POSTED IN Krig-fred, USA

Bidens team:

Vi får mere krig.

0
Print Friendly, PDF & Email

Biden sitt overgangsteam er fylt av krigsprofitørar, broilerhaukar og businesskonsulentar

Av Kevin Gosztola· 14. November, 2020

Eit blikk på Biden/Harris sine såkalla agency review teams bør gi ei brå og vond oppvakning for alle som har trudd at ein Biden-administrasjon kunne bli «dytta mot venstre».

Ei forbløffande rekke med korporasjonskonsulentar, krigsprofitørar og haukar frå national security har blitt utnemnde av presidentvalvinnaren Joe Biden til å inneha rollene i overgangsteama som skal sette agendaen for administrasjonen hans. Ein betydeleg del av dei arbeidde i USAs regjering då Barack Obama var president.

Utnemningane bør gi ei barsk oppvakning for alle dei som trudde ein Biden-administrasjon skulle kunne bli pressa til å gå i ei meir progressiv retning, spesielt på det utanrikspolitiske området.

Om desse teama er nokon indikasjon, så vil Biden vere immun mot påtrykk om å vike bort ifrå det neoliberale status quoet, som den tidlegare visepresidenten har tatt på seg å gjenopprette. I staden er det sannsynleg at han vil bli pressa i motsett retning, mot ein intervensjonistisk utanrikspolitikk diktert av Washington-eliten sine interesser, og oppslukt av Kald-krigs-feber.

Regimeskifteavhengige og svingdører

Eit godt døme på intervensjonistiske, etablissementsorienterte figurar som fyller Biden/Harris sitt Forsvarsdepartement-team, er Lisa Sawyer. Ho tente som direktør for NATO og strategiske europeiske saker under Det nasjonale sikkerheitsrådet (director for NATO and European strategic affairs for the National Security Council) frå 2014 til 2015, og arbeidde for Wall Streets JPMorgan Chase som utanrikspolitisk rådgivar. Sawyer var ein del av Center for a New American Security sin “Task Force on the Future of US Coercive Economic Statecraft”, som eigentleg betyr at ho deltok på møte som fokuserte på metodar for økonomisk krigføring brukt til å destabilisere land som nektar bøye seg for det US-amerikanske imperiet.

Sawyer trur den amerikanske regjeringa ikkje gjer nok for å hindre russisk «aggresjon», at USA si troppeutplassering i Europa burde returnere til nivået som var i 2012, og at offensiv våpenfrakt til Ukraina bør halde fram og auke, sjølv om det bryt med Minsk-overeinskomstane.

Med Lisa Sawyer på plass vår vi mere konfrontasjon med Russland.

«I staden for å seie at vi vil lette på sanksjonane når Russland bestemmer seg for å gå med på neste avtale, sei at vi vil auke dei heilt til dei gjer det. I staden for å underdanig underkaste oss påverknadsspyda som Russland skal ha, forsyn Ukraina med den dødbringande assistansen dei så desperat treng, og auk USA si støtte til sårbare nasjonar i gråsona,» erklærte Sawyer då ho vitna framfor Senate Armed Services Committee i 2017.

Assisterande utanriksminister for afrikanske saker, Linda Thomas-Greenfield, vart utnemnd til leiar for Biden/Harris sitt utanriksdepartements-team. Ho er ein traust alliert av tidlegare nasjonal sikkerheitsrådgivar Susan Rice, som var ein pådrivar for krig i Libya, støtta invasjonen av Irak, og var involvert i avgjerda om å fjerne FN sine fredsbevarande styrkar i Rwanda, noko som mogleggjorde folkemordet.


Linda Thomas-Greenfield

Som utviklar og styrar av USAs sub-saharisk Afrika-politikk applauderte ho president George W. Bush sin Millennium Challenge Account, ein nykolonialistisk politikk designa for å gi US-amerikanske korporasjonar privilegium og forenkle den økonomiske utbyttinga av såkalla framveksande afrikanske økonomiar.

Thomas-Greenfield har vore ein del av Albright Stonebridge Group, eit globalt konsulentfirma under leiing av tidlegare utanriksminister Madeleine Albright som driv lobbyverksemd for forsvarsindustrien.

Utanriksdepartementsgruppa inkluderer også Dana Stroul, fellow ved det neokonservative Washington Institute for Near East Policy (WINEP),som opprinneleg vart grunnlagt av American Israel Public Affairs Committee (AIPAC).

Som The Grayzones Ben Norton skriv: Stroul vart verva av Senats-Demokratar i 2019 til å bli med i «Syria Study Group», der ho skulle hjelpe til med å kartlegge neste fase av den skitne krigen til USA i Syria. Rekommendasjonane inkluderte å oppretthalde ein militær okkupasjon av ein tredel av landet, den «ressursrike delen av Syria», for å gi USA pressmiddel til å «påverke eit politisk resultat».

Dana Stroul

Stroul pressa på for vidare sanksjonar mot Damaskus og å hindre stønad til gjenoppbygging av landet, noko som allereie har ført til mangel på olje og brød.


Ali Abunimah frå the Electronic Intifada bemerka at Farooq Mitha, ein tidlegare Pentagon-tenestemann under Obama-administrasjonen har blitt utnemnd til Bidens Pentagon-overgangsteam. Mitha var styremedlem i Emgage, ein muslimsk, amerikansk PAC (Public Affairs Committee) som har dyrka band til Israel-lobbyen, og framprovosert sint fordømming frå forkjemparar for solidaritet med Palestina. Mitha skal ha blitt observert på AIPAC-konferansar, som deltakar.

Mange av dei Biden/Harris-utnemnde støttar regimeskifte i Venezuela. Paula Garcia Tufro var medlem av Obamas National Security Council, og er på NSC-teamet. Ho sat i NSC då Obama erklærte at Venezuela var ein «trussel mot den nasjonale tryggleiken», og har hatt samrøre med ei DC-gruppe som representerer Juan Guaido, han som var frontfigur i det mislykka kupp-komplottet.


Kelly Magsamen

Kelly Magsamen, visepresident for national security and international policy ved Center for American Progress, og tidlegare tilsett ved Pentagon og utanriksdepartementet, er på Biden/Harris sitt NSC-team. Då representanten Ilhan Omar grilla Elliott Abrams, spesialutsending til Venezuela, rusa Magsamen fram til forsvar av sin tidlegare sjef, og kalla Abrams ein «engasjert forkjempar for menneskerettar». (Abrams støtta dødsskvadronane i Sentral-Amerika på 1980-talet).

USAs tidlegare ambassadør til Mexico, Roberta Jacobson, er medlem av utanriksdepartementets overgangsteam. Ho promoterer seg sjølv som ekspert på «latin-amerikansk forretningspolitikk», og ho har også jobba for konsulentfirmaet Albright Stonebridge Group.

Jacobson hjalp til med å finne opp Obama-administrasjonen sin merkelapp på Venezuela som ‘nasjonal sikkerheitstrussel’, og sette med det scena for den økonomiske blokaden som vart innført under Trump.

«På ein uhøfleg og gretten måte fortel fru Jacobson oss kva vi skal gjere,» klaga ho som var Venezuelas utanriksminister på den tida, Delcy Rodriguez. «Eg kjenner ho svært godt, for eg har treft ho personleg, måten hennar å gå på, tygginga. Ein må ha manerar for å samhandle med folk og land.»

Derek Chollet

Derek Chollet og Ellison Laskowski, begge senior-stabsmenn ved German Marshall Fund (GMF), er også i Biden/Harris sitt utanriksdepartementetsteam. GMF har pressa på for at USA og Europa skal innta ei meir krigersk haldning overfor Russland, samstundes som dei støttar eit tvilsamt informasjonskrigsprosjekt kalla Hamilton 68. Denne nettstaden hevdar dei er i stand til å identifisere «russiske påverknadsoperasjonar» medan dei fyrer opp under sensur i dei sosiale media av kontoar som promoterer antiimperialistiske vinklingar. Dei feilidentifiserer verkelege personar som «russiske robotar», og dei isceneset svertekampanjar mot Black Lives Matter-protestar ved å stemple dei som instrument for løynd russisk påverknad.

I Biden/Harris sitt etterretningsteam har Greg Vogle fått plass. Han er tidlagare CIA-sjef for stasjonen i Bagdad, og tidlegare partnar i konsulentfirmaet McChrystal Group, grunnlagt av tidlegare kommandant ved Joint Special Operations Command (JSOC), Stanley McChrystal. Både JSOC og CIA, så vel som dei paramilitære styrkane dei trente, er skuldige i krigsbrotsverk i Afghanistan.

Som Sarah Lazare rapporterte om for In These Times: «Av dei 23 personane som sit i overgangsgruppa for Forsvarsdepartementet, har åtte av dei – eller så vidt over ein tredel – lista opp organisasjonar, tenketankar eller selskap som enten direkte mottar pengar frå våpenindustrien eller sjølve er del av denne industrien, som sine «siste arbeidsplassar». Desse selskapa inkluderer Raytheon, Northrop Grumman, General Dynamics og Lockheed Martin.

Matt Olsen

Saman med Vogle på etterretningsteamet sit Matt Olsen, tidlegare direktør for National Counterterrorism Center under Obama, og ei kort tid rådgivar for National Security Agency (NSA).

Mellom 2006 og 2009 tente Olsen som deputy attorney general for justisdepartementets National Security Division. Der braut han ned barrierar som før har hindra aktorata i å kunne bruke informasjon som er innhenta under hemmelege operasjonar og ved overvaking utan innhenta løyve, i kriminalsaker. Han assisterte også ved utforminga av lova FISA Amendments Act, som gav immunitet til telekommunikasjonsselskap for rolla deira i NSAs løyvelause avlyttingsprogram, som vart etablert etter 9/11-angrepa.

Olsen forsvarer bakdørssøk i amerkanarar sin internett-kommunikasjon. Han har argumentert med at Fjerde grunnlovstillegg – retten til privatliv – er altfor tungvint å følge for FBI. I månadane etter at NSA-varslaren Edward Snowden avslørte masseovervakinga, arbeidde Olsen med å diskreditere Snowden ved å anklage han for å hjelpe terroristar.

Ein annan Snowden-opponent ved Bide/Harris sitt etterretningsteam er Bob Litt, som var toppadvokaten til Office of Director of National Intelligence. Når ein eller annan medieorganisasjon køyrde ei historie på eitt eller anna nytt aspekt ved USA sitt overvakingsapparat, var det Litt som vart utplassert som talsmann for den nasjonale sikkerheita for å nedtone eller avskrive avsløringa.

Bob Litt

Då direktøren for National Intelligence, James Clapper, vart grilla for å ha loge for Kongressen om innsamlinga av amerikanarane sine telefon-metadata, til dømes, gjekk Litt i bresjen for Clapper og argumenterte, absurd nok, for at direktøren var «overraska over spørsmålet og fokusert på innsamlinga av innhaldet i amerikanarane sin kommunikasjon.»

I røynda er Biden/Harris-overgangsteama fullpakka med karakterar som gjerne vil sjå mellom fingrane med lovløyse og ringeakte borgarrettane dersom dei kjem inn i administrasjonen.

Agentar for urettvise

Dei inkluderer jus-professor Marty Lederman, medlem av overgansteamet for Justisdepartementet. Lederman var mellom 2009 og 2010 assisterande visesjefsanklagar i Justisdepartementets Office of Legal Counsel. Han hjalp til med utforminga av «drone-memoet» som gav eit utkast over det som skulle vere det «legale grunnlaget» for avrettinga av Anwar al-Awlaki, som var mistenkt for samrøre med Al Qaida, utan lov og dom, trass i at Al-Awlaki var US-amerikansk statsborgar.

Saman med Lederman sit Barbara McQuade, tidlegare bidragsytar til TV-kanalen MSNBC og føderal sjefsanklagar i det austlege distriktet av Michigan, som har jurisdiksjon over Dearborn, Detroit og Flint. Under tida si som styresmaktenes toppanklagar i Flint, hadde McQuade makta til å sikte offentlege tenestemenn i Michigan for forureining av byens vatn og å ha loge om det til folket. Men ho venta til stillingstida hennar gjekk ut, utan å gjere noko av betydning for å få dei haldne ansvarleg.

Barbara McQuade

McQuades kontor var medskuldig i raseprofileringa og den påtrengande overvakinga av arabiske, muslimske og sikhske folkegrupper i Dearborn. Ho var offentleg anklagar i saka mot Rasmea Odeh, ein prominent palestinsk-amerikansk borgarrettsaktivist i Chicago, med det resultat at Odeh vart deportert til Jordan.

Odeh vart torturert av israelske styrkar; utanriksdepartementet visste at ho var anklaga for vald av den israelske regjeringa, men ho fekk lov til å immigrere til USA på 1990-talet. Ikkje desto mindre vart Odeh dømd for immigrasjonssvindel og deportert til Jordan, som del av eit forsøk på å redde ein større kontraetterretningsoperasjon som FBI førte mot antikrigs- og internasjonal solidaritetsaktivistar.

Neil MacBride, tidlegare offentleg anklagar i austre distrikt av Virginia, er også på Biden/Harris’ overgansteam for Justisdepartementet. Sjølv om kontoret hans ikkje sette WikiLeaks-grunnleggaren Julian Assange under tiltale, hadde MacBride oppsyn med storjuryen oppnemnd for å hjelpe styresmaktene i USA med å øydelegge medieorganisasjonen.

MacBride presiderte over rettsforfølginga av CIA-varslarane John Kiriakou og Jeffrey Sterling, og det gjorde at Obama kunne ta den skammelege rekorden for fleire rettsforfølgingar etter Spionasjelova (Espionage Act) enn alle tidlegare president-administrasjonar samanlagt. MacBride kjempa også i den føderale retten for løyve til å tvinge New York Times-reporter James Risen til å avsløre dei konfidensielle kjeldene sine i Sterling-saka. MacBride trua korrespondenten med fengselsstraff dersom han nekta.

Ved eit Aspen Security Forum-arrangement i juli 2013 spurde Michael Isikoff MacBride: «Har dokker gått heilt av hengslene, Neil?» MacBride svarte: «Nei, det trur eg ikkje vi har.»

Teamleiaren for Biden/Harris-overgangsteamet for Arbeidsdepartementet er Chris Lu, ein hurragjengleiar for den korporative frihandelsavtalen Trans-Pacific Partnership (TPP) då han var Obamas viseminister for Arbeid.

Eit halvt dusin eller så av dei utnemnde har koplingar til Big Tech-selskap. Den kanskje viktigaste figuren er Seth Harris, ein lobbyist og tidlegare tenestemann i Obamas Arbeidsdepartement, som skreiv ei avhandling om politiske retningslinjer for det neoliberale Hamilton-prosjektet.

Seth Harris

Denne avhandlinga utgjorde rammeverket til korleis dei skulle få gjennomslag for lovforslaget Proposition 22 i California. Uber, Doordash og Lyft brukte kring 200 millionar dollar til å drive kampamje for å få igjennom dette lovforslaget som ville frita dei og andre korporasjonar frå å betale sine tilsette «frynsegode» [benefits, som løna ferie, helseforsikring, livsforsikring, … mrk.] og hindre Uber- og Lyft-sjåførar i å organisere ei fagforeining.

Max Moran frå The American Prospect har hevda at Proposition 22 var Harris si prøveframsyning for stillinga som arbeidsminister i ein Biden-administrasjon. Med den fantastiske suksessen med å narre californiarar av alle demografiske grupper, som liksom skulle vere progressive, til å støtte korporativ undertrykking av arbeidarar, har Harris gjort seg fortent til jobben.

Og som intervensjonistane som dominerer utanrikspolitikk-teama, summerer Moran opp Bidens løfte til donorane med dei store pengane: «Ingenting kjem til å fundamentalt endre seg.»

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Hugo Jehanne

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

På slutten av presidentperioden:

Donald Trump rensker ut i Pentagon.

Forrige innlegg

Anerkjent advokat i intervju:

Massivt valgjuks fra Biden-leiren. Jeg har svært mye bevis.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.