikkje kunne på grunn av helseproblem.

Ho la til: «Eg trur ikkje på 5G-konspirasjonsteoretikarane eller at dronninga er ei øgle. Covid-19 eksisterer, men verda overdriv kolossalt.»

«Dei protesterande fekk enten inga dekning i det heile, eller vart framstilte som egoistiske konspirasjonsgalningar. Det var ingenting i mellom.»

Kanskje ville protestane verka meir latterlege dersom Storbritannia ikkje hadde oppført seg som ein politistat. Piers Corbyn, broren til tidlegare Labour-leiar Jeremy Corbyn, vart gripen, arrestert og bøtelagt med 10 000 pund for å ha organisert ei fredeleg samling.

Piers Corbyn er en anerkjent astrofysiker.

 

Samtidig fann det stad fleire andre protestar den dagen, og deira organisatorar vart ikkje plaga av politiet. Hr. Corbyn trur ordren om å arrestere han kom frå «høgt oppe», og det er vanskeleg å ikkje tru den var politisk motivert.

Australia er raskt på veg til å bli så despotisk, og dei gir eit skrekkeleg bod om kva som kan vere i vente for Storbritannia. Politifolk i Melbourne stormar inn i folk sine heimar for å arrestere dei som støttar protestar, inkludert ei gravid kvinne som braut saman i tårer framfor barna sine då ho vart arrestert for «oppvigleri» tidlegare denne månaden.

Politiet i Victoria sa i ei kunngjering at alle som tenkte delta i protestane ho promoterte kunne vente seg ein «rask og fast respons frå politiet»; eit openlyst forsøk på å skremme folk til lydnad.

Som med vanvitet i 2016, då den liberale medieeliten hånte Trump- og Brexit-supporterar, kan det godt hende dei vil få ei brutal oppvakning. Kor mykje meir kan folk tole av å bli kalla stupide og galne av overlegne apparatsjikar i BBC, CNN og Sky News?

Og ja, dei er appartsjikar, for dei er verkeleg godt i lomma på regjeringa. Utifrå personleg erfaring, så vel som rapportar frå BBC-journalistar, har regjeringa hatt uforholdsmessig stor påverknad på media, med det at det blir «føreslått» historier journalistane kan dekke dersom dei entusiastisk følger regjeringa si linje og er «medgjerlege» mot ministar når dei intervjuar dei.

Solskinn og uteliv er sunt for kropp og sjel

Då eg arbeidde for ein viss mainstream-publikasjon under den bitande våren, då folk berre fekk lov til ein time trening om dagen, avslørte redaktørane mine at hadde blitt bedne av Downing Street om å «hamre inn bodskapen» om at folk ikkje skulle nyte solskinet i helgene.

Alle reportarar fekk beskjed om at dei på ingen måte skulle publisere noko som kunne gå imot regjeringslinja. Dette vart kopla med sjølvsensur, ei redaktoriell avgjerd om å ikkje rapportere om anti-nedstengingsprotestar på ein slik måte at det «legitimerte» plattformen deira – medan ein samstundes skulle gi plenty med reportasjeplass til Extinction Rebellion og Black Lives Matter, BLM.

Det har alle kjenneteikna til den typen ufrie presse som ein finn i ein despotisk stat. For korleis ser eigentleg totalitarisme ut? Folk flest vil tenke på Sovjetunionen, nazi-Tyskland eller Nord-Korea. Den typen brutale regime som inspirerte George Orwells 1984.

Når mediene blir megafoner for regjeringens politikk er vi farlig nær politistaten

Men ein annan roman, Brave New World, skriven av Aldous Huxley mange år før, i 1932, gav bod om ein annan type dystopi. Eit vitskapeleg diktatur der folk blindt følgde autoritetane og faktisk elska sin lydnad.

Som i Sovjetunionen, der dissidentar vart klassifiserte som mentalt forstyrra, blir dissidentane i dag stempla som konspirasjonsteoretikarar. Meiningane deira er sjuke, ikkje legitime synspunkt ein skal ta seriøst, om vår de facto politistat, eller om den overdrivne trusselen frå koronaviruset, eller om den forskrekkelege skaden som er gjort på økonomien vår og helsa vår med nedstengingane. I staden er vi farlege, eksentriske kjettarar som berre fortener å bli spotta, forakta og utstøytte frå mainstream-samfunnet, medan resten ifører seg maskene sine og klappar for politiet når dei slår ned på ikkje-konformistane.

Fritt omsett og noke nedkorta av Monica Sortland

Forsidebilde: Laura Chica

Tidligere publisert på derimot.no

https://www.rt.com/op-ed/500189-lockdown-mainstream-media-covid/



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 516 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Det vigtigste ser ut til å være at folk skal holde seg engstelige, – og stole mer på øvrigheten enn før. (!)
    Det kan ikke være folkehelsa som er det viktige her. Frykt er ikke akkurat positivt for folkehelsa? Er du ikke redd for viruset, siden det sjelden gir større plager enn en forkjølelse, – så har media «opplyst» om at du skal være redd for senvirkningene! 😉
    Men:
    ‘ Men selv om disse rapportene kan gjøre stort inntrykk, betyr det ikke at skader og langvarige plager er spesielt for covid-19..
    Sliter etter alvorlig influensa…..Senskadene kan være dårligere lungekapasitet, angst, depresjon, dårligere muskulatur og nedsatte mentale og kognitive evner …..Det har ikke vært så stort fokus på dette før pandemien…’ 😉
    https://forskning.no/bakterier-sykdommer-virus/covid-19-kan-gi-plager-lenge-etter-infeksjonen-er-ferdig-men-senskader-etter-infeksjoner-er-slett-ikke-noe-nytt/1741100

    Svar
  • ‘ Aldri før har de innbilte syke hatt det så godt. Vi har smitte bak ethvert hjørne, på ethvert dørhandtak, bak enhver maskedekket person som kommer gående mot oss. Lever vi ikke i hypokonderiets glansdager? Endelig har myndighetene med trompet og fanfare kunne bekrefte at hypokonderen virkelig er syk!
    Men lever vi godt? For etter alt å dømme lyver myndighetene. Ikke bare har de forfalsket dødsattester en masse, deres PCR-test som er nøkkelen for å finne ut om noen er smittet, er tvers igjennom ubrukelig. Ikke bare ubrukelig, den er et bedrag. ‘
    http://www.nyhetsspeilet.no/2020/09/dr-heiko-schoning-i-berlin-nei-til-logn-ja-til-sannhet/

    Svar
  • THE COMMITTEE OF 300 by Dr. John Coleman

    ”Euthanasia for the terminally ill and the aged shall be compulsory. No cities shall be larger than a predetermined number as described in the work of Kalgeri. Essential workers will be moved to other cities if the one they are in becomes overpopulated. Other non-essential workers will be chosen at random and sent to underpopulated cities to fill «quotas.»

    At least 4 billion «useless eaters» shall be eliminated by the year 2050 by means of limited wars, organized epidemics of fatal rapid-acting diseases and starvation. Energy, food and water shall be kept at subsistence levels for the non-elite, starting with the White populations of Western Europe and North America and then spreading to other races. The population of Canada, Western Europe and the United States will be decimated more rapidly than on other continents, until the world’s population reaches a manageable level of 1 billion, of which 500 million will consist of Chinese and Japanese races, selected because they are people who have been regimented for centuries and who are accustomed to obeying authority without question.

    From time to time there shall be artificially contrived food and water shortages and medical care to remind the masses that their very existence depends on the goodwill of the Committee of 300.”

    https://www.cia.gov/library/abbottabad-compound/4A/4A92FD2FB4DAE3F773DB0B7742CF0F65_Coleman.-.CONSPIRATORS.HIERARCHY.-.THE.STORY.OF.THE.COMMITTEE.OF.300.R.pdf

    Svar
    • Vidar Johansen
      25 mars 2021 4:05

      Takk for utrolig spennende link der, Espen! Dette blir lesestoff i lang tid fremover.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hvem ønsker seg fortsatt dollar?

Ikke Kina, i hvert fall.

Previous Post

Kroverten (legemiddelselskapene) vil selge vinen sin.

Det er ikke statens oppgave å være kelner, tvert imot.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.