POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Bok: Vaksineskader, løgner og dødsfall.

Sykepleier forteller om overdødelighet på sykehjem etter vaksineringen.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Overtalsdødsfall blant sjukeheimsbebuarar gjekk i vêret etter utrullinga av covid-19-«vaksinar»

At «pandemien» la til rette for omfattande avliving av eldre, er det mange varslarar som har stått fram og hevda. Fyrst hadde ein nedstengingane, der pårørande vart nekta å treffe sine kjære, og som dermed gav sjukepleiarar rikeleg med høve til å utføre eutanasi på bebuarar utan at nokon forstyrra dei; deretter gav dei «covid» skulda for dødsfallet. Og so var det mRNA-injeksjonane, som på enkelte sjukeheimar førde til at nær sagt alle bebuarane døydde innan kort tid. No har ein sjukepleiar med 35 års erfaring innan geriatri (læra om sjukdommar hjå eldre) gått ut og sagt at eldre på dei sjukeheimane der ho arbeider døyr i ein rate på 300% meir enn normalt etter «vaksine»-utrulling.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Ethan Huff i Natural News skriv (mi omsetjing):

«Sjukepleiar Deanna Kline har teke omfattande notat om dødstrendande ho har observert, som ho skriv om i boka Vaccine Injuries, Lies and Deaths: The Alarming Facts About the COVID Vaccine and Helpful Resources for Healing [«Vaksineskadar, løgner og dødsfall: Dei alarmerande fakta om covid-vaksinen og nyttige ressursar for læking»].

Kline har ivareteke tusenvis av pasientar opp gjennom åra. Ifølgje ho låg dødsfalla på geriatriske institusjonar frå rundt 8 til 10 i eit gjennomsnittsår. Etter Operasjon Warp Speed spratt desse tala opp til 36 dødsfall i 2022 og 48 dødsfall i 2023.

Som forklart av etterforskar Steve Kirsch, er sjansen for at 2022-talet skjer tilfeldig 1.7e-10. For 2023 er sjansen 4.5e-18. Desse tilsynelatande tilfeldige tala tydar kanskje ikkje so mykje for den gjennomsnittlege lesaren, men det er nok å seie at den drastiske auken i dødsfall etter covid-injeksjonen ikkje er tilfeldig.

‘Denne typen auke er forårsaka av noko,’ skriv han. […]

Kline vel å vere diskret om namnet på institusjonen der dei nemnde dødsfalla fann stad. Ho sa derimot at alle dødsfalla skjedde hjå personar som hadde blitt vaksinerte.

Ein sosialmediekonto ved namn ‘Old Kiwi’ rapporterte liknande statistikk frå Orewa, ein landsby som ligg nord for Auckland, New Zealand. Ein geriatrisk institusjon ved namn Ryman pensjonistlandsby brukte å gje ut eit månadleg tidsskrift på e-post med i snitt 2-3 dødsannonsar per månad i dei seks åra før Operasjon Warp Speed.

Fra Orewa

‘Det maksimale talet vi kan hugse å sjå er kanskje fem eller seks på ein månad, men sjølv det talet var sjeldan,’ rapporterte Old Kiwi.

I byrjinga av august 2022 inneheldt tidsskriftet heile 20 dødsannonsar for personar som hadde døydd i juli månad – dette var same månaden som Pfizer gav bebuarane deira fyrste oppfriskningsdose som del av eit opplegg på heimen.

‘E-post-tidsskriftet slutta å bli sendt ut kort tid etter,’ la Old Kiwi til. ‘Vi trur den noverande retningslinja er at bebuarar må kontakte legen sin dersom dei ønskjer fleire covid-vaksinasjonar. Ein konsekvens av grøssaren frå juli 2022. Stillheit.’

Nekrologar auka òg i omfang etter sleppet av covid-injeksjonar. Den same auken på 300% vart rapportert av nokon som seier ho følgjer med på nekrologar i fleire aviser.

‘I 2021 hadde talet nekrologar i avisa TREDOBLA SEG frå 2020, og ligg framleis på det talet!’ rapporterte denne personen.

Motsett er der ikkje eit einaste ‘vellykka’ tilfelle der dødsfall av alle årsaker gjekk ned etter utrullinga av covid-sprøyter – korleis kan det ha seg? Svaret er at covid-sprøyter ikkje hindrar dødsfall, men forårsakar dei.

‘Vaksineprodusentane visste kor giftige vaksinar var for fleire år sidan,’ skreiv ein lesar i kommentarfeltet til Kirsch sin Substack om situasjonen. ‘Deira sanne testresultat vart feia under teppet.’

‘Eg har sete og tenkt på alle dei naivt tillitsfulle menneska som trur legane deira er feilfrie. Ein av brørne mine var i den kategorien. Legen hans var ‘briljant’ og sa til han at ‘vaksinar var trygge’. Han tok fem boosterar [oppfriskningsdosar]… og eg har ikkje høyrt frå han på ganske lenge. Han bad meg slutte å sende han meir info. Eg hadde sendt han ein god del informasjon om kvifor han ikkje burde ta CV-19-vaksinen. Der finst mange andre som meiner nøyaktig det same. Etter mi meining er dette folk som har fått for mange vaksinar opp gjennom åra.’»

Forsidebilde: Nick Fewings

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «..alle dødsfalla skjedde hjå personar som hadde blitt vaksinerte.»

    Altså en injeksjon som skulle stoppe smitte og hindre dødsfall. 😉

    – Eller når dette ikke lengre hadde tiltro:
    ‘Du får et mildere forløp når du blir smittet, hvis du tar (gjentatte) injeksjoner. ‘

    Når dette heller ikke skjer, – men det motsatte:
    ‘Det skyldes LangtidsCovid ‘. 😉

    Det kan virke som om folk trodde (tror) hva som helst fra autoriteter bare hysteriet blir skrudd opp nok.
    Evnen til å tenke/regne sjøl, og å se på seg sjøl som den fremste autoriteten i eget liv, ble latterliggjort.
    Dette kunne vært en morsom komedie.
    – Men det er jo en tragedie.

    Var det tilsiktet politikk? Skremmende i så fall.
    Men jeg tror heller at det var idioti og ukunnskap satt i system. Med mange nyttige idioter på mange plan. Folk både med og uten makt.
    Jeg synes dette er enda mer skremmende. I en nasjon som kaller seg et opplyst demokrati.

    Spesielt hvis vi ikke tar et GRUNDIG oppgjør om hva som ble satt i gang i disse to årene.

    Svar
  • At dødsfall går opp etter mrna-vaksine stemmer veldig bra med Pfizers egne studier. Slik sett er alt i skjønneste orden.

    Dette omtales ble under punkt 100 i søksmålet som statsadvokaten i Texas har fremmet mot Pfizer. Se link under.
    Mange andre interessante punkter der også, bla punkt 99, hvor det fremgår at flere tusen deltakere i placebogruppen også mottok vaksinen. Heldigvis ikke mange nok til at vaksinegruppen og placebogruppen ble helt like hva angår bivirkninger. Bare nesten.

    https://www.texasattorneygeneral.gov/sites/default/files/images/press/Pfizer%20Vaccine%20Petition%20Filed.pdf

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Senat-høring i Australia:

Pfizer-direktør innrømmer at deres ansatte fikk en «spesiell» vaksine.

Forrige innlegg

Alternative meninger må vekk

Bill Gates ønsker at myndigheter svartelister innbyggere som deler «ikke-mainstream»-innhold på nettet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.