POSTED IN Endring av politikken, Krig-fred

Biden taler til den Europeiske sikkerhetskonferansen:

Mere soldater og konfrontasjoner.

0
Print Friendly, PDF & Email

Biden til sikkerheitskonferansen i München: «America Is Back»

Presidenten sa og at korleis USA og Europa konfronterer Kina vil bli «det viktigaste vi gjer».

Av Dave DeCamp

Anti-War 19. februar, 2021

I sin tale på  Munich Security Conference fredag forsikra president Biden dei europeiske allierte om at «Amerika er tilbake» og at USA er «fully committed»* til NATO. Han snakka om kor viktig det er med «transatlantisk» samarbeid på plassar som Irak og Afghanistan, og han la vekt på samarbeid med Europa for å konfrontere Kina og Russland.

Ingenting gir mer trygghetsfølelse enn ord om kjærlighet.

«De veit, vi lyt førebu oss saman til ein langsiktig strategisk konkurranse med Kina,» sa Biden. «Korleis USA, Europa og Asia arbeider saman for å trygge freden og forsvare våre felles verdiar og fremje velferda vår over Stillehavet, vil bli blant dei viktigaste oppgåvene våre.»

Å konfrontere Kina verkar vere førsteprioritet for Biden-administrasjonens utanrikspolitikk. Pentagon går no igjennom stillinga si i Asia, og US-amerikanske krigsskip kjem regelmessig nær Kinas kystlinje. Europeiske land byrjar og å utfordre Kina sin hevd på område i Sørkinahavet, med utplassering av marinestyrkar.

I ein fiendtleg tone overfor Russland, sa Biden at Russlands president Vladimir Putin prøver å «svekke europeisk – det europeiske prosjektet og vår NATO-allianse.» Han nemnde Ukraina og sa: «å stå opp for suvereniteten og den territorielle integriteten» til Russlands nabo er ei «livsviktig sak» for Europa og USA. «Utfordringane med Russland kan vere ulike dei med Kina, men dei er nett like verkelege,» sa han.

Vil Biden forsvare Ukraina mot fascismen som har sterke posisjoner i landet nå?

NATO avslutta torsdag eit to-dagars møte der alliansens forsvarsministrar diskuterte fredsavtalen mellom USA og Taliban. Ingen avgjerder vart tatt med omsyn til om NATO og USA vil vere ute av Afghanistan innan deadline 1. mai, men alle teikn tyder på at utlandske troppar vil bli i landet.

På fredag sa Biden at USA har forplikta seg til å «konsultere nært med våre NATO-allierte og partnarar om vegen framover i Afghanistan.» Sjølv om han ikkje gav noko hint om ei mogleg tilbaketrekking, talte Biden positivt for forhandlingar mellom Taliban og den USA-støtta afghanske regjeringa. «Administrasjonen min støttar sterkt den diplomatiske prosessen som er på veg og å gjere ende på denne krigen som fullfører 20 år,» sa han.

Over i Irak kunngjorde NATO ei stor styrkeopptrapping, med ei auke frå 500 til kring 4000 soldatar. Biden var glada for avgjerda. Han sa troppeauken er «livsviktig for kampen mot IS».

I talen sin fyrte Biden av mot den førre administrasjonen sitt standpunkt til NATO og organisasjonen sitt generelle forhold til Europa. Utanom retorikken var ein troppereduksjon i Tyskland den einaste signifikante endringa som Trump forsøkte i Europa, noko Biden reverserte. «Eg har gitt ordre om å sette tilbaketrekking av amerikanske troppar frå Tyskland på vent,» sa han.

USA vil ikke bare forlenge okkupasjonen av Tyskland, men kanskje også utvide den.

Etter Trump sin plan skulle USA redusere talet på soldatar i Tyskland frå ca. 36 000 til 24 000, og sette eit tak på 25 000 for maksimaltalet på soldatar dei kunne ha i landet til ei kvar tid. «Eg opphevar også taket som den førre administrasjonen sette for talet på US-amerikanske styrkar som kan vere utplasserte på basar i Tyskland,» sa Biden.

Biden hadde ein aggressiv tone i talen sin, og signaliserte meir av intervensjon rundt om i verda, men han nemnde også viktigheita av samarbeid og avtalar, som Ny START, den livsviktige avtalen om kontroll med kjernefysiske våpen som Washington og Moskva nyleg vart einige om å forlenge. Han diskuterte også Iran og atomavtalen frå 2015.

«Vi har sagt at vi er klare for å gjenoppta forhandlingane med P5+1 om Irans kjernefysiske program,» sa Biden, og refererte til dei fem permanente medlemmane av FNs Tryggingsråd pluss Tyskland, dei same som signerte atomavtalen med Iran. Kommentarane hans kom ein dag etter at utanriksdepartementet i USA sa at USA ville vere villige til å snakke med Iran dersom EU initierte eit møte.

* Merknad om omsetjing:

Uttrykket ‘committed to’ lar seg ikkje så lett omsette til eitt fulldekkande norsk ord. Det femnar mange ting. Men eit søk på Google summerte ganske godt kva ein committed relasjon inneber: partane tilbringer mykje tid saman, dei reiser på turar saman, du tenker på den andre når du handlar inn varer, dei snakkar om framtida saman, dei gjer oppofringar for kvarandre, dei deler hemmelegheiter (spesielt på dette punktet vil eg tru Biden lovar for mykje. Saker som MK Ultra, black ops, finansiering av operasjonar med narkosal osb. blir neppe tatt opp i plenum på NATO-møta.), dei går aldri tom for samtaleemne, dei oppmuntrar kvarandre til sosiale relasjonar også med andre, dei føler at dei ikkje kan få gjort nok for den andre, dei er øvste prioritet for kvarandre, dei planlegg felles høgtidsfeiringar, dei definerer seg som eit ‘vi’, dei tar avgjerder som utan egoisme gagnar begge partar, partnaren sine behov blir jamstilte med dei eigne behova, kompromiss blir norma, dei blir bestevener og del av partnarens familie, dei kan lufte sine frustrasjonar og usemjer utan frykt for at relasjonen skal brytast opp. Denne lista galdt vel helst relasjonen mellom to personar (12 Signs Of A Committed Relationship (+ 6 Things It Means For You)), men …

Det næraste eg kjem (på dårleg nynorsk) blir ‘seriøs forplikting’, eller ‘seriøst engasjement’. Setningen til Biden blir då: «USA er totalt og seriøst engasjert i NATO» (?)

Fritt omsett av Monica Sortland



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 168 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Landet skal kles!

Med vindturbiner!

Previous Post

Syria:

USA snur og bygger nok en ulovlig base i landet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.