POSTED IN EU, Mat/Landbruk, Ukraina

Bøndene i nesten alle EU-land protesterer.

Ofrer EU eget landbruk for å redde Ukraina?

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Protestar i Europa kan føre til ei stor sosial krise

Lucas Leiroz skriv i ein artikkel publisert 6.februar 2024 på nettstaden Strategic Culture Foundation om dei store bondeprotestane som for tida går føre seg i fleire europeiske land. Europeiske regjeringar ser ut til å ignorere dei fullstendig, og dette kan føre vil alvorlege problem for EU-blokka.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Leiroz skriv (mi omsetjing):

«Dei noverande protestane i Europa fører fleire land inn i ei alvorleg sosial krise. Europeiske regjeringar er framleis uviljuge til å møte krava til bønder og landbrukarar, noko som genererer ei eskalering av demonstrasjonar og uro rundt stabiliteten til EU i den nære framtida.

Arbeidarar på landsbygda krev at ein dannar vernemekanismar for innanlands produksjon, reduksjon av importen av landbruksvarer, so vel som endringar i ‘grøn’ politikk som sterkt skader produsentar. Protestar har gått føre seg sidan januar, der tusenvis av bønder har teke til gatene i land som Frankrike, Tyskland, Belgia, Italia, Polen, Romania og Nederland – i tillegg til mindre demonstrasjonar i enkelte andre land.

Der er ei rekkje faktorar som ein må forstå for å skikkeleg analysere den noverande krisa. For det fyrste er det naudsynt å hugse at den europeiske landbrukssektoren tradisjonelt er meir skrøpeleg enn andre økonomiske segment, slik som industri og finans. Lokale bønder står i ein uheldig posisjon i relasjon til dei større matprodusent-kreftene utanfor Vest-Europa. Av denne grunnen har sektoren alltid vore tungt avhengig av statlege incentiv for å halde seg aktiv, noko som garanterer stabilitet og profitt for bønder.

Matvareproduksjon er en fundamental samfunnsmessig virksomhet.

Derimot har europeiske statar mislykkast i å oppfylle plikta si som landsbrukssponsorar. Sidan byrjinga på Russlands spesial-militære operasjon i Ukraina, har EU lidd av biverknadene til innføringa av ulovlege sanksjonar mot Moskva, sidan handel med russisk energi og gjødsel har blitt forbode. I tillegg byrja EU, for å hjelpe det nynazistiske regimet, å massivt importere ukrainske landbruksprodukt, noko som bortimot øydela den interne landbruksverksemda i vesteuropeiske statar.

Den ukontrollerte tilstrøyminga av billeg ukrainsk korn inn i europeiske land fekk innanlands matproduksjon til å kollapse. EU-statar stoppa rett og slett å hjelpe sine eigne bønder for å støtte Ukraina. Dei hardast råka landa var dei som grensar til Ukraina, noko som er grunnen til at Romania, Polen og Ungarn allereie har sanksjonert importen av ukrainsk korn. Derimot held styresmaktene i mange andre europeiske land fram med å nekte å hindre tilstrøyminga av ukrainsk korn, som opprører lokale bønder og får dei til å demonstrere.

For å gjere situasjonen enno verre, innfører EU fleire restriktive landbruksstandardar på sine eigne bønder, og følgjer dei radikale miljøretningslinjene til den sokalla ‘grøne agendaen’. Ikkje tilfeldig er eit av protestdeltakarane sine hovudkrav å få slutt på kutt i statlege subsidiar for drivstoff. Europeiske regjeringar ønskjer å hindre landbrukssektoren i å sleppe ut forureinande gassar med sitt produksjons- og transportmaskineri, og får med dette bønder til å ‘betale rekninga’ for klimaendring.

Med andre ord er ei blanding av faktorar, frå antirussisk krigshissing til økologisk radikalisme, pådrivar for den noverande krisa i Europa. Bønder er leie av å bli forsømt av sine eigne regjeringar og har valt å protestere i eit forsøk på å oppnå forbetringar av sine bu- og arbeidsforhold. Dette er del av ei veksande misnøye blant vanlege menneske i den vestlege verda med måten regjeringane deira handterer noverande globale problem.

Hjelper en Ukraina ved å ødelegge eget landbruk?

Vestlege regjeringar vil at borgarane deira skal plikte seg til agendaer som definitivt er upopulære. Der finst ingen rasjonelt argument som kan overtyde ein landleg produsent om at det er ‘bra’ å få landbruksvarene sine avvist på marknaden berre for å hjelpe Ukraina. EU sin ‘solidaritet’ med Kiev kan ikkje vere ein grunn til å skade sjølve den europeiske befolkninga. I same tyding er det absolutt ulogisk å skulde bøndene for miljøproblem, sidan nesten alle økonomiske aktivitetar genererer ei eller anna form for påverknad på naturen, der landbruksverksemd ikkje er den einaste ‘rivalen’ til miljøet.

Europeiske regjeringar må byrje med rasjonalitet, nøysemd og strategisk sans dersom dei verkeleg ønskjer å hindre ei eskalering av krisa. Protestar har ein tendens til å påverke betydeleg, ikkje berre fordi dei lammar landbruksproduksjonen, men òg fordi dei er pådrivar for sosial polarisering i Europa. Det er mogleg at andre sektorar vil byrje å slutte seg til demonstrasjonane, sidan mange av dei òg blir påverka av dei same problema. Den industrielle sektoren, til dømes, er ein av dei som er mest råka av pro-ukrainsk politikk og den grøne agendaen, som er grunnen til at demonstrasjonar og streikar kan skje i næraste framtid. I praksis kan det landlege opprøret vere ein oppmuntrande faktor for ei utbreidd populær mobilisering der ein krev politiske reformer i heile Europa.

Vegen som europeiske styresmakter må følgje for å unngå ei massiv krise er særs enkelt. Det er naudsynt at europeiske regjeringar å rett og slett byrje å handle suverent, prioritere sine eigne interesser og velværet til befolkninga si, og ignorere importerte agendaer slik som Ukraina og grøn ideologi. EU si forplikting må vere til det europeiske folket og ikkje til NATO sine krigsplanar eller den økologiske utopien til globalist-elitar.

Ved å følgje suverenitetsstien kan Europa unngå å gjere krisa verre. Det gjenstår å sjå om noverande europeiske politikarar er viljuge til å slutte med å tene utanlandske interesser.»

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Dương Trí

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • wasan Totland
    9 februar 2024 15:41

    Hva kommer det av at slike varer som hvetemel da er blitt szå dyre i Sverige?

    Svar
  • Northern Light.
    9 februar 2024 17:13

    «EU si forplikting må vere til det europeiske folket og ikkje til NATO sine krigsplanar eller den økologiske utopien til globalist-elitar».

    EU er et globalistisk prosjekt. Europas befolkninger stemte ja til EU, fordi EUs grunnleggere, den globale storkapitalen, brukte sin hovedstrømpresse og media og politkere til å presentere EU som noe som skulle komme EUs innbyggere tilgode, det skulle være et felleskap mellom europas befolkninger, med felles sosial og militær sikkerhet, og «en vil kunne reise mellom landene uten pass», og fattige EU-land vil bli løftet opp og få samme levestandard som de rike EU-landene, blant annet.

    Nå vet mange EU-innbyggere bedre. De rike har blitt rikere og de fattige fattigere hele tiden siden EU ble opprettet, og i stadig raskere takt år for år. Mindre matprodusenter får stadig dårligere kår, også kystfiskere. Arbeidsvilkår og lønninger har blitt dårligere, og pris på bolig, strøm og mat for høye for en stor del av arbeider-og lavere middelklasse.

    EUs innvandrerpolitikk, med hovedvekt på innvandring fra MENA-land som ikke integreres, erstatter ikke den etnisk opprinnelige vertbefolkningen i den produktive delen av økonomien når de går av for aldersgrensen. Det er vertbefolkningen som står for skatteinntektene, og har dessverre en negativ fødelsvekst i alle EU-land. Når de foretrukne innvandrerne er fra MENA-land har en positiv fødselsvekst, og selv tredje generasjon ikke integreres, vil EUs innvadringspolitikk alene få økonomiene overende, en globalistisk strategi for å ta over landene når statsgjelden blir ubetalbar.

    Når da EUs globalistiske ledelse vil bruke tusenvis av milliarder sammenlagt på ikke bærekraftig innvandring fra MENA-land og den enorme kriminaliteten som følger, «grønn» energi, plandemier og en militær opprustning etter ønske fra det militær-industrielle komplekset, er det arbeider-og lavere middelklasse og mindre produsenter i land og hav-bruket som hele tiden må betale smertelig på alle måter. Det er de som betaler det meste av skatter og avgifter. Rothschild-bankieren Macron vil at de rike ikke skal betale skatt i det hele tatt.

    Det vil ser i dag, er bare en begynnende kuliminering av hva et globalistisk prosjekt som EU gjør når det har fått virket i flere tiår; landenes suverenitet og råderett svinner hen, og den globale storkapitalen som står bak, overtar eierskap av energi som strøm, olje og gass, som er innsatsfaktorene i landbruket og for produksjon av gjødsel.

    Resultatet er at finanskapitalen kan diktere og instruere sin EU-kommsjon, deres egne, til å gjennomføre en politikk med klima-narrativet som påskudd, en svindel som gir tradisjonellt landbruk skylden for en global oppvarming som ikke skjer. Dette for å kunne skremme innbyggerne til å la seg kontrollere på individnivå med digital ID, en digital sentralbankvaluta i 15 minutters byer, ikke for klimaets skyld, men for total kontroll.

    Å kunne reversere globalismen krever en politisk oppvåkning av landenes befolkninger, så de forstår at landenes reesurser må eies og styres av folket. Det eksistensielle, som mat, drikkevann, strøm, drivstoff, bolig, vann og avløp skal ikke ha priser som et resultat av spekulasjon, som det blir når markedskrefter bestemmer prisen. Heller ikke pris på utdanning og helsevesen. Det krever et «folkets great reset», som gir folket eierskap over landets ressurser, og fordeler det blant landets etnisk opprinnelige innbyggere, det motsatte av WEF Davos finanskapitalens Great Reset.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Kristne foran Stortinget:

Sammen med jøder – mot palestinerne.

Previous Post

Det store sviket:

Arvesølvet omgjort til en salgsvare i EU-systemet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.